Leigeprisen på jord fall med over 60 prosent

 1300-talet.

Image by PublicDomainPictures from Pixabay 

Hausten 1349 kom svartedauden. Leigeprisane for jord kollapsa på Romsdalskysten fordi så mange døydde.

“Lyset frå den vesle gluggen på veggen treff det bleike andletet til Ragnhild. Jordgolvet gjer det rått og kaldt der ho knelar inne i kapellet på Hardbakken, men  ho ensar det ikkje. Ragnhild ber for familien og sitt eige liv, til ein gud ho trur kan hjelpe. Ho har høyrt om dei grusomme scenene inne i fjordane, der pesten allereie herjar.
Det er tett med folk. Presten messar mot pesten med ord ho ikkje forstår. Men Ragnhild prøver å gli inn i rytmen til orda, for å gløyme alt ei lita stund. Ser opp mot gluggen og lyset der oppe.
Plutseleg hostar den vesle guten. Ho skvett til. Tek tak i han, og pressar han tett inn til seg. Og ser at han held fløyta hennar i handa.”

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Då pesten kom

Det finst ingen kjelder som viser sikkert når i 1349 at svartedauden kom til ytre Romsdal. Det er likevel råd å resonnere seg eit stykke på veg.

Smitten kom, ifølge islandske annaler, til Vestlandet via Bergen.

– Pesten kom truleg til Bergen i første halvdel av juli 1349, seier svartedauden-ekspert Ole-Jørgen Benedictow ved Universitetet i Oslo.

Professoren er ein av dei fremste ekspertane på svartedauden i Noreg og har skrive boka Svartedauen og senere pestepidemier i Norge: pestepidemiens historie i Norge 1348-1654”.

Smitten kan så seinare spreidd seg frå Bergen og vidare til Romsdal med båt, slik pesten óg ser ut til å ha kome til Trondheim.

Veøya var i 1349 framleis handelssenteret i Romsdal og med det ein sannsynleg stad for eit pestutbrot på grunn av båttrafikken frå Bergen til øya. Tala som vi viser under, tyder óg på at det var fleire som døydde i indre Romsdal, der Veøya ligg, enn ute på kysten.

På denne tida var snittfarta på ein båt rundt fire mil i døgnet, eller truleg rundt ti dagar på strekninga mellom Bergen og Veøya.

Det tidlegaste smitta kan ha kome til Romsdal, er altså i slutten av juli 1349 ut frå reisetida med båt frå Bergen. Då tek vi utgangspunkt i Benedictow sine vurderingar av pestutbrot i Bergen i første halvdel av juli.

Pest i september?

Kor fort det deretter har vorte ein epidemi i Romsdal, kjem an på om korleis smitta spreidde seg. Det kan skjedde via rottelopper eller direkte frå menneske til menneske via lopper og lus. Det siste argumenterar nyare forsking for.

Ei spreiing via lopper som normalt først drap rotter og så gjekk på menneske, tek sju veke, ifølgje professor Benedictow.

Det sannsynleggjer at epidemien kan ha herja i første halvdel av september 1349, om smitten kom i slutten av juli. Eller litt seinare om det tok tid før ein båt kom med smitte.

Om pesten smitta direkte frå lopper og lus på menneske, så spreidde han seg raskare.

I Romsdal kjenner vi ikkje til dødstidspunktet til nokon som døydde under den store mannedauden. For å få eit slikt haldepunkt må vi til Trondheim.

17.oktober 1349 døydde nemleg erkebiskop Erik i Nidaros av pesten. Det tek i snitt åtte dagar frå ein person blir smitta av pest til døden slår til. Det betyr at erkebiskopen  må ha vorte smitta rundt 9.oktober 1349.

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Erkebiskopen var neppe mellom dei første som vart ramma. Dei geistlege var likevel utsette på grunn av kontakten med dei sjuke og døde.

Tek vi utgangspunkt i smitte via lopper, ser pesten ut til å ha kome til Trondheim i først halvdel av august. Dette må ha skjedd frå ein båt som forlet Bergen 14 dagar tidlegare, ifølgje Benedictow.

Romsdalen kan ha fått pesten innover seg på same tid. Då snakkar vi óg om ein smitte som kom til Romsdal i månadsskiftet juli/august i 1349.

Det kan alternativt (eller i tillegg) ha kome smitte frå Oslo via Gudbrandsdalen og ned Romsdalen. Det må det ha skjedd seint på hausten i 1349. Vi veit nemleg at pesten herja i Vågå i oktober det året.

Døden kom med 1,5 kilometer per dag

Om vi held oss til den mest trulege smittevegen, frå Bergen: Frå Veøya kan pesten ha spreidd seg via folk frå øyane som var innom handelssenteret med båt. Eller frå bygd til bygd utover mot kysten.

– Langs hovedferdsårene så var det ei spredningsfart på rundt 1,5 kilometer per dag, påpeiker Benedictow.

Dei tette banda mellom gardane i mellomalderen gjorde katastrofa større.

– Det var ein gjensidig hjelpekultur i lokalsamfunna. Vi har konkrete døme på at folk møtte opp hjå dei sjuke. Når folk vart sjuke, så prøvde dei å hjelpe den ramma naboen med gardsdrifta. Dei hadde også ein dødskultur på ein heilt annan måte i dag, fordi døden var så vanleg. Gjennomsnittleg levetid var 25 år og dei fleste barna døydde medan dei var små. Difor var det vanleg å møte opp hjå sjuke og døyande for å vere der når vedkommande døydde, påpeiker professoren.

På den måte vart loppene med dei heim og pesten breidde seg vidare. Det var óg vanleg at til dømes sengeklede gjekk vidare som arv og då kunne dei smitte.

– Normalt vil loppene gå på rottene igjen når dei kom til ein ny gard, sjølv om det også kunne skje at dei beit menneske direkte, seier svartedauden-forskaren.

Benedictow har forska på dødstala i ei rekkje land i Europa.

– Det ser ut til at busetnaden på landsbasis vart redusert med to tredeler. Dette stemmer óg godt med tal vi har frå England, seier han.

Og under skal vi sjå at dette også stemmer godt med nedgangen i leigeavgifta for jord i ytre Romsdal.

Byllepestepidemiar er generelt knytta til dei varme årstidene, medan dei vert svekka av kaldare haustver og forsvinn med kaldt vinterver.

Pestane ser ut til å ha råka hardt i Sund åtting, som Harøya var ein del av. Den såkalla landskulda, altså det leiglendingane betalte for å leige jorda av jordeigaren, vart redusert med neste to tredelar i Sund åtting på grunn av dei mange som døydde.

Dødsfalla gjorde at langt færre var aktuelle som drivarar av gardane, og leigeprisane måtte ned for å skaffe nokon som var villige. Dette ifølgje Sigvald Hasunds bok “Ikring mannedauden”.

Og då presiserar Hasund at øydegardane ikkje er tekne med. Reduksjonen skjedde i perioden mellom tida før svartedauden og til Aslak Bolts jordebok vart skriven i 1432/1433 – altså på under 100 år.

Benedictow påpeikar at det var fleire pestar og store endringar i samfunnsutviklinga i perioden etter svartedauden. Tala kan difor ikkje knyttast til svartedauden åleine.

Gamalt tømmer avslører kriseår

Årringar i gamalt bygningstømmer viser korleis vekstvilkåra varierte frå år til år, og med det når det var uår og sviktande avlingar.

Furukronologi frå Trøndelag for perioden 1350-1550, trykt i boka “Klima, uår og kriser i Norge” av Audun Dybdahl, tyder på at 1369 var eit uår i Trøndelag, på Austlandet og i England. Dermed er det også grunn til å tru at det same har vore situasjonen på Harnes. Dette kom altså 20 år etter at svartedauden hadde herja i Romsdal.

I 1370 skreiv dronning Margrete på Akershus festning:

“Vite skulle I det min kjære Herre, at jeg og mine tjenere lider stor nød på mat og drikke, slik at hverken jeg eller de får det vi trenger”.

Vidare ser 1380 og 1392 ut til å ha vore vanskelege år vekstmessig ut frå tømmer i Trøndelag, og med det harde år for busetnaden. Det vil sjølvsagt vere lokale variasjonar, men når vi ser den same tendensen i større områder, så kan dette også ha ramma Harnes.

“Så langt ser det ut til at pesten i seg sjølv gir ei fullnøyande forklaring på den dramatiske reduksjonen i folkemengda i seinmellomalderen. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at høgt ressurspress, eit generelt dårleg helsenivå og manglande sjukdomsførebyggjande innsikt, kan ha ført til at pesten fekk optimale , og vidare at kjølegare klima førte til at veksten i seinmellomalderen vart seinka.”, skriv  Geir Atle Ersland i “Norsk historie 1300-1625”.

I bruk etter svartedauden

Vi skal seinare sjå at Harnes vart skriven inn i Aslak Bolts jordebok i perioden mellom 1433-1450, og det vil seie at i alle fall halve garden var i bruk då.

– Garden Harnes har nok ikkje lege aude, meiner professor Audun Dybdahl.

Dybdahl er professor emeritus i middelalderhistorie ved Universitetet i Trondheim og ekspert på eigedomsforhald i mellomalderen. Han var også med på arbeidet med “Det nordiske øydegardprosjektet” på 1970-talet, og har vurdert det som står om Harnes i mellomalderdokument.

Han viser til at garden er med i Aslak Bolts jordebok (sjå eit seinare kapittel) og også i manntalet for tiendeskatten i 1520.

Mykje eigedom kom då i hendene på mange. Nesten alle tok mot arv frå slektningar, firmenningar eller nærare.

Frå islandske annalar

Huse manglar

I skattetala for 1520 er det to familier på Harnes, og vi ser brukarar på Brunvoll og Røsok. Ser vi på Huse,nabogarden til Harnes, så er han ikkje nemnd i tiendeskatten.

Når forskarar ser på kva gardar som vart lagt aude, er  skattemanntalet frå 1520 ein viktig indikasjon. Gardar som manglar her, og som det er grunn til å tru har eksistert i middelalderen, er truleg lagt aude i svartedauden eller ein av dei mange andre pestane som ramma på 1300- og 1400-talet.

Vi har tidlegare sett at Huse er mellom dei eldste namna på øya, og truleg stammar frå lenge før svartedauden.

Første gong Huse dukkar opp i skriftlege kjelder er i 1544, i samband med at ein som budde på Harnes selde ein del han eigde i Huse-garden (sjå eit seinare kapittel).

– Det kan nok stemme at Huse har lege aude, ettersom han ikkje er nemnd i 1520, trur Dybdahl.

Lokalhistorikar Beate Berg har i upublisert materiale spekulert i om Huse kan ha vorte feilplassert under Vågøy i skattelista frå 1520. Berg viser til personar kalla Mwse under Vågøy, som ho meinar kan vere ei feilskriving for Huse.

Professor Helge Sandøy ved Universitetet i Bergen avviser dette.

– Det er tale om nokre personar som høyrte til ei lågadeleg ætt, som kalla seg Muse. Eit par-tre hadde – trur eg – tilknyting til Buaværet. Den eine var faktisk setesvein for Olav Engelbrektsson. Men den delen av Buaværet som han og dei budde i, låg under garden Bergset, og difor er dei i lista frå 1520 oppført der. Det er altså ikkje ei feilskriving for Huse, konkluderar Sandøy.

– Fantastisk sosial utjamning

På 1200-talet var det truleg stor vekst i busetnaden, som kan ha vart fram mot svartedauden.

–  Så kom pesten, og det vart ledige gardar. Folk som kanskje hadde livnæra seg med å arbeide for dei med gardar, kunne flytte inn på store, ledige gardsbruk. Og tene like mykje som dei som dei kanskje måtte jobbe for før. Det skjedde ei fantastisk sosial utjamning. Landet har aldri vore likare enn rett etter svartedauden. Det var ledige, gode gardsbruk for alle, og leiglendingsavgifta hadde gått radikalt ned. Og på Vestlandet hadde dei fiskeriet i tillegg, fastslår Benedictow.

Professor Kåre Lunden skriv i verket Norges landbrukshistorie 2 (side 95) at det skjedde ei primitivisering av bondeøkonomien etter svartedauden. Bøndene levde meir i sjølvforsyning, med mindre marknadshandel, enn dei må ha gjort før svartedauden.

Svartedauden-ekspert Ole-Jørgen Benedctow. Foto: Nils H. Harnes

På 1600-talet var dei gode gardane fylt opp med mange brukarar, og vi fekk systemet med husmenn.

– Omkring 1500-talet kom det store mengder utanlandske kjøparar av tømmer, og på 1600-talet måtte foten settast ned for å hindre at all skog forsvann, påpeiker Benedictow.

Øydegardar

Frå “Fogdenes manntall” 1663-1666.

I eit dokument frå 1663-66 er Haugen (eller Houen som det står) og Morsund oppført som øydegardar. Men Benedictow påpeikar at det ikkje treng å tyde på at dei hadde vorte lagt aude.

– Hougen er ei ettermiddelaldersk namnetype, og er difor ikkje lagt aude i svartedauen. Det er truleg  ein plass eller eit småbruk rydda på 1600-talet i tilknytnad til dei nye fiskeria og fiskehandelen og med et lite innslag av februk, meiner han.

Først tidleg på 1600-talet finn vi Haugen sikkert i skriftlege kjelder.

“Øydegard” var nemleg også eit skatteteknisk omgrep brukt om nyrydda gardar. Dei vart fritekne for skatt i nokre år og vart lågt skattlagt. At dei vart kalla øydegårdar er difor ikke eit prov på at dei er av middelaldersk opphav eller gamle.

– Morsund er historisk sett ei meir uklar namneform. Den kan vere ein gamal, ekte øydegard, eller frå tidleg på 1600-tallet.  Det var omtrent 30 pestepidemiar her i landet i desse hundreåra.​ Morsund kan altså også ha vorte lagt øyde i svartedauen, eller i ein av dei seinare pestepidemiane, men når han ikkje er nemnd før på 1600-talet, har nok det ein gardshistorisk god grunngjeving, meiner Benedictow.

«Overlevelseskamp og drømmer går ikke særlig godt sammen, diktning og saltfisk er motsetninger, og det er ingen som spiser drømmene sine.»

Jon Kalman Stefansson «Gutten».

LES NESTE KAPITTEL: DÅ ASLAK KAPRA HARNES