600 år etter at Harnes for først gong kom fram i kjende, skriftlege kjelder, har eg freista å lage ei samanhengande historie om garden. Frå lenge før det var ein gard, til garden var etablert og til han vart delt opp i fleire gardar i siste halvdel av 1800-talet. Og ikkje minst gi glimt av dei mange liva som er levd der.

Utgangspunktet er at alt skal vere dokumentert – spekulerar eg når kjeldene manglar, så skal det kome tydeleg fram. Kjeldene er lenka til i teksten og viser som raud tekst.

Dette er ei gardshistorie og ikkje ei slektshistorie, derfor fylgjer eg berre dei som til ei kvar tid bur på garden – i liten grad etterkomarar som flyttar frå garden.

Prosjektet tilhøyrer nok sjangeren mikrohistorie.

Eg har sjølv mine hovudanar på Harnes frå bruka/gardane Jære og Myra, og er kalla opp etter to av bøndene der på 1800-talet – mine tipp-oldefedre Nils Pederson Harnes (1821-1899) og Halvor Martinus Hansson Harnesmyr (1821-1887).

Kontakt: Nils H. Harnes