Slik kan garden ha vore før svartedauden

År 1000-1349

Frå Romsdalsmuseet i Molde. Foto: Nils H. Harnes

1200-og 1300-talet ligg i eit stummande mørkre på Harnes. Generelt auka busetnaden.

Det finst ingen kjende, skriftlege kjelder om kva gardar som var rydda på Harøya før svartedauden. Namn, oldtidsfunn og seinare registreringar gir likevel ein indikasjon på kva gardar som eksisterte allereie før pestane kom.

Generelt var perioden mellom vikingtida og svartedauden prega av kamp om jorda. Det er gjort overslag på at befolkninga i landet auka frå 80.000 til rundt 500.000 frå vikingtida til starten av 1300-talet. I denne perioden vart det rydda tusenvis av nye gardar over heile landet.

I ei tid med sterk vekst i busetnaden, er det lite truleg at eit sentralt område på øya som Harnes låg aude. Ikkje minst fordi vi tidlegare har sett at garden må ha vore busett langt tidlegare – kanskje allereie 1.000 år før. Og seinare skal vi sjå at garden var i bruk kort tid etter svartedauden.

Det kan ha vore ein tilsvarande vekst i busetnaden i perioden mellom 1000-talet og 1300, som vi seinare skal sjå fann stad mellom 1520 og 1660-åra. Då auka talet på brukarar, altså talet på familier som dreiv garden, frå to til fem på Harnes.

Harnes var på denne tida ein del av Raumsdølafylke, som det heitte då området vart lagt inn under Frostatingslova og Trondheim rundt år 1100. Og Raumsdølafylke var delt inn i skipreid, der Harnes må ha vore ein del av Sund skipreid.

Men allereie i Soga om Harald Hårfagre er Romsdal og Nordmøre definerte områder, så tilknytnaden til Romsdal gjeng nok langt attende.

Sunnmøre har truleg i ein kort periode vore under Frostatingslova, men forsvann relativt raskt inn under Gulatingslova og Bergen.

Parallelt med veksten i talet på innbyggjarar, så endra eigarforhalda på gardane seg. I vikingtida var fleirtalet av bøndene sjølveigarar. Då 1300-talet kom, var fleirtalet leiglendingar. Og vi fekk ofte ei oppdeling av gardane i fleire bruk i denne perioden. Overslag syner at berre mellom 10 og 25 prosent av bøndene, i området som tilsvarar Møre og Romsdal i dag, var sjølveigarar.

Var det slavar på Harnes?

Det er sjølvsagt vanskeleg å seie noko om eigarskap og utvikling på Harnes på 1000- og 1100-talet utan ein einaste kjelde.

Om Harnes har hatt ei utvikling på linje med resten av landet, så kan vi tenkje oss at garden frå 1000-talet ha vore driven av ein sjølveigar, som kanskje brukte trælar til ein del av drifta. Det var på tampen av vikingtida, og framleis eit samfunn prega slavebruk.

Historikar Jørn Sandnes har på grunnlag av Frostatinglova kome fram til at det var normalt med i snitt tre trælar på ein vanleg gard i Trøndelag. Difor er det god grunn til å tru at det vart brukt slavar også på gardane på Romsdalskysten.

«Trellene var slaver. I  eddadiktet Rígsþula har trellene lut rygg, solbrente armer og kro­k­ete nese. De var ikledd eldgamle klær, spiste den dårligste maten og ut­før­te det tyngste arbeidet. De lagde gjerder, gjødslet åkrer, alet opp svin, gjette geiter og grov torv. Bøndene og eliten betraktet trellene som eiendom, og de kunne behandles og utnyttes som eieren ville. Enkelte treller ble begravd sammen med eieren, men de færreste fikk en grav som vi kan finne igjen i dag.» skildrar norgeshistorie.no livet til trelane.

Så kan garden etterkvart ha vorte leigd ut til leiglendingar då trælane vart færre og borte på midten av 1200-talet. Og truleg vart garden delt opp i to eller fleire bruk, slik vi skal sjå at han var 100 år etter svartedauden. Etterkvart som befolkningspresset auka, kan talet på brukarar kanskje ha auka opp til fire-fem rundt 1250-1300.

Som peika på over, så finst det ikkje kjelder som kan stadfeste dette. Men ei slik utvikling er ikkje unaturleg ut frå det vi veit om denne perioden og det som vi skal sjå skjedde på Harnes frå midten av 1400-talet og framover.

Usikre tal

Professor Jørn Sandnes ga i sin klassiske artikkel “Garder, bruk og folketall i Norge i høgmiddelaldreren” ei vurdering av kor mange namngardar det var før svartedauden i 1349 i kvar kommune. For tidlegare Sandøy kommune (utanom Myklebust sidan han tok utgangspunkt i gamal kommuneinndeling) kom han fram til talet 12, med utgangspunkt i namna og oversikta over namngardar som var registrerte i verket Norske Gaardsnavne.

I Norske Gaardsnavne er det 13 namngardar registrert under Sandøy kommune. Det vil seie at Sandnes må ha meint at minst ein av desse gardane ikkje eksisterte før svartedauden.

På Harøya står følgande gardar i Norske Gardsnavne: Røsok, Morsund, Marøya, Brunvoll, Huse, Haugen og Harnes. I tillegg kjem Lyngvær, Orten, Sandøen, Røsholmen, Ona og Husøya i resten av kommunen.

Kor omfattande studie Sandnes gjorde av Sandøy kommune er vanskeleg å seie, men det kan verke som om talet er vel høgt.

Foto: Nils H. Harnes

Marøya er ikkje registrert i eldre kjelder, heller ikkje i martikkelen frå 1723, så han kan vi sjå vekk frå som mellomaldergard. Då er vi allereie nede i 12 gardar.

– Det at Haugen har heitt Harneshaugen, kan tyde på at namnegarden/middelaldergarden var Harnes. Utskiljinga av bruket til eige matrikkelnummer kan ha kome rundt 1600, meiner professor Helge Sandøy ved Universitetet i Bergen.

Vi skal seinare sjå at vi er sikre på at Haugen er omtala i historiske kjelder først heilt på slutten av 1500-talet. Det kan altså tyde på at Haugen ikkje var eigen gard før svartedauden. Då er vi i tilfelle nede i 11 gardar, og det utan å vurdere kor sannsynlege til dømes Røsholmen og Lyngværet er som gardar før svartedauden.

Jorda i bruk

Ei anna hypotese kan vere at området som seinare vart skilt ut frå Harnes som garden Haugen (Harneshaugen), var rydda og i bruk som ein del av Harnes allereie før svartedauden.

Så kan nedgangen i befolkninga ha gjort at arealet låg ubrukt, kanskje til det vart skilt ut som eigen gard og rydda på nytt vel 200 år seinare, altså ein gong mellom 1550 og 1597.

I tilfelle sit vi att med Røsok, Brunvoll, Huse og Harnes som dei mest sannsynlege gardane som kan ha eksistert allereie på 1200- og 1300-talet.

Tidspunktet dei er nemnde i skriftlege kjeldar for første gong, er ein indikator på kor sannsynleg det er.

I oversikten over ser vi at Harnes er den første garden på øya som er nemnd i skriftlege kjelder, allereie ein gong mellom 1432 og 1450.

Difor er dette den garden vi ut frå skriftlege kjelder kan vere mest sikre på at har eksistert før svartedauden som var berre hundre år før.

Vi har tidlegare sett at Harnes og Huse ut frå namn og gravfunn truleg er langt eldre.

Namnet på nabogarden Røsok kjem til dømes truleg frå Rudsager, altså ein rydda åker, og kan ha vorte rydda i vekstperioden mellom vikingtida og svartedauden, slik Helge Sandøy påpeikar.

Det same gjeld garden Brunvoll.

– Ein pleier i slike tilfelle å rekne dei som står nemnt i Aslak Bolts jordebok  eller i Tiendeskattemanntalet frå 1520-21 som svært sikre middelaldergardar. Desse gardane hadde overlevd nedgangstida som begynte ved midten av 1300-talet, somme hevdar også at nedgangen starta før svartedauden, påpeikar Sandøy.

– Namnet Huse kjem inn i kjeldene litt etter, men her peikar namnet i ubestemt dativ på høg alder, meiner professoren.

Garden Morsund dukkar først opp i 1597 i skriftlege kjelder.

Dei eldste gardane

Med det sit vi igjen med at Røsok, Brunvoll, Huse og Harnes er gardar vi kan vere rimeleg sikre på er frå før svartedauden. I tillegg Myklebust på sørenden av øya som vart registrert i 1520. Også på Myklebust er det gjort gravfunn som dreg garden si historie langt tilbake i tid.

Etter 1520 var det generell oppgang, og difor vanskeleg å skilje mellom kva gardar som vart dyrka opp att etter svartedauden og kva som var rydding av nye gardar.

– Allment sett kan ein seie at det fram til midt på 1600-talet var lettast å dyrke opp att øydegardar, og det er eit argument for å rekne Morsund og Haugen (med eldste registrering frå 1610) og Lyngværet og Røsholmen (eldste registrering i 1632) som oppattdyrka etter 1520, viser Sandøy til.

Desse gardane kan altså óg ha eksistert før svartedauden, men det er meir usikkert.

«Når vi kommer fram forbi 1300, ser vi at eldre gårder over hele landet er blitt delt i flere bruk. Trolig var bruksdelingen i gang alt i vikingtiden, men skjøt fart i de følgende århundrene. Det gikk særlig langt på Vestlandet. (…) Østlandet hadde de største arealreservene, og fikk tydeligvis hovedtyngden av nye bruk og mennesker i høymiddelalderen. Når bosetningen ble tettere langs kysten fra Romsdal og nordover, skyldtes det trolig vel så mye fiske og sjøfangst som jordbruk.», frå “Grunntrekk i norsk historie”, diverse forfattarar.

Høgst usikre brukartal

Desse namngardane på Harøya, som Harnes og Huse, har truleg vore oppdelte i fleire bruk allereie før svartedauden. Altså at det budde fleire brukarar/familier på kvar gard som dreiv kvar sin del av garden.

Vi skal seinare sjå at kyrkja vart eigar av halve Harnes eit hundreår etter svartedauden. Det kan tyde på at det kan ha vore minst ei todeling av Harnes-garden på den tida. Då er det i tilfelle ikkje urimeleg å tenkje at det kan ha vore fleire brukarar før svartedauden, då busetnaden generelt var større.

“I takt med at folketalet auka gjennom høgmellomalderen, blei gardar gjerne delte opp i fleire mindre bruk, og etter svartedauden skjedde det ei reversering av denne prosessen, då mindre bruk og mindre gardar blei slått saman.”, skriv Jon Vidar Sigurdsson i “Norsk historie 800-1536”

I tiendeskatten frå 1520, som vi går grundigare inn på seinare, ser vi at det var to brukarar på Røsok, to brukarar det er litt uklart kva gard høyrer til (kanskje Røsok?), to på Brunvoll og to på Harnes.

Tek vi utgangspunkt i at det må ha vore minst like mange brukarar før svartedauden som 170 år seinare, så kan vi gå ut frå 1520-skatten som eit minstetal og leggje til Huse. Haugen og Morsund får vi halde utanom sidan det er eit tynt grunnlag for å seie at dei eksisterte allereie i mellomalderen.

I tilfelle kan situasjonen ha vore slik tidleg på 1300-talet:

Røsok: To brukarar

Brunvoll: To brukarar

Harnes: To brukarar

Huse: To brukar

Ser vi på situasjonen i 1661 i Romsdal Jordebok, eit tidspunkt då folketalet generelt vert rekna for å ha kome tilbake til nivået før svartedauden, så var det langt fleire brukarar då enn i 1520. Det er det verdt å leggje merke til at spesielt Røsok, Harnes og Huse hadde markant fleire brukarar.

15201661
Haugen01
Harnes25
Huse04
Brunvoll22
Morsund02
Røsok25
Talet på brukarar i 1520 og 1661. Kjelder: Tiendeskattmanntalet 1520 og Jordebok for Romsdal 1661.

Det er heller ikkje utenkeleg at talet på brukarar før svartedauden kan ligge ein stad mellom tala frå 1521 og 1661, kanskje til og med opp mot 1661-nivå. I 1661 var det som vi ser 19 brukarar på gardane på Harøya – fem av dei på Harnes.

Det er sjølvsagt veldig usikkert å bruke generelle tal ned på ein enkelt gard. Men vi får eit interessant resultat om vi seier at det var like mange brukarar i år 1300 som i 1661. Ein nedgang frå fem brukarar i 1300 til to brukarar i 1520, ville ha vore ein nedgang på 60 prosent. Talet er det same som forskarar trur busetnaden gjekk ned med i samband med svartedauden, andre pestar og uår i siste halvdel av 1300-talet.

Klyngetunet på Harnes

Det kan altså allereie før svartedauden ha vore eit klyngetun på Harnes. Klyngetun er karakterisert av at husa til fleire brukarar var samla tett i tett som ein liten landsby.

Dei vaks fram på grunn av fordi gardane vart delte opp i fleire bruk, der kvar ny brukar sjølvsagt måtte ha ein stad å bu. Og det var praktisk at brukarane budde nær kvarandre. Dette skjedde i stor grad i mellomalderen, og buforma tok over etter langhusa som dominerte i vikingtida og tidlegare.

Ny byggeskikk med tømmer ga mindre, men fleire bygg på gardane i mellomalderen. Bustad og fjøs vart til dømes seperate bygg.

På Vestlandet er det allereie på 900-talet dømer på at dei gamle langhusa vart erstatta med fleire mindre hus, vert det påpeika i Norges landbrukshistorie 1 (side 279). Gulatingsloven mener stove, bur, eldhus, løe og fjøs som vanlege hustyper.

Stove var eit dagleg opphaldsrom og soverom. Det vart også brukt som ein del av namn på bruk på Harnes, som dei seinare kjende Ingebrigtstauå, Nystauå og Masstauå.

Dette kan ha vore ein tradisjon for namnsetting av bruk på Harnes også lenge før 1800-talet.

«I stor grad ser det ut til at opphavstunet beholdt sin plass på de etablerte gårdene. På Sør-Vestlandet er flere av vikingtida husene bygd direkte på de gamle gårdene. (…) Den forholdsvis store stabiliteten i valg av tunplass gjør at tunordningen, slik den var før utskiftningene på 1800-tallet, også kan belyse eldre forhold», skriv professor Ingvild Øye i Norges landbrukshistorie 1 (side 286-288).

Seinare skal vi sjå at brukarane på Harnes budde i klyngetun heilt fram til 1860-talet.

Fiskarbonden

Historieprofessor Alf Ragnar Nielssen set eit skilje på 1000-talet, og skriv i Norges fiskeri- og kysthistorie band 1 (side 217) den nye fiskarbonden kom fram då. Før den tid, var det høvdingar som organiserte fangstverksemda til bøndene.

«Det som karakteriserte fiskerbondesystemet i motsetning til dette, er at det var husholdorganisert, det vil si at det var bøndene selv og husstanden deres som organiserte den økonomiske virksomheten.» skriv han.

Den einskilde bonden vart knytta til marknadshandel sjølv, og ikkje via ein høvding. For romsdalingane på Harnes var det truleg Veøya som var den sentrale marknaden. Inntoget av det kommersielle fisket etter torsk var sentralt.

Dette førte til att menn og sonar var borte på fiske i veke/månader om gongen. Heime var kvinnene, som med det tok over mykje av arbeidet på garden. Og dei måtte truleg fiske i tillegg.

«Når mennene var av gårde på salgsfiske, var det de gjenværende, det vil si kvinner, barn og eldre, som måtte sørge for å få ferskfisk på bordet gjennom heimefiske.», skriv Nielssen

Gammel fisker. Kunstner: Hans Heyerdahl (1891)
Foto: Nasjonalmuseet

LES NESTE KAPITTEL: LEIGEPRISEN PÅ JORD FALL MED OVER 60 PROSENT