Segna om krossen på Harnes

Image by congerdesign from Pixabay

Fleire hundre krossar stod langs kysten etter kristninga av landet. Ei segn fortel at ein av dei skal ha vorte reist på Harnes tidleg i forrige tusenår.

Det var i tida før kapellet/middelalderkyrkja på Harbakken på Huse vart bygd at trekrossen skal ha vore ein religiøs samlingsstad (les heile segna under).

Dette kan i tilfelle ha vore så tidleg som på 1100-1200-talet. Vi veit at det som vart omtala som Hareedt kircke stod der i 1589 og Haaardøen Capell stod til nedfalls i 1625.

Her ser vi at kapella på både Harøya, Ona og Sandøya er lista opp “Trondhjems reformats” frå 1589. 36 år seinare vart det konstatert at kapella på Harøya og Ona stod til nedfalls, medan Sandøya ikkje er nemnd. Riksantikvaren meiner at det tyder på at kapellet på Sandøya ikkje lenger var i bruk.

Stor byggjeperiode

1100- og 1200-talet var den første store byggjeperioden for kyrkjer her i landet, og det er ikkje utenkjeleg at ei første kyrkje/kapell på Harbakken vart reist då. Men vi har ingen dokumentasjon på at det faktisk var kyrkje der allereie i mellomalderen.

På Veøya i Romsdal kan det ha vore kyrkje allereie i siste delen av 900-talet.

“Mange av middelalderkirkene er bygningsmessig beskrevet først ut på 1600-tallet. Sannsynligvis har mange av disse kirkene hatt en eller flere forløpere”, skriver Dag Bertelsen i boka Kirker i glemselens slør.

Og i ei epostutveksling gjeng Bertelsen lengre enn dette når det konkret gjeld kyrkjebygg på Harøya.

– Jeg ser ikke bort fra at det har vært kirke(r) på Harøy på 1000-tallet, skriv han.

Det finst ein lysestake knytta til kapellet på Hardbakken, som er tidfesta til 1400-talet/tidleg 1500-tal. Men alderen på lysestaken er ingen dokumentasjon på at kyrkja sto der då.

Kapellet på naboøya Fjørtofta kan ha vorte bygd i 1306, årstallet skal i alle fall ha stått på ein stokk då kapellet vart rive i 1877. Her veit vi heller ikkje om dette var første kyrkja på øya.

Alt dette kan saman tyde på at det allereie tidleg i middelalderen kan ha vore ei kyrkje/kapell på Harøya.

Før kyrkjebygget

Trekrossen skal altså ha stått i området før det første kyrkjebygget kom, om vi skal tru segna.

Han var, ifølgje segna som vart nedskrive av Peder Fylling i første halvdel av 1800-talet, reist rundt eit par hundre meter (300 alen) nord for husa på Harnes. Truleg er dette snakk om avstanden frå klyngetunet på Harnes, sjølv om det heller ikkje kan utelukkast at det er Myra som vert referert til som Harnes.

Rundt denne krossen skal folket ha samla seg for å be, i mangel av ei kyrkje.

Professor Gro Steinsland. Foto: Universitetet i Oslo

Dr. philos og professor i religionshistorie ved Universitet i Oslo, Gro Steinsland, meiner segna er interessant. Steinsland er rekna som den fremste forskaren i landet på norrøn religion og mellomalderen.

– Det er vel ikkje usannsynleg at det er ein rest av historisk tradisjon i forteljinga, meiner Steinsland.

Ho peikar på at det er kjent at krossar vart reist på lokalitetar langs leia eller kjende vegfar.

– Dei eldgamle steinkrossane langs kysten var vel både signal om kristning og fungerte som samlingsstad før det vart bygd kyrkjer, påpeikar Steinsland.

Ho viser til at langs den gamle Kjølveien frå Hadeland til Toten vert namnet “Høgkorset” framleis brukt.

– Tradisjonen fortel at reisande stoppa der for å fremseie bøner.

I segna står det at også krossen på Harnes var ein stad der folk møtte kvarandre for å be.

Det har stått ei heil rekkje tilsvarande krossar langs kysten opp gjennom historia. Frans-Arne H. Stylegar, arkeolog og tidlegare fylkeskonservator i Vest-Agder, har laga ei oversikt over krossar langs kysten. Han har også brukt gamle segn i kartlegginga.

– Forteljinga høyrest tilforlateleg ut, og er ikkje eineståande i overlevert tradisjon. Liknande historier vert fortalt om mellom anna fleire av krossane langs kystleia, påpeikar Stylager.

Faksimile frå «Folkesagn» av Peder Fylling.

Segna om krossen

Her er segna, som er henta frå “Folkesagn” av Peder Fylling (1818-1895). Han skal ha skrive ned forteljinga då han var ung, noko som truleg vil seie i første halvdel av 1800-talet:

«Harnæs kaldes en Gaard paa Harøen i Akkerø Præstegjeld i Romsdal, og er muligt en af de ældste Gaarde på bemeldte Harøen, da man sikkert kan antage, at Øen er opkaldt efter denne Gaard. Omtrent 300 Alen (188 meter red.anm.)i Nord for bemeldte Gaards Huse er en af Naturen dannet kjendelig Forhøyning, som af Gaardens Beboere kaldes «Korshaugen», med det Sagn, at der paa bemeldte Haug i de katholske Tider stod et Trækors opreist, hvorved Øens Indvaanere til bestemte Tider samledes til Bønhold, før end nogen Kirke, der senere, i nogen Afstand herfra, blev opført.

Omtrent Midtveis millem bemeldte Gaard Harnæs og den på søndre Side af Øen beliggende Gaard Møklebost , (det store Bosted) som hører Søndmøre til, findes en av de sædvanlige høie Terasser, en høi Sandmæle, som af Almuen kaldes «Korsaremmen», med det Sagn, at når man i de gamle Dage, medens hint Kors stod paa Korshaugen paa Harnæs, søndenfra var kommen op paa Høiden af den «Remmen», kunde man se Korset borte på Korshaugen paa Harnæs; man maatte da ikke gaa videre, før en enhver Besøgende havde faldt paa Knæ og korset sig, som et fromt Andagtstegn i religiøst Henseende, og skal denne Remmen netop deraf have faaet Navnet «Korsremmen», som den endnu kaldes paa denne Dag.

– Som bekjendt, blev der senere opført et lidet Kapel paa bemeldte Gaard Harnæs til Bekvemmelighed for Øens Beboere; kun ser jeg, at der er al Sandsynlighed for, at det maa have været opført en rum Tid før Reformationens Indførelse, da man efter den Tid har de Resolutioner hvorifølge de fleste Kirker og Kapeller i vortLand er blevne opførte, medens den for Harnæs Kapels Vedkommende savnes. – Ogsaa dette Kapel blev nedlagt Aar 1812, da Sandøens Kirke ved denne Tid blev Sognekirke, ogsaa for Harøens Gaarde, paa Møklebust nær.»

Gamal gravplass?

Langsmed kysten frå Jæren til Møre finst det 60 steinkrossar. I tillegg er det dokumentert mange trekrossar.

Mange av krossane har stått på gamle, norrøne gravplassar, medan andre har stått på tidlege kristne gravplassar.

– Krossar kan nok i ein del tilfelle ha vort reist på forhistoriske gravplassar, men eg er usikker på kor vanleg det har vore. Det kan også tenkjast at det er topografien som har styrt plasseringa av både gravhaugar og (seinare) krossar – dei skulle jo vise, påpeikar Stylager.

Høgkrossar som er plassert på gravhaugar kan vere sett der i staden for den norrøne bautasteinen, ifølgje kunsthistorie.com. Ofte var det stormenn i området som sørga for at krossane vart reist.

Kor stod korset?

Det mest opplagde er å knytte plasseringa av dette korset til kapellet som stod på Hardbakken på Huse fram til 1812. I samband med stadnamninnsamling er det referert til at haugen ved det gamle kapellet vart kalla Kårsehau`n, altså omlag det same som i segna.

Det vil i tilfelle seie at Fylling har rota både med retning og avstand. Kårsehau`n ligg rundt 400 meter sør for det gamle Harnes-tunet og altså ikkje 200 meter nord for det, slik Fylling skriv at folket på Harnes plasserte Korshaugen.

“før end nogen Kirke, der senere, i nogen Afstand herfra, blev opført.”, skriv Fylling.

Det verkar altså som om han var klar over kapellet, og at han karakteriserer det som om det mellom korset og kapellet har vore “nogen Avstand”. Så er spørsmålet kor stor avstand han la i ei slik formulering.

Dersom Fylling ikkje rota med geografien, så er 200 meter nord for Harnes-tunet Remma/Haugen. Det er også ei naturleg høgde for eit slikt kors.

Brukte namnet

I første halvdel av 1800-talet, kanskje eit halvt tusenår etter at krossen skal ha vorte reist, skal bebuarane på Harnes framleis ha kalt høgda korset stod på for Korshaugen.

Truleg har Fylling samla denne historia eit par tiår før Harnes-tunet hadde utskifting og vart oppløyst.

I utskiftingsprotokollen frå 1861 er det lista opp ei rekkje namn rundt omkring på Harnes-garden, men ingen av dei refererer til Korshaugen eller liknande.

Er Korsbakken, som ligg ved Harøy kyrkje, same staden som Korsaremmen, der dei kunne sjå krossen på Harnes/Huse?

Krossen må i tilfelle ha hatt ein viss storleik – det er snakk om ei luftline på 1,2 kilometer bort til haugen ved det gamle kapellet og ytterlegare 600 meter til ein eventuell kross på Harnes.

Det er heller ikkje utenkeleg at det kan ha vore to krossar – ein på Huse og ein på Harnes. På Gåsøya finn vi Korshaugen, og inne på Småge Korsbøen.

Få steinkrossar

Professor Helge Sandøy har undersøkt litt rundt steinkrossar i Møre og Romsdal med arkeologimiljøet, og det er svært få registrerte steinkrossar i fylket. Trekrossar er det naturleg nok vanskelegare å finne spor etter på grunn av rotningsprosessar.

– Steinkrossar kunne bli plassert over graver, men dei kunne òg stå heilt andre stadar og ha andre funksjonar, som f.eks. markeringar av grenser. Dessutan kunne dei tene som navigasjonsmerke. Då ville dei nok mest naturleg stå på ein haug, og den funksjonen hadde dei kanskje opp til det moderne fyr- og merkevesenet utvikla seg. Då kunne nok trekrossar òg fungere. Dette siste trur eg ikkje arkeologane er like mykje interessert i, viser Sandøy til.

– Altså er det vanskeleg å legge mykje i ei segn om ein kross, og koplinga mellom kross og grav er ikkje så sterk, påpeiker Sandøy.

LES NESTE KAPITTEL: SLIK KAN GARDEN HA VORE FØR SVARTEDAUDEN