Vulkanutbrot kan ha ført til fleire år utan sommar

År 536-1000

I 536 vart store delar av verda truleg ramma av eit enormt vulkanutbrot. Oska kan ha skugga for sola i tre år på Harnes.

Enkelte forskarar meiner hendinga kan vere bakgrunnen for det som på norrønt heitte fimbulvetr. Nyleg har forskarar funne ny dokumentasjon i isbrear i  mellom-Europa for eit enormt vulkanutbrot i 536, truleg på Island. Andre meiner imidlertid at utbrota har skjedd langt vekk frå Europa, men det kjem vi tilbake til. I 18 månader mørkla oskeskyen Europa, Midt-Austen og delar av Asia.

Ut frå teorien om Islan, vart truleg dei nordiske landa hardt ramma, og ikkje minst “naboane” til Island på Nordvestlandet. Her kan sola ha vore svak i lengre tid enn nede på kontinentet.

Harnes ligg rundt 125 mil frå Island.

Frå filmatiseringa av boka “The Road” av Cormac McCarthy, som skildrar ein liknande situasjon i eit moderne samfunn. Ein far og ein son vandrar einsame gjennom eit aude og forkulla landskap. Ingenting røyrer på seg, bortsett frå oska i vinden. Himmelen er mørk. Kulda er bitande, nesten uuthaldeleg, og snøen som fell er grå.

Tøffe tider

For dei som kan ha budde på Harnes på denne tida, må klimaendringane gjort livet nærast uleveleg.

Det stadfestar ein av dei fremste eksperatane på denne perioden, den svenske professoren Bo Gräslund ved Universitetet i Uppsala. Han var forskaren som løfta fram teorien om at historia om Fimbulvinteren kan bygge på ei historisk hending.

– På grunn av utbrot i to supervulkanar, i åra 536 og 540, vart åra 536 til 550 den kaldaste 15-årsperioden på fleire tusen år. Men då snakkar vi altså om kalde somrar, vintrane var truleg ikkje spesielt kalde, forklarer Gräslund.

Det var mangel på sommar og vekstforhald som ga krisa.

Kjelde: Science

Somrar utan varme

Mangelen på somrar kjem også fram sist i skildringa som Snorre har av fimbulvinteren:

Ganglere: «Kva er å fortelja om ragnaròk?»

Høg: «Store ting er å melde om det, og mange òg.

Det fyrste er at det kjem ein vinter som er kalla Fimbulvinter.

Då driv det snø or alle ætter, det er sterk kulde og kvasse vindar, ingen ting har gagn av sola.

Det er tre slike vintrar – utan sommar imellom.»

Frå Den yngre Edda, av Snorre Sturlasson

Professor Bo Gräslund ved universitetet i Uppsala. Foto frå YouTube.

– Korleis kan dette ha påverka livet til dei som budde på Nordvestlandet den gongen?

– Dette må ha gått frykteleg hardt utover jordbruket og husdyrhaldet, til og med på vestkysten av Noreg. Ein skulle tru at sjansen til å drive fiske og fangst langs Atlanterhavskysten skulle hjelpe til på situasjonen. Likevel har i det minste den sørlege og midtre delen av Noreg vorte særs hardt ramma, konstaterer Gräslund.

Og peikar på at miljøet i havet også kan ha vorte påverka på ulike vis med lågare temperatur, dårlegare fotosyntese og endra straumar.

Og som ofte elles var det dei svakaste som vart hardast ramma, også på Romsdalskysten.

– Når generell svolt råkar ei befolkning, er det sjeldan eliten som vert ramma, minner professoren om.

Skal ein overleve ein så lang periode med så dårlege somrar som ramma Harnes på denne tida, så meiner Gräslund at ein ikkje bør vere trell, utan eigedom, gamal og kanskje heller ikkje spedbarn.

Den svenske professoren fastslår at mange døydde.

– Ein hel generasjon barn kan ha vorte skada. Eg har rekna meg fram til at rundt halvparten av befolkninga i Noreg og Sverige døydde i desse åra. Det merkverdige er eigentleg at så mykje som halvparten av befolkninga overlevde, meiner han.

I tillegg kan den julianske pesten har ramma landet på 540-talet, men det finst førebels ikkje noko dokumentasjon på at han kom til Noreg.

Bildet er KI-generert og ikkje nødvendigvis historisk korrekt.

Svak sol

Sjølv om sola kunne skimtast bak oskesløret på slutten av 530-talet, så var ho så svak at det ikkje var noko nytte av ho.

“For the sun gave forth its light without brightness, like the moon, during the whole year,” wrote Byzantine historian Procopius. Temperatures in the summer of 536 fell 1.5°C to 2.5°C, initiating the coldest decade in the past 2300 years. Snow fell that summer in China; crops failed; people starved. The Irish chronicles record “a failure of bread from the years 536–539.”, skriv mellomalder-historikar Michael McCormick.

 Her ser vi ein tømmerstokk frå gravhaugen Raknehaugen i Ullensaker. Tømmeret er hogd i år 551. Fingeren peikar på den tynne årringen frå år 536, som viser uvanleg dårleg vekst det året. FOTO: Ola Rønne, Akershus fylkeskommune.

 Her i landet har arkeologane konstatert at mange gardar vart lagt øyde – i Rogaland er nedgangen i arkeologiske funn frå denne tida på heile 87 prosent.

“Og det hendte dette året at et grusomt varsel fant sted. For solen skinte uten lysstyrke, lik som månen gjennom hele året, og fremstod stadig som om den var i formørkelse fordi strålene den kastet ikke var klare slik de pleide å være. Stadig da dette foregikk var folk ikke frie fra hverken krig eller sykdom, eller noen som helst andre ting som volder død. Dette hendte da Justinian satt i sitt tiende regjeringsår.” skreiv den østromerske forfattaren/historikaren Prokopios (ca. 500-560)

– Hypotesen om at Fimbulvinteren har rot i historiske hendingar er ikkje testa, seier arkeolog Ingar M. Gundersen ved Kulturhistorisk museum i podkasten Arkologi på rappen.

Det prøver han å gjere i sitt arbeid.

– Det er en påstand med utgangspunkt i det arkeologiske materialet, meiner han.

Han viser til Gräslund som den som har løfta hypotesen dei siste tiåra. Gundersen meiner det er så mange faktorar som spelar inn, at det er vanskeleg å vite at hendinga var slik Gräslund skisserar. Han meiner at det truleg at vulkanutbrota i perioden truleg har skjedd i Mellom-Amerika.

Tida etter katastrofa

Det tok truleg lang tid før samfunnet kom seg på beina igjen etter dette. Om Harnes låg aude er heller ikkje usannsynleg.

Tek vi utgangspunkt i korleis utviklinga var etter svartedauden 800 år seinare, så snakkar vi om eit par-tre hundre år før befolkninga kan ha vore på nivå med tida før katastrofa.

Då er vi over i vikingtida.

Både i hundreåra før og hundreåra etter vikingtida veit vi at det budde folk på Harnes.

Gravfunn og den sentrale plassering garden hadde, tyder på ein langvarig og truleg relativt samanhengande busetnad på Harnes.

Vi skal også sjå seinare at vi har skriftlege kjelder på at garden eksisterte 400 år etter vikingtida. Gravfunna vi har sett tidlegare, viser også at det budde folk der kanskje 400-500 år før vikingtida.

Ingen kjende funn

Funn som kan knyttast direkte til denne tida er det ikkje registrert på Harnes. Det er heller ikkje referert til garden eller øya i sagalitteraturen.

Det næraste vi kjem skriftlege spor etter busetnad på desse øyane i vikingtida, er vel segna om Bruse (side 527 i denne linken). Der er det referert til ei “Saudey” (Sandøy). Segna må vere frå rundt år 1000, og vart nedskriven først 300 år seinare i Olav Trygvassons saga.

I neste kapittel skal vi sjå eit anna segn, om Harnes, som kan stamme frå hundreåra rett etter vikingtida.

LES NESTE KAPITTEL: SEGNA OM KROSSEN PÅ HARNES