Garden i romartida: – Fisket ga næringsgrunnlag

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Allereie medan Julius Cæsar styrte Romarriket, kan Harnes ha vore ein gard.

Både steinringen, trekantgrava på Haugen og grava på Leghaugane viser at det truleg budde folk på Harnes i romartida og folkevandringstida, altså i perioden frå år 0 til 550.

To av dei tre gravfunna er gjort i området nær der vi seinare veit at det har vore gardstun.

“Ein gravhaug vert vanlegvis rekna som eit indisium, ikkje berre på at garden var busett då den døde vart gravlagd, men også at bebuarane var frie bønder og hadde eigedomsrett til garden,” skriv Bjørn Myhre i Norges landbrukshistorie 1, side 163.

Leiglendingar eller slavar hadde truleg ikkje rett til å reise gravhaugar. Gravfunnet på Haugen kan altså tyde på at den eller dei som dreiv Harnes på den tida, var sjølveigande bønder. Gardar utan gravhaugar låg truleg under andre gardar, kanskje som ein del av eit slags leiglendingssystem eller med slavar.

Illustrasjon.

Vekstperiodar

Jordbruket vaks kraftig allereie i perioden 2.900-2.500 f.Kr. her i landet.

«Då vart spreiinga jamnare over heile landet, med utløparar heilt nord til Vest-Finnmark, sjølv om Trøndelagsbygdene, øyane på Nordvestlandet og Jæren utgjorde tyngdepunkta i tillegg til Austlandsområdet», skriv Claus Krag i “Norges historie fram til 1319”.

I denne perioden var gardsdrift generelt truleg meir prega av husdyrhald enn dyrking av korn.

Dette er rundt 3.000 år før trekantgrava på Haugen ser ut til å stamme frå.

På Smøla er det dokumentert at skogen forsvann i yngre bronsealder (1100-500 f. Kr.) og vart erstatta av lynghei og grasmark. Dette skjedde i stor grad på grunn av menneska si bruk av landskapet, der lyng var godt eigna til beite for husdyr store delar av året.

På naboøya Fjørtofta og Gjertgarden er det dokumentert busetnad 1300, 1000, 650 og 250 år før vår tidsrekning.

«Ytterkysten frå Sunnmøre til Trøndelag hadde gode klimatiske forhold og eigna seg for eit tidleg jordbruk. Vintrane var relativt milde, og det gav beitemoglegheiter for husdyra også store delar av vinterhalvåret. Strandflata på øyar og ytre del av fastlandet består for ein stor del av marine avsetjingar frå den gongen havet stod høgare, og jorda er difor fruktbar og inneheld mange stader lite stein. Fisket gav moglegheiter for eit allsidig næringsgrunnlag. Eit stort tal gjenstandsfunn og ei rekkje jordbruksplassar frå siste del av steinalderen og byrjinga av bronsealderen er funne her. Hustufter og åkerspor frå yngre bronsealder og førromersk jarnalder har gitt oss god forståing av jordbruksutviklinga.», skriv Bjørn Myhre i Norges landbrukshistorie om jordbruksekspansjonen i bronsealderen frå 1000 år før vår tidsrekning.

På garden Aure i Sykkylven ser vi at det var hus allereie i yngre bronsealder, og stolpehol etter hus heilt tilbake til 1155-915 f. Kr.

Perioden frå år 200 til 500 førte til ein kraftig vekst i jordbruket, med mange arkeologiske funn. Hundrevis av gardar vart rydda og busette over store delar av landet.

Det er ikkje utenkjeleg at ein eller fleire av gardane på Harøya vart etablerte i denne perioden, sjølv om det kan ha vore gardsdrift der mykje tidlegare, kanskje så tidleg som i perioden 1000–500 f. Kr.

Mange gardar var etablerte

I mange bygder var talet på gardar i jarnalderen 15-25 prosent av gardane som eksisterte på 1300-talet. Ytterlegare 20–30 prosent av gardane kom til i løpet av hundreåra fram til vikingtida.

Det er sjølvsagt umogeleg å overføre ei slik generell prosentfordeling til lokale forhold på Harøya. Likevel gir det ein indikasjon på at dei eldste gardane på øya kan ha vore på plass mellom år 0 og 500 – kanskje til og med i tusenåret før.

I ein artikkel om gardane på ytre Sunnmøre, inkludert nokre av  Nordøyane sør for Harøya, skriv arkeologen Bjørn Myhre at når sjølv skrinn jord var teken i bruk til buplassar og åkerland, tyder det på at dei beste jordbruksområda allereie var opptekne. Han viser til funn av gardsbruk som kan ha vorte nyrydda i folkevandringstida (år 400-550 e.Kr,) på til dømes Haramsøya, og slik nyrydding tyder på at dei sentrale jordene allereie var i bruk.

«På ytre Sunnmøre må vi difor rekne med at dei fleste gardane vi kjenner frå historisk tid var rydda og busette i det 4. og 5. hundreåret. Kontinuerleg dyrking har fjerna nesten alle spor etter dei eldste gardane, som vi nok må anta låg omtrent der gardstuna fanst før utskiftingane.», skriv Myhre.

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Dei eldste gardane

Vi skal seinare sjå at Harnes, Huse, Brunvoll og Røsok er gardane vi kan vere sikrast på at eksisterte før svartedauden, i tillegg til Myklebust. Kanskje er Harnes, Huse og Myklebust dei eldste gardane. Og av desse igjen kan Huse ha vore eldst, ut frå namnet som kan referere til det første huset på øya. Det er mogleg at “Har” var det opphavelege namnet på Harnes, noko som kan dra gardshistoria endå lenger tilbake i tid.

Brunvoll og Røsok kan stamme frå nyrydding på 1300-talet, som professor Helge Sandøy føreslo i eit tidlegare kapittel.

«Busetnadsutviklinga etter byrjinga av vår tidsrekning kan lesast av i gardsnamna. Den første fasen i den “eigentlege” gardens historie, det vil seie romersk jarnalder, vert kjenneteikna ved at mange av gardane har enkle namn i ubestemt form, som Nes, Ås, Sander og By/Bø», skriv Claus Krag i “Norges historie fram til 1319”.

Tett busetnad

Krag peikar på at busetnaden generelt i landet var ganske omfattande langt tilbake i tida. Samstundes var dei lokale variasjonane truleg store.

«Ei lokal undersøking av forholda på Jæren tilseier at folketettleiken der kan ha vore like stor i folkevandringstida (400–550) som rundt 1700. (…) Ei anna undersøking, av Vestvågøy i Lofoten, tyder på ein liknande situasjon der, med ei stor og stabil befolkning heilt frå romartida til svartedauden», viser han til.

I folkevandringstida var busetnadsekspansjonen på Sørvestlandet så stor at også område utan gode, naturlege føresetnader vart tekne i bruk til gardsbruk. Det er ikkje unaturleg å tenkje at denne veksten óg var merkbar på Nordvestlandet.

Busetnadsauken fekk eit kraftig tilbakeslag etter 530–540-åra (og kanskje tidlegare), noko vi skal sjå nærare på i neste kapittel.

Naboøyene

Funn på dei andre Nordøyane vitnar óg om busetnad i området. I 1968 vart det gjort eit stort gullfunn i ein gravhaug på Haramsøya, datert til rundt år 300 e.Kr, i romartida.

Gullfunnet på Haramsøya i 1968. FOTO: © 2019 Universitetsmuseet i Bergen / CC BY-NC-ND 3.0

Grava må ha tilhøyrt ein mann i det øvste sjiktet.

Det er også gjort bronsealderfunn på Aukra, frå perioden 1.000-1.500 år f.Kr.  Gullringen som vart funnen, vitnar om mektige og rike slekter på den tida.

I ei studie av førekomsten av gravhaugar på Vestlandet framhevar Bjørn Ringstad Haram som eit økonomisk og politisk sentrum.

Eit interessant poeng er at Haram, Harøy og Harnes har same førsteledd – Har – i namnet. Kan Har opphaveleg ha vore namnet på eit større område, med sentrum på Haramsøya, der det er gjort rike funn?

La grunnlaget for strukturen

Gardsstrukturen frå dei første hundreåra etter vår tidsrekning danna grunnlaget for den vidare utviklinga av busetnaden.

«Tenkjer vi bort gardar vi veit er yngre, kan vi i svært mange bygder utan altfor store vanskar førestille oss dette gardsmønsteret. Denne strukturen har så gitt rammer som dei fleste delingar og nyryddingar sidan har halde seg innanfor, heilt fram til våre dagar. Dei gamle gardane, med sine husstader, er som regel også haldne i hevd uavbrote gjennom halvanna tusen år, sjølv om gardsområdet sjølvsagt har vorte mindre gjennom oppdeling og frådeling. Slike gardssenter har også som regel klart seg gjennom øydetider, som etter svartedauden, då øydelegginga fortrinnsvis råka dei yngre delingsprodukta og ryddingane», skriv Claus Krag i “Norges historie fram til 1319”.

Jordbrukshistorikaren Andreas Holmsen meinte at busetnaden på gardar og gardsdrifta er eit direkte produkt av utviklinga i romartida.

Bygg og havre var truleg dei vanlegaste kornsortane i Sør-Noreg på denne tida, og det vart også dyrka lin og hamp. Hamp vart truleg brukt til tekstilar og tauverk. Nøyaktig kva korn som vart dyrka på Harnes, og om det i det heile vart dyrka korn, veit vi ikkje. Vi veit at det vart dyrka korn på garden heilt til godt inn på 1900-talet.

Reiskapane var dei same som vi kjenner i dag: stuttorv, langjå, spader (av tre heilt inn i middelalderen), samt sigd og ard.

Så kom katastrofar som kan ha bremsa veksten i fleire hundre år

NESTE KAPITTEL: VULKANUTBROT KAN HA GITT FLEIRE ÅR UTAN SOMMAR