Fann skalle og spenne i ei grav

År 100-500

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Grava som vart funnen på tampen av 1800-talet, er truleg frå dei første hundreåra i den romerske jarnalderen. Skallen kan vere yngre.

Det var søndag 15. august 1897. Ein av eigarane på Haugen på Harnes gjekk forbi ei røys på garden då han gjorde det uvanlege funnet. Det vart skildra i Romsdals Budstikke 28. august same året.

Faksimile frå Romsdals Budstikke 28. august 1897.

Dette står i artikkelen i Romsdals budstikke:

“Paa Harøen skal det ved Harnes ligge 18 runde Gravrøser og ved Huse 2 Røser.

Fra Harneshaug skrives 23de ds til «Romsdals Budstikke:

Eit funn

Me hev i lange tider ganget aa set paa nokre gravhaugar, som har ganget under namn av kjempegraver. Ikkje nokon hev tenkt, at det skulle vere noko verkelegt. I lange tidor hev det voret kjaurt stein fraa haugen, so det no hev vorte ei hole i røisi. Sundagen den 15de ds gik ein av eigarane forbi. Han vart soleis var eit hol i ei av sidorne paa røisi, so tok han til aa undersøkje og vart var ein heilskalle av eit menske. Ein dag deretter gjekk han aa kasta dupp gravi, daa han tenkte aa finna nokot av verd, men fann ikkje, utan ein liten kors, som me meinar skal vere av brons, og nokot jarnskrap, som ikkje kan segjast, kva det hev vore, daa det er aldeles sortustod. Funnet er ikkje til nokot for oss; men me ser daa at soga er sann um dessa kjempehougerne, Det vore reist stenheller fraa kvar av sidorne paa liket og det hev stønt saman med øvste endorne so rommet var treangelformigt der liket laag. Og soleids var det tagt yver ein gamal norbyggjar, som tenkjelegt hev vore ein av dei, som hev havt hug aa sjaa ut på det baarute havet likedant som vore noverande øyboarar.

Harneshaug den 23 -8-97”

Dette er altså skrive berre dagar etter funnet, og det minskar faren for feil i opplysningane. Vedkommande som skreiv dette har sikkert studert grava og sett funna sjølv.

Artikkelen viser óg at det må ha vore ein viss storleik på røysa der grava låg. Artikkelforfattaren skriv nemleg at det har vore kjøyrt stein frå staden “i lange tider”, og det tydlegvis framleis er stein igjen då sjølve grava dukka opp.

Var det grava til ein mann?

“Det vore reist stenheller fraa kvar av sidorne paa liket og det hev stønt saman med øvste endorne so rommet var treangelformigt der liket laag.”, ser vi at det står i innlegget i Romsdals budstikke over.

Arkeolog Ragnar Orten Lie meiner at dette må ha vore eit hellesett gravkammer i ein gravhaug/røys.

– Funn av jarn utelukkar bronsealderen, noko også brynesteinen tyder på. Normalt er eldre funn som er omtala som krossar i gravhaugar det vi i dag kallar krossforma spenne, forklarer han.

Desse var vanlege i folkevandringstida (400-550/575), og var støypte i bronse (koparlegering). Èi spenne kan tyde på at det var ein mann som vart gravlagd der for rundt 1.500 år sidan.

– Kvinner hadde vanlegvis to spenner i grava, men det kan sjølvsagt også vere ei spenne som har gått tapt, understrekar han.

Grava kan med det stamme frå hundreåret rundt den store katastrofen i siste halvdel av 530-talet, som vi kjem nærare inn på i eit seinare kapittel.

Det kan ha vore ei spenne av denne eller liknande typer som vart funne på Haugen. “Dette er en spennetype som er typisk for folkevandringstid, dvs. fra ca. 400-550/600 e.Kr. I dette tidsrommet er slike spenner vanlig i hele den vestlige delen av Skandinavia, Nord-Tyskland, Nederland og England. Spennetypen må ha vært populær, da det er funnet over 600 korsformete spenner bare i Norge. Spennen fra Frøbergsberget er svært godt bevart. Både jernnålen og deler av spiralfestet på baksiden er intakt.” Kjelde: Ingunn Røstad, Kulturhistorisk museum

Orten legg til at funnet av ein skalle tyder på at dette var ei skjelettgrav, i ei tid då kremasjon også var vanleg.

“I folkevandringstid ble hellekister mer vanlig. Slike kister hadde vært i bruk helt siden yngre steinalder, men det var i folkevandringstid de fikk sin største utbredelse.

I hellekistene ble den døde som regel lagt ned ubrent, fullt påkledd, sammen med smykker eller våpen. Andre gjenstander kunne også følge med i graven, for eksempel beholdere til mat og drikke.”, skriv Sofie Scheen Jahnsen og Jonathan Siqveland i artikkelen «Hva kan graver fortelle oss om fortidens mennesker?».

Tradisjonen med bruk av hellegraver forsvann langt på veg etter 550-talet.

På Myklebust vart det funne ei hellegrav, som kan vere ein illustrasjon på korleis slike graver ser ut. Foto: Bergen museum.

Triangelgrav

Eit anna interessant poeng i skildringa er at grava var “treangelformgit”. Dette er også årsaka at grava er nemnd i artikkelen “Trekantede graver i Norge” av den danske arkeologen Karsten Laust Krambs.

Han heller til at grava er litt eldre enn folkevandringstida.

– Teksten ser ut til å fortelle om ei triangulær grav med rette sider. Denne typen graver vert generelt datert til perioden 500 f.kr.-550 e.Kr i Skandinavia. Desse gravene vart utfasa i perioden 200-550 e.Kr. Samstundes vart designet på grava si form endra, påpeiker han.

Ifølgje Krambs finst triangulære graver med like sider generelt  med sidelengder frå ein meter til ti meter.

– Eit estimat vil vere, at ei plausibel triangulær grav på Haugen kan vere frå perioden 100-200 e.Kr, meiner han.

“Et andet topografisk kendetegn er, at de trekantede grave typisk befinder sig ved færdselsårer – enten til lands eller vands – og at de er anlagt tæt på bosættelser.”

Karsten Laust Krambs, Oprindelse og udbredelse af trekantede grave

I artikkelen Oprindelse og udbredelse af trekantede grave viser Krambs til ein studie der trekanta graver ligg som eit sentrum mellem flere mindre gravfelt med ein avstand på mellem 80 til 400 meter – maksimalt 500 meter.

“Det tolkes som at flere smågårde har ligget tæt på hinanden og at flere familier – måske i slægtskab – har været fælles om det trekantede monument”, skriv han vidare.

Grava på Haugen på Harnes kan godt ha vore kvilestaden til ein bonde på Harnes rundt 500-talet.

Kan ha vore eldste grava

I ein del tilfelle ser trekantgrava ut til å ha vore den eldste grava – gjerne plassert på det høgste punktet i gravfeltet. Og det verkar å vere eit mønster frå denne tida med ny busetting og trekantgraver.

Krambs meiner at trekanten kan tolkast som døden sin port til gudeverden, og at dei tre spissane i trekanten representerte hovudgudane Odin, Tor og Frøy.

Det er uvanleg at det vert funne restar etter menneske i desse trekantgravene. Det var vanleg å brenne dei døde, og fleirtalet av trekantgravene er tomme. Krambs har difor ein annan teori om skallen som vart funnen i grava i 1897.

– Det er mogeleg at funna i grava er frå ein gjenbruk av grava frå vikingtida, foreslår han.

Altså at ein ny person vart gravlagd der. Kor haldbar den teorien er, er umogeleg å finne ut av utan å kunne datere alderen på hovudskallen.

Det var vanleg å gravleggje folk i innmarka på garden – altså normalt ikkje langt frå husa. Altså kan området på Haugen ha vore gravplass for Harnes-garden allereie i romartida.

Referert til i 1871

I Fortidsminnesmerkeforeningen si årbok frå 1871, altså nokre tiår før dei fann, stod det følgande om funn på Harnes:

“På Harnes vestenfor husene og et stykke fra stranden 18 små, lave, runde hauger, som viser spor av undersøkelse.”

Om innleiinga til artikkelen i Romsdals Budstikke viser til det som stod i årboka eller om dei 18 gravhaugane framleis var der i 1897, veit vi ikkje.

I årboka frå Fortidsminneforeninga vert det ikkje vist til nokon større gravhaugar, som funnet over kan tyde på.

Ei synfaring i 1967 vert det vist til eit grustak som kan ha vore staden der grava vart funnen.

Lars L. Harnes, tidlegare gardbrukar på Harnes, meinte i 1967 at dette feltet med gravhaugar må ha lege på Haugen og at det var borte. Dei tok den gong kontakt med ein av dei dåverande grunneigarane, Leif Harneshaug.

Han viste dei eit stort grustak som strakk seg over sin eigedom og over naboeigedomen som då tilhøyrde Hans. L. Harneshaug.

Leif Harneshaug kjende ikkje til at det skulle ha lege noko gravfelt der grustaket var. Innlegget frå 1897 i Romsdals Budstikke viser derimot til fleire, konkrete “kjempehaugar”.

Men Harneshaug kjende til gravrøysa som hadde lege i austkanten av grustakområdet der det i 1967 stod eit hus.

I kammeret vart det funne eit kors, ein hein og ein skalle av eit menneske, som alt vart sendt til Bergen museum, ifølgje Harneshaug i 1967.

Ingen spor i Bergen

Men ved Universitetsmuseet i Bergen er det i 2017 ingen kjennskap til at desse gjenstandane skal ha vorte sendt dit.

– Det ligg ingen dokumentasjon i våre arkiv på dette, men i det topografiske arkivet ved Vitenskapsmuseet ligg eit notat av Theodor Petersen med følgjande tekst: «Aukra pgd. Harøy. Harnes (g.no. 8), Sandøy s. Harneshaug. På remmen på yttersiden av øen skal ligge flere røiser. I en av disse røiser støtte man for adskillige år siden på et hellesatt kammer, hvori et langt bryne (?) og et «broncekors», efter beskrivelsen visstnok en korsformet spenne. (Andreas Harnes. 1932)». Vi har også sjekka i våre gjenstandsdatabasar, kortkatalogar og fotoarkiv, men kan ikkje finne noko som helst om dette funnet, opplyser Sonja M. Innselset ved Universitetsmuseet i Bergen.

Lars L. Harnes meinte i 1967 å hugse at det skulle ha lege eit gravfelt på “reima” der grustaket er teke ut. Det vart også opplyst at det nedanfor, nord for grustaket, ut mot sjøen, skulle ha vore nokre steinrøyser som vart brukt til fisketørking. Men om dette var gravrøyser, kjende ein ikke til. Dei var tekne bort, fortalde Leif Harneshaug i 1967.

Disse røysene på Haugen må truleg vere identiske med det nemnde feltet på 18 haugar. Ingen på Harnes hadde i 1967 høyrt om eit slikt felt, bortsett frå dei opplysningane som kom fram om røyser på Haugen.

På slutten av 1800-talet vart haugen, der funnet vart gjort, altså kalla kjempegrav/kjempehaug. Dette er navn som vart brukt på gravhaugar også andre stadar. Det er ikkje urimeleg å tenkje seg at grava på Harneshaugen var grava til ein bonde på Harnes rundt 500-talet.

Var namnet Haug?

Språkprofessor Helge Sandøy ved Universitetet i Bergen utelukkar ikkje at namnet på området der garden Haugen låg, kan ha vore Haug tidlegare.

– Ja, det er godt muleg. Namn var i middelalderen oftast i ubestemt form. I ny tid har så dei fleste fått bestemt form, påpeikar han.

Områder som har vore kalla Haug, har i ein del tilfelle ha vore gamle gravstadar. Formuleringa “å leggje i haug”, vart i eldre tider brukt om å gravleggje.

– Om Haugen har vore ein gravplass, kan berre arkeologar stadfeste, fastslår Sandøy.

Funnet i 1897 ser i alle fall ut til å ha vore ein gamal gravhaug, og så har vi den meir uklåre informasjonen om feltet med 18 mindre haugar som det er referert til i årboka frå 1871.

Gravhaugane kan óg ha vore utgangspunktet for at det skal ha blitt reist ein trekross på Harnes i eldre tid, som eit seinare kapittel handlar om.

Steinringen i Harnes-fjøra

I fjøre på Harnes ligg det ein gamal steinring. Det kan vere ei grav frå jarnalderen eller heilt tilbake til bronsealderen . Altså nok eit teikn på busetjing på Harnes ved starten av vår tidsrekning.

– Eg har alltid høyrt sagt at dette er noko frå gamal tid som måtte takast vare på, fortalde dåverande eigar Ingebrigt Harnes i 1967.

Under registreringa sommaren 1967 vart steinringen påvist på ein jordlapp kalla Steinåkran. Kanskje er også namnet knytt til denne ringen.

Ringen ligg på flat mark mellom Ingebrigtstaua («bebyggelsen») og fjøra, om lag 50 meter frå fjøra. Ringen hadde ein diameter på 6-6,5 meter. Ringen var i 1967 heilt overgrodd, berre ein enkelt stein var synleg.

Ifølgje Nils Parelius fortalde Ingebrigt Harnes også at det 150 meter lenger nord tidlegare var funne ein kniv med beinskaft, med brukke blad.

Faksimile frå “Oldtidsminner i Sandøy kommune” av Nils Parelius.

Gravminne frå bronsealder/jernalder

Mellom Peileapparatet og Sevika (sjå bildet under) ligg restane av ei gamal gravrøys.

I 1967 var røysa overvekst, men kuppelsteinen var synleg. Røysa var rund, ca. 7-8 meter i diameter, men det er vanskeleg å måle ho nøyaktig fordi røysa var sterkt utkasta, heilt til botn, i ei djupne på ca. 1,25 meter. Ho er som eit stort krater i terrenget, og vart vurdert som heilt rasert i 1967. I dag ligg ho som eit søkk i terrenget, med rullestein i botnen.

Restane av grava ligg der framleis. Det er sjølvsagt straffbart å grave eller fjerne noko frå staden, som er automatisk freda.

Nede i krateret låg det i 1967 ei steinhelle, 1,25 meter lang, 0,5 meter brei og ca. 18-20 cm tjukk. Ho skriv seg truleg frå gravkammeret, og kan ha vore ei dekkhelle.

Lars L. Harnes opplyste i 1967 at då han var barn og ungdom hadde røysa enno vore temmeleg flat, utan det store krateret, slik han hugsa det. Utkastinga verkar å vere av noko eldre dato, så overvokse det heile var på slutten av 1960-talet. Røysa var ikkje omtala tidlegare, men er også vorte registrert av Petter O. Dyrkorn 11.2.1967. Han vurderte avstanden frå den tyske peilestasjonen til ca. 100 meter og har elles ei kort skildring av røysa.

Edit

Grava har flott utsikt mot Ona og havet.

Restar etter gamal busetnad

Vi har tidlegare sett at gravene ofte låg nær husa og i innmark i jarnalderen og framover. Det gjeld altså ikkje denne grava.

Eller kan vi vere sikre? Som vi skal sjå i neste kapittel, er det gjort funn av det som kan ha vore nyrydningar av mindre gardar i romartida/folkevandringstida. Dette skjedde truleg fordi dei sentrale gardane allereie var opptekne. Dette gjeld mellom anna på Haramsøya.

Kan det ha vore busetnad i dette området, slik at grava faktisk ikkje låg så langt vekk frå hus likevel?

I tilfelle låg ei slik nyrydning like ved Sevika, som er ei naturleg hamn. Dette har vore eit utgangspunkt for fiskeri på utsida av øya heilt opp til vår tid.

Det må sjølvsagt arkeologiske utgravingar til for å kunne undersøke om det kan ha vore tilfellet på Leghaugane, som området heiter. Det er ingen andre funn i området som tyder på dette, men det er ikkje kjent at det er gjort utgravingar i området heller.

LES NESTE KAPITTEL: GARDEN I ROMARTIDA