Fangstfolk kan stå bak namnet

CC-BY-SA-4.0 Fotograf: Andreas Haldorsen

Namna Harnes og Harøy har eit felles, første ledd. Det eldgamle ordet Har.

Kanskje var det fangstfolk som først ga namnet til øya. Ein av dei som flytta rundt frå jaktområde til jaktområde for å brødfø familien med fangst, fiske og sanking.

Dei kan ha kalla øya “Har”.

Det meiner Helge Sandøy, som er professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Bergen.

– Harøya og Harnes, som går tilbake på eit eldgammalt ord, ”har” for steingrunn, må vere av dei eldste namna på øya.  Dei føreset heller ikkje nokon fast busetnad, forklarar Sandøy.

Professoren er frå Bud og har skrive mykje om stadnamn og språk i Romsdal, men ikkje spesielt om Harøya.

– Øya hadde nok namn før det var vanleg med fast busetnad. Fangstfolk som farta langs kysten, og som skulle ut mot havet for å fiske, hadde bruk for øynamn, påpeiker Sandøy.

Jordbruket og fast busetnad kan ha kome allereie frå 2.400 år f. Kr. og framover på Romsdalskysten.

Her er harnes skrive med runealfabetet.

-nes og -øy lagt til

Sandøy understrekar at namna ikkje trong å innehalde etterleddet -nes og -øy i tida før fast busetnad vart vanleg.

– Namna kunne ofte vere berre hovudleddet, altså Har eller noko liknande. Og som øynamn var det nok eit hokjønnsord. Det er vanleg at slike namn seinare får lagt til eit forklarande tillegg; det gjeld endå oftare med fjordar, jamfør at Frænin vart til Frænfjorden. Men dette er ei gjetting, understrekar han.

På den måten kan namnet på øya etterkvart vorte til Harøy og den nordlege delen til Harnes.

I klassikaren Norske Gaardsnavne vert “Har” i gardsnamnet Harnes knytt til svensk dialekt: Magnus Olsen antager, at Stammen oprinnelig har havt kort Vokal og kan hænge sammen med svensk Dialekt har n., “stengrund, klippgrund af uppståande stenar” (Rietz, som deraf afleder flere Stedsnavne som Harbo og Harnäs).

I den Svenske Akademiens ordbok finn vi ordet Har. Her ser vi at det er knytt til kysten og fiskeri: litet skär l. större sten i vattenbrynet; klippgrund, stenigt l. grusigt grund; grusbank.

Døme: «Då fiskarne (under lektiden) .. samla sig hopetals på grund, harnar, eller stenören». Og eit døme til: «I sjön Ånimmen .. äro några rös eller har, som kallas jättekast».

Helge Sandøy (innfelt) har skrive boka “Romsdalsk språkhistorie”. FOTO: Romsdalsmuseet. Hovedbildet er KI-generert, og ikkje nødvendigvis historisk korrekt.

Dei eldste busetnadsnamna

Av busetnadsnamna på Harøya, trur Sandøy at Huse og Myklebost må vere eldst.

– Det siste, som er eit namn med opphavleg etterledd –bólstadir, reknar ein til tida 400-1000 e.Kr, opplyser Sandøy.

Huse er òg eit namn som peikar i retning av å vere av den tidlegaste busetnaden, nettopp fordi det inneheld ordet hus.

– Det står i ubestemt form, og det er usamansett, og begge delar er aldersteikn, påpeiker professoren.

Gardsnamn av nyare dato

Brunvoll og Røsok er samansette namn, og det tyder ofte på at namnet er av nyare dato.

– Men dei er i ubestemt form, noko som tilseier at dei ikkje høyrer til nyryddingsnamna etter 1600. Me ser faktisk òg at dei førekjem i kjeldene for første gong på 1500-talet. Men dei kan vere eldre enn det. Kanskje frå jordbruksekspansjonstida fram til 1300, seier Sandøy. Men han innrømmer at mykje vert usikkert så langt tilbake i tid.

– Etterledda -voll og –åker er ikkje noko som kan brukast til klår tidfesting. Brunvoll er vollen som ligg ved ein kant (= ei brun) i landskapet, og Røsok er ein rydda åker – nemleg Rudsåker, som blir til Røsok, forklarar Sandøy.

LES NESTE KAPITTEL: FANN GRAV MED SKALLE OG SPENNE I