Folket ved den store steinen

Bilete frå området der dei budde.

For 9.000 år sidan levde ei gruppe fangstfolk eit steinkast frå havet på Harnes. Dei kan ha vore mellom dei aller første som budde der.

Arkeolog Marte Mokkelbost understrekar at dei førebels veit lite om denne buplassen på Måsvikremma frå eldre steinalder.

I 2012 registrerte ho kulturminner i dette området i samband med regulering av eit nytt bustadfelt. Mokkelbost gjorde til saman 122 funn på staden: 113 flint, to bergartar, fem pimpstein med slipespor og to brente hasselnøttskal.

– Generelt så var det vanleg å bu i telt på denne tida. Det ser vi av at det ofte finst teltringar på lokalitetane. Dette er større steinar som har vekta ned teltduken i kantane, og som ligg igjen den dag i dag som einslege steinar i ein sirkel, seier ho.

Andre kan ha bodd i litt meir permanente boligar, som vert kalla tufter.

– På Måsvikremma fann vi hasselnøttskal, det finn vi ofte på steinalderlokalitetar. Slike nøtter har vore viktig mat for desse folka, konstaterar Mokkelbost.

I tillegg har dei nok fiska med fiskekroker av bein, eller med sjølvlaga garn som blei vekta ned av garnsøkkjer i stein.

– Elles var jakt viktig – det vitnar pilspissar og harpunar ofte om. Dei jakta på fugl, storvilt og småvilt, sel og kval. Dei har også sanka mat i naturen, som nøtter. Sopp, bær og ulike planter samt skjel og musling har nok også vore viktig mat, påpeikar arkeologen.

270 generasjonar

Området ligg mellom 8,5 og 11 meter over havet, og Mokkelbost daterar funna til eldre steinalder, nærare bestemt for rundt 9.000 år sidan.

Eller sagt på ein annan måte: Reknar vi tre generasjonar per hundreår, så er det grovt rekna rundt 270 generasjonar sidan denne steinaldergruppa levde på Harnes.

Området er på 40 gonger 85 meter stort, og vert karakterisert som eit busetnads- aktivitetsområde.

Sommartemperaturen var i snitt på 17-18 grader, medan den i dag er på 15 grader. Det ga store eikeskogar og blandingsskogar med lauvtre, og eit yrande fugle- og dyreliv.

Med skinnkanoar og stokkebåtar (uthola trestammer) var sjøen allereie då ein viktig framkomstveg.

En teori går ut på at deler av stammen, kanskje kjernefamilier, har flyttet til innlandet for å drive jakt i vinterhalvåret. Når våren kom, flyttet de ut til kysten for igjen å delta i fellesskapet, og dra nytte av den rike mattilgangen i havet.

Kjelde: Wikipedia

På ein funnplass nokre hundre meter lenger sør, skal det tidlegare ha blitt funne nettopp ein pilspiss.

På Kulturhistorisk museum sine heimesider kan du lese meir om korleis dei laga fiskereiskap den gongen.

Flytta på seg

På denne tida var det vanleg å reise rundt i større områder, der dei flytta etter ressurar og årstider. Menneska laga alle reiskapene sine sjølve, vanlegvis av flint som gir veldig skarpe og fine eggar og spissar.

– Flinten er like skarp når ein finn han i dag. I tillegg har dei laga reiskaper i andre steinarter, som lokale bergarter, skifer, grønnstein. På denne lokaliteten på Måsvikremma har dei mellom anna slipt reiskaper med pimpstein, som den flotte pimpsteinen med slipespor vitner om, påpeiker ho.

Frå rapporten med registreringar frå Måsvikremma. Viser pimpstein som bebuarane der slipte reiskapene sine med i steinalderen.

Frå rapporten med registreringar frå Måsvikremma. Viser pimpstein som bebuarane der slipte reiskapene sine med i steinalderen.

Gjenstandar i andre bergartar vart slipt til for å få skarpe eggar, slik som til dømes økser eller skiferknivar.

Både i utseende og kroppsbygning likner steinalderjegerne stort sett på dagens mennesker. Mennene var velvoksne, med en høyde på 165–170 cm, kvinnene var 10–20 cm lavere. Begge kjønn hadde kraftig kroppsbygning og markerte øye- og kinnbuer. Skjelettene viser få tegn på sykdom, men har slitasjeskader, og tennene var ofte sterkt nedslitt allerede i 30-årsalderen. Mange ble godt over 50 år før de døde.I det hele tatt må menneskene i eldre steinalder ha levd både sunnere, bedre og lenger enn senere tiders jordbruksbefolkninger.

Kjelde: En huleboergutt og hans samtidige, norgeshistorie.no

På slutten av 1960-talet var lokalhistorikar Nils Parelius og Ingvar Åkeson på ei synfaring på Harøya. På Harnes såg dei restar av fleire fortidsminne, som er omtala på kulturminnesok.no:

Buplass frå steinalderen

Området ligg attmed Storaberget, mellom vegen og berget, på motsett side av og litt nord for sommarfjøsen som ligg der i dag.

PÅ HARNES: Nederst i kartet ser vi Storhaugberget, og dammane rundt vasstårnet oppe til høgre.

Frå dette området sendte Petter O. Dyrkorn ein del avslagsflint til oldsakssamlinga på slutten av 1960-talet, funne i oppkasta jord etter vegarbeid. I undergrunnen var det ørsmå kolbitar, ikkje vanleg kulturlag. “Typisk buplasstilhøve med livd mot nord”, skriv Dyrkorn i rapporten. Eigaren i 1967, Lars L. Harnes, kjende ikkje til tidligare funn der. Funnet ligg 14-15 meter over havet, og er truleg frå steinalderen.

FUNNE PÅ HARNES-JORDA: Eit lite hengebryne av skifer som er breiast nederst og smalnar jamnt av mot den andre enden med bereholet. Vart funnen sør for Karihaugen. Slipeflata viser tydeleg på den eine siden. L. 6,3 cm, st. br. 2,1 cm. Funne i ein åker på gardsnummer 8.2. Gåve frå finnar Erling Steinshamn, Harøy. Kjelde og bilde: NTNU Vitenskapsmuseet

Myrpælane på Harnes

Eit anna spor etter tidleg busetnad på Harnes, er funn av såkalla myrpælar. Dette er tilskorne trepinnar, som var sett opp i regelmessig system langt tilbake i tid. Presten Hans Olaus Saxlund hevda i 1907 at myrpælane, som det er gjort funn av på Harnes, vart brukt til fangst av fuglar i eldre tider. Dette er seinare vorte nyansert meir, til at dei i alle fall kan ha vorte brukt til både fuglefangst og fiske.

“Et annet eksempel har vi fra Harnes på Harøy. Her ble en pæl påtruffet på 2 meters dyp i en myr som ligger 6-7 meter over havet og ca. 500 meter fra sjøen. Pælen stod med spissen ned i bunnen av myra; over den fantes et 63 cm tykt lag av ”taretorv”, fulgt av 20 cm med sjøsand og 1,26 meter med vanlig torv.”, skriv Frans-Arne H. Stylegar, arkeolog i artikkelen “Gåtefulle myrpæler og forhistorisk fiske”.

Myrpælar av den typen som vart funnen på Harnes.

Storeggaraset la delar av kysten aude

Storeggaraset, som laga ein 10-12 meter høg tsunami, må ha vore ei dramatisk hending. Dette skjedde for 8.200 år sidan, altså truleg under eit tusenår etter at folket ved steinen på Måsvikremma var der.

Det var truleg lite direkte slektskap mellom seinare busetnad og desse pionerane på Harnes.

NESTE KAPITTEL: Fangstfolk kan stå bak namnet