For 9.000 år sidan levde ei gruppe fangstfolk eit steinkast frå havet på Harnes. Dei kan ha vore mellom dei aller første som budde der.
Arkeolog Marte Mokkelbost understrekar at dei førebels veit lite om denne buplassen frå eldre steinalder på Måsvikremma.
I 2012 registrerte ho kulturminne i dette området i samband med reguleringa av eit nytt bustadfelt. Mokkelbost gjorde til saman 122 funn på staden: 113 bitar flint, to bergartar, fem pimpstein med slipespor og to brende hasselnøttskal.
– Generelt var det vanleg å bu i telt på denne tida. Det ser vi av at det ofte finst teltringar på lokalitetane. Dette er større steinar som har tyngd ned teltduken i kantane, og som ligg igjen den dag i dag som einslege steinar i ein sirkel, seier ho.
Andre kan ha budd i litt meir permanente bustadar, som vert kalla tufter.
– På Måsvikremma fann vi hasselnøttskal, det finn vi ofte på steinalderlokalitetar. Slike nøtter har vore viktig mat for desse folka, konstaterer Mokkelbost.
I tillegg har dei nok fiska med fiskekrokar av bein, eller med sjølvlaga garn som vart tyngda ned av garnsøkkjer i stein.
– Elles var jakt viktig – det vitnar pilspissar og harpunar ofte om. Dei jakta på fugl, storvilt, småvilt, sel og kval. Dei har også sanka mat i naturen, som nøtter. Sopp, bær og ulike planter – samt skjel og musling – har nok også vore viktig mat, påpeikar arkeologen.
270 generasjonar
Området ligg mellom 8,5 og 11 meter over havet. Mokkelbost daterer funna til eldre steinalder, nærare 9.000 år tilbake.
Eller sagt på ein annan måte: Reknar vi tre generasjonar per hundreår, er det om lag 270 generasjonar sidan denne steinaldergruppa levde på Harnes.
Området er på 40 x 85 meter stort og vert karakterisert som eit busetnads- og aktivitetsområde.
Sommartemperaturen var gjennomsnittleg 17-18 grader, medan han i dag er på 15 grader. Det gav store eikeskogar og blandingsskogar med lauvtre, og eit yrande fugle- og dyreliv.
Med skinnkanoar og stokkebåtar (uthola trestammer) var sjøen allereie då ein viktig framkomstveg.
“Ein teori går ut på at delar av stammen, kanskje kjernefamiliar, flytta til innlandet for å drive jakt i vinterhalvåret. Når våren kom, flytta dei ut til kysten for igjen å delta i fellesskapet, og dra nytte av den rike mattilgangen i havet.“
Kjelde: Wikipedia
På ein funnplass nokre hundre meter lenger sør, skal det tidlegare ha blitt funne nettopp ein pilspiss.
På heimesidene til Kulturhistorisk museum kan du lese meir om korleis dei laga fiskereiskap den gongen.
Flytta på seg
På denne tida var det vanleg å ferdast i større område, der dei flytta etter ressursar og årstider. Menneska laga alle reiskapane sine sjølve, vanlegvis av flint som gir svært skarpe og fine eggar og spissar.
– Flinten er like skarp i dag som då han vart laga. I tillegg har dei laga reiskapar i andre steinartar, som lokale bergartar, skifer, grønnstein. På denne lokaliteten på Måsvikremma har dei mellom anna slipt reiskapar med pimpstein, noko den flotte pimpsteinen med slipespor vitner om, påpeiker ho.
Frå rapporten med registreringar frå Måsvikremma. Viser pimpstein som bebuarane der slipte reiskapane sine med i steinalderen.
Gjenstandar i andre bergartar vart slipte til for å få skarpe eggar, til dømes økser eller skiferknivar.
“Både i utsjånad og kroppsbygning likna steinalderjegarane stort sett på dagens menneske. Mennene var velvaksne, med ei høgd på 165–170 cm, medan kvinnene var 10–20 cm lågare. Begge kjønn hadde kraftig kroppsbygning og markerte auge- og kinnbogar. Skjeletta viser få teikn på sjukdom, men har slitasjeskadar, og tennene var ofte sterkt nedslitne allereie i 30-årsalderen. Mange blei godt over 50 år før dei døde. I det heile må menneska i eldre steinalder ha levd både sunnare, betre og lenger enn jordbruksbefolkninga i seinare tider.
Kjelde: En huleboergutt og hans samtidige, norgeshistorie.no
På slutten av 1960-talet gjekk lokalhistorikane Nils Parelius og Ingvar Åkeson på synfaring på Harøya. På Harnes såg dei restar av fleire fortidsminne, som er omtala på kulturminnesok.no:
Buplass frå steinalderen
Området ligg attmed Storaberget, mellom vegen og berget, på motsett side og litt nord for sommarfjøset som ligg der i dag.
Frå dette området sendte Petter O. Dyrkorn ein del avslagsflint til oldsakssamlinga på slutten av 1960-talet. Funna vart gjort i oppkasta jord etter vegarbeid. Under fann dei ørsmå kolbitar, ikkje eit vanleg kulturlag. “Typisk buplasstilhøve med livd mot nord”, skriv Dyrkorn i rapporten. Eigaren i 1967, Lars L. Harnes, kjende ikkje til tidligare funn der. Funnet ligg 14-15 meter over havet og er truleg frå steinalderen.
Myrpælane på Harnes
Eit anna spor etter tidleg busetnad på Harnes, er funn av såkalla myrpælar. Dette er tilskorne trepinnar som vart sett opp i eit regelmessig system for lenge sidan. Presten Hans Olaus Saxlund hevda i 1907 at myrpælane, som det er gjort funn av på Harnes, vart brukt til fangst av fuglar i eldre tider. Dette er seinare vorte nyansert meir, til at dei i alle fall kan ha vorte brukt til både fuglefangst og fiske.
“Eit anna døme har vi frå Harnes på Harøya. Her vart ein pæl påvist på 2 meters djup i ei myr som ligg 6-7 meter over havet og ca. 500 meter frå sjøen. Pælen stod med spissen ned i botnen av myra; over den fanst eit 63 cm tjukt lag av ”taretorv”, følgt av 20 cm med sjøsand og 1,26 meter med vanleg torv”, skriv Frans-Arne H. Stylegar, arkeolog i artikkelen “Gåtefulle myrpæler og forhistorisk fiske”.
Storeggaraset la delar av kysten aude
Storeggaraset, som skapte ein 10-12 meter høg tsunami, må ha vore ei dramatisk hending. Dette skjedde for 8.200 år sidan, truleg mindre enn eit tusenår etter at folket ved steinen på Måsvikremma budde der.
Det var truleg lite slektskap mellom seinare busetnad og desse pionerane på Harnes.