Då Aslak kapra Harnes

1400-1499

I 1430 tok Aslak Bolt over som erkebiskop i Nidaros. Han laga ei oversikt over eigedomane til kyrkja, og ein av dei låg ytterst på Romsdalskysten.

Etter svartedauden 80 år tidlegare hadde inntektene frå utleige av jord gått dramatisk ned for den katolske kyrkja. I 1432 brann i tillegg den nybygde Nidarosdomen i Trondheim, noko som gjorde pengekrisa meir akutt.

Bolt såg raskt at kyrkja mangla ei oppdatert oversikt over eigne eigedomar, som kunne sikre at all utleige av jord kom inn. Det er døme på at bønder dreiv jord dei ikkje hadde rett til i fleire tiår etter svartedauden før staten greip inn.

Laga jordebok

Bolt fekk difor laga ei ny jordebok, altså eit register over eigedomane kyrkja hadde.

Boka er kjent som Aslak Bolts jordebok, og vart truleg laga vinteren 1432/1433. Dette er eitt av dei eldste papirdokumenta vi har her i landet. På denne tida eigde kyrkja nærare halvparten av all jord i Noreg.

På Harøya er berre ein eigedom nemnd i den snart 600 år gamle boka: Harnes.

I tredje linja over står Harnes. Registreringa i Aslak Bolts jordebok er den eldste, kjende omtalen av Harnes-garden.

Det står at halve Harnes var bygsla (leigd ut) av kyrkja for 1 1/2 kyrlag. Eit kyrlag var normalverdien av ei lytefri, 3–8 år gammal ku som hadde hatt minst éin kalv eller tilsvarande seks sauar/geiter.

Dette er truleg såkalla ny skuld, altså leigepris som er endra etter svartedauden. Landskulda var den årlege leiga som leiglendingen betalte til jordeigaren.

Skrive før 1450

Aslak Bolts jordebok er det eldste, skriftlege dokumentet der namn fra Harøya er nemnd. Informasjonen om Harnes er rett nok skrive inn etter den første versjonen av boka, men ikkje lenge etter.

– Aslak Bolts jordebok var eit bruksdokument og vart gjennom bruk i hundre år stadig ajourført. Hovudstammen er truleg skrive vinteren 1432-33. Innføringa om Harnes er skrive inn i Aslak Bolt si tid, det vil seie før 1450, opplyser professor Jon Gunnar Jørgensen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo.

Han var ansvarleg for den nyaste utgåva av Aslak Bolts Jordebok som kom ut i 1997.

– Om Harnes står følgande i Aslak Bolts jordebok: “Halve, bygslet for 1 1/2 kyrelag”. Tyder det på at kyrkja eigde kun halve garden, eller at kyrkja leigde ut berre halvparten av den heile garden ho eigde?

– Eg vil tolke det slik at kyrkja eigde halvparten. Det var heilt vanleg at gardane var delt mellom ulike eigarar, påpeiker Jørgensen.

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Vi skal seinare sjå at i 1647 bygsla kongen heile Harnes, og garden har før det gått frå kyrkja til kongen -truleg i samband med reformasjonen i 1537. Difor kan kyrkja etterkvart ha fått kontrollen over resten av Harnes ein gong etter 1450-talet.

Illustrasjon frå Aslak Bolts bibel, gitt ut som frimerke.

Kom i hendene til kyrkja

Audun Dybdahl er professor emeritus i middelalderhistorie ved Universitetet i Trondheim og ekspert på eigedomsforhald i mellomalderen.

– Eg vil tru at Aslak Bolt tok over denne eigedomen etter at jordeboka var sett opp. Vi veit ikkje om garden vart kjøpt, brukt som betalingsmiddel eller liknande, påpeikar Dybdahl.

Det tyder altså på at halve Harnes-garden skifta eigar til kyrkja ein gong mellom 1433 og 1450. Kven som selde eigedomen finst det ingen kjende kjelder til, og mest truleg vil det vere ei gåte for all framtid.

Dybdahl har analysert jordeboka til Aslak Bolt og funne ut korleis kyrkja oftast overtok eigedomar, i artikkelen “Proveniensen til erkesetets gods i Trøndelag. Hva kan Aslak Bolts jordebok fortelle?”. Denne analysa viser dei tre mest sannsynlege årsakene til at eigaren på Harnes, vi kan kalle han «Halvor», selde jorda til kyrkja:

«Halvor» ga halve Harnes til kyrkja utan nokon form for økonomisk kompensasjon. Kanskje ville han at at kyrkja skulle lese sjelemesser over han den dagen han døydde, og dermed auke sjansen for frelse. Og kanskje i tillegg årtidhald, altså at det skulle lesast sjelemesse eitt år etter at «Halvor» døydde. Ein gravstad kunne også vere inkludert i motytelsane for gåva.

«Halvor» skulda kyrkja penger, og såg ingen annan utveg enn så selje ho halve Harnes. Kanskje hadde han brote ein av dei mange reglane kyrkja hadde –

«Halvor» kan til dømes ha hatt eit forhald til ei kvinne i strid med kyrkja sine reglar.Det kunne til dømes vere for å betale bøter for brot på kyrkja sine reglar, til dømes seksualreglar. Eller andre økonomiske krav.

Eit anna alternativ er at det var kyrkja som ville investere noko av pengane ho fekk inn via tiendeskatten, og rett og slett ga eit tilbod «Halvor» ikkje ville seie nei til.

Kjelde: Audun Dybdahl,  “Proveniensen til erkesetets gods i Trøndelag. Hva kan Aslak Bolts jordebok fortelle?”

Dybdahl skriv i artikkelen at Aslak Bolt var «svært flink til å drive inn bøter og andre utestående fordringer i form av fast eiendom.»

«Vi kan altså slå fast at erkesetet og de andre kirkelige institusjonene på den ene siden kunne erhverve jordeiendommer passivt ved at gods ble stilt til deres disposisjon i form av gaver eller som betaling for bøter eller andre økonomiske forpliktelser. I slike tilfeller kunne mottakeren bare unntaksvis influere på hvilke eiendomsobjekter som ble overført. På den annen side kunne institusjonen gå mer aktivt til verks gjennom direkte oppkjøp av gods som ble frembudt til salg. Når vi ikke vet hvor stort utbodet var, er det vanskelig å si noe sikkert om hvor selektivt erkesetet kunne være. En aktiv handling var det også når institusjonen tok et initiativ for å bytte til seg spesielle eiendommer», skriv Audun Dybdahl, “Proveniensen til erkesetets gods i Trøndelag. Hva kan Aslak Bolts jordebok fortelle?”

Dybdahl påpeikar at erkesetet fekk om lag dobbelt så mange eigedomar med inndriving av bøter for brot på kristenretten som med økonomiske oppgjer. Og brot på seksualmoralen var også ei god inntektskjelde for erkebiskopen, mellom anna for hor og incest. Eller brot på julefreden med slåssing.

“Menneska gav materielle gåver til kyrkja, og som motgåver fekk dei immaterielle gåver i form av bønner. Dei kyrkjelege motgåvene var rett nok ikkje til gagn i dette livet, men i det neste.”, påpeikar Jon Vidar Sigurdsson i “Norsk historie 800-1536”

På kyrkjemøtet i Lyon i 1274 vedtok dei doktrinen om skjærselden: Når folk døydde, var det berre nokre få som gjekk rett til helvete. Like få, helganane, gjekk rett til til himmelen.

«Den store, grå massen utan dødssynder på samvitet gjekk til skjærselden, frå dauden til dommedag. (…) kyrkja disponerte likevel ein kredittpost hos Vårherre, opptent ved dei gode gjerningane til helgenane. Ved gåver til kyrkja kunne folk dra på denne kredittposten, og slik oppnå at tida i skjærselden vart forkorta», forklarar Kåre Lunden i Norges landbrukshistorie 2 (side 97/98).

Og effekten ser ut til å ha vore effektiv for kyrkja. Av 121 testamente i perioden 1225-1520 her i landet, var 119 til fordel for kyrkja.

Må ha hatt husdyr

Vi ser over at leiga for Harnes var fastsett i kyrelag. Det viser at dei må ha hatt kyr.

Før svartedauden levd folk truleg på eit eksistensminimum, på grunn av lite og dårleg jord og avgifter til overklassa. I denne situasjonen var februk luksus – det var åkerbruk som ga mest igjen for jorda. Med meir jord på kvar etter den store mannedauden, vart februk meir vanleg.

Slik vi ser på Harnes eit hunderår etter pesten. Det utelukkar likevel ikkje at det kan ha vore februk på Harnes før svarteduaden også. Det var nemleg meir vanleg på Vestlandet enn elles, på grunn av lite og karrig jord.

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Lang leigekontrakt

Gardar som var eigd av institusjoner som kyrkja, vart truleg jamnt over leigd ut over lengre tid. Også på livstid og til dels med arverett før ektefødde søker, skriv professor Ingvild Øye i Norges landbrukshistorie 1 (side 274). Dette skal ha vore vanleg ved erkesetet i Nidaros på 1340-talet.

Difor er det sannsynleg at i alle fall brukeren som kom inn som driver for kyrkja sin del av Harnes, fekk ei lang kontrakt. Svartedauden hadde dessutan gjort at det var knapt med drivarar, noko som gjer det desto meir sannsynleg at avtalene var over lang tid.

Bolt i Romsdal

Under visitasreiser i 1430-1432 gjorde Aslak Bolt seg óg kjent med eigedomane til kyrkja i Romsdal. Om han gjekk i land på Harøya den gongen, veit vi ikkje. Dette var før kyrkja tok over halve Harnes. Han hadde rett til å bu fire netter på prestegarden på Aukra.

Den venezianske adelsmannen Querini stranda som kjent på Røst etter ein storm i januar 1432. På veg sørover igjen møtte han Aslak Bolt på visitasreise nordover. Etter det italianaren skriv, hadde erkebiskopen eit følgje på meir enn 200 mann. Det kan ha vore det same følgjet som var på besøk i Romsdal.

Klimaet på 1400-talet

Forsking på årringar i bygningstømmer i Trøndelag tyder på at 1423 og 1425 var mellom dei mest ugunstige åra på 1400- og 1500-talet. I boka “Klima, uår og kriser i Norge” viser Audun Dybdahl til at det var særs dårlege kornavlingar i 1437 og 1438, og at dette kan skuldast eit vulkanutbrot i Japan i 1435/1436. I denne perioden var det hungersnaud over store delar av Europa.

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Korleis dette ramma brukarar på Harnes veit vi ikkje, men i alle fall må prisen på importert korn ha gått i veret. Om dette har vore ein medverkande årsak til at halve Harnes skifta eigar i denne perioden, vert berre spekulasjonar.

Den siste delen av hundreåret kan ha vore ein periode med god forhald for jordbruket for folket på Harnes.

“Det ser imidlertid ut til at perioden fra ca. 1450 og frem til andre halvparten av 1500-talet klimamessig var relativt gunstig i hele Norden.” skriv Audun Dybdahl i “Klima, uår og kriser i Norge”.

Ingen namn på bønder

Kven som var bønder på Harnes-garden på 1400-talet står det ingenting om i jordeboka, men i alle fall var dei som budde på kyrkja sin halvdel frå rundt midten av 1400-talet leigendingar. Vi veit ikkje kven som eigde resten av garden. Vi skal seinare sjå at hundre år seinare var det to brukarar på Harnes.

I Aslak Bolts jordebok er det for fleire av gardane i Sund otting vist til korleis kyrkja har vorte eigarar.

Eit døme på det er Riksfjord på naboøya Aukra. Der står det: “Av Riksfjorden, all eigendom, (som) sira Sigurd Gauk gav”. I samband med andre eigedommar er det gjort merknadar om endringar i eigedomstilhøve tilbake til kort tid etter svartedauden.

Det står ingen slike merknader på Harnes. Det er heller ingen merknad om at Harnes var øydegard, slik vi finn på andre gardar.

På midten av 1350-talet var kanskje berre ein tredel av gardane her i landet eigde av bøndene sjølve. Inntil rundt år 1700 var fleirtalet av bøndene her i landet leiglendingar. På Harnes var det på 1790-talet at brukarane i stor grad gjekk ut av eit tilvære som leilglendingar og til å verte sjølveigarar.

Dette kartet viser Trøndelag, Møre og Romsdal og vidare nedover Vestlandet – rett nok i ei litt kaotisk form. Kartet er frå 1500-talet, med namn som Nidrosia Metropol Trondem, Normoria (Nordmøre?)og øya Gisk (Giske?).

LES NESTE KAPITTEL: EI KVINNE STYRTE PÅ HARNES FOR EIT HALVT TUSENÅR SIDAN