På 1500-talet hadde mellomalderskattane vorte faste jordboksavgifter. Dei var ikkje så store, ifølgje Norges landbrukshistorie 2 (side 285). Men i tillegg kom ekstraskattane stadig hyppigare. Det er viktig å hugse at medan skattar i dag i stor grad gjeng til å finansiere velferdstilbod, så var ikkje dette tilfellet i dansketida. Pengane gjekk ofte til krig eller finansiering av til dømes prinsessebryllaup. Altså fjernt frå kvardagen på Harnes.
Så når det kom ekstraskattar for slike formål i 1515, 1518, 1519, 1524, 1528, tre gongar i 1532 og 1533-36, fire gongar i 1542-47, åtte gongar i 1560-76, 1582, 1588, 1595, 1596 og 1600, så er det liten tvil om at det må ha vore ei ekstra byrde for bøndene.
| Namn og bustad | Skatt | Omrekna til mark |
| 1. Oluf Hjelset, Bolsøy | 14 lodd sølv + 23 lodd for jordegods | 37,00 |
| 2. Søren Småge, Aukra | 12 LS, 1 mark, 16 LS barnepengar, 1 LS (huskone), 1,5 våg fisk, 0,5 pund fisk | 32,50 |
| 3. Olav Torfinsen, Bud | 19 lodd sølv, 1 lodd jordegods, 3 våger fisk | 24,50 |
| 4. Trond Gjendem, Fræna | 10 lodd sølv, 13 lodd jordegods, 0,5 våg fisk | 23,75 |
| 5. Erik Helsing, Sandøy | 4,5 LS, 1,5 QS, 2 skilling, 15 LS barnepengar, 2 våger fisk | 23,00 |
| 6. Oluf Svinøy, Fræna | 8 lodd sølv, 8 lodd jordegods, 3 lodd barnepenger, 1,5 våg fisk | 21,25 |
| 7. Nils Husøy, Sandøy | 17 lodd sølv, 2,5 våger fisk | 20,75 |
| 8. Oluf Persens barn, Vestnes | 20 lodd sølv i barnepengar | 20,00 |
| 9. Mogens Husøy, Sandøy | 13 lodd sølv, 4,5 lodd jordegods, 1 våg fisk | 19,00 |
| 10. Rasmus Bolsøy, Bolsøy | 15 lodd sølv, 3 lodd jordegods | 18,00 |
| 10. Birgitte Sunde, Bud/Hustad | 3 mark penger, 15 lodd jordegods | 18,00 |
| 12. Askild Elnes, Fræna | 9 lodd sølv, 6 lodd jordegods, 1,5 våg fisk | 17,25 |
| 13. Tord Bugge, Eresfjorden | 3 lodd sølv, 10,5 lodd jordegods, 2 lodd barnepengar | 15,50 |
| 14. Sjur Rød , Aukra | 13 lodd sølv, 2 lodd jordegods, 0,5 pund fisk | 15,25 |
| 15. Bård Harnes, Sandøy | 6 lodd sølv, 6 lodd jordegods, 0,5 våg fisk | 12,75 |