Ein dansk riddar kjøpte Huse for nær 500 år sidan

1544-1599

Kontrakta for salet av Huse i 1544. Dokumentet er lagra hjå Riksarkivet i Oslo.

Kontrakta har overlevd i hundrevis av år og er ein lite kjend historisk skatt frå Harøya.

Ein seinsommardag i 1544, 14. august, sette tre menn seg ned i ei stove på Harnes. Garden Huse, truleg øydegard etter svartedauden 200 år tidlegare, skulle skifte eigar.

Kjøparen var ein dansk riddar.

Dei tre mennene vi veit sat rundt bordet, var Torkjell Knutson, Elling Jonson og Knut Jonson. Huset dei sat i, låg i området der Ingebriktstauå og Nystauå ligg i dag – i det gamle Harnestunet.

Torkjell Knutson var seljar av garden, og han kjem vi tilbake til seinare.

Dei to andre, som var vitne til handelen, skal vi sjå var lagrettemenn frå Sunnmøre. Lagrettemenn fungerte mellom anna som meddommarar og vitner til retthandlingar, og dei var tatt i eid av ein lagmann (dommar).

“Eg neiar og takkar”

Men først må vi sjå på kva som står i sjølve kontrakta. I modernisert språkdrakt fortel teksten om lag dette:

“Eg, Torkjell Knutson, kunngjer med dette opne brevet at eg har selt ein ærleg og velboren mann, herr Truid Ulfstand, 1,5 mellags leige i Huse som ligg på (Har)øya lengst sør i Romsdal og som med rette tilhøyrde so… (tekst manglar) frå meg og mine arvingar og til nemnde herr Truid og hans arvingar til evig eige og odel, fritt, frelst og utan klage, og kjent for kvar mann. Eg har teke imot siste betaling og første betaling som høyrde kjøpet til. Det vart til glede for meg, og eg neiar og takkar han for god betaling. For å stadfeste at dette er sant, ber eg Elling (?) Jonsson og Knut Jonsson om å henge deira segl saman med mitt eige segl nedanfor dette opne brevet som er skrive på Harnes vår frue sin dyrbare kveld i det Herrens år 1544″, står det i orginalteksten.

Kontrakta har ikkje ein eksakt dato, men forskarar har sett dokumentent til 14. august i dokumentsamlinga Diplomatarium Norvegicum.

Dei meinte nok at “dyrbare kvelden” (eller “affthen dyre” som det står i orginalteksten) refererer til kvelden før Marimesse, som i katolsk tid var 15. august. Marimesse var til minne om jomfru Maria sin himmelfart.

Merke nummer to frå høgre viser Marimesse i den gamle primstaven. Foto: Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum

Feiringa av denne dagen vart offisielt avskaffa med reformasjonen i 1536/1537. For dei som inngjekk avtalen på Harnes nær eit tiår etter, var Marimesse framleis ein viktig dag (“vår frue sin dyrbare kveld “) – slik desse dagane heldt fram med å vere i hundrevis av år.

Ein del av formuleringane i kontrakta er dei same som i kontraktene i samband med andre sal til same kjøpar det året, som til dømes salet av Fiksdal dagen etter. Dei kan altså ha vore skrivne av same mann. Kontrakta er skriven på dansk.

Det er godt mogeleg at Huse hadde vore eigd av slekta til Torkjell Knutson sidan svartedauden nær 200 år tidlegare – kanskje vart delar av jorda vore brukt som ein del av Harnes-garden.

Bak på brevet, skrive seinare, står det: Jttem breff paa i/-j/ meliis leye ligendis y Husse y Romsdall.

Dansk riddar og adelsmann

Kjøparen av Huse, Truid Ulfstand, var aktiv desse dagane. Dagen etter handelen på Harnes kjøpte han også garden Fiksdal i Vestnes. Den handlen vart gjennomført på Giske.

På same måte som for Huse, så er dette første gongen Fiksdal er nemnt i ei skriftleg kjelde – dette kan altså også vere eit kjøp av ein øydegard.

Ulfstand kjøpte også gardane Heggebakke og Lade på Sunnmøre månadane før – også for desse gardane er det første gongen dei dukkar opp i skriftlege kjelder. Lade vart seinare kalla øydegard til dagleg, ifølgje Norske Gardnavne.

Truleg har Ulfstand tatt eit raid og kjøpt opp fleire gardar som låg øyde etter svartedauden det året.

Gardar som hadde vore øydegardar, var attraktive. Dei var rimelege å kjøpe og ville gje meir inntekter etter kvart som meir og meir av jorda på på desse gardane vart dyrka opp igjen. Det ser vi også med Huse: Medan garden ikkje hadde gardbrukarar som betalte leige i 1520, så var det 5 gardbrukarar der i 1661.

Men kven var denne kjøparen?

Truid Gregersen Ulfstand (1487-16.11.1545) var dansk og adelsmann. Han fekk for alvor posisjon i Danmark då Fredrik 1 kom til makta i 1523. Han vart ein del av Riksrådet, og slegen til riddar i 1524.

Tidleg på 1530-talet vart han sendt til Noreg saman med syskjenbarnet Claus Bille, som vart norsk riksråd. Målet var å sikre støtte til kong Fredrik 1 av Danmark. Dei to utsendingane heldt ting i Oslo, og fekk stormennene til å godta kongen.

Den danske adelsmannen var tungt involvert her i landet, og altså også på Harøya. Faksimilen er frå Danmarks Adels Aarbog 1896. Måleriet av Ulfstand heng på Rosenborg Slot.

I 1534 gifta han seg med Gørvel Fadersdatter, som truleg var rundt 23 år yngre. Ho hadde, via den norske adelsmannen Knut Alvsson, arva eigedomar etter fleire norske høvdingeslekter. Mellom dei mange godsa ho arva, var sjølvaste Giske-godset – eit av dei aller største her i landet.

Ulfstand var i 1536 ein av dei som underteikna dokumentet der det danske riksrådet gjorde slutt på det katolske presteskapet si makt i Danmark-Noreg. I Ulfstands eiga kjøpekontrakt for Huse 8 år seinare, vert det referert til den katolske Marimessa – altså ei messe han sjølv var med på å avskaffe.

Då Ulfstand kjøpte Huse av Torkjell Knutson, kom Huse under Giskegodset.

Giskegodset eigde etter dette heile garden Huse, ut frå ei oversikt frå 1563 av historikar Andreas Holmsen.

Men allereie året etter døydde Ulfstand.

Truid Ulfstands gravstein i Lund i Sverige. På steinen står det: «her ligger begrauit oc salig wader truidor grerson wlstand ridd aff torop so døde an dm met tw.s … kiere frwer ano d ni md …» Foto: Orf3us

“Ulfstand var i det store og hele en dyktig og lojal kongstjener, som i sine oppdrag i Norge ikke gikk ut over den myndighet som oppdragene førte med seg, i motsetning til hvordan flere av hans standsfeller opptrådte i lignende situasjoner”, står det i Norsk biografisk leksikon.

Kven var Torkjell?

Det står ikkje noko i dokumentet om kven seljar Torkjell Knutson var eller kvifor han eigde Huse.

Lensrekneskapet frå 1548-1549 for Steinviksholm len (Trondheim len) dreg eit interessant namn fram i lyset. Der står det at ein Torkjell betalte skatt på Harnes i 1549. Dette er nok den same mannen som fem år tidlegare selde Huse.

Torckell budde på Harnes på den tida. Frå Norske Lensregnskapsbok 1548-1567, Torckell står under perioden 1548/1549.  Ifølge jordeboka 1549 for bispestolen i Trondheim var landskylda 7,5 romsdalsøre og for denne betalte Torkjell altså 1 nautslakt og 6 alen vadmel.

Det forklarar i tilfelle kvifor avtalen vart inngått på Harnes og ikkje på Huse, der eigedomen låg: Det skjedde truleg i huset til Torkjell på Harnes.

25 år tidlegare finn vi også namnet Torkjell i skattelistene under Brunvoll, han betalte 12 lodd sølv i skatt i 1520 – og 1 lodd sølv for jordegods (altså eigde han jord). Kanskje tilsvarte det verdien av ein øydegard som Huse.

Om det er same mannen som budde på Harnes 24 år seinare og at jordegodset var Huse, er vanskeleg å fastslå.

Dei to vitna

Som vi skreiv over, så var dei to vitna Elling Jonson og Knut Jonson truleg lagrettemenn frå Sunnmøre. For ser vi på salet av garden Valle på Skodje seinare i 1544, var eit av vitna også der ein lagrettemann med namnet Knut Jonson. Han var óg vitne i samband med kjøpet av garden Lade.

Og under salet av garden Heggebakke på Skodje i mai 1544, var ein lagrettemann med namnet Elling Jonson vitne. Altså identiske namn med dei to som sette segla sine under handelen på Harnes, og kjøparen av alle desse gardane var Truid Ulfstand.

Elling Jonson er truleg den same Elling som var gardbrukar i Søvika i 1520. Han var nemleg også lagrettemann i 1538 – nemd i dette dokumentet som “Edling i Sødwijgh”. Det var seks år før handelen på Harnes. Dette er i alle fall den einaste tingrettemannen med namnet Elling eg finn på denne tida.

I det same tingbrevet frå 1538 finn vi også ein lagrettemann som heiter Knut – nemleg Knut på Gamlem. Dette dokumentet listar opp 12 lagrettemenn frå Sunnmøre og han er den einaste som heiter Knut. Det er difor ikkje urimeleg å tru at dette er same mannen som var vitne på Harnes i 1544.

I tilfelle var det menn frå to nabogardar i Haram, Søvik og Gamlem, som var vitne. Og begge desse gardane var ein del av Giskegodset som Truid Ulfstand styrde.

Gir viktige glimt

Det eit halvt tusenår gamle dokumentet frå Harnes er ikke berre ei rettskontrakt.

Dei knappe opplysningane gjer at vi får eit lite glimt av konsekvensane av svartedauden – den mest dramatiske hendinga i det forrige tusenåret. I dag veit vi særs lite om korleis denne mannedauden ramma øya, men Huse ser altså ut til å ha endt som øydegard då bølgja av dødsfall sette inn.

Den såkalla landskulda, altså det leiglendingane betalte for å leige jorda av jordeigaren, vart redusert med nesten to tredelar i Sund åtting (Sandøy og Aukra) på grunn av dei mange dødsfalla. Dødsfalla gjorde at langt færre var aktuelle som drivarar av gardane, og leigeprisane måtte ned for å skaffe nokon som var villige. Dette kjem fram i Sigvald Hasunds bok Ikring mannedauden.

At Huse vart øydegard, treng ikkje å bety at det var bebuarane der som døydde. Det kan like godt vore til dømes Harnes som mista drivarane, og at folk på Huse flytta dit fordi garden var større og meir attraktiv.

Vidare ser vi i dokumentet konsekvensane av endringane etter reformasjonen – som kasta om på tradisjonar folket hadde hatt i hundrevis av år. Ei ny tid innført av kongen – totalt utan forkjemparar her i landet. Referansene til Marimesse er eit uttrykk for at folk framleis held fast i tradisjonane frå før reformasjonen.

Og kontrakta peiker framover, mot den nye gardsdrifta som skulle prege Huse dei neste over 400 åra.

Klimaet vart hardare

Også på 1540-talet var det uår, men om det var årsaken til at Torkjell selde Huse veit vi ikkje.

I furukronologien frå Trøndelag ser vi at vekstvilkåra går bratt nedover frå rundt nettopp 1544, og det kan godt ha gitt dårlege avlingar også på Harnes.

For gardbrukarane på Harnes vart nok tiåra som kom endå verre. Klimahistorikar meiner at snittemperaturen i Norden i perioden 1560-1600 var 1,5 grader lågare enn perioden 1880-1930.

Forskaren Timo Myllyntaus skriv at kuldeperioden, som skulle prege 1600-talet og 1700-talet, nådde eit klimaks i desse siste tiåra av 1500-talet. Dette viser seg også i studiene av furukronologi frå Trøndelag.

Medan Bord og Byrgitte på Harnes nokre tiår tidlegare truleg hadde meir levlege forhald, må Torkjell og dei som kom etter i siste halvdel av 1500-talet ha hatt det tøft.

Kjelder frå Danmark viser at intensiteten i stormar og flodbølger auka frå 1570-talet, den danske byen Ribe vart ramma av storm 43 gongar i perioden 1570-1661.

“Hvis vi ser på det dendrokronologiske materialet fra Trøndelag, virker det som om tilveksten i det store og hele er dårlig i hele perioden 1550-1660. Likevel er det noen enkeltår og perioder som peker seg ut med ekstra lave verdier. Det gjelder 1562, 1590-96, 1601, 1621-27, 1633, 1641 og 1645.” Frå “Klima, uår og kriser i Norge”, skriv Audun Dybdahl.

Kjelde:  «Mens bønderne seilte og jægterne for. Nordnorsk og vestnorsk kystøkonomi 1500-1730»

Vi ser i grafikken over at produksjonen av korn på kyste auka fram mot 1700-talet. Feilkjelder rundt tiendemantallet i 1520 kan dessutan bety at produksjonen på 1500-talet var 25 prosent lågare enn grafikken viser. I det store ser kornproduksjonen ut til å ha halde tritt med auken i befolkninga på Romsdalskysten.

Betra seg ikkje

Men totalen av februk og korn ser ikkje ut til å ha betra seg, meiner historikar Arnved Nedkvitne. Han trur at det er lite sannsynleg at jordbruksproduksjonen auka per bonde i perioden 1520-1723, fordi rundt 1520 var ressurssituasjonen betre og teknologien om lag den same som 200 år seinare.

Det krevde mindre arbeid å produsere dei same matvarene i 1520 enn i 1723.

“Muligheten for å skaffe kjøpekorn var bedre på 1500-tallet. Fiskerbøndene nord for Stad fikk høyere pris for tørrfisken, trelasteksporten fra indre Sunnhordand, Møre og Romsdal var større på 1500-tallet og begynnelsen av 1600-tallet.” skriv Arnved Nedkvitne i “Mens bønderne seilte og jægterne for. Nordnorsk og vestnorsk kystøkonomi 1500-1730”.

Generelt produserte bygdene i indre Romsdal meir korn enn i ytre Romsdal.

Dette skuldast truleg at bøndene i innlandet la meir flid i åkerarbeidet, medan fiskarbonden ute ved kysten heller brukte tida til å fiske, skriv Nedkvitne.

I perioden frå 1550 til 1750 vart det eit kjøleg klima i Skandinavia, som vert kalla den vesle istida. Det vart større svingningar frå år til år, meir stormar og kaldare. Dette må sjølvsagt ha gjort livsvilkåra vanskelegare også på Harnes.

Er av Synnes-slekta

Vi veit ikkje eksakt kva år Hogne Johannesson vart brukar på Harnes. Eit dokument knytt til den såkalla Synnes-slektstavla, som viser etterkomarane etter Jon Bårdson Synnes, syner at Hogne kan ha vore gardbrukar på Harnes allereie rundt 1569.

Han krevde i alle fall landskyld for jord dei to brørne hans, Torstein og Povel, hadde selt til futen Hans Lauritzen i 1569.

Faren til Hogne, Johannes, er ført opp som brukar på Huse. Kanskje kom han inn etter at ein del av Huse, slik vi såg tidlegare, vart selt til Turid Ulfstand i 1544. Tavla viser også at syskjenbarnet til Hogne, Knut, var brukar på Røsok.

1590-åra var verst

Det skulle snart vise seg at det verste tiåret kom til slutt. Årringane frå Trøndelag viser at spesielt åra 1590-1596 ga dårleg vekst. Ein slik lang periode med fleire dårlege år på rad, har truleg vore vanskeleg å takle.

“Kom det uår flere år på rad, kunne det føre til overdødelighet både på grunn av sviktende ernæring og ved utbrudd av alvorlige endemediske og epidemiske sykdommer som gjerne fulgte i hungernødens kjølvann.”, skriv Audun Dybdahl i“Klima, uår og kriser i Norge”.

Eit brev frå bøndene i Romsdal frå 1591 skildrar situasjonen og viser at folk måtte blande bark i brødet for å overleve:

«nødes de til af stor Nød, Trang og Hunger at æde  Barkebrød», står det i brevet Norske rigs-registranter tildeels i uddrag: 1523[-1160], Volume 3

Dei brukte altså bark frå tre for å bruke mindre korn og med det døyve svolten på ein rimelegare måte. Næring ga det lite av, og sjølv i vanlege år kan nok mange ha gått svoltne til sengs på denne tida.

Kanskje måtte bøndene på Harnes kjøpe meir korn for å kompensere for dårlege avlingar. Og det i ei tid då kornprisane gjekk opp.

Kornavlingane i England var nemleg dårlege i perioden 1591 til 1597. Mangla dei noko å kjøpe korn for, kunne svolten kome fort.

Haugen skild ut som eigen gard

I 1597 sette fogden Bernt Schrøder opp skattelistene for Sund otting. Her får vi ei oversikt over det som truleg var alle brukarane på Harnes for første gong sidan tiandemanntalet i 1521.

De som ere bo.idendis ved søesiden, och giffe {beløp] [pengeeining].”, står det i overskrifta øverst på sida.

Som 76 år tidlegare var det to brukarar på garden.

  • Hougne Harnes
  • Oluff Harnes

Men noko nytt har skjedd med garden, for under Harnes og over Sandøen står det:

  • Joen paa Hage

Dette er første gongen vi møter garden Haugen i skriftlege kjelder, garden som seinare også er kjent som Harneshaugen.

Truleg har Haugen vorte skild ut som eigen gard ein gong mellom 1550 og 1597. Resten av historia om garden Haugen kjem i eit eige kapittel seinare.

Harnes, saman med dei andre gardane på Harøya, Huse, Røsok, Morsund, Brunvoll og Haugen.

I alle fall halve garden på Harnes var busett av leiglendingar under kongen. Det trengte ikkje å føre til at dei hadde trongare kår enn sjølveigarane.

“Leiglendingsdistriktene produserte større verdier enn selveierdistriktene. Etter at leieavgiftene var betalt, hadde toppsjiktet av bønder i leiglendingsbygder betydelig mer å rutte med enn de fleste bønder i selveierbygder”, påpeker professor Øystein Rian i Norges historie.

LES NESTE KAPITTEL: HARNES-BRUKA OG HAUGEN RUNDT ÅR 1600