Slik låg Harnes-bruka og Haugen rundt år 1600

Omtrent slik låg husa på Harnes og Haugen før utskiftinga, som skjedde tidleg på 1860-talet. Haugen vart eigen gard seinast tidleg på 1600-talet.Flyfotoet er frå 1968, og då ser vi at Myra-løa framleis står der (til venstre for namnet Myra). Myrastova vart riven nokre år tidlegare. Flyfoto: 1881.no

Seinast frå 1610 har det truleg vore ei slags tredeling av den opprinnelege Harnes-garden: Harnes-tunet, Myra og Haugen.

Frå gamalt av låg husa på det som i dag er gardane Gjerdet, Madsstova, Bergan, Ingebrigtstua og Nystaua samla i ei klynge. Dei låg i området der Nystua og Ingebrigtstua ligg i dag. (Vi nyttar vidare dei offisielle namna på bruka, slik dei er nemnde i karta til Kartverket.)

Litt lenger nord låg Myra. Kor lenge Myra har eksistert som eige bruk veit vi ikkje, men truleg i alle fall tilbake til 1500-/1600-talet. Vi kjenner til brukarar der allereie frå 1645, og ein av dei to skatteytarane på Harnes i 1520 kan òg ha budd på Myra.Myra har heile vegen vore rekna som ein del av Harnes, men husa der stod ikkje i sjølve klyngetunet av ein eller annan grunn.

Myra eldst?

I eit skriv av lokalhistorikar Beate Berg vert Ole Harnesmyr (kjend som jordmor-Ole) referert på at Myra er den eldste “garden” på Harnes. Far til Ole, Myra-Halvor, var den siste drivaren i familien som hadde drive garden sidan 1600-talet.

Myra har heile tida vorte referert til som eit bruk under Harnes, og brukarane er plassert under Harnes-garden i martiklane heilt sidan 1600-talet. Etterkvart vart bruket kalla Harnesmyra, noko som og indikerar at det var eit bruk under den opprinnelege Harnes-garden.

Namnet Myra kan også tyde på at dette opprinneleg ikkje var eit førsteval som jordbruksområde, men eit område som vart utnytta etterkvart.

Haugen vart skild ut

Eit par steinkast nord for Myra, låg husa på Haugen. Truleg vart Haugen skild ut som ein eigen gard tidleg på 1600-talet.

I boka “På leiting etter den eldste garden” blir ei karakteristisk oppdeling av gardar på Vestlandet trukke fram: “En navngård som er delt i to relativt likeverdige enheter, samt en utskilt, mindre gård”. Denne tredelinga kan vi også skimte på Harnes, med Harnes-tunet, Myra og Haugen.

Alt innanfor dei mørkaste linene har tilhøyrt gardsnummer 8, Harnes. Inkludert sjølve Steinshamna og Støholmen. Dei lyseste linene viser Haugen, som tidlegare truleg har vore ein del av Harnes.

LES NESTE KAPITTEL: VAR ROBERT FRÅ SKOTTLAND?