Ei rekkje skottar slo seg ned på Nordvestlandet. Robert kan ha vore ein av dei

Kongen tynga folket med skattar og klimaet var kjøleg. Ein av brukarane på garden kan ha vore frå Skottland.

I skattelistene for 1603 ser vi at bønder ved sjøen betalte 1,5 dalar i skatt. Det var to brukarar på garden:

  • Haagen Harnes (same som Hougne i 1597?)
  • Birgitte Harnes

Brukar nummer to har eit namn med historisk sus på Harnes. I 1521, altså rundt 80 år tidlegare, såg vi at ei kvinne med namnet Byrgitta ein av dei to brukarane på garden. Og med det første kvinnenamnet vi kjenner frå Harnes.

Det er ikkje utenkeleg at Birgitte i 1603 var barnebarnet til Byrgitte i 1521. Om vi vel å legge vekt på rekkefølga mellom brukarane i skattelista, så var også Byrgitta i 1521 lista opp som nummer to av brukarane på Harnes, slik Birgitte er i 1603. Vi kan då spekulere i om dette er den same halvdelen av Harnes.

Vel 40 år seinare, i 1645 og 1647, så er brukaren på den delen som seinare vart Gjerdet, Masstova og Nystova lista opp først. Drivaren av Myra står under.

Det kan bety at begge dei to Birgitte har budd på Myra, og i tilfelle kan vi dra brukarrekka på Myra nesten samanhengande tilbake til 1520-talet. Men her er mykje usikkert, sidan det ikkje er skriftlege kjelder om Harnes mellom 1550 og 1597.

Vi såg at i 1597 heitte brukaren Oluff, og Birgitte kan ha vore enka etter han.

Kva gjorde Birgitte og dei andre kvinnene

Det er lite kjelder rundt kvinnene på denne tida. Vi såg at Byrgitta var brukar i 1520 – truleg som enke. Og altså ei ny Birgitte 80 år seinare – truleg også enke.

Alt tyder på at desse to Birgitt-ene, og dei andre kvinnene på garden, hadde ei minst like sentral rolle som mennene i den daglege drifta av garden – ja kanskje gjorde dei meir enn mennene på dette feltet.

«Det er ikkje usannsynleg at kvinnene har utført meir arbeid i sjølve jordbruksnæringa enn mennene. (…) Mange små bruk vestpå, menn på fiske i delar av sommarhalvåret mange stadar slik at kvinnene vart «kystens bønder», og dessutan ein annleis reiskapsteknologi på Vestlandet enn Austlandet, førde til tyngre tak for vestlandskvinnene», skriv Ingeborg Fløystad i artikkelen «Kvinnene i arbeidslivet i det gamle bygdesamfunnet».

Det er slik at det mennene har drive på med har vorte framheva, til dømes i form av dramatiske hendingar på sjøen.

Typiske døme på det vi tenkjer på som kvinnearbeid på denne tida er:

  • Innandørsarbeide
  • Arbeid innan hushalda
  • Fjøsstell
  • Pass av born

I tillegg utførte dei onnearbeid i sommarhalvåret og arbeid med fisk og fiskereiskap. “(…) endelig maa mange om ikke alle Kvinder i flere Egne deltage i Sildetilvirkning og andet haardt Arbejde, ofte langt fra Hjemmet om i den kolde Aarstid.”, stod det i ein artikkel frå 1859 – rett nok langt seinare enn 1500-talet.

Kvinner som Birgitte var altså truleg i høg grad med på både åkerdrift og fedrift, og på kystgarden Harnes hadde dei truleg i tillegg arbeid rundt fiskeria.

“Haagen paa Harnees” står det i andre avsnitt i teksten over. “Haagenn paa Harnees, hafuer Aarligenn iiij pund fisch, fierdeparten ther aff ehr ___j Ort” (transkribert av Ivar S. Ertesvåg).

Vulkanutbrot ramma igjen?

Årringar frå bygningstømmer i Trøndelag viser at 1601 skil seg ut som eit uår. For ein gardbrukar på Nordvestlandet var forhalda for korndyrking vanskelege i utgangspunktet. Når vekstvilkåra vart ytterlegare forverra, så hadde dei lite å gå på.

Kanskje vart brukarane på Harnes redda av fiske, både til eige bruk og til sal.

Lite visste dei om at årsaka til dei dårlege åra kan ha vore den same som truleg ramma ein av forgjengarane på garden i år 536. I februar-mars 1600 hadde nemleg vulkanen Huaynaputina i Peru eit stort utbrot. Det fekk store konsekvensar.

Presten i Oppdal skreiv at i 1601 var solskinet heilt borte. Sola kasta ikkje skugge, men så ut som ein «gloende Ilds-Klode». Berre i Oppdal skal 80 menneske ha døydd av svolt dette året.

Truleg var det i heile perioden frå 1600 til 1602 vanskeleg å drive jordbruk på grunn av vulkanutbrotet.

Stengte sollyset ute

Professor Audun Dybdahl forklarar i boka “Klima, uår og kriser i Norge gjennom de siste 1000 år” at ved kraftige, eksplosive utbrot vert små partiklar og gassar frakta heilt opp i stratosfæren. Der kan dei stenge for sollyset i opptil to-tre år.

Det ramma truleg folket på Harnes i tida etter våren 1600.

Årringane frå Trøndelag viser at heile perioden mellom 1550 og 1650 var ein dårleg vekstperiode. Då er det lett å sjå for seg at kampen for føda var ein dominerande del av tilværet på Harnes-garden. For Haagen kan altså heile livet ha vore prega av eit klima som gjorde det vanskeleg å skaffe nok mat på bordet.

1608 ser óg ut til å ha vore eit dårleg kornår, og furukronologien frå Trøndelag tyder på at 1609 var eit nytt, dårleg vekstår.

“Det skrekkelige uåret 1601 skiller seg ut i der dendrokronologiske materialet, samtidig som man kan støtte seg på beretninger fra flere kanter av landet. Eventuelle uår omkring 1610 har vi bare naturvitenskaplige kilder for. 1615 skiller seg også negativt ut både når det gjelder furuas tilvekst og tiendeytelser i det nordenfjelske Norge.”, skriv Audun Dybdahl i “Klima, uår og kriser i Norge”.

Det er viktig å vere klar over at det knapt var teknologiske framsteg i jordbruket mellom vikingtida og 1800-talet. Så når fleire delte på den same jorda i form av fleire brukarar, vart kåra ofte trongare. Når det ser ut til å ha vore færre brukarar på Harnes tidleg på 1660-talet enn seinare, så kan det ha verka direkte inn på levestandaren.

Vi ser Harnis som gard nummer ni i lista, og Haugen som nummer 12. 

Den neste personen vi finn i skattelistene er Hoffuer Harnes 1609-1610. Hoffuer tilsvarar vel namnet Håvard i dag.

Året etter er Hogne tilbake på lista. Om dette eigentleg er same person, er ikkje godt å seie. Det er i alle fall kjent at dei ikkje var like nøye når dei registrerte namn den gongen som i dag.

I jordebok for Romsdal len 1610-1611 er Harnes registrert igjen.

“Harnis ___ iiij Woeger “, altså 4 våger.

Dette er landskulda for kongen sin del av garden, målt i tørrfisk. Landskulda var den årlege leiga som leiglendingen betalte til jordeigaren. Ho måtte betalast innan julaftan, elles måtte leiglendingen ut med ein julemark i tillegg – altså 1 mark sølv i tilleggsavgift.

Vi ser seinare at heile garden var seks våger.

Nest øverst til venstre står Robert, i lista over «Leilendigers skatt vid siøsiden som giffe». Over står Hogne Harnes.

Skottetida på Harnes

Ein gong tidleg på 1500-tallet tok skotske båtar til å segle inn  til Romsdal for å drive trelasthandel, ifølgje verket Norsk innvandringshistorie. Skottar ser ut til å ha vore den største innvandrargruppa på Nordvestlandet på 1600-talet.

Truleg vart skog i ytre Romsdal tatt først. Om dette inkluderte skog på Harøya, veit vi ikkje. Det kan ha vore andre årsaker til at det som var av skog forsvann, til dømes sjukdom, og mengda skog var nok uansett ikkje stor.

Kanskje kom Robert, som var leiglending på Harnes mellom seinast 1610 og i alle fall til 1614, med ei skute frå Skottland. Og vart av ein eller annan grunn brukar på Harnes. Kanskje gifta han seg med Birgitte som var registrert som enke i 1603, for det ser i alle fall ut til å vere den same delen av garden.

Dei fleste som heitte Robert i mellomalderen var utlendingar, ifølge Norsk personnamnleksikon. Faktisk var namnet så sjeldan at ingen i skattemartikkelen for 1647 i Møre og Romsdal heitte Robert.

Professor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen, Jørn Øyrehagen Sunde, skriv i ein epost at vi ikkje kan vere sikre, men at namnet indikerar at Robert på Harnes var skotte. Han peikar på at Robert-namnet finn ein på dette tidspunktet så godt som berre i Skottland.

Eit hollandsk kart frå 1600-talet. Harøya er den raude øya i den øverste ruta på kartet. Karttegnaren har nok ikkje vore heilt stø på geografien – Molde er til dømes teikna inn sør for Harøya.

Skottar henta trelast

I boka “Hollendertida i Romsdal” dokumenterar Otto R. Gründer utanlandske båtar som kom til Romsdal på starten av 1600-talet. I all hovudsak var det i samband med trelasthandel. Det er rimeleg å tenkje seg at Robert, om han verkeleg var ein skotte, kom til distiktet med ein slik båt.

I den samanheng er oversikta Grüner har henta inn frå tolldokument interessant. Ho gir ei oversikt over kva båtar som kom desse åra.

Kjelde: “Hollendertida i Romsdal” av Otto R. Grüner

Robert kan altså ha kome til Romsdal med ein av desse skotske båtane, eller ein engelsk eller irsk. Vi ser i oversikta at det var ein skotsk båt i 1606. Men det er viktig å merke seg at det manglar informasjon for åra 1607 og 1608. I 1610, det seinaste året Robert kan ha dukka opp på Harnes, kom det 4 båtar frå Skottland.

Samstundes veit vi at det kom skotske båtar for trelasthandel langt tidlegare enn 1606, som han kan ha vore med.

Etter at Robert forsvann ut av skattelistene, dukka eit anna, litt uvanleg namn opp på Harnes: Clemet. Kan dette ha vore sonen til Robert? Professor Øyrehagen Sunde stadfestar at dette er eit uvanleg namn, men han meiner at det ikkje like sikkert kan tilskrivast skotsk herkomst.

Namnet vart brukt i Skottland på den tida.

Sølve Sogner i artikkelen «Om migrasjon og minoriteter i Norge i tidlig moderne tid», Historisk tidsskrift 1999

Dette skjedde elles på om lag same tid som ei anna skotsk-norsk hending lokalt: I 1612 kom det såkalla skottetoget inn Romsdalsfjorden, med 300 leigesoldatar som skulle hjelpe dei svenske styrkane i kampen mot Danmark-Norge i Kalmarkrigen. Det endte med at dei fleste vart drept av den norske bondehæren på Otta.

Oluf fekk bruket frå mora

I uåret 1615 kom Oluf inn som brukar på Harnes, etter at mora hadde overført bruket til han. Han bygsla éin våg.

Her ser vi bøkselen frå 1615, der vi kan lese: “Olluff Harnis aff j Vog ij pd vj mk Fs leige i for^ne: gaard Harnis, som hans moder oploed for hannem, gaff derfor Pendinge ___  x dr:”

Clemet kom altså óg inn på Harnes på same tida, og garden kan sjå ut til å ha gått frå ei todeling (som vi såg allereie i 1521) til ei tredeling.

Vi skal seinare sjå at den største delen nokre tiår seinare, var den delen som sinare vart Gjerdet og Masstauå. Dersom vi går ut frå at Myra var den andre halvdelen av garden ved inngangen til 1600-talet, så er det nok Myra som vart delt på to brukarar. Den eine delen heldt fram som Myra, medan den andre delen er det vi seinare ser igjen som Bergan.

I tilfelle kan Clemet og Oluf ha vore brør. Og kven kan mora ha vore? Brukaren som forsvann ut då Olluff og Clemet kom inn, ser ut til å ha vore Robert. Robert kan ha vore gift med Birgitte som var enke i 1603. I tilfelle vart ho truleg enke for andre gong då ho overlet det som seinare vart Bergan til Oluf. Og at Clemet dreiv Myra vidare. Kanskje var Oluf sonen til Birgitte og hennar første mann Oluf og Clement ein son Robert hadde frå før.

Skatteliste for leiglendingar frå 1617. Hogne, Olluff og Clemet.

Det blinka i eit knivblad

Og sjølv om krigane var langt unna, så var ikkje kvardagen heilt utan drama for folket på Harnes.

I 1618/1619 var det ein såpass alvorleg valdsepisode at rettssystemet greip inn og ga bøter til to menn.

Vi veit ikkje i detalj kva som skjedde eller kor det skjedde, men det ser ut til å ha starta med ein slagsmål mellom Peder Harnes og sonen til Oluf Ramsvig (truleg frå Otrøya der det budde ein Oluff i Ramssuigh i 1603). Det kan altså sjå ut til at Peder slåst med ein mindreårig sidan den andre kun er nemnd som sonen til Oluf.

Men det verkar ikkje som om Peder var fysisk overlegen sjølv om han truleg har vore eldre, og Peder ser ut til å ha mista kontrollen.

For plutseleg blinka det i eit knivblad. Og i desperasjon eller sinne, eller kanskje begge deler, så stakk Peder kniven inn i guten.

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Stikket var til alt hell tydlegvis ikkje døydeleg, og Peder slapp unna med ei bot på 6 daler. Og guten som vart knivstukken kan ikkje ha vore heilt uten skuld. Faren fekk nemleg bot på grunn av slåstkampen sonen hadde hatt med Peder.

Slik er episoden omtala i lensreknskapet:

“Gaff Peder Harnnes for hannd stuech Oluff Raksuieches(?) sønn med enn Kniff, Thil høybmt. Konning Mayttz: Penndinge ___  vj dlr”

2. Oluf Ramsvig for hannes søns slagsmål med Peder Harnes.

(summen på bota er ikkje med).

“Folk beundret sterke menn som gav juling når noen provoserte dem, og det var en skam ikke å ta mot utfordringen. Kniven satt løst i sliren i en tid da kniv hørte til mannens nødvendige utstyr. Det forklarer også hvorfor mange oppgjør endte med drap. Mest dreide det seg om en spontan vold med utilsiktede konsekvenser”, skriver Øystein Rian i Norges historie.

Peder ser ikkje ut til å ha vore brukar på Harnes. Truleg har han vore ein dreng.

I skattelista for leiglendingar langs sjøen finn vi tre leiglendingar på Harnes i 1620:

  • Hogne Harnes
  • Oluff Harnes
  • Clemet Harnes

I 1620 var det óg ein dreng som skatta på garden, nemleg Ingebrigt Harnes.

I 1623 finn vi tre leiglendingar på Harnes.

  • Hogne
  • Clemet
  • Oluff
Norske bondesoldater på 1600-talet. Illustrasjon: Forsvarsmuseet

Ryttarar

Jordeboka til utlikning av rosstenester 1624-1627, viser at dei på Harnes også måtte finansiere soldatar. Denne plikta heldt fram i ulike former ut 1700-talet.

Etableringa av ein norsk hær i 1628 skulle vise seg å verte eit viktig trekk – ja, nokre tiår seinare faktisk viktig for at Harnes framleis skulle vere ein del av Noreg, etter krigane på slutten av 1650-talet (sjå kapittelet om Haugen).

Dette var så omfattande at få menn i perioden mellom 1628 og 1814 unngjekk direkte kontakt med militæretaten.

“Mange ble trukket inn i den administrative driften, enda flere ble utskrevet til soldattjeneste. For soldatene kom det første møtet med soldatene på sesjon. Det var et kontaktpunkt der de militære mannskapskravene møtte det sivile samfunn. For unge menn var det gjerne også det første møtet med storsamfunnet. Gjennom den senere militærtjenesten tok de for alvor inn over seg at det fantes en verden utenfor hjembygda.”, står det i Norsk forsvarshistorie. Krigsmakt og kongemakt 900-1814.

Frå “Jordeboka til utlikning av rosstjenester 1624-1627”

I jordeboka (sjå faksimile over) er Harnes omtala med følgande: “Joen Bruneuold och Clemend haerneß, eiger haernes”.

Her er det tydleg at Joen på Brunvoll eigde ein del av Harnes-garden, saman med Clemend Harnes. 100 år tidlegare, i 1520, var Torkel på Brunvoll oppført med 1 lodd sølv jordegods. Dette kan allereie den gongen ha vore i Harnes, men det veit vi ikkje.

Vi skal seinare sjå at eit par tiår seinare står det at kongen bygslar «all jord» på Harnes, så det skjedde truleg endringar i eigarforhalda i denne påerioden.

Lasse inn som brukar

I 1626 og 1627 ser vi at Hogne truleg er død, fordi det står ei enke i skattelistene, ilag med Oluff og Knud. Året etter, i garnisonskatten, dukkar Lasse Alfsen (nemnd som Alfsen seinare) opp og tek truleg over den halvdelen av garden som Hogne har hatt. Han kan ha gifta seg med enka etter Hogne, som ikkje var ein uvanleg måte å kome inn som brukar på. Lasse vart verande som brukar på Harnes dei neste 40 åra.

I garnisonskatten frå 1628 finn vi også Knud og Oluff på Harnes.

Folk døydde av svolt

Dei første åra på 1630-talet ser ut til å ha vore ein ny kriseperiode. Arent Berntsen skriv om uår på Sunnmøre i 1631, der både menneske og dyr døydde. Hungersnauden heldt fram til 1633. Dette må vere uår som også har ramma dyrkinga av korn på Harnes. Samstundes er 1600-talet kjend for mange og tyngande skattar til danske-kongen, som forverra situasjonen.

I 1630 finn vi følgande menn på Harnes:

  • Lasse
  • Klemet
  • Knut
  • Oluf Hogn (truleg son til forrige brukar Hogne)
  • Oluf

Fire år seinare, i 1634, er desse tre registrert i samband med landskatten for Sund otting.

  • Knuud Harnis
  • Oluff ibm
  • Lasse Harnis

I 1635 finn vi brukarane igjen i samband med innbetaling av båtmannsskatten på 1630-talet. Fulle gardar og halve gardar skulle betale ein halv dalar. Vi ser at Lasse Harnes sin del av Harnes, er ført under lista for fulle gardar, medan Knud og Oluff hamnar under halve gardar. Eller som det står i listene:  “Leÿlendinger Som Besider fulde Jorder” og “Leÿlendinger Som Besider halffue Jorder”.

Båtmannsskatten vart ilagt i staden for utskrivning til flåta i fredstid. Fordi det særleg var tenestedrengar og liknande som var utsett for utskriving, var det ein forutsetnad at dei skulle hjelpe bønder med betalinga.

Harnes i 1634.

Vi ser at Knuud og Oluff tydlegvis er på éin del av Harnes ut frå oppdelinga i skattelista over. Oluff er kategorisert saman med Knuud, medan Lasse er ført opp med Harnis på nytt under – det var truleg ein annan halvdel.

Denne inndelinga ser vi óg i 1645, der Lasse har halve garden – truleg den delen som seinare vart Gjerdet, Masstova og Nystova. Knuud er truleg på Myra-delen.

I 1642 er inndelinga annaleis – der står Lasse saman med Oluff i skattelista.

Skatteliste frå 1642.

I 1644 ser vi dei same brukarane igjen, Lasse Harnes står for seg og Knuud og Oluff saman.

LES NESTE KAPITTEL: EUROPEISKE FORRETNINGSFOLK OG MILITÆRHELTAR MARSJERAR INN