Europeiske forretningsfolk og militærheltar marsjerar inn

1645-1699

Selius og Gabriel Marselis, eigarar av Harnes på midten av 1600-talet.

Krigane herja i Norden og eigarane på Harnes var meir internasjonale enn nokon gong seinare.

I 1645 krevde kongen inn koppskatt (frå tysk kopf, altså hovud), som tradisjonelt var ein skatt som var ein lik sum per person.

På Harnes betalte desse koppskatt i 1645:

Lasse Harniss hans hustru och j pige __  j ort

Knut ibm (ibm betyr same, altså Harnes) hans hustru xvj ss

Jetmund ibm hans Hustrue ___ xvj ss”

Her ser vi at Oluff er ute som brukar, og Jetmund har kome inn. Vi ser seinare at Jetmund heiter Arnesen, og difor kan han ikkje ha vore sonen til Oluff.

Koppskatten skulle betalast av alle over 15 år. Det vil seie at når det står “ei pige” i Lasse og kona sitt huslyd, så må ho ha vore over 15 år. Ut frå det same kan vi slå fast at dei andre huslydane ikkje hadde barn over 15 år som budde heime.

Skattesatsen var 8 skilling per person i bonde- og fiskerhushald. Vi ser over at Knut og Jetmund betalte 16 skilling, medan Lasse betalt 1 ort, som tilsvarte 24 skilling. Lasse hadde den største delen av garden.

Koppskatten 1645 for Sundts Otting.

Kongen eigde på Harnes

I 1647 var Fredrik 3 både konge av Danmark og eigar av Harnes-garden, som med det var krongods.

Harnes vart i 1647 leigd ut for 6 våger fiskleige og kongen bygsla all jorda. Ein våg er ei gamal norsk måleeining for masse og var normalt rundt 18,5 kilo, men det var ofte lokale variasjonar.

Harnes er registrert som fullgard, i kontrast til for eksempel Huse som var halvgard. Ein fullgard var den høgste av tre skatteklasser, og var dobbelt så mykje som ein halvgard og fire ganger så mykje som ein audegard.

Harnes og Røsok var dei einaste fullgardane på Harøya. Huse og Brunvoll var halvgardar, og Haugen og Morsund øydegardar (skattemessig).

Fleire av dei andre gardane var i private hender: På Røsok var Giskegodset inne på eigarsida, saman med Christoffer Nielsen. Huse var òg eigd av Giskegodset (her hugsar vi salet til Giskegodset i 1544).

Brunvoll hadde kanslaren i Noreg, Jens Bjelke, som største eigar. Han var den største godseigaren i landet på denne tida.

Haugen var óg kongeeigd, truleg noko som har fulgt med då garden truleg vart skild ut frå Harnes nokre tiår tidlegare.

Her er drivarane på Harnes i 1647:

Lasse leigde 3 våg, altså halvparten av garden. Han betalte 4,5 dalar i skatt.  Dette var truleg det som seinare vart Gjerdet, Nystova og Masstaua.

Knut leigde 1,5 våg, altså ein fjerdedel av garden. Han betalte 2 dalar og ein ort i skatt.  Dette var truleg Myra.

Jettmund leigde 1,5 våg, også ein fjerdedel av garden. Han betalte 2 dalar og ein ort i skatt.

Europeisk handelshus tok over Harnes

Kongen var framleis største eigar på Harnes i 1650. På denne tida hadde danskekongen opparbeidd seg stor gjeld i utlandet, ikkje minst til handelshuset Marselis. Denne familieverksemda var lokalisert både i Amsterdam, Hamburg og Moskva. Dei dreiv med våpenhandel (til dels ulovleg), kopar, korn og vart på 1640-talet den største aktøren i trelasthandelen mellom Noreg og Nederland. Marselis var ei av dei største handels- og finansfamiliene i Nord-Europa.  

I spissen for denne store verksemda sto brørne Selius og Gabriel Marselis.

Marselis hadde i 1642–43 fordringar til den dansk-norske kongen på heile 380.000 riksdaler. For å sette summen  i perspektiv, så ser vi at brukarane på Harnes betalte 8,5 daler i leige til kongen i 1647. Summen tilsvarte altså skatteinntektene frå over 44.700 gardar som Harnes.

Som motyting fekk dei toll- og skatteinntekter og, i stadig større omfang, norske bergverk og jordegods i Danmark og Norge. Selius flytta i 1644 til Christianua, medan Gabriel busette seg i Amsterdam.

Og i 1651 ser vi at det har kome inn ein ny eigar på Harnes. I skattelistene står det følgande under bøkslar: Dj Marselier.

Frå skattelista i 1651.

Det var altså desse to brørne som truleg fekk Harnes som ein del av kongen si betaling av gjeld. Ståle Dyrvik skriv i Norsk historie 1625-1814 at gardane vart overlatne direkte til kongen sine kreditorar, og dei største kreditorane fekk først. I Noreg skal takstane på jorda ha vorte sett langt lågare enn i Danmark, og med det meir fordelaktig for kreditorane. På den måten kunne kreditorane selje dyrt det dei hadde fått rimeleg, skriv Dyrvik. Vi ser også at Marselis sel jorda vidare berre få år seinare.

Det at kongen kvitta seg med eigedom førte samstundes til at leigeinntektene frå gardane forsvann, og skattane vart med det den heilt dominerande inntektskjelda for staten.

Professor Andreas Holmsen skriv at “den rike nederlandske kjøpmannen Gabriel Marselis var største avtakeren på gjelsdbev på Kongen.”

“Kapitalistisk udbytning”

Ryktet til desse Marselis-brørne var ikkje det aller beste. Den danske historikeren Gustav Bang karakteriserte Gabriel Marselis’ verksemd som “den kapitalistiske udbytning i dens primitiveste, brutaleste, mest snyltende skikkelse”.

Det kan sjå ut som om dei eigde Harnes fram til rundt 1656. Dei står i alle fall som eigarar i 1655, medan ein ny aktør har kome inn som bøkslar i 1657.

Her ser vi eit kart frå ca 1650. Haaroe står det lengst nede, litt til venstre for midten, på dette utsnittet. Kjelde: Kartverket

Måtte betale for festningar

I 1654 og 1655 fekk brukarane på Harnes nok ein skatt å betale. Denne gongen måtte Lasse med sin halvpart av garden ut med 1 daler, og Knut og Jetmund måtte også punge ut. Dette skulle gå til byggje/sette i stand festningar. Skatten kom på toppen av den vanlege leilendingsskatten, som desse åra var på fire riksdaler per fullgard. Difor vart skatten til festningar også kalla “den femte dalers skatt”.

Det var også på denne tida, i 1656, at Store-Rasmus på Myklebust reiste til herremøte i Christiania for å legge fram ein av sine mange klager på futar og skattar. I 1661 vart han dømt til tukthus. Som vi skal sjå seinare, under kapittelet om Myra, var dotter til Store-Rasmus gift med brukaren på Myra.

Dei same namna på brukarar som i 1647 finn vi óg igjen i 1655, men Knut då kan allereie då ha vore sonen til Knut i 1647. På 1660-talet er han nemnt som Knut Knutson, og då kan vi i alle fall vere sikre på at det er sonen ut frå at han skal ha vore fødd på 1630-talet.

Fleire kyr enn seinare

Krøterskatten frå 1657 er den eldste oversikta vi har over husdyrhald på garden.

Lasse Harnes: 11 kyr og 1 hest.

Hoffne Harnes: 6 kyr og 1 hest.

Jetmund Harnes: 8 kyr og 1 hest.

Knut Harnes: 8 kyr og 1 hest.

Det er altså registrert 33 kyr på Harnes. Talet vert meir interessant når vi samanliknar med martikkelen frå 1723 – altså 61 år seinare. Då er det registrert kun 21 kyr på Harnes – altså ein reduksjon på ein tredel.

Illustrasjon, laget med Dall-e.

Kvinner i kystområdene måtte gjerne stå for såing og tresking, fordi mannfolka ofte var opptekne med fiskeri. Og det var nok definitivt slik at kvinna styrde mykje på garden – kona hadde nok kontroll på mykje. Ikkje minst det som skjedde med husdyra.

«Hun er den raadende over Husets økonomiske anliggender ifølge gammel Skik, der har hjemlet hende denne Rettighed; hun forvalter Familiens Ejendom, der hvor det væsentligste er Spørgsmaal om en viis Styrelse for at staa sig vel og lykkelig; thi ikke alene i Stuen, men i Kjøkken, Kjelder, Lade og Kreaturhuse er næsten alt lagt under hendes Styrelse, da Ingen staar i den Orden i Familien, at de kan gaa hende foran eller føre nogensomhelst Kontrol med og over hendes Styremaade.», skreiv K.L. Huus i boka “Om kvinden”, om situasjonen i ein fjord i Hordaland på 1860-talet.

Som vi ser, så vert det presisert at dette er etter gamal skikk.

Militære tok over Harnes

Etter krigen mot Sverige i 1657‒1660 hadde Danmark-Noreg enorm gjeld. Løysinga vart å selje mange av kongen sine eigedomar.

DEI MANGE KRIGANE

1563-1570: Sjuårskrigen.

1611-1613: Kalmarkrigen

1625-1629: Keiserkrigen.

1643-1645: Hannibalfeiden.

1657-1658, 1658-1660: Karl Gustavkrigene

1675-1679: Krigen i Skåne.

1711-1720: Store nordiske krig.

I Jordebok for Romsdal futedøme 1661 ser vi at kongen var heilt ute som eigar i Harnes.

Harnes

Lasse og Hans.

Eigarar:

Til Oberst von Houen 2 wogr.

Til Iacob Øffstedall 1 wog.

Bygsel: Velb. Obrist von Hoven

Harnes

Knut, Enchen og Jetmund.

Eigarar:

Til Obrist von Houen 2 wogr.

Til Halduor Kringstad 1/2 wog.

Til Gulich Setter 1/2 wog.

Mogens hussmand 1 ort.

Bygsel: Velb. Obrist von Hoven

Dei same brukarane ser vi óg i 1662.

Den nye hovudeigaren var altså oberst Reinhold von Hoven. Han kjøpte Harnes og ei lang rekkje andre gardar i Romsdal av Marselis (sjå kongekjøyte under).

Andre eigarar av Harnes i 1661 var Jacob Øffstedall (1 vog), Haldour Kringstad (1/2 vog) og Gulich Setter (1/2 vog).

Det er ytterlegare ein eigar, og det er interessant: Mogens husmand, som eig ein ort. Ein ort er rundt 1/18-del av ein våg, så eigarandelen var liten – berre rundt fire prosent av heile garden. Men likevel: Husmannen eigde ein del av garden.

Hallduor Kringstad var brukar på Kringstad ved Molde, ifølgje Bolsøyboka.

Her ser du kongeskøyte frå 03.08.1665, der Reinhold von Hoven tok over etter brørne Selius og Gabriel Marselis.. Harnes er nemnd på side 177, høgre side.

Enchen, i jordeboka for 1661 og martikkelen for 1662, er truleg Birgite Harnes, enke etter Hogne som vi såg i krøterskatten for 1657. Dette kjem vi også tilbake til seinare.

Same eigarar

På Haugen er Iacob Øffstedal også inne som eigar saman med obersten, og i lag med Alluff Bruuold og Knut Hornessis.

Knut Hornessis kan ha vore den same Knut som budde på Harnes. Han eigde i tilfelle ein del av nabogarden, noko som var relativt vanleg på den tida. Alluff var brukar på Brunvoll.

Felles eigarar kan vere noko som heng igjen frå tida då Harnes og Haugen var ein gard, utan at vi veit det.

Vi ser altså at dei eigde litt på kryss og tvers av gardane, medan dei sjølv kanskje var leiglending på eit anna bruk.

Jacob Bjørnson Øvstedal, som eigde ein del av Harnes, skal ha vorte  fødd i 1605 på Jakobsgarden i Øvstedal i Tresfjorden. Han eigde også i Brunvoll, så dette kan ha vore ein pakke med eigedomar som Øvstedal arva.

Under ser vi at også på dei to Harnes-bruka, altså Myra og Harnes-tundet, er det fleire eigarar inne i bildet.

Obersten frå Estland

Oberst Reinhold Von Hoven vart fødd i området Livland, som i dag ligg mellom Estland og Latvia. Han høyrde til i ei slekt i ridderskapet på Øsel i Estland. Etter tilråding fra den danske lensmannen Anders Billes, vart von Hoven høvedsmann på Arensborg slott. I 1647 var Hoven major i Skåne, men i desember 1649 kom han til Norge.[

Von Hoven var i 1658 med på å erobre tilbake Trondhjems len, som etter to år under svensk styre kom under dansk-norsk styre igjen.

Han er altså ein av dei som sørga for at perioden då Harøya låg under svenskane vart kort. Harøya var i to år delt mellom Sverige og Danmark/Noreg, ved at Myklebust var dansk/norsk, medan resten av øya var svensk territorium.

Klikk her er ei oversikt over gardane Von Hoven eigde i Romsdal.

Manntalet i 1664

Like før jul i 1664, 15. desember etter juliansk kalender, gjennomførte soknepresten i Aukra, Hans Olsen Brejer (prest 1654-1704), eit manntal i prestegjeldet.

Alderen ser ut til å ha vore runda av til næraste tiår på dei registrerte, bortsett frå eldstemann Lasse Alfsen.

Lasse Alfsen 66 år (fødd ca 1598). 1 våg, truleg i det som seinare vart garden Masstauå. Knekt: Mats Guttormsen, ca 30 år (fødd ca 1634).

Knut Olsen ca. 30 år (fødd ca 1634). 2 vågar, truleg i det som seinare vart garden Jære og Nystauå. Knut kan ha gifta seg med enka vi såg i 1662 – altså Birgite Harnes. Tenar: Hans Paulsen ca 20 år (fødd ca 1644).

Jetmund Arnesen ca. 50 år (fødd ca. 1614). 0,5 våg, truleg i det som seinare vart Bergan. Husmann: Mogens Andersen ca. 40 år (fødd ca 1624).

Stener Jetmunds ca. 20 år (fødd ca. 1644). 1 våg, truleg også i det som seinare vart Bergan.

Knut Knutson ca. 30 år (fødd ca. 1634). 1,5 våg, Myra. Tenar: Anders Jacobsen ca. 30 år (fødd ca. 1634).

I februar 1665 vart mennene på Harnes registrert på nytt i Fogdenes manntal. Her er nok alderen på alle runda av til næraste tiår.

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Lasse Alfsen (70 år) 1 våg.

Knut Olsen (30 år) 2 vågar

Knut Knutson (40 år) 1 1/2 våg.

Jettmund Arneson (50 år) og Steinar Jettmundson (20 år) 1 1/2 våg

Husmann Mogens, 40 år.

Mogens er truleg same mann som eigde 1 ort i Harnes i 1661. Her var faktisk husmannen eigar i garden, medan brukarane ikkje var det.

Rasmus vart ny brukar

Vi ser dei same brukarane heilt fram til 1669. I Jordebok for Romsdal frå 1669, ser at Rasmus har kome inn som ny brukar etter at Knut døydde.

Rasmus Olsen gifta seg med enka, Mareth, som det står meir om i kapittelet om Myra.

I tillegg er Lasse Ahlsen ute som brukar, og erstatta av Peder Uksnøy.

Vi ser at det var to Olsen som var brukarar på Harnes, Knut Olsen og Rasmus Olsen.

Dei kan ha vore sønene til Oluff Hognesen, som var brukar i alle fall på 1630-talet. Oluff kan ha gitt patronymet Olsen. Oluff kunne og vere den skriftlege varianten av Ola.

Oluff Hognesen var truleg sonen til forrige brukar Hogne, som kan ha vore brukar allereie på slutten av 1500-talet.

Jordeigar Birgite

Birgite Harnes var truleg gift med den Hogne vi såg var i krøterskatten frå 1657. I Jordebok for Romsdal frå 1661 er det nemleg ingen Hogne, men ser ut til å vere erstatta med Encken. Det same ser vi i martikkelen for 1662. Samstundes står Birgite Harnes som eigar av ein del av Røsok i jordeboka for 1661. Ho kan ha gifta seg opp att med ny brukar i 1664, Knut Olson.

Brit Hognesdotter vart på slutten av 1670-talet den andre kona til brukaren Erik på Røsok, og ho var altså dotter til Hogne og Birgite. Brit står seinare, i 1684, som eigar i Røsok: «Brite Harnæs i Røsock» står det i martikkelen frå 1684 (tolka av Robert Haugen).

Ein mogeleg son til Birgite og Hogne er også Anders Haagensen Myren, som står i ei liste over fattige husfolk frå 1681. Denne lista kjem vi tilbake til seinare.

Fuldkomen Jordebok 1669.

Hustad kyrkje inn på eigarsida

I 1670 skal det ha skjedd eit makeskifte mellom Hustad kyrkje og Lars Rypdal/Knut Sivertsen, slik at Hustad kyrkje fekk ein våg i Harnes og Brunvoll, medan dei to fekk ein del i garden Øvstedal som Hustad kyrkje eigde i.

Vi ser i seinare martiklar for Harnes at Hustad kyrkje er inne på eigarsida etter dette.

I 1673 finn vi desse brukarane på Harnes:

Peder Harnes

Knut Harnes

Rasmus Harnes

Jetmund Harnes

I stiftamtstueregnskapet for Trondheim stiftamt for 1676 finn vi ei oversikt over brukarane på Harnes.

Peder Oxeneøen 1 våg (Masstova)

Knut Olsen 2 våg (Gjerdet/Nystova)

Peder Andersen 1,5 våg (Bergan)

Lars 1,5 våg (Myra)

Obersten døyr

Oberst Reinhold von Hoven døydde på Vestnes gard 12. mai 1682. Han sat altså som eigar av Harnes i over 20 år. Dødsfallet bana veg for at Harnes kom under kontrollen til ein annan militærhelt.

Georg Christian von Schultz vart eigar på Harnes.

Georg Christian von Schultz vart fødd i Hochen i Tyskland i 1632. 25 år gamal verva han seg til den dansk-norske kongetenesta. Her skal han ha gjort ei strålande militær karriere med ei rekkje bragder for Danmark. I 1658 vart han utpeika til rittmester.

Frå omlag midten av 1500-tallet og heilt til 1814 var det ei stor innvandring av tyskarar hit til landet. Det var i stor grad ei innvandring av folk frå den tyske eliten, personar med evner og høg kompetanse. Dette spela ei viktig rolle i utviklinga av det norske samfunnet. Dei tyske innvandrarane var til dømes offiserer (som Schultz), kjøpmenn og legar.

Schultz gifta seg med dottera til Von Hoven på Vestnes. Ekteskapet vart nærast sett på som eit brurerov og mot sjølvaste obersten sitt ynskje. Obersten skal ha krevd at Schultz skulle arresterast, men dei kom seinare til semje.

Anna Sofia var 19 år og Schultz var 33.

Men Schultz gjorde suksess i det militære, og vart etterkvart godkjend av svigerfaren og kom på arvelista.

Slik vart Schultz truleg eigar av Harnes då von Hoven døydde i 1682. I 1684 ser vi at Harnes er lista opp under Schultz sine gardar i Romsdal.

Harnes er lista opp som gard nummer tre i lista over gardar i Sund otting som obersten eigde.

Brukarar på Harnes i 1687

I futerekneskapen for 1687 ser vi eigarane og brukarane på Harnes.

Oberst Schultz eigde 4,5 vågar i garden og hadde all bygselsretten – altså retten til å leige ut. Andre eigarar var Hustad kyrkje (1 våg) og arvingane etter Iver Andersen 1/2 våg.

Peder Jenss: 1 våg

Knut:  2 vågar

Lars: 1,5 våg

Peder Anders.: 1,5 våg

Vi ser dei same brukarane i legdsrullane for marinen frå 1687.

Schultz ba folk halde seg vekk

7. mai 1688 var Schultz med på tinget på Aukra, titulert i referatet som ikkje mindre enn “velbyrdige hr. krigsråd og oberste offiser i Det trondheemske regiment”.

Von Schultz kom på dette tinget med eit krav til amtmann Lillenscold “om at han måtte halde føre at ålmugen måtte halde seg frå hans gardar og eigedomar m.m. med ulovleg schatterie og andre formastelser, slikt som kobbeveiding, øyar og vilde gessis tilhold, deres reer at ruinere og forholde, under tiltale, straff og bøder.”

Igjen ser vi eit døme på at mellom anna sanking av egg var ein viktig verdi på denne tida.

Kjøleg periode

Kjelde: Masteroppgave, Institutt for geofag: “Østlandet og Vestlandet på 1600-, 1700- og 1900-tallet. Klimatologiske likheter og forskjeller.”, av Kari Lise Grønnæss.

Kari Lise Grønnæss dokumenterer i si masteroppgåve frå 2012 at temperatursvingningane i sentral-England stemmer godt med svingningane på Vestlandet.

Med det kan vi utfrå grafen over temperaturane i England sjå at slutten av 1600-talet truleg hadde låge temperaturar også på Romsdalskysten. Ho peikar på at 1650-1720 er rekna som den kaldaste perioden under det som vert kalla Den vesle istida.

Og igjen: Dette ga direkte konsekvenser for liva til gardbrukarane på Harnes, i form av vanskelege vekstforhald for korn.

Fekk dei i tillegg dette i kombinasjon med dårleg fiske, var nok vegen til svolt kort. Det kan vi lese meir om i ei skildring frå Harøya i 1681, som vi kjem tilbake til litt seinare.

“Figuren over viser at slutten av 1600-tallet var kaldere i Sentral-England enn i århundrene etter. Figur 8 viser hvordan gjennomsnittlig årstemperatur flere år mot slutten av 1600-tallet lå under 8,0 °C. På 1700-tallet fikk man ifølge figuren en ganske rask stigning i gjennomsnittlig årstemperatur mellom 1700 og 1740, før gjennomsnittlig årstemperatur igjen varierte mellom 8 og 10,5 °C etter 1740.(…) Særlig mot slutten av 1600-tallet ser man at flere av årene nærmet seg ned mot 2 °C kaldere enn standardperioden 1961-1990.(…) Overfører man dette til Norge virker det som at Norge i siste halvdel av 1600-tallet opplevde mange vintre med lave gjennomsnittlige vintertemperaturer.”, skriv Kari Lise Grønnæs.

Måtte tigge og svelte

Frå 1681 har vi ei hjarteskjærande skildring av husfolket som budde på Harnes og resten av øya. Informasjon vart henta inn i samband med den såkalla folkeskatten.

“Sandferdig Fortegnelse paa de Personer som vdj Ageroens Gield findis, og siunis at henhøre, till dend Naadigst paa budne Consumptions og folcke skatt att vdgiffueæforfatted udi huert Sogn, med flyd som følger 1681.”, skreiv Niels Andersen Ring.

Husfolk:

Arne Knutson Røsock med sin quinde begge arbeidsføre, ingen børn.

Jørgen ibid. med sin quinde og 3 vmyndige børn, lidet arbeidsfør, og bruger fiskerj.

Niels Morsund, med sin quinde skrøbelig aff tarmsig, ingen børn.

Peder Andersen Brun Vold, med sin quinde, arbeidsfør.

Iffuer Styrkersen ibid, med sin quinde, arbeidsføre, haver 2 vmyndige børn.

Ørja Røsock med sin quinde og 2 vmyndige børn, noget arbeidsfør.

Iffuer Ericksen Harnes, suag og skrøbelig, haffer quinde og 3 smaae nøgne børn.

Anders Haagensen Myren med sin quinde, begge Arbeidsføre.

“Alle disse Huusfolck j begge disse Capeller, hafver intet andet at nære sig med, end fiskerj, og naar det slaae feill, eller og storm og vuvær staae lenge paa, da maa de baade tigge og sulte.”

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Husmennene budde i familier, i eit liv der dei gjerne starta som tenarar og endte som fattiglemmar. Hadde dei jord, så var det gjerne den dårlegaste på garden, skriv Jan Eivind Myhre på Norgeshistorie.no.

Knut fekk bot for manglande skyss

I 1687 fekk Knut Harnes bot, truleg fordi han ikkje hadde gitt soldatar skyss slik kongen påla bøndene. Han fekk bota saman med tre menn frå Rakvågen.

“Knud Harnæs, Knud Steens. Rakevog, Knud Peders. Huusmand ibnd: sambt Knud Anders. Rakeuog, formedelst dee ey giorde Soldaterne Foerenschab forleden aar der udj hans Mats tienniste Var af ferdiget til Danmarck, er tilkiendt huer at bøde 2 mk Sølf, Er …. 4-.-.”

Edit

Her omtalen av bøtene mot Harnes-karane.

Ser vi på eigarar og brukarar i 1687, så ser vi at oberst Schultz eigde 4,5 våger i garden. Hustad kyrkje eigde ein våg og Iver Andersen sine arvingar eigde den siste, halve vågen

Brukarar:

Peder Jenssen: 1 våg (Masstova)

Knut: 2 våg (Gjerdet)

Lars: 1,5 våger (Myra)

Peder Andersen: 1,5 våger (Bergan)

Eit kart trykt i Paris i 1668.”de Roemdaelsche Schaeren” står det om ser ut til å vere øyane i Sandøy kommune og nordover.

Kom over ein bag på eit skjer

På tinget 23.11 1688 spurde futen lagrettmennene om det hadde kome inn båtvrak. Dei oppmøtte svarte at det kjende dei ikkje til.

Det skulle likevel vise seg at det var gjort funn, sjølv om det ikkje var snakk om eit heilt vrak. Tore Poffuelsen Huse, Olle Steffensen Huse, Tor Jacobsen Huse, Knut og Lars Harnes, Peder Harnes og Steffen Haugen gjorde kjend «at dei ein fjordungs veg uti havet, på eit skjer hadde funne ein Stølkbag av eit skip.»

Bagen skal ha vore halvanna famn lang, og skal ha hatt to «styrløkker» av jarn som til saman vog to pund.

Lars Harnes og Steffen Haugen fann og ei tønne tjere, som skal ha vore halvfull. Bergarane fekk ein tredel av verdien som finnarløn.

Dette illustrerar at sjølv små verdiar var viktige.

Harnes i 1690

Martikkelen  viser at i 1690 var det fem brukarar på Harnes og éin brukar på Haugen. På 1600-talet auka skattetrykket sterkt. For ein leilending, slik dei var på Harnes, så utgjorde skattane omtrent det doble av den årlege avgifta for å leige garden.

Her kan det sjå ut som Knut er i ferd med å gi seg som brukar, med berre ein halv våg igjen av dei to vi såg han hadde tidlegare. Truleg er det Jens Knutson som er i ferd med å ta over. Vi ser at han har 1,5 våger her, og får 2 våger eit par år seinare. Jens Knutson var son til Jon Anderssen og Kari Jensdatter Røsok, viser skiftet etter Kari i 1714 (Romsdal skifteekstrakter 1711–14: 1714, Sundtz Otting, 2. mai.). Dei har truleg Gjerde-delen av Harnes.

Peder Jenssøn 1 våg

Knut 0,5 våg

Jens Knutson 1,5 våg

Lars 1,5 våg

Peder Andersen 1,5 våg

Frå martikkelen for 1690 for Harnes og Haugen.

Brukarar i 1695

Desse dreiv bruka på Harnes i 1695, ifølgje martikkelen:

Peder 1 våg

Jens 2 våg

Lars 1 våg

Peder Knutson 1 våg

I 1697 vart sommartinget heldt på Harnes. Ti år tidlegare hadde Christian Vs Norske lov av 1687 bestemt at det skulle haldast på “bekvemme” stadar. Det skulle haldast eit vinterting i januar til mars, eit vår- eller sommarting i juni-juli og eit haustting i oktober-november.

Dette var då ting for Sund tinglag. Denne tingordninga eksisterte, med mindre endringar, heilt fram til 1927.

Futen og sorenskrivaren hadde ei sentral rolle på tinga. Futen i Romsdal var i 1697 Morten Schultz, medan sorenskrivaren var Fredrik Messel. Morten Schultz var son til eigaren på Harnes, Georg von Schultz.

Det er ingen tvil om at Schultz-familien var ein viktig maktfaktor i heile Romsdal på denne tida.

Futen i Romsdag, Morten Schultz.

Futen Morten Schultz døydde åtte år før faren, i 1707, og rakk med det aldri å ta over som gardeigar på Harnes.

Tinga

Tinga var årlege samlingspunkt i lokalsamfunna, og her er ei skilding av korleis dei gjekk føre seg:

«I tingstuen og på tunet var det mange mennesker samlet. De fleste skulde betale skatt, andre møtte for retten som part eller vidner, noen skulde ha sorenskriveren til å skrive et skjøte, en føderrådskontrakt (kontrakt om kår for tidlegare drivar av garden red. anm.) eller et annet dokument som måtte avfattes slik at man undgikk påføring av anmerkning, hvorfor der skulde erlegges særskilt betaling. Av den grunn måtte sorenskriveren medbringe distriktets panteregister på sine tingreiser.

Også folk som ikke hadde tingforretninger møtte frem ved sake-og skattetingene som var bygdemennenes store stevne, om ikke annet for å rådspørre øvrigheten i et juridisk anliggende eller av ren nysgjerrighet. Undertiden beæret også distriktets overøvrighet, amtmannen, tinget med sitt nærvær. (…)

Når dagens anstrengende arbeide var slutt i tingstuens forpestede luft, samledes øvrigheten, prokuratorene, lagretten, lensmannen og bygdens beste bønder i tingvertens stue til fest ved bugnende bord med etterfølgende punsjebolle og kortspill. Det var en av de få anledninger hvor den jevne mann møtte øvrigheten i festlig lag, utvilsomt til nytte for begge parter.» Frå “Våre sorenskrivere” av Arnet Olafsen

På tampen av hundreåret

Martikkelen for 1698 og for 1699 viser følgande brukarar på Harnes:

Peder: 1 våg

Jens: 2 våg

Lars: 1 våg

Peder Andersen: 1 våg

IIllustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

LES NESTE KAPITTEL: GLIMT FRÅ LIVET SOM FISKARBØNDER