Ei kvinne styrte på Harnes for eit halvt tusenår sidan

1500-1550

Forest Tryst, av Edmund Blair Leighton.

Dei første namna på menneske på Harnes finn vi i 1520. Ein av gardbrukarane var ei kvinne.

Kong Christian 2 av Danmark (konge for Danmark-Noreg 1513-1523) trong stadig pengar til krigar mot svenskane, og skreiv difor ut ekstraskattar. I 1520 krevde han inn ein skatt der gardbrukarane måtte betale 10 prosent av formua si til kongen. Vi veit at dette skapte opprør mellom anna på søre Sunnmøre, der 73,9 prosent av skatteytarane vart bøtelagte for ikkje å ha betalt skatten (side 17).

I oversikta over skattebetalarar i 1520 finn vi brukarane/eigarane på Harnes.

  • Bord pa Herness (Harnes) 6 lodd sølv og 6 lodd sølv for jordegods. og 1/2 råskjer.
  • Byrgitte cum pueris (cum pueris er latin og tyder: med barna) 6 lodd sølv og 1/2 p.r.

Tiendeskatten betalte dei av fast eigedom, og gjenstandar som til dømes gryter og kjeler. Langs kysten var nok båtar også ein del av formua.

Bord står i første lina, medan vi ser Byrgitte i fjerde lina.

Skatten viser at Harnes var delt i to, og dei betalte begge seks lodd sølv. Det var ti prosent av verdien av kvar av bruka.

Delinga av garden

Korleis Harnes var delt inn i 1520, er kanskje ikkje mogeleg å seie sikkert. Ser vi 125 år fram i tid, sat ein brukar på halvparten av garden i 1647 – Lasse Alfsen. Det var truleg den delen som seinare vart Gjerdet, Masstaua og  Nystaua.

Den andre halvparten var delt mellom to brukarar – den eine veit vi var Knud som sat på Myra-bruket. Kanskje var desse to bruka eitt i 1520.

Då kan vi ha hatt ein halvpart med utgangspunkt i det gamle Harnes-tunet (Gjerdet, Masstaua og Nystaua), og ein halvpart med utgangspunkt i Myra. Eller det kan vere at Myra ikkje var rydda på det tidspunktet, og at dei to brukarane budde saman i det gamle Harnes-tunet.

I dei to første tiåra på 1500-talet, var busetnaden på eit lavt nivå her i landet. Kanskje heilt nede på 150.000 innbyggjarar. 140 år seinare hadde talet auka til rundt 440.000, ifølgje Norges landbrukshistorie 2 (side 122). Denne utviklinga skal vi også sjå at skjer på Harnes, med auke i talet på brukarar og oppdeling av garden i fleire bruk.

Harnes-tunet først

I martiklane seinare er det slik at oversikta over gardane startar på Røsok, og så går vidare til Morsund, Brunvoll og Harnes. Og innad på Harnes ser brukarane på på det gamle Harnes-tunet oftast ut til å ha vorte ført opp før brukarane på Myra.

Altså ei naturleg rekkefølge geografisk utfrå kor gardane og bruka låg – dei vart ført i retning nord.

Vart dette gjort på same vis i 1520 (rekkefølga på gardane på Harøya er i alle fall ført i same rekkefølge som seinare), så kan vi kanskje lokalisere dei to brukarane på Harnes i 1520 nærare:

Bord kan ha rådd over den halvparten som var knytta til det gamle Harnes-tunet.

Byrgitte og sønene kan ha budd på Myra.

Ei slik inndeling i 1520 finst det vel og merke ingen sikker dokumentasjon på. Vi veit heller ikkje om Myra var etablert som eit eige bruk i 1520.

Helgen vart populært kvinnenamn

I skattelistene for 1520 finn vi namnet Birgitte både på Harnes, Rogne, Longva og Bud. Det var ikkje tilfeldig at Byrgitte på Harnes hadde fleire namnesøstre rundt seg.

7. oktober var Britemesse i den katolske kyrkja, til minne om den heilage Birgitta frå Vadstena i Sverige, som fekk helgenstatus på den dagen i 1391.

Altså berre rundt hundre år før Byrgitte på Harnes truleg vart fødd.

Heilage Birgitta, ein trefigur frå Torsby kyrkje i Bohuslän. Frå rundt år 1500. Foto: Nils H. Harnes

Utover i mellomalderen vart det stadig meir vanleg å kalle barna opp etter helgenar som var høgt rangert av kyrkja. Det avslørar at impulsane frå utlandet også kom til Harnes.

“Navneskikken viser i bunn og grunn at Norge i økende grad ble integrert i en felleseuropeisk kultur, der helgenvenerasjonen (Venerasjon=respekt) var en viktig religiøs og kulturell faktor.”, skriv Audun Dybdahl i boka “Tiendeskatten som kilde til folk og samfunn”.

Dybdahl meiner at foreldra kan ha tenkt at eit helgennamn ville gange barnet, men også at prestane kan ha kome med råd i samband med dåpen. Og som alltid: Mellomalderen hadde også namnmotar, sjølv om dei ikkje skifta like raskt som i dag.

Bård var ein formuande mann

Samanliknar vi med snittet av kva folk skatta i Romsdal og i andre områder, så ser vi at Bord på Harnes hadde ei stor formue.

– Bård på Harnes var formuande. Han betalte 6 lodd sølv for lausøyre og pengar og 6 lodd sølv jordegods, påpeikar professor Audun Dybdahl.

Han viser til at vi ikkje veit kor jordegodset, som Bord sat på, låg. Men elles ser vi seinare at jordegods folk på Harøya eigde, var i andre gardar på øya.

Vi skal seinare sjå at jorda Bord eigde kan vere den same jorda som vart selt eit par tiår seinare på Harnes, i 1544.

“Kring 1520 står vi ved ei oppgangstid. På landsbasis syner det seg at kyststroka nå står mye sterkare enn innlandet jamført med tilhøva før svartedauden. Det kan tyde på at pesten hadde fare mildare fram der, men det kan óg syne at oppgangstida var begynt tidlegare langs kysten.”, skriv Helge Sandøy, “Utviklinga i busetnad og næringsliv i Ytre Romsdal (Vågøy åtting) på 1500- og 1600-talet”.

Frakt fisk til Bergen

Tidleg på 1500-talet vart fisk betalt seks gongar betre enn ei tilsvarande mengde korn med same næringsinnhald. Utviklinga i prisane gjekk etter kvart nedover. Rundt år 1600 betalte ein det dobbelte i fisk når ein kjøpte korn, samanlikna med 1530.

Vi veit at fisk bøndene fiska, vart frakta til Bergen for sal med jekter. Ei jekt kunne frakte fisk for 30-40 fiskarbønder, som mellom anna vart selt til Hanseatar i Bergen. Vi veit at det var ein “Olluff po Harøe” som betalte skipsskatt i Bergen i 1563. Harøe kan også referere til Harøy på Bud, men det var ein Oluff på Røsok i 1549. Kanskje var dette mannen som frakta fisk til Bergen for bøndene på Harøya på midten av 1500-talet.

Kva med Haugen?

Haugen står ikkje saman med Harnes og dei andre gardane på Harøya i skattelista frå 1520. Men i boka “Tiendeskatten som kilde” trekkjer professor Audun Dybdahl fram ein person som han meiner kan ha vore brukar på Haugen då. Han er i tilfelle plassert på feil stad i skattelista, for dette namnet finn vi som siste namn under Ona.

Mannen heiter Anders Hegh.

“Hvis preposisjonen er avglemt, er vel dette (Haugen red. anm.) den mest sannsynlige identifiseringen”, meiner Dybdahl.

Ei sikker registrering av at Haugen var ein eigen gard allereie i 1520, er det ikkje.

Uår med barkebrød

Bord og Byrgitte hadde truleg betre forhald for dyrking av korn på Harnes enn både dei som kom før og etter dei. Likevel opplevde dei sikkert også uår.

18. mai 1521 skreiv Jørgen Hansen på Kongsgarden i Bergen til kong Kristian 18 om at det var uår i Nordlandene og at mange hadde drukna i vinterstormane. Folk åt bark for å overleve, og mange bukka under. 1527 til 1532 var prega av høge kornprisar i Bergen. 1527 til 1529 var i England prega av kalde somrar og dårlege avlingar. Om situasjonen var lik på Nordvestlandet, så fekk dei dobbelt opp: Eigne avlingar svikta og prisane for å kjøpe naudsynt korn var høge.

Likevel er denne tida vurdert som langt betre enn det som skulle kome i siste halvdel av 1500-talet.

Erkebiskop Olav Engelbrektssons jordebok frå ca 1533.

Reformasjonen ga eigarskift

Det tok nok ei god stund frå Martin Luther banka opp tesene sine på kyrkjedøra i Wittenberg i 1517, til Byrgitte og dei andre på Harnes fekk høyre om hendinga. Men 20 år seinare var reformasjonen over folket på Harnes. 30. oktober 1536 sendte kong Kristian 1 ut ei forordning der trusskiftet vart slått fast. Og i 1537 måtte erkebiskopen Olav Engelbrektsson innsjå at slaget var tapt. Fleire hundre år med katolisisme var over.

Men for folket på Harnes handla det ikkje berre om eit pålagt trusskifte – truleg skifte i alle fall halve garden også eigar.

Vi såg tidlegare at kyrkja kom inn som eigar av halve garden ein gong mellom 1432 og 1450. I Olav Engelbrektssons jordebok frå 1533 (sjå over) ser vi at kyrkja framleis sat som eigar på Harnes. Truleg eigde ho framleis halve garden, sidan leiga til kyrkja var den same i Aslak Bolts jordebok som i Olav Engelbrektssons jordebok hundre år seinare – 1 1/2. kyrlag.

I samband med reformasjonen, tok kongen over all eigedom som tidlegare hadde lege under erkebiskopen. Med det vart halve Harnes krongods. Vi ser seinare at på midten av 1600-talet eigde kongen all jord på Harnes, men på midten av 1620-talet var i alle fall ein del eigd av lokale bønder.

Fru Inger til Austrått

Sjølv om den katolske kyrkja forsvann ut, så hang ein del av systemet igjen. Dette gjeld mellom anna eigedomsstrukturen.  Fleire av klostera vart etter reformasjonen vidareført som eigne godssamlingar og vart len. Til skildnad frå dei vanlege lena som landet vart delt inn i, så var ikkje klosterlena eit geografisk samla område, men inneheldt gardspartar i ulike områder. Korleis forhalde var mellom klosterlena og dei vanlege lena, er noko uklart.

Agnes Mowinckel som Fru Inger i ein oppsetnad frå 1921 av Ibsen
sitt skodespel Fru Inger til Østeraad. FOTO: Anders Beer Wilse 

Fru Inger til Austrått, eller Inger Ottesdotter som ho heitte, vart gjort udøydeleg i eit skodespel av Henrik Ibsen. Men det er ikkje berre i verdslitteraturen vi møter ho.

Kvinna som er kalla “den sidste Repræsentant for Norges gamle Høiadel”, hadde også makt på Harnes. Det viser Jordebog over Reins Klosters Gods, frå ca 1550.

Ingerd Ottesdotter, som vart vald til forstandar for Reins kloster allereie før reformasjonen, sat då med klostret i forlening. Ho hadde ei mengde len frå krona, alle nordafjells, og mellom dei krona si leding av Romsdal. Det var ei rekkje rettsaker om retten til desse eigedomane før og etter reformasjonen.

Her står det i 1550: Hernes :g: xvj marc sz(mør), altså 16 mark smør. Under står Huse: Husze :g: /-j/ pd szmør. Her er Harnes oppført med 16 mark smør, det vil seie 1/2 romsdalsøre eller 2/3 øre forngild. Det svarar til 2/9 spann. Leidangen utgjorde med andre ord 2/27 av landskylda, altså under 7.5 prosent i skatt.

I 1555 drukna Ingerd Ottesdatter på fjorden i Syvde på Sunnmøre. Etter dette skal klosterlenet, inkludert Harnes, ha vorte ein del av dei ordinære lena.

LES NESTE KAPITTEL: SKATTETOPPEN ANNO 1520