Linja som delte Harøya i hundreår etter hundreår

Eit kart frå 1903. Her ser vi grensa (den stipla linja) deler både Harøya og Midøya (på kartet kalla Mien) Foto: Kartverket

Grensa mellom Romsdal og Sunnmøre gjekk tvers over Harøya fram til 1965. Historia bak ho er lang.

Mest kjend er grensa fordi ho i perioden 1658-1660 også var grense mellom Noreg og Sverige. Det var krig mellom Danmark/Norge og Sverige, og svenskane okkuperte i ein periode Trondheims len, som Harøya nord for Myklebust tilhøyrde. Med det var den nordlege delen av øya ein del av Sverige, medan Myklebust tilhøyrde Noreg.

Men kor mykje lenger attende kan vi med kjelder dokumentere at det har gått ei grense over øya?

I 1597 sette fogden Bernt Schrøder opp skattelistene for gardbrukarane på Harøya. På rekkje og rad står dei oppført: Nils på Røsok, Pål i Morsundet, Knut på Brunvoll, Knut på Huse, Hogne på Harnes, Oluf på Harnes og Jon på (Harnes)Haugen. Alle definert som romsdalingar og ført opp under Sund åtting, som dekte det som seinare vart Sandøy kommune, Aukra, Midsund og deler av Fræna.

Her ser vi skatteytarar på gardane på Harøya i 1597. Faksimile

Som vi ser: Bøndene på Myklebust er ikkje ført opp under Romsdal – dei er ein del av skattelista for Sunnmøre. Vi kan difor slå fast at grensa delte øya også på tampen av 1500-talet.

Så må vi gjere eit lite hopp for å finne neste kjelde, nemleg til 1520 og Tiendeskatten. Då møter vi andre skattytarar på Harøya: Baard på Harnes, Birgitte (og barna) på Harnes, Torkel på Brunvoll, Oluff på Brunvoll, Knut Størkorsen, Oluff Størkorsen (dei to siste kan ha budd på Røsok), Keel på Røsok og Halsten på Røsok. Alle desse er ført opp under Swndz ottingh – altså Sund åtting (som inkluderte Harøya).

Også der finn vi Myklebust under Sunnmøre, med Oluff og Berdor som skatteytarar. Så grensa gjekk altså over øya også i 1520.

Historisk skodde

Når vi så tek steget vidare inn i mellomalderen, vert kjeldene færre

På 1430-talet, 90 år etter svartedauden, laga erkebiskop Aslak Bolt ei oversikt over gardane den katolske kyrkja eigde. Ingen av gardane på Harøya var i utgangspunktet med, men ein gong mellom 1430 og 1450 sikra kyrkja seg halve Harnes, som då vart ført inn i boka. Andre gardar frå Harøya var det dessverre ikkje i jordeboka, slik at vi ikkje sikkert kan slå fast at Myklebust tilhøyrte Sunnmøre ut frå denne kjelden – neste gard som er nemt sørover er Fjørtoft.

Den same grensa skar også over ei anna øy – nemleg Midøya (under namnet Mien på kartet øverst i artikkelen). Der gjekk grensa mellom gardane Gangstad (Sunnmøre) og Bjørnerem (Romsdal). Men heller ikkje der er dei aktuelle gardane nemnt – dei var altså ikkje eigd av kyrkja. Difor får vi heller ikkje hjelp frå denne delinga til å sannsynleggjere at grensa gjekk på same stad som i 1520.  

Men kva med gardar på fastlandet? Gjekk grensa mellom Sunnmøre og Romsdal på same staden der?

Nærast opp til Sunnmøre på fastlandssida ligg garden Rekdal. Og i Aslak Bolts jordebok er garden ført opp under Vestnes otting – altså Romsdal. På andre sida av grensa ligg Vestre rimeleg nært – han er ført opp under Ørskog kirkesokn i Aslak Bolts jordebok, altså på Sunnmøre. Ut frå Tiendeskatten i 1520 ser vi at garden Eik, som seinare har tilhøyrt Sunnmøre, var ein del av Romsdal. Så der vart det gjort ei mindre justering etter mellomalderen.

Historia Norvegie

Ein gong mellom rundt 1150 og 1235 skreiv ein ukjent, geisteleg forfattar boka Historia Norvegie – ein latinsk krønike om norsk geografi og historie.

I skildringa av den delen av Noreg som forfattaren kallar sjølandet/kystlandet (heile kyststripa frå Viken til og med Nord-Noreg) dukkar det opp interessant informasjon om lagtinga:

«Det andre er Gulatingslag og skyt seg fram til den øya som heiter Midja», står det i boka.

Foto: National Records of Scotland, Edinburgh

Øya Midja er identifisert som Midøya, vert det påpeikt i ein kommentar i teksten. Grensa mellom Gulatingslag og Frostatingslag gjekk altså der – og var også skiljet mellom Sunnmøre og Romsdal. Altså på same stad som grensa gjekk inntil ho vart endra rundt 800 år seinare – i 1965 då Myklebust vart ein del av Sandøy kommune og heile Midøya vart ein del av Otrøy kommune.

Det at grensa låg likt på Midøya treng sjølvsagt ikkje å bety at ho låg likt på Harøya, men vi har i alle fall ikkje opplysningar om at ho ikkje gjorde det. I boka I balansepunktet – Sunnmøres eldste historie, vert det peika på at namnet Midøy betyr «noko som ligg i midten» – og spekulerar på om sjølve namnet på øya kan kome frå det faktum at ho var delt av ei grense. Og at grensa difor kan være særs gamal.

Altså: Vi kan truleg dra Harøya-grensa si historie minst tilbake til 1100-talet, for det står ingenting i teksten om at dette er ei ny grense.

Skipreider

Når det er få heilt klare lokale kjelder tidleg i mellomalderen, må vi bruke andre vegar for kanskje i det minste å kunne sannsynleggjere om grensa gjekk over Harøya også før 1100-1200-talet.

Frå 1. februar 1277 har vi testamentet til kong Magnus – i ettertid kjend som Magnus Lagabøte fordi han leia det mest omfattande lovgjevingsarbeidet noko regjering har gjennomført i Noreg. Dei gamle landskapslovene vart samanfatta i Landslova, som skulle gjelde for heile landet.

Landslova. Foto: Nasjonalbiblioteket.

I testamentet skjenkar Magnus tre mark i «gangbar mynt» til dei fattige i kvar skipreide til å kjøpe korn og kjøt for.

Dette dokumentet avslørar altså at landet var delt inn i det som vart kalla skipreide, og ei opplisting viser at Raumsdølafylke (altså Romsdal) var delt inn i åtte delar. I Romsdal vart inndelinga kalla åttingar.

Eit av desse områda som er identifisert er Sund – som vi al,tså kjenner frå til dømes Tiendeskatten 1520 som Sund åtting. Dette var området som seinare vart Aukra og Sandøy, skreiv historikar Halfdan Koht i si bok «Militær og finansforfatning i Norge i eldre tid».

Skipreide-ordninga vart skipa av Håkon den gode i år 955, eller litt seinare. Ei skipreide (eller åtting i Romsdal) var sett saman av frie menn (bønder), som skulle byggja, ruste ut, halda ved like og utstyra eit skip med menn for to eller tre månader.

Etter slutten av 1200-talet vart denne inndelinga berre brukt til skatteformål – altså som geografisk inndeling av landet i ein slik samanheng.

Mykje kan i alle fall tyde på at inndelinga av fylket i desse skipreidene/åttingane var relativt stabil tilbake til ein gong på midten av 900-talet.

Og om vi då tek utgangspunkt i det og at grensa gjekk over Harøya allereie då, har vi framleis eit mysterium att: Kvifor vart grensa lagt tvers over Harøya (og Midøya), og ikkje til dømes mellom Harøya og Fjørtofta då grensa vart etablert? Det veit vi ikkje sikkert.

Kan det ha samanheng med ei endå eldre inndeling, der garden Myklebust til dømes kan ha høyrt til eit anna høvdingedøme enn resten av øya? I ein slik situasjon kan garden Myklebust ha vorte med resten av gardane då meir administrative grenser for Sunnmøre/Romsdal vart etablert. Dette vert sjølvsagt berre spekulasjonar, siden vi ikkje har kjelder som viser noko slikt.