Då mektige slekter kom inn på Harøya

Eldre bilete av Røsåk og faksimile av Synnes-tavla.

Fleire nye familiar busette seg på Harøya frå midten av 1500-talet. Knut på Røsåk og Johannes på Huse hadde ein spesiell bakgrunn.

I seg sjølv var det ikkje uvanleg at nye folk kom inn på gardane. Leiglendingane, altså gardbrukarar som leigde gardane av jordeigarane, vart skifta ut med ujamne mellomrom.

Desse nye andleta kom derimot frå mektige slekter, og etterkomarane skulle prege nesten alle gardane på øya.

Gardane var sentrum

Først skal vi gje eit bilete av øysamfunnet rundt år 1550. Då var det truleg fem gardar på Harøya:

Myklebust, Røsåk, Brunvoll, Huse og Harnes.

Morsund og (Harnes)Haugen dukka først opp i skriftlege kjelder nokre tiår seinare.

Gardane der det budde folk i 1550. Den raude streken mellom Røsåk og Myklebust er grensa mellom Romsdal og Sunnmøre.

Det fanst ikkje sentrumsområde utanom gardstuna – Steinshamna vaks til dømes fram først 300 år seinare.

Innbyggjarane på øya, truleg alle, budde på dei fem gardane.

Gardane hadde berre eit par familiar kvar, så dette var før dei meir typiske klyngetuna vaks fram utover 1600-talet. Då var det ofte 4-5 familiar eller meir på kvar gard.

Kanskje var dette ein mellomfase – truleg var det klyngetun med fleire enn to familiar på kvar gard også før svartedauden.

Utanom gardane og nausta var det lite anna enn haugar og brune myrar på øya i 1550, berre avbrote av stiar og truleg eit kapell.

Få innbyggjarar

Ser vi på dei som stod i skattelista 30 år tidlegare, i 1520, så får vi eit inntrykk av folkemengda. Dette er også første gongen vi får vite namn på personar som budde på Harøya. Desse skatta i 1520:

Harnes:

  • Bård (skrive Bord)
  • Birgitte (og borna) (skrive Byrgitte)

Brunvoll:

  • Torkjell (skrive Torkel)
  • Oluf

Røsåk:

  • Hallstein (skrive Halsten)
  • Kjell (skrive Keel)

Ukjend gard eller Røsåk:

(uklart om dei budde på Røsåk eller ein annan stad ut frå skattelista).

  • Oluf Størkorsen
  • Knut Størkorsen (skrive Knwd)

Myklebust:

  • Oluf
  • Berdor (variant av namnet Bergtor. Han er ført som husmann i skattelista, men meir truleg ein “pensjonert” gardbrukar)

Altså skatta 10 personar på øya i 1520, og dei representerte truleg ein familie kvar.

Om vi reknar med eit snitt på 4,5 personar per hushald, kan eit anslag vere at det budde rundt 45 personar på Harøya i 1520.

Her vil sjølvsagt lokale variasjonar med enkelte større familiar slå ut på totaltalet, så vi må ha eit godt slingringsmonn både opp og ned når det gjeld folketalet.

Med ein gard til, Huse, hadde nok folkemengda auka ytterlegare rundt 1550.

Nokre tiår seinare, i ei liste over kyrkjer frå 1589, ser vi at det då var 10 bønder som tilhøyrde kapellet på Harøya.

Dette talet er utan Myklebust, som låg under Haram kyrkje. Om vi legg til Myklebust, som hadde to bønder i 1586, så er vi oppe i 12 bønder på øya på 1580-talet.

Faksimile frå Trondhjems reformats 1589. Her står det “Bønder 10” under “Haredt” kapell, som altså er Harøy.

Men det budde altså uansett berre nokre få, titals menneske på øya – busetnaden var framleis prega av nedgangen etter svartedauden 200 år tidlegare.

Dette var kystsamfunnet dei nye gardbrukarane Johannes og Knut kom til.

Johannes på Huse

Johannes Olufson vart leiglending på garden Huse på 1500-talet, men vi veit ikkje nøyaktig når. Det kan ha skjedd i samband med at garden vart seld frå Torkjell på Harnes til den rike, danske riksråden Truid Ulfstand 14. august 1544.

Då vart Huse ein del av Giskegodset.

Eit dokument frå rundt 1550 viser i alle fall at ein leiglending dreiv garden på den tida – Johannes kan altså ha vore der allereie då.

Faksimile frå Jordebok over Reinskloster, 1550 (to sider frå boka er her montert saman). Vi ser Hernes (Harnes) som gard nummer 4 frå toppen av lista. Under Harnes står Huzse (Huse), Ruszacher (Røsåk) og Bruneuold (Brunvoll).

Johan Huse er ført opp som leiglending på Huse-garden i lista over gardane i Giskegodset frå 1586. Det tyder på at han kom inn som leiglending ein gong mellom 1544 og 1586.

Han står ikkje under Huse i skattelista for 1597 eller seinare – kanskje var han då død.

Knut på Røsåk

På Røsåk vart Knut Olufson leiglending i siste halvdel av 1500-talet og truleg inn på 1600-talet. Knut var son til Oluf Olufson på Godøy, som var bror til Johannes på Huse. 

Johannes på Huse var med andre ord onkelen til Knut på Røsåk.

Om Knut var yngre enn onkelen, kan han ha kome inn som leiglending noko seinare. I inntektsrekneskapen for Steinsvikholms len frå 1548/49, som dekkjer Romsdal, er berre ein Oluf oppført som leiglending under Røsåk.

Eit sidespor: Oluf på Røsåk var jekteeigar?

Denne Oluf var nok den same som lagrettsmannen Oluf Halsteinson nemnd i 1539 – og truleg son til Halstein som vi over såg dreiv Røsåk i 1520.

Nemleg den som viser at “Olluff po Harøe” betalte skipsskatt i Bergen i 1563 – dette var nok jektefart. Harøe kan rett nok også referere til Harøy ved Bud, men der er det ikkje kjende brukarar før i 1597-skatten.

Illustrasjon: Gemini

I oversikta over Giskegodset frå 1586 er Knut ført opp som brukar på Røsåk. Han er også omtala som “Knud Olluffs paa Røssaager” i eit brev frå 1584.

Brevet viser at han var lagrettemann då, saman med mellom andre Oluf på Sandøya.

Sidan Knut var lagrettemann, hadde han truleg budd på Røsåk ei rid allereie i 1584. Det å vere lagrettemann var nemleg eit heidersteikn i bygdesamfunnet. Kanskje ville han ikkje fått den rolla som heilt nyinnflytta til Romsdal?

Knut Olufsson er truleg også den same som er ført opp som Knut under Røsåk i skattelista for 1603.

Knut og Johannes tilhøyrde ei av dei mest markante slektene på Sunnmøre i mellomalderen: Synnesslekta.

Godset vaks fram

Åtti år etter svartedauden, 7. februar 1429, kjøpte Jon Bårdsen ein del av garden Synnes på Vigra, viser eit gamalt diplom.

Dette er første gongen vi høyrer om det som seinare vart kjent som Synnesgodset, som gjorde familien til ein del av det historikar Bjørn Jonson Dale kalla ein bondeadel i mellomalderen. 

“Medlemmane av desse ættene hadde oftare enn andre dei høgaste omboda i bygdesamfunnet, som lensmenn og lagrettesmenn, og kunne også ha endå viktigare ombod i tillegg. Somme nådde endåtil opp i den rettelege embetsstanden. Bondeadelen ser elles ut til å ha hatt hand om strategisk viktige stillingar i handelslivet, særleg som jekteeigarar”, skriv Dale i bokaI balansepunktet – Sunnmøres eldste historie.

Jon Bårdsen sat truleg allereie på 1400-talet på ei stor mengde jordegods. Eit par hundre år seinare omfatta Synnesgodset 50 gardar av middels storleik

Synnes-tavla

Årsaka til at vi kan knyte Johannes på Huse og Knut på Røsåk til denne familien, er ei slektstavle som vart laga ein gong på 1580-talet – nemleg Synnestavla. Tavla vart laga for bruk som eit juridisk dokument, og difor truleg nøye nedskriven.

Tavla vart skriven av presten i Ørskog, Lauridtz Knudsson, og oppdatert av Povl Helgeson i 1616 – han var lagmann i Bergen og Gulating og gift inn i Synnes-slekta.

Synnes-tavla, sjå heile dokumentet her. FOTO: Universitetsbiblioteket i Trondheim

I slektstavla står namna Johannes Huse og Knut Røsåk – altså gardbrukarar på Harøya. Desse var direkte etterkomarar av Jon Bårdsen på Synnes, ifølgje slektstavla.

Ein litt fjernare slektning av dei i Synnes-slekta, Saxe Olufsson, eigde fram til 1592 ein del av garden Fjørtoft.

Men kvifor hamna desse to representantane frå Synnesslekta på same øya?

Sannsynlegvis spelte Giskegodset ei rolle, sidan Synnesslekta hadde ein naturleg relasjon til godset. Begge var store jordegods, og dei heldt til på naboøyane Vigra og Giske.

I Gørvel Fadersdatters rekneskap over Giske og Giskegodset frå 1563 ser vi at både Huse og Røsåk tilhøyrde godset. Det er mogeleg at to frå bondeadel-slekta Synnes fekk sjansen til å drive gard på Harøya på grunn av relasjonen til Giskegodset.

Slekta kan også ha hatt ein rett til å ta over gardar som vart ledige. Eller kanskje det var meir tilfeldig at begge enda opp på øya – det kan vi ikkje vite sikkert.

Synnes-greina på Harnes

Historia om Synnes-slekta på Harøya stoppar ikkje med Johannes og Knut.

Johannes fekk minst to søner. Den eine, Steffen, er nemnd i eit dokument knytt til Synnes-tavla, men eg har ikkje funne han att seinare på øya eller andre stadar.

Den andre sonen, Hogne, er ført opp som leiglending på Harnes i skattelista i 1597. Han er også nemnd som Hogne Johannesson på Harnes i Synnes-tavla.

I ei odelsjordebok frå rundt 1615 er Hogne, saman med Semund Huse, ført opp som eigarar av ein del av Huse. Dette kan skuldast fleire forhald. Giskegodset kan ha kjøpt berre ein del av Huse i 1544 eller så er ein del kjøpt ut av Giskegodset ein gong mellom 1586 og 1615.

I leiglendingsskatten for 1626 er Hogne borte, og ei enkje er registrert på Harnes – truleg enkja etter Hogne.

Skrive for vel 400 år sidan: “At Houffnne Johannsønn paa Hardnes i Rumsdallen tager itt halfft pund fisck aff Anbiørnn Synnes aff de tre Mellagh.Och sigis at Knud Rødsock igiennløst – 2,5 mellag aff Tommes Jonnsønn (Dog Castenn Siger thz godtz at vere kommen paa hanns Part”. Tolking frå boka I balansepunktet.

Hogne fekk fleire etterkomarar. På 1630-talet finn vi ein Olluff Hogneson i skattelistene under Harnes. Han var truleg kalla opp etter oldefaren Oluf Torsteinson Synnes. Vi finn også ein Hans Hogneson i skatteliste i 1634.

Sporet i Ramsvika

I 1624 betalte “Hoegenn Johansenn Hoernes” odelsskatt, viser ei skatteliste for det året. Årsaka var at han eigde i garden Ramsvik på Midøya, i tillegg til at han var leiglending på Harnes.

I same lista står det ikkje noko om at Hogne framleis hadde eigarskap i Huse – truleg var han ute som eigar der.

Her ser vi at Hogne Johannesson står som eigar i Ramsvik.

Om vi sjekkar eigarane av Ramsvik nærare 40 år seinare, i Jordebok for Romsdal i 1661, finn vi fleire etterkomarar etter Hogne Johannesson som hadde arva odel i Ramsvik.

Her ser vi at ei dotter var gift med Christen Echrem (dette er truleg Kristoffer Trulsen Eikrem, Aukra, fødd rundt 1609) og ei anna, Eli Hognesdottter, var gift med Knut Frostad på Vestnes. Vi ser skiftet etter Eli i 1684.

Eigarlista gir oss også namna på barnabarna Ellj Hansdotter og Hoene Sanøen (Hogne Sandøy). Eigardelane stemmer også med at døtre arva halvparten av sønene. Hogne på Sandøya var truleg gift med Birgite Harnes, som eigde ein del av Røsok. Dei fekk dottera Brit Hognesdotter.

Rundt 1679 gifta Brit Hognesdotter seg med Eirik Rasmussen (fødd Myklebust), ein av drivarane på Røsåk. Han var barnebarnet til Stor-Rasmus på Myklebust. Slik vart Synnes-ætta og ætta etter Stor-Rasmus fletta saman.

Vi ser fleire døme på at etterkomarar av solide slekter gifta seg med kvarandre.

I 1684 er Brit ført opp som eigar i Røsåk: “Brite Harnæs i Røsock” står det i matrikkelen frå 1684 (tolka av Robert Haugen). Eigarandelen i Røsåk arva ho altså frå mora Birgite Harnes.
Hogne-namnet vart også vidareført til ein av sønene til Brit og Eirik, og mange på Harøya er etterkomarar av desse.

Synnes-greina på Røsok og Brunvoll

I skattelista for 1603 er både ein Knut og ein Anders oppført under Røsåk. Ifølgje Synnestavla hadde Knut ein son som heitte Anders, så det er mogleg at Anders allereie i 1603 var drivar på Røsok.

Anders dukkar også opp i eit diplom frå 1620, i samband med salet av ein del av garden Synnes. Der står det at han handla på vegne av brørne sine – han var altså ein av fleire sonar Knut hadde.

Anders fekk sonen Jon Andersson, som vart ein av gardbrukarane på Brunvoll.

I 1624 står Jon som eigar i Harnes, garden som syskjenbarnet til farfaren dreiv ein del av – altså Hogne.

I Jordebok for Romsdal i 1661 ser vi at Jon Brunvoll også eigde ein del av Huse, som arvingane var i ferd med å overta i 1661. Om dette er same delen som slektningen Hogne sat på i 1615, har eg ikkje klart å finne ut.

Jon på Brunvoll fekk tre søner: Jon, som vart gardbrukar på Gjelsten i Vestnes og forfar til mellom andre finansmannen Bjørn Rune Gjelsten, Johannes som var gardbrukar på Orta, og Knut som tok over på Røsåk. Alle desse er omtalt i skiftet etter Jon på Gjelsten frå 1710.

Sjølv om det er mange etterkomarar av Synnesslekta frå Huse og Røsåk, forvitra statusen deira som bondeadel allereie på 1600-talet. Etter 1620 kan ein ikkje lenger snakke om eit Synnesgods.

Historikar Bjørn Jonson Dale skildrar utviklinga utover 1600-talet slik:

“Det store fleirtalet av Jon Bårdson sine ætlingar var og blei i bondestand, ikkje lenger som dei fremste mellom likemenn, eller likare, men som vanlege gardbrukarar og leiglendingar. Også på 1600-og 1700-talet fanst det rike og høgvyrde bønder på Sunnmøre – ofte med røtter i bondeadelen – men statusen deira i samtida skreiv seg frå andre omstende enn ætteopphav og ættesamband. Rikdom i seg sjølv ser ut til å ha blitt meir utslagsgivande for statusen”.

Rasmus Ingebriktson på Myklebust

På 1610-/1620-talet kom Rasmus Ingebriktson inn som leiglending på Myklebust på Harøya, som også var ein del av Giskegodset.

I tillegg til å vere leiglending, hadde Rasmus eit omfattande jordegods andre stadar.

Historikar Bjørn Jonson Dale skriv at Rasmus eigde 3/4 av den store garden Lid i Ørskog (over 11 mellag av totalt 15 mellag), der han truleg kom frå.

Dette er ei skatteliste frå 1623/24. Det er første gongen det står Rasmus Engelbrektsen. Det er ein Rasmus på garden frå 1611, men kanskje markerar patronymet Engelbrektsson at ein ny Rasmus kom inn? Vi ser at det er gjort slik i andre lister. Andre meiner han kom inn allereie 10 år før dette.

Faren til Rasmus meiner mange slektsforskarar var Ingebrigt Jetmundsson Lid, fødd rundt 1550. Garden hadde 4 brukarar – 3 av dei var Rasmus sine leiglendingar. I tillegg eigde han i gardane Hagen, Sætre og Mork i Ørsta (6 av 37 mellag), der han truleg har hatt odelsrett til alt.

Noko av denne eigedomsmassa selde etterkomarar på Harnesmyra i 1755.

Kort sagt: Han var ein formuande mann, som slo seg ned på ein gard på Harøya. Rasmus er den av innflyttarane som vart mest kjend i ettertida, under namnet Stor-Rasmus.

Han vart ein av dei mest markante bondeopprørane i landet, og enda truleg sine dagar med livstidsstraff på Akershus festning.

Sonen, Rasmus Rasmusson, dreiv garden Myklebust vidare.

På Myra på Harnes kom dotter til Stor-Rasmus, Marthe, inn då ho gifta seg med Knut Knutson på Myra ein gong på 1650-talet. Ho gifta seg seinare opp igjen med Rasmus i ca 1669 og så med Lars Halvorsson rundt 1675. Marthe døydde i 1680, kanskje i barsel sidan den yngste sonen, Morten, vart fødd det året. Det var vanleg å kalle barnet opp etter mora om mora døydde i barsel.

Lars Halvorson sine etterkomarar dreiv Myragarden heilt fram til slutten av 1880-talet.

Nils Ravn på Uksnøya

Under eigedomsdelen av skattelista for 1603 står det eit spesielt namn under naboøya til Harøya, nemleg Uksnøya: Niels Raffne pa Oxøe.

Han skil seg ut ved at det vart brukt eit etternamn på han og ikkje eit patronym (altså Olsen, Pedersen etc).

Dette kan tyde på at han har tilhøyrt ei slekt i høgare samfunnslag. Raffne tilsvarar Ravn, eit etternamn som fleire slekter frå Danmark brukte.

Allereie i oversikta over leiglendingar under Giskegodset i 1586 er det ein Nils på Uksnøya. Om dette er den same Nils som står i skattelista i 1603 veit vi ikkje sikkert.

Det har vore spekulert mykje om kor denne Nils Raffne på Uksnøya kom frå. Mellom anna om han kan ha hatt bakgrunn som handelsborgar i Trondheim eller Bergen – utan at det er nokon sikker dokumentasjon på dette.

Her ser vi Niels Raffne i skattelista for 1603.

Vi veit at han budde der i 1603 og eigde jordegods: 2 mellag – altså eigde han i ein gard. Truleg var dette ein mindre del av ein gard.

Til samanlikning var Uksnøya rekna til 4 våger fisk, som tilsvarar 16 mellag – altså eigde han jord tilsvarande ein åttandedel av Uksnøya.

Sidan Uksnøya var Giskegods, så var nok jordegodset han eigde ein annan stad. Vi veit heller ikkje sikkert om han faktisk var brukar på Uksnøya, eller berre budde der.

To av borna, Jens og Iver, skal ha delt garden Uksnøya mellom seg etter han. Det kan tyde på at han var brukar der.

Attraktivt fiske

Fisket er nok ei årsak til at det kom inn folk med velståande bakgrunn på gardane på Harøya og Uksnøya.

Allereie etter svartedauden på slutten av 1340-talet starta ei utvikling der busetnaden trekte vekk frå fjordane, sidan dei gjenlevande etter pesten kunne velje dei attraktive, gode gardane ute ved kysten, slår forfattarane av “Fangstmenn, fiskerbønder og værfolk” (band 1, side 309) fast.

Det var kystområda som hadde færrast øydegardar. Og fisket gjorde desse gardane ekstra attraktive.

Mellom anna vart tønnesalta torsk ei viktig eksportvare frå andre halvdelen av 1500-talet. I 1559 vart det levert 72 tønner med fransk salt til fiskeværet Bud.

Dette resulterte i 1.467 våger saltfisk, som mellom anna vart eksportert til England. Eksporten frå Bergen var på topp i perioden 1620 til 1660.

Tørrfiskproduksjonen gir også eit interessant innblikk, her tal frå Prestens manntal 1664. Dei viser våger tørrfisk per brukar som dreiv fiske:

  • Aukra sogn (inkluderte heile tidlegare Sandøy kommune): 9,0
  • Sandøya/Harøya: 14,0
  • Ytre Fræna/Våge: 5,0
  • Ona: 18,0
  • Bjørnsund: 9,0
  • Bud vær: 15,0
  • Hustad sogn: 18,0

Kort veg til fiske var noko av det som lokka folk med velståande bakgrunn til å verte leiglendingar på øyane.

“Fiskeriets betydning uden for den decideret kommercielle sektor fremgår af indtægterne for ærkesædet i Nidaros (Trondheim), som viser, at en tredjedel af al indtægt kom fra kystdistrikterne.
Det gode fiskeri tiltrak også mange udlændinge, så Nordnorge i slutningen af 1500-tallet fik tilskud af tyske, danske, hollandske og skotske indvandrere”, skriv den danske historikaren Poul Holm.

Listen to this article:
0:00
0:00