Det siste bildet av to kameratar: «Vi kan godt skyne den sinnsstemninga faren måtte vere i»

Harald Olsen Harnes (til venstre) og kameraten Gunnar Pedersen Steinshamn.

Dette bildet følgde min bestefar, Harald Harnes, heile livet. Det vart ramma inn og hengt opp på veggen. Historia bak er dramatisk.

Harald vart fødd i 1893 på garden (Harnes)Gjerdet, og Gunnar i 1894 på husmannsplassen Utgard/Utaigar’n på Steinshamna på Harøya.

Bestemødrene deira, Ragnhild Harnes (1822-1912) og Karen Steinshamn (1828-1911), var systre frå Sandøya. Dei var døtre av Ole Einarsson og Malene Nilsdotter, på garden Vollen.

Harald og Gunnar var altså tremenningar.

I folketeljinga for 1910 var Gunnar allereie ført opp med fiskar som yrke – 15 år gamal. Han vart konfirmert året før. Harald var i 1910 ført opp som jordbruksarbeidar – i 1920 var også han også registrert som fiskar.

Fiskebåten Hugin som Gunnar arbeidde på. Foto: Ukjent

Gunnar var i 1917 bestmann (nestkommanderande) på damfiskeskipet «Hugin», og hadde ført skipet fleire gongar når skipperen var fråverande. Gunnar vart skildra som ein uvanleg gløgg, påliteleg og dyktig sjømann.

Rett før jula 1917, 15. desember, skjedde det som brann seg fast i minnet til Harald.

Iskaldt vatn

Gunnar og faren Peder Karolius sigla ut med hyseline i ein færing den morgonen, ut mot Sandøysøyla. Verdata frå Ona fyr viser at snittemperaturen var 2,5 grader det døgnet – altså rimeleg kjøleg. Dei skulle fiske til jul.

Sandøysøyla ligg nord for Harøya og vest for Ona. Kart: Statens kartverk

Sjølve julefisket verkar å ha gått etter planen – det var på heimveg marerittet starta. Vinden skal ha vore laber nordvest bris – med frisk vind i elingane, skreiv Paul I. Huse i “Fiskaresoga for Sunnmøre og Romsdal», i 1932 – altså 15 år etter.

«Om ettermiddagen då dei siglde heim kollsiglde dei, men båe to kom seg på kolvet. Dei fekk etter mykje strev båten på rett kjøl att, og Peder kom seg op i båten. Båten som no var full av sjø tolde ikkje at Gunder (Gunnar) kom op i han», skildrar Huse.

Difor måtte Gunnar halde seg fast i bakstamnen i det iskalde vatnet, og han skal på den måten ha drive med båten.

Ifølgje Sunnmørsposten skal Gunnar ha klart å halde seg fast i 2 timar før han forsvann – det verkar lenge den iskalde desembersjøen. Avisa skriv ikkje kva som kjelden til den opplysninga, men det står at faren då framleis var så medteken at han ikkje klarte å fortelje om ulukka.

Generelt kan ein person klare seg i 45 minutt om temperaturen i vatnet er 5 grader. Og det var fort rundt der temperaturen låg: Klimadata viser snitttemperaturen i sjøen på kysten av Møre og Romsdal i desember ligg på 6,9 grader i dag.

Harald og Gunnar.

I samband med eit intervju med faren Peder i Romsdals Folkeblad i 1937, er versjonen av ulykka ein litt annan. Der står det at dei begge låg i sjøen og heldt seg fast i kvar sin stamn av båten, til Gunnar ikkje orka meir og slapp taket. Ut frå artikkelen er det litt uklart om det er Peder sjølv som fortel dette, eller om det er skildra av artikkelforfattar E. P. Huse.

Paul I. Huse skriv ingenting om kor lenge Gunnar skal ha klart å halde seg fast i båten, men at det kom ein brottsjå som treiv den unge mannen med seg.

«Dermed vart han for dette livet skild frå faren og sine kjære. Vi kan godt skyne den sinnsstemninga faren måtte vere i då han såg sonen døy der utan å kunne gjere det minste for å berge han. Den fortvilte faren sat no att i båten», skriv Paul I. Huse.

Faksimile frå Romsdal Folkeblad 24. juni 1937, med eit intervju med Peder Karolius Steinshamn.

Båten dreiv vidare mot eit skjer, og Peder kom seg opp på skjæret. Folk på land skal då tilfeldigvis ha sett han med kikert, ifølgje Sunnmørsposten. Fleire båtar reiste ut for å redde han. Skjeret skal ha vore rundt 2 kilometer frå land.

«Som venteleg var Peder mykje åtkomen då dei fekk tak i han, men han kom seg då nokså snart til krefter att», skildra Paul I. Huse.

Gunnar vart aldri funnen.

Minnestein over folk som har kome vekk på sjøen. Gunnar står som nummer 4 frå toppen.

På baksida av bildet av Gunnar og Harald kan det sjå ut som om datoen 10.09.16 er skriven inn – bildet er altså tatt året før Gunnar omkom.

Nest nederst i kyrkjeboka for 1917 ser vi Gunnar Pedersen Steinshamn. I kommentarfeltet står det at far og son var ute med hyseline og at dei kollsegla.

Familiene

Foreldra til Gunnar var Peder Gundersen og Inger Anna Steinshamn. Dei hadde 8 born:

  • Karn (1892-1920)
  • Gunnar (1894-1917)
  • Antonie (1896-1904)
  • Eva (1899-1999, gift Edvardsen)
  • Leif (1901-1993)
  • Olianna (1903-1991)
  • Asbjørn (1905-1979)
  • Paula (gift Stavik, 1907-1988)
  • Berna (1909-1991, gift Sørseth, )

Foreldra til Harald var Malene Halvorsdotter (fødd Harnesmyr) og Ole Andreas Nilsson Harnes. Dei hadde saman borna:

  • Henny (1889-1962, gift Sæterøy, budde på Harøya)
  • Nils (1891-1960, flytta til Fræna)
  • Harald (1893-1983, budde på Harøya)
  • Peder (1895-1959, flytta til Stavanger)
  • Ragna (1896-1995, gift Næss i Molde)
Faksimile frå Sunnmørsposten 18. desember 1917.
Faksimile frå Romsdal Folkeblad 24. juni 1937.