Harnes-brukarane vart sjølveigarar

Folketeljinga i 1801.

På 1800-talet vart dei eldgamle strukturane på Harnes brotne. Første steget var at brukarane vart sjølveigarar.

Då det nye hundreåret kom ved midnatt tysdag 31.desember 1799, hadde fleire av brukarane på Harnes fått ein ny posisjon. For første gong på hundrevis av år hadde fleire av dei vorte sjølveigarar og resten skulle følgje etter.

Det gamle leiglendingssystemet, som i si tid erstatta bruken av slavar, sang på siste verset.

Bull selde eigedom

Ein av eigarane av Harnes-garden, Johan Lausen Bull, slutta som sorenskrivar på Sunnmøre og flytta til Kristiansand for å bli borgarmeister i 1798. Han var kjend for å ha kjøpt opp store godssamlingar billeg, og for så etter kort tid selje dei stykkevis ut til bøndene med god forteneste.

Johan Lausen Bull.

Ingebrigt Ingebrigtsen, mannen bak namnet på bruket Ingebriktstova, var den første som kjøpte jorda av Bull i 1793. Han kjøpte jorda etter at den forrige brukaren, Knud Pedersen, takka nei på grunn av høg alder.

Leiglendingen med førsterett

Systemet var slik at leiglendingen hadde førsteretten til å kjøpe når jordeigaren ville selje. Nytta han ikkje retten, vart han kasta ut av garden.

«Faae dager før min kone ved døden afgik, maatte jeg som en gaardsiddende bonde, om jeg ikke med kone og børn ville gaae paa wild mark: kiøbe min paaboende gaard for en fire dobbel suma mod det den var værd», klaga bonden Ellend Hansen Setnes i Romsdal i 1765.

Det var ikkje alltid lett for brukarane å finansiere kjøpa. Prisane på jordbruksprodukt var rundt år 1800 tredobla samanlikna med det dei hadde vore i 1750-åra. Dette var truleg bakgrunnen for at prisen for å kjøpe jorda vart stadig høgare,

«Men dei som kjøpte jord, kom dårlegare ut enn før dersom føremålet var å leige henne ut til andre, i alle fall dersom dei heldt seg til lova. Etter lova var nemleg jordleiga fastfrosen like frå 1680-åra.» skriv Atle Døssland i “Med lengt mot havet”.

Liten skilnad i status

Døssland skriv at det ikkje er noko som tyder på at sjølveigarar hadde høgare status enn leiglendingar i lokalsamfunnet.

Ein del bønder sat også som leiglendingar på eigen gard medan dei åtte større eller mindre partar i andre gardar, slik vi har sett på Harnes tidlegare.

«Gardmannen var gardmann anten han var sjølveigar eller leiglending. Ein viss skilnad var det likevel. Leiglendingen var ikkje den frie og sjølvrådige mannen som sjølveigaren. Det kom fram i bygselbrevet. Der stod det vanlegvis nokre ord til slutt om å skikke seg vel i grannelaget, “som det sømmer sig gode naboer i Almindelighed og Leilændingsfolk i Særdeleshed”. Skiljet synte seg i somme høve òg, t.d. i plassering i kyrkja. I praktisk liv og i miljøet elles var det ingen skildnad. Det var mykje på veg såleis med plassmannen òg. Mange plassbruk fekk med tida så mykje dyrka jord at dei var jamgode med somme gardsbruk og vart skyldsette. Dette jamna ut den sosiale skilnaden. På sjøen og i båten var det ingen skilnad. Der spurdest det ikkje etter om ein var gardsmann, plassmann eller husmann, men om ein var sjømann.», skriv Bjarne Rabben i boka Sunnmøre innafrå.

Folketeljinga i 1801 gir oversikt over kven som budde på Harnes.

Jære

  • Niels Pedersen, fødd ca 1755. Brukar.
  • Synnav Arentsdtr. (skal vere Hansdtr.), fødd ca.  1761
  • Peder Nielsen, fødd 1791. Son.
  • Lars Larsen, fødd ca. 1771. Tenar.
  • Anne Aamundsdtr., fødd ca. 1781. Tenar.

Ingebrigtstauå

  • Ingebrigt Ingebrigtsen, fødd ca. 1761. Brukar.
  • Elen Povelsdtr., fødd ca. 1770.
  • Malene Ingebrigtsdtr., fødd 1796.
  • Ingeborg Ingebrigtsdtr., fødd 1798.
  • Pauline Ingebrigtsdtr., fødd 1800.
  • Mons Andersen, fødd ca. 1756, tenar.
  • Else Ingebrigtsdtr., fødd ca 1771. (søster til brukar?).
  • Knud Pedersen, fødd ca 1703 (?). Kårmann. Gift for tredje gong.
  • Mari Larsdtr., fødd ca 1731. Kårkone.

Bergan

  • Sæbiørn Thoresen, fødd ca. 1761. Brukar og «præstens medhjelper».
  • Elie Torstensdtr., fødd ca. 1743. Gift for andre gong.
  • Kristi Rasmusdtr., fødd ca. 1787. Fosterbarn.
  • Knud Hansen, fødd ca. 1777. Tenar.
  • Elie Pedersdtr., fødd ca. 1775. Tenar.

Masstauå

  • Lars Størkersen, fødd ca. 1770. Brukar og los.
  • Elen Nielsdtr., fødd ca 1781. Kona til brukar.
  • Rasmus Halvorsen, fødd ca. 1781. Tenar.
  • Guri Hansdtr., fødd ca 1758. Tenar.
  • Størker Larsen, fødd ca. 1730. Far til Lars. Enkemann etter andre ekteskap.

Nystaua

  • Joen Nielsen, fødd ca. 1741. Brukar.
  • Anne Olsdtr., fødd ca 1731. Kona til brukar.
  • Lorentz Pedersen, fødd ca. 1793. Fosterdatter.
  • Lars Pedersen, fødd ca. 1773. Tenar.
  • Anne Knudsdtr., fødd ca. 1771. Tenar.

Skeissvolla

  • Lars Halvorsen, fødd ca. 1778. Brukar.
  • Guri Rasmusdtr., fødd ca. 1755. Kona til brukar og datter til tidlegare brukar.
  • Villum Olsen, fødd ca. 1794. Son til Guri.
  • Inger Olsdtr., fødd ca. 1797. Datter til Guri.
  • Guri Rasmusdtr., fødd ca. 1780. Tenar.
  • Inger Sivertsdtr., fødd ca. 1717. Mor til Guri.

Myra

  • Halvor Rasmussen, fødd ca. 1751. Brukar.
  • Marit Hansdtr., fødd ca. 1755. Kona til brukar.
  • Elias Halvorsen, fødd ca. 1784. Son.
  • Hans Halvorsen, fødd ca. 1792. Son.
  • Lars Halvorsen, fødd ca. 1794. Son.
  • Marit Halvorsdtr., fødd ca. 1788. Dotter.
  • Elie Halvorsdtr., fødd ca. 1798. Dotter.
  • Husmenn under Harnes
  • Niels Andersen, fødd ca. 1751. Jordlaus husmann, levde av fiske.
  • Marit Nielsdtr., fødd 1721. Kona til husmannen, gift for andre gong.

Jens Størkersen, fødd ca. 1753. Enkemann og jordlaus husmann.

Jertru Jonsdtr., fødd ca. 1750. Tenar.

Utai garden (husmannsplass på Steinshamna)

  • Gunder Knutson, fødd ca 1771. Husmann med jord.
  • Kari Knudsdtr., fødd ca. 1766. Kona til husmannen. Gift for andre gong-
  • Ingebrigt Olsen, fødd ca. 1795. Son til Kari.
  • Kari Olsdtr., fødd ca. 1797. Dotter til Kari.
  • Olina Olsdtr., fødd ca. 1799. Dotter til Kari
  • Knut Olsen, fødd ca. 1731. Far til Gunder. Enkemann etter andre ekteskap.

Samansetninga av hushalda

I folketeljinga i 1801 får vi eit godt inntrykk av samansetninga av hushaldningane.

Folketeljinga viser at tre generasjonar i hushaldninga, altså barn, foreldre og besteforeldre, var heller sjeldan. Heller ikkje på 1600-og 1700-talet kan storfamilier ha vore vanleg.

“Dei fleste 1801-hushalda var bygde opp om ein kjernefamilie, det vil seie eit ektepar med eller utan barn, eller ein einsleg forelder med barn”, skriv Ståle Dyrvik i “Norsk historie 1625-1814”.

I eit mindretal av hushalda fann ein attlevande far eller mor til ein av hovudpersonane. Dette skal vi og sjå pregar manntalet i 1701 for Harnes.

“Slektningar var faktisk ikkje den vanlegaste hushaldkategorien utanom kjernefamilien, men tenestefolka”, skriv Dyrvik.

Det var altså stort sett snakk om små familier, med foreldre og barn. Besteforeldre var sjeldan kost. Det skuldast sjølvsagt ein langt lågare levealder enn i dag.

Verdien på Harnes-bruka

I 1802 vart det gjort ei vurdering av verdien på bruka på Harnes og Haugen. Først kan vi sjå på alle gardane på Romsdalssida av Harøya:

Edit

I oversikta ser vi at Røsok var den mest verdifulle garden i 1802.Samstundes ser vi at den opprinnelege Harnes-garden, inkludert Haugen, ville ha vore størst.

Ser vi på dei enkelte bruka på Harnes, er verdisettinga slik:

  • Gjerdet: 93 riksdaler. Brukar:Niels Pedersen Harnes.
  • Nystaua: 93 riksdaler.Brukar: Hans Hansen Harnes.
  • Masstaua: 90 riksdaler. Brukar: Lars Størkersen Harnes.
  • Myra: 75 riksdaler. Brukar: Halvor Rasmussen Harnes.
  • Bergan: 75 riksdaler. Brukar: Sæbjørn Torstensen Harnes.
  • Ingebriktstaua: 75 riksdaler. Brukar: Ingebrigt Ingebrigtsen Harnes.
  • Skeidsvolla: 75 riksdaler: Brukar: Lars Halvorsen Harnes.

Talte kyr og hestar

Niels Larsen, gardbrukar på Eiskrem innanfor Hollingsholmen, fekk 2. februar 1808 i oppdrag å reise frå gard til gard i i Sund otting. Han skulle gjere ei jordbrukstelling på oppdrag frå regjeringskommisjonen.

Regjeringskommisjonen vart oppretta i 1807 fordi krigen mellom Danmark og Sverige (ein del av Napoleonskrigen) gjorde at sambandet mellom Danmark og Noreg vart fysisk brote. Difor oppretta danskekongen kommisjonen som styrte Noreg, til krigen var over i 1810.

I registreringsdokumentet skriv Niels Larsen følgande om oppdraget:

“Efter Fogedens skriv[e]lse til mig Den 2nd. Februari Sidstleden er Jeg Beorderet til at Reyse gaard fra gaard i mit Ombud Distrikt for at Optængne hvor mange Kræatur af hver Sort en hver mand Kand føde Paa sin gaard og hvor meget høe der Kunde af staaes til kongestienste[?] af hver mand det Kand ieg ikke Fast Sette men for en Lide Qvantum Kunde være men naar at Almues manden skulde har til Sine Kræatures under holding Da er der ingen Som haver noget til overs men der Som at det skulde fornøden gøres da Kunde vel en Liden Fast Sættes Paa hver mand Lige Som det nu er Skiønet med toe Kyndige mænd.” Frå Opptelling i Nordre Bergenhus og Romsdal

Kjelde: Jordbrukstelling 1808

Samanliknar vi oversikta over med martikkelen frå 1723, så ser vi at det har vore ein auke frå 21 kyr i 1723 til 50 kyr i 1808. I løpet av dei 85 åra ser vi altså meir enn ei dobling i husdyrhaldet av kyr på Harnes. Går vi tilbake til krøterskatten i 1657 er ikkje auken like stor – då var det 33 kyr på Harnes.

Uår i mørkret

Kyrkjebøkene for perioden 1808-1816 manglar for Harøya. Med det ligg desse åra, medan Napoleonskrigane herja i Europa, i ei historisk skodde lokalt. Vi har ingen samla oversikt over kven som vart fødde eller kven som døydde desse åra, sjølv om mykje er mogeleg å rekonstruere ut frå dødsfall seinare. Truleg var dette tunge år – dette er perioden Henrik Ibsen skildrar i Terje Vigen, med handelsblokade, kornmangel og svolt. Ein del år med dårleg fiske gjorde ikkje situasjonen enklare.

I Romsdal totalt var det stillstand i befolkninga mellom 1801 og 1815, og i nokre områder nedgang. Ei samanlikning mellom folketalet i 1801 og 1815, viser at Harøya (minus Myklebust) var eitt av områda der folketalet gjekk ned. Nedgangen var på 8,1 prosent frå 1801 til 1815, altså på 14 år. Dette skil seg klart ut frå utviklinga vidare utover 1800-talet som var prega av stor vekst.

For Harnes isolert sett var busetnaden i 1815 identisk med den i 1801, men det kan vere meir tilfeldig på grunn av få innbyggarar.

Generelt i Romsdal skuldast den manglande veksten i befolkninga truleg færre fødslar meir enn at fleire døydde. Om dette og var årsaka på Harøya er vanskeleg å slå fast, sidan kyrkjebøkene manglar. Men det kan altså verke som om folk tok tæring etter næring, og innsåg at dei ikkje klarte å brødfø like mange barn som i åra før.

Edit

Tida før 1815 var den siste perioden med hungersnaud her i landet.

«Det vart spekulert i kornmangelen og prisane rasa i vêret. I 1809 hadde havretønna kosta 7 riksdaler i Molde. I oktober 1812 var prisen komen opp i 60 riksdaler og i 1814 200 riksdaler. (…) Det er likevel klart at mykje av årsaka låg i ein galopperande inflasjon. Kjøpmenn, men også enkelte bønder som sat inne med kornlager, visste å utnytte situasjonen.» Frå «Med lengt mot havet: 1671-1835», av Atle Døssland

Sølvskatten i 1816

I 1816 gjennomførte staten tvungne innskot for å skape eit grunnfond på 2 millionar specidaler til etableringa av Noregs bank.

Her ser vi korleis dei ulike bøndene på Harnes måtte skyte inn pengar. Dette gir eit bilde av den økonomiske situasjonen dei var i, sidan sølvskatten vart likna etter formue.

Dette er også kort tid etter kriseåra under Napoleonskrigen, og kan difor også gi ein indikasjon på kven som klarte seg best gjennom desse åra.

  • Sæbjørn Thoresen (Bergan): 15 specidaler
  • Knud Larsen (Hau’n): 10 specidaler.
  • Ingebrigt Ingebrigtsen (Ingebrigtstauå):10 specidaler.
  • Peder Nilsen (Jære): 10 specidaler.
  • Hans Hansen (Nystauå): 8 specidaler.
  • Lars Størkersen (Madsstauå): 8 specidaler.
  • Lars Halvorsen (Skeisvolla): 6 specidaler.
  • Hans Larsen (Hau’n): 5 specidaler.
  • Hans Halvorsen (Myra): 4 specidaler.

J.F.L Dreyer si skildring av ei bondestove på Hellesylt i 1827 gir nok også eit visst inntrykk av korleis det kan ha sett ut i husa på Harnes på same tid.

Framleis mykje barnedød

Når vi ser på informasjonen i kyrkjebøkene om alle som døydde i perioden 1820-1840 på Harøya, så viser den at 41 born døydde før dei var 10 år. Det tilsvarar rundt 17 prosent av alle born som vart fødd i dei 20 åra.

Og dette skjer altså i ein periode då talet på dødsfall blant born er på veg ned. 1815 vert ofte trekt fram som eit tidsskilje her i landet fordi andelen born som døydde minka kraftig etter det. Mot slutten av hundreåret var tala langt lågare. I århundra før har truleg andelen vore høgare.

Vi ser meir av dette når vi følgjer familiene på dei ulike bruka gjennom 1800-talet i eigne artiklar i dei neste kapitla. Men eit tragisk døme kan slekta som hadde bruket Gjerdet vere:

Første generasjon (1780-90-åra), Niels Pedersen og Synnav Hansdtr. Harnes: Mista truleg fire born, medan to vaks opp.

Andre generasjon, Peder Nielsen og Mette Cathrine Harnes (1810-1820-åra): Mista truleg seks born (fem felles), to vaks opp.

Tredje generasjon, Nils Pedersen og Ragnhild Olsdtr. Harnes (1850-1870-åra): Mista tre born og tre vaks opp.

Fjerde generasjon, Ole Andreas Nilsen og Malene Halvorsdtr. Harnes (1880-1890-åra): Mista to born, fem vaks opp.

I perioden 1851–1855 døydde meir enn kvart tiande levandefødde barn her i landet før dei fylte eitt år.

Tal frå 1820-åra viser at forventa levealder for nyfødte gutar var 45 år og for jenter 48 år.

I 1870- og 1880-åra sto dødsfall av dei vanlegaste sjukdomane, som difteri, skarlagensfeber, kikhoste og meslinger, for nær 15 prosent av alle dødsfall mellom born i første leveår, mens andelen ved overgangen til 1900-tallet var redusert til 7 prosent.

Brukarane i 1824

I hovudmartikkelkommisjonen frå 1824 finn vi følgande brukarar på Harnes:

  • Ingebrigt Ingebrigtsen (Ingebrigtstauå)
  • Sæbjørn Thoresen (Bergan)
  • Peder Nielsen (Gjerdet)
  • Lars Størchersen (Masstauå)
  • Hans Hansen (Nystova)
  • Hans Halvorsen (Myra)

Frå kyrkjebøkene har vi god oversikt over kven som budde på gardane på denne tida. Her har eg laga ei oversikt over brukarane på Harnes med barn i 1826, 25 år etter folketellinga i 1801.

Edit

Vart dømde i Høgsterett

Edit

Protokollen frå Høgsterett, som er lagra i Riksarkivet i Oslo.

Den 27. oktober 1830 var opptakta til eit drama i lokalsamfunnet som varte i heile 13 år, og nok sette djupe spor lenge etter det.

Det skal ha vore ein sterk storm frå vest. Skipper Thomas Hall førte briggen Albion, frå Scharbereugh på austkysten av England, nedover kysten frå Arkhangelsk. I stormen prøvde båten å kome seg i redning inn mot Uksnøya, men det gjekk ikkje bra. Dei skal ha seilt på Hesteskjeret nord for Uksnøya.

«Da Veiret var saa stormende og Søegangen saa svær at ingen fra Landet kunde komme ombord, hvorimod Skibets Mandskap samme Dag blev reddet paa den Maade at dette ved lange Line paa 30 a 40 Favnes Længde blev trukket over Skjær og Brækninger til til Baade hvormed Deponenten og Flere vare udreist for at bjerge bigskibet», fortalde 48 år gamle Christen Johannessen Oxenøen i avhør 7. februar 1831, altså litt over tre månader etter forliset.Han var gardbrukar på Uksnøya.

«Flere vare udreist for at bjerge brigskibet og som efter megen anvendt Anstrængelse ja endog ved Livsfare lykkedes.», står det vidare i forklaringa.

Ifølgje forhøyra etter forliset, gjekk båten på eit Hestskjeret i området ved Hestholmen, nord for Uksnøya.

Så langt var dette ei heltehistorie frå Romsdalskysten. Det var seks menn som redda mannskapet denne ruskete oktoberdagen i 1830: Nils Eriksen Uksnøy (fødd 1784), Erik N. Uksnøy (fødd 1805, son til Nils), Christen Johannesen Uksnøy (fødd 1874), Iver C. Uksnøy (fødd 1812, son til Christen), Johan Johansen (tenar på Uksnøya, 25 år) og Jakob Pedersen (tenar på Uksnøya, 18 år).

Frykta tjuveri

Den første natta var det vakt ved skipet for å sikre at ingen gjekk ombord, så det var tydeleg at tjuveri var noko dei frykta. Dagen etter spakna vinden, og historia om skipsdramaet spreidde seg raskt mellom folket på Uksnøya og Harøya.

“Om Morgenen tidlig den 28de saaes adskillige Baade fra forskjellige Kanter at nærme sig og uagtet Mandskabet baa disse af Vagten, bleve tilraabte og advarede at ingen maatte gaae ombord forinden nogde af Skibsandskabet kunde komme tilstæde, lagde dog adskillige ombord og strax begyndte at kappe og bjerge af Takkelag (?) som efterhånden blev bragt i land. Saavidt Depinenten veed var den til i Dag indkaldte Los Peter Larsen Flem den første der gik ombord i Skibet men ellers og senere adskillige Flere.”, frå utskrift av justisprotokoll nr. 4 (1827-1834) for Nordre Sunnmøre sorekskriveri

I ein av desse båtane sat 39-åringen Peder Nilsen Harnes, gardbrukar og familiemann frå Harnes. Han la truleg raskt ut mot Albion morgonen etter grunnstøytinga. Ein redningsaksjon var ofte godt betalt, og kven visste kva verdiar det kunne vere på båten.

Det kom mange folk til vraket, og dei tok til å diskutere kva dei skulle gjere. Vakta ropte til ifølgje avhøyret at dei ikkje måtte gå ombord, fordi mannskapet på skipet kunne komme.

“(likevel) lagde dog adskillige ombord og strax begyndte at kappe og bjerge af Takkelaget som efterhånden blev bragt i land.”, frå utskrift av justisprotokoll nr. 4 (1827-1834) for Nordre Sunnmøre sorekskriveri

Mellom dei første?

Peder skal ha vore den første eller andre som gjekk ombord, ifølgje Martinus Rogne som har skrive mykje om ulykka. Dette skal ifølgje Rogne ha kome fram seinare, og det står ikkje i referatet frå februar 1831.

Kanskje gjekk han i tilfelle ombord saman med los Peter Larsen Flem som forklarte til retten at han var den første.

Losen understreka i forklaringa si at dei var fleire som gjekk ombord samstundes, og at dei hadde diskutert seg fram til dette.

“Det vart sidan opplyst at Peder N. Harnes fødd 1791 var den først eller den andre som gjekk ombord 28. oktober. Dei til å avtakle skipet, og um ei stund kom styrmannen og matrosane og hjelpte til med det arbeidet.”, frå Strysaka i Haram, Aukra og Sandøy, av Martinius Rogne

Christopher Larsen Møchelbust var eitt av vitna som drog Harnes-karar inn i saka. Han forklarte følgande:

“(…) dog erindrede han nu at han saa at Knud Nilsen Harnæs og Lars Størkersen Harnæs, den 4d November efterat det forliiste Skib var indbragt til Hestholmen indtog i deres Baade en Deel af ommeldte Strye og reiste derfra men hvorhen veed han ei.”, frå utskrift av justisprotokoll nr. 4 (1827-1834) for Nordre Sunnmøre sorenskriveri.

Folk tok altså stry frå lasten i båten og tok det med heim. Stry er bearbeidet hamp-, jute- eller linfiber.

Rettssakene

Først 5. mars 1839, altså først ni år etter hendinga, fall den første domen. Historia stoppa ikkje der. I oktober 1841 vart domen forkasta av Høgsterett, og i 1841 vart dei 122 personane dømde igjen. Domen vart anka til Høgsterett, som stadfesta den nye domen 30. september 1843. 50 frå Sandøy og Aukra og 72 frå Haram fekk tukthusstraff frå to til seks månader.

“I dei dagar var nok ein slik flokk av fiskarbønder og andre arbeidsfolk sett på som ei interessant mjølkeku for retten og embetsmennene. Slik vart saker tøygd ut så langt det var råd.” frå boka “Klassejustis i 1800-åra” av Ivar Eikrem.

I kor stor grad desse faktisk endte med å sone, er vanskeleg å seie, sidan det ikkje finst fengselslister frå denne tida i Romsdal. Nokre fekk nåde av kongen. Etter at deira forsvarar Ole Halvorsen Mjelva døydde, skal også nokre av dei dømde ha fått krav frå enka om å betale gjelda dei hadde til forsvararen.

Heldt fram som losar

Signy Haraldsen har i ei hovudsfagoppgåve granska den vidare skjebnen til dei 22 Romsdals-losane som vart frådømde retten til å vere los etter Stry-saka. Det viste seg at samtlege losar fekk halde fram med yrket sitt trass domen, og dei fekk utbetalt los-pensjon då dei gjekk av.

I pantebøkene ser vi noko som delvis kan henge saman med Stry-saka. Fleire av dei involverte gardbrukarane på Harnes tok opp lån på 1830-talet.

Hans Hansen Harnes, skulda over 37 specidaler til Michael Rønneberg i Ålesund, som krevde pengane tilbakebetalt i 1839. Her veit vi rett nok ikkje når Hans har tatt opp gjelda.

Peder Nilsen Harnes tok i 1836 opp 100 specidaler i lån frå Michael Rønneberg i Ålesund. Same året lånte han 50 specidaler at tollbetjent Hatlemark.Og i 1844,eit par år etter dommen lånte han til saman 100 specidaler av Christopher Olsen Orten og Rasmus Haldorsen Orten.

Hans Halvorsen Harnes tok i 1836 opp 50 specidaler i lån av Michael Rønneberg i Ålesund.

Lars Halvorsen Harnes lånte i 1835 50 specidaler av Agerø skolekasse.

Ingebrigt Olsen Harnes lånte i 1835 50 specidaler av Michael Rønneberg i Ålesund.

Knud Ibbesen Harnes lånte i 1838 50 specidaler av Michael Rønneberg i Ålesund.

Her er dommen frå Høgsterett som i dag ligg i Riksarkivet i Oslo.

Dette vart dømde frå Harnes/Haugen

  • Ingebrigt Olsen Harneshaug
  • Iver Knutsen Harneshaug
  • Hans Halvorsen Harnes
  • Ole Elias Sæbjørnsen Harnes
  • Lars Halvorsen Harnes
  • Lars Størkersen Harnes
  • Peder Nilsen Harnes
  • Knut Nilsen Harnes
  • Knut Ibbesen Harnes
  • Hans Hansen Harnes
  • Rasmus Hansen Harnes

LES NESTE KAPITTEL: DET STORE HAMSKIFTET PÅ HARNES