Det store hamskiftet på Harnes

1850-1900

Klyngetunet forsvann og Harnes-garden vart delt opp i fleire sjølvstendige gardar.

Utover 1800-talet ser vi at det vert fleire gardar og bruk på øya.I 1855 er situasjonen ein annan enn det vi såg i folketeljinga 54 år tidlegare. Det er ein konsekvens av at befolkninga vaks, og nye delar av øya vart brukt til å rydde småbruk som gjerne vart kombinert med fiske.

Eit interessant poeng er også at det budde fleire på Harnes/Haugen i 1801 enn i 1855, medan befolkninga auka på øya sett under eitt i den same perioden.

Snautt same verda

1850-talet var likevel det siste tiåret for det typiske gamle bondesamfunnet med klyngetun og inndeling av jordbruksområda i teigar på Harnes.

Jostein Nærbøvik påpeikar i “Norsk historie 1860-1914” at midten av 1800-talet må ha vore høgdepunktet for det gamle samfunnet. Hovedtynga av menneske budde på bygdene og arbeidde innan jordbruk og fiske.

“Det gamle samfunnet var tilsynelatande prega av jamvekt og harmoni; alt hadde sin faste rytme og sine uforanderlege normer og reglar. Ein frå notida ville venteleg ha kjent seg att rundt hundreårsskiftet, men kring 1860 ville det ha vore plent umogeleg. Det var nok same landet, men snautt same verda”, fastslår Nærbøvik.

Det seier noko om den revolusjonen som skjedde også på Harnes – på ein generasjon vart det gamle bondesamfunnet langt på veg ei ukjent verd.

På 1850-talet budde folk på Harnes på same måte som dei kanskje hadde gjort sidan vikingtida. Eit tiår seinare vart dette rykt opp med rota. Og då det nye hundreåret tok til og dei første tiåra var omme, budde ikkje lenger alle på gardane og husmannsplassane. Det spratt opp stadig fleire hus på Steinshamna – uavhengig av dei gamle gardstuna. Og det dukka opp andre yrkesretningar enn jordbruk og fiske.

Klygetunet var ved hundreårsskiftet allereie ei 40 år gamal historie. Dei som kunne hugse livet der var allereie vorte eldre folk.

Det store hamskiftet – utskiftinga på Harnes

Dette er ein nøyaktig rekonstruksjon av korleis bygga låg plassert på Harnes før utskiftinga i 1861. Det er basert på kartet som vart teikna i samband med utskiftinga. Vi veit ikkje sikkert kva bygg dom var bolighus og kva som var andre hus på garden, som til dømes låve. Rekonstruksjon: Arkikon

Tidleg på morgonen, torsdag 30. mai 1861, kom tre karar gåande oppover mot husa på Harnes. Dei stoppa opp, kikka utover teigane, peika og diskuterte. Såg seg grundig om. Til venstre såg dei husa på det gamle Harnes-tunet, til høgre Myra og litt lenger nord Haugen. Og ein av karane peika sørover- mot der Huse-garden låg heilt nede ved fjorden.

Det var J.M. Halse, Anders Nielsen Haukebø og Rasmus Rasmussen Reiten som var på veg opp til husklynga på Harnes. Dei var i eit ærend som skulle endre det eldgamle Harnes-tunet for alltid.

J. M. Halse var sjølve utskiftingsformannen. Haugebø og Reiten var bønder, handplukka av futen for å gjennomføre utskifting på garden.

I hundrevis av år hadde folket på Harnes budd saman i klyngetunet, der dei ulike familiene hadde jorda si oppdelt i teigar (jordstykkjer) som låg innemellom kvarandre. Det var eit stort sammensurium av små jordlappar, og lite samanhengande jorder. Det skulle gi ei lik fordeling av dei ulike jordkvalitetane.

“Teigblandingen så vel som den korte avstanden mellom husene i tunet bidro til at beboerne i klyngetunet utviklet flere former for kollektive løsninger som ellers forbindes med landsbyer lenger sør, blant annet visse typer for driftsfellesskap og beslutningsfora i form av gårdsting.”, skriv Frans-Arne Stylegar i snl.no/klyngetun.

Ba om utskifting

21. juli 1860, altså året før, hadde bøndene på Harnes formulert dette brevet:

“Til Udskiftingsformand Henrik Daae.

Undertegnede, Opsiddere paa gaarden Harnæs, i Sunds Thinglag Romsdals Fogderie, ønsker en Udskiftingsforretning Afholdt over bemeldte Gaards Indmark ifølge Udskiftingsloven af 12te Oktober 1857.”

Og underskriftene til eigarane på Harnes. Bakgrunnen var den nye utskiftingslova frå 1857.

“Med utskiftingslova av 1857 kom det krav om at det skulle teiknast opp kart over det arealet som var kravd utskifta, med innteikna teigar og eigedomsgrenser slik dei var gjeldande då forretninga tok til”, skriv Mads Langnes i “Ein skal ikkje trø i åkeren Boniteringsarbeid med omsyn til markens grøde”, 2014.

Han peikar på at sjølve boniteringa innebar ei vurdering og gradering eller klassifisering av produksjonsemna til dei einskilde jordstykka.

“Dette var av det aller viktigaste arbeidet for luteigarane på garden, då dei med det fekk sett verdi på det arealet dei åtte, som igjen ville vere utslagsgjevande for kva dei fekk att etter utskiftinga. Tilsvarande krav om kart og oppmåling fanst ikkje tidlegare.”, skriv Langnes.

Edit

Utskiftingsformann Henrik Daae, som budde på Solnør gard på Skodje.

Gjekk opp eigedomen

Av utskiftingsprotokollen ser vi att dei møtte mannsterkt opp torsdag 31. mai 1861 klokka 09.00.

For Nystova møtte arvingane etter avdøydde eigar Nils Hansen Fjertoft (slik namnet er skirive i protokollen). Det var formyndar Iver Larsen Fjertoft, Johan Ingebrigtsen Fjertoft, Einer Olsen Fjertoft (kom ikkje frå start) og brukar Elias Arnesen Harnæs.

For bruket som skulle bli Madsstaua møtte eigar Lars Petter Larsen Harnæs. Eigar Nils Pedersen Harnæs møtte for den komande Gjerde-garden. Ingebrigt Knudsen var der for Ingebrigtstova, Ole Elias Sæbjørnsen Harnæs for bruket som vart Bergan.

På Myra var Halvor Hansen kun brukar, så eigar Ole Nilsen Øxenø var og på plass. Og for Skjesvolla var brukar Iver Andersen Harnæsmyr der, saman med eigar Christoffer Olsen Orten. Husmann Gunder Andreas Ingebrigtsen var også med.

Frå naboane på Harneshaugen kom Askjeld Knudsen Harnæshaug og Iver Knudsen Harnæshaug (som representerte sonen Lars Iversen Harnæshaug). Og Anders Hansen Harnæsmyr, som berre hadde ei stove på Myra.

Også naboane i sør, Paul Knudsen Huse og Peder Andreas Thorsen Huse, var med.

På kartet ser vi Fiskeberget. Grensa mellom Harnes og
Huse gjeng ved Huseholmen. KART: Gule sider

Inkludert dei tre frå utskiftingsvesenet var dei altså rundt 20 menn.

Dei brukte den første dagen til å gå opp grensene til innmarka på Harnes. Skildringa frå protokollen gir eit interessant innsyn i namna dei brukte på områda. Vi prøvar å gå turen saman med dei.

Dei ser ut til å ha gått frå Harnes-tunet og ned til fjøra mot Huse. Der gjekk skiljet mellom Harnes og Huse ved Fiskebjergstrand, som altså ligg i fjøra nedanfor der Bergan ligg i dag. Dei viser til at det den gong stod ein merkestein rett ovanfor Huseholmen.

Vegen derifrå er vanskelegare å finne att nøyaktig. Men dei gjekk 120 alen (rundt 75 meter) innover øya frå fjøra, før dei svinga svakt mot nord/nord-vest. Derfrå til ein gjerdesgard “der adskiller Harnæs Indmark fra den for hele øens felles bumark”, som det står i protokollen. Dei fulgte altså grensa for det som var innmark på Harnes den gongen.

Vidare gjekk dei langs gjerdesgarden mot nord.Og vidare:

“Paa vestre Side av den saakaldte Kraakehaugen og i samme Retning ligeledes paa Vestre Kant af Niklashaugen til et Led, kaldet Torveledet,hvorfra den løber østlig følgende samme Gjerdesgaard mod N.N.O. til venstre Kant af Klædeshaugen, hvorfra det bøjer af i O. til N.til det støder til det saakaldte Nygjerdet (…) og følger samme Gjerdesgaard til østre Kant af Fjøshaugen”, står det vidare.

Frå Fjøshaugen gjekk dei vidare til Nebbethaugen (der vasstårnet ligg i dag) før dei ga seg for dagen. Og så starta dei opp att morgonen etter klokka 08.00 for å gjere ferdig synfaringa.

Her er utskiftingskartet over Harnes frå 1861.Harnes-tunet midt på kartet og Myra litt meir opp til høgre.

Her er namnet på brukarane og eigarane

Slik står dei i utskiftingsdokumentet:

  • LNo. 73: Elias Arnesen Harnæs, Bruger, Nils Hansen Fjertoft, Eier.
  • LNo. 72: Lars Petter Larsen Harnæs, Selveier.
  • LNo. 71: Nils Pedersen Harnæs, Selveier.
  • LNo. 69: Ingebrigt Knudsen Harnæs, Selveier.
  • LNo. 70: Ole Elias Sæbjørnsen Harnæs, Selveier.
  • LNo. 74: Halvor Hansen Harnæsmyr, Bruger, Ole Nilsen Øxenø, Eier.
  • LNo. 75: Iver Andersen Harnæsmyr, Bruger. Christoffer Olsen Orten, Eier.”

Tidleg ute

Bøndene på Harnes var relativt tidleg ute med utskifting. Lova hadde kome tre år før, og sjølve utskiftingsvesenet vart etablert i 1859. Utskiftinga heldt i andre delar av landet på heilt inn i det neste hundreåret.

Teigblandinga vart sett på som eit hinder for moderne landbruksdrift.

«Systemet ble godtatt fordi folket på garden var i skyld med hverandre og holdt sammen i sorg og fest. De drev dugnad sammen på sjø og fjell, i vinterskogen og under taktekking når det trengtes. Teigblandingen var et uttrykk for en livsform og et holdningsmønster – men særlig gunstig for effektiv drift var det ikke.»

Frå Historien om Norge av Karsten Alnæs.

Usemje mellom Harnes-karane og Hau-karane

Det var eit omfattande arbeid å dele teigane på Harnes opp i samanhengande gardar.

18. juli kom dei saman igjen på Harnes, der kartet som var laga etter synfaringa i mai vart presenterast.

Men det var tydeleg at det var usemje mellom Harnes og Harneshaug.

“Derefter forsøgtes den mellem Harnæs og Harnæshaugs forefindende Grændselinie ved mindeligt Mageskifte rettet, men da ingen Enighed kunde opnaaes for Nærværende, maatte den ældre Delingslinie bibeholdes og ingen Rettelse kunde finde Sted”.

Neste tema på møtet gjekk også tungt. Då var det snakk om kompensasjon mellom dei som fekk god jord og dei som fekk skrinnare jord.

“(…) men da Ingen ønskede at yde Vederlaget i Jord, udsattes Vedtagelsen heraf til et senere Møde”, står det i protokollen.

Då var det tydlegvis lettare å sette av grunn til naustomt.

“Derefter blev som Nøsttomt udtaget ni – 9 – Alen paa nordre Kant af Ole Elias`s Nøst og sex – 6 – Alen overfor samme Nøsts øvre Knudt og til øvre Knudten på stornøstet og videre til øvre kanten paa Ingebrigt Knudsens Nøst og videre til Holmbugten, og ligeledes udtages Myrnøstenes nærværende Tomt som fælles Nøsttomt for Skifteslauget”.

Dei vurderte kvaliteten på jorda, plasseringa av bygningar og kva rettar dei ulike bøndene skulle ha. Først utpå hausten var det klart for å konkludere. Det var laurdag 9. november 1861.

Historia om ei loddtrekking

Ei gamal historie vil ha det til at det til slutt var loddtrekning om kven som skulle få Skjessvolla og Harnesgjerdet. Då Nils Pederson Harnes trakk Gjerde-jorda, så skal han ha vorte så jublande glad at han treiv tak i kona Ragnhild og dansa på golvet. Det vart nemleg rekna som den beste kornjorda.

I protokollen er det ingenting som tyder på at det har skjedd i samband med utskiftingsprosessen. Og heller ikkje den einaste i landet med doktorgrad på utskifting, Mads Langnes, har tru på det.

– Eg aldri har vore borti korkje i lovverket (utskiftingslova av 1857) eller i praksis, at det rett og slett vart «kasta lodd» eller utført noko form for trekking av kven som skulle ha kva for ein av dei ulike nye, konsoliderte eigedomane som vart utlagt etter ei utskiftingsforretning, fastslår Langnes.

Han peikar på at dei sjølvsagt diskuterte løysingar, men altså som ein diskusjon og ei utrekning der dei prøvde å kome til ei mest mogleg rettvis fordeling.

– Slik at kvar enkelt fekk ein konsolidert eigedom etter utskiftinga som var mest mogleg lik den samla verdien av dei teigane han hadde skote inn i forretninga, påpeikar Langnes.

Og viser til at når det er snakk om «lodd» i forretninga, så er nok det i meininga «lut» eller «del».

– Det er likevel artig å lese historia frå Harnes i 1861. Og om det ikkje direkte var slik at dei trekte lodd, så kunne det nok ofte nesten bli opplevd som det. Sjølv om det i folkeminnet i all, all hovudsak er slik at dei fleste følte dei fekk for lita igjen etter utskiftinga, medan naboane fekk for mykje, påpeikar Langnes.

Så kanskje tok Nils og Ragnhild ein dans på stovegolvet, ikkje etter å ha vunne ei loddtrekning, men kanskje fordi det endeleg var klart for flytting opp i Gjerdet og kanskje med ei kjensle av å ha kome godt ut av prosessen.

Flytta kvar til sitt

Med utskiftinga vart husklynga nede på Harnes oppløyst, og familiene flytta til kvar sin gard.

Gardane skifta karakter på denne tida. Det vart ofte færre hus etter utskiftinga. Eldhus, sauefjøset, grisehuset, stallane, løene, smia og mange småhus, som vi leste om i kapittelet om 1700-talet, forsvann.

I staden kom det opp eit fjøs med plass til dyr og fôr, eit stabbur til maten og eit våningshus. Omtrent slik vart det også bygd oppe i Harnesgjerdet og dei andre gardstuna som vaks fram etter utskiftinga.

Men endringane hadde også ein pris, opplevde mange. Forfattaren Inge Krokann, som sjølv opplevde utskiftinga noko seinare, har skildra det slik:

«Sterke band som batt til næraste slekta, vart slitne. Om dei gamle husa var flytt, kjendest dei likevel framande på den nye staden.»

Fokuset i gardsdrifta endra også karakter. Før utskiftinga dreiv dei i stor grad jordbruk med tanke på sjøvberging. No gjekk det i retning å produsere det som lønte seg mest.

“Di meir bondesamfunnet kom i kontakt med dei ytre kreftene, pengesamfunnet utangor, di viktigare vart det å skaffe seg eit overskot i produksjonen som kunne avhendast for reine pengar”, skriv Nærbøvik i Norsk historie 1860-1914.

Edit

Her ser vi korleis dei nye gardane vart liggande etter utskiftinga, plassert frå eit nytt flyfoto. Foto: Google

Gardane slik dei vart delte opp

I 1865 var den mest omfattande folketeljinga så langt. Ho gir eit godt bilde av korleis situasjonen var rett etter utskiftinga og kven som budde på dei nye gardane.

I oversikta over husdyrhald, ser vi at dei hadde ei relativt lik mengde dyr på dei ulike gardane.

Innflytting

I folketeljinga frå 1865 får vi også ei oversikt over kor innflyttarane til øya kom frå. Trass i at Harøya låg på Romsdalskysten, var det sunnmøringane som dominerte mellom innflyttarane.

Haram kommune: 27

  • Skodje: 21
  • Borgund: 4
  • Vestnes: 4
  • Bolsøy 2
  • Fræna 2
  • Eid i Nordfjord: 1
  • Vågå: 1

Den same tendensen viser seg naturleg nok på Harnes.

Edit

Skipa mannsforeining for misjonen

Eit tydleg teikn på at 1800-talet var ei heilt anna tid, er oppslutnaden rundt denne mannsforeininga for misjonen. I medlemslista står det heile 74 mannsnamn, rett nok fordelt over ein lang periode. Det siste referatet er frå september 1921, men det står ingenting om at foreininga skal leggjast ned.

Foreininga vart stifta 7. juni 1863. I protokollen frå stiftingsmøtet finn vi følgande formålsparagrafar:

Grundregler for Sandø misjonsforening oprettet 7de juni 1863.

§ 1

Foreningens formål er ved bøn og gaver at virke til evangeliets utbredelse blandt ikke kristne folk.

§ 2

Medlem af foreningen bliver enhver, som anmelder sig for en af bestyrelsens medlemmer.

§ 3

Bestyrelsen består af 3 medlemmer, hvoraf en er formand, en viseformand og en kasserer, hvilke fungerer 1 år og udvalget ved stemmeflerhed af generalforsamlingen, som holdes helligtrekongersdag.

§ 4

Møde holdes i regelen hver første søndag i måneden på et bestemet sted inden sognet.

§ 5

Forandring i disse grundregler og nye regler besluttes af generalforsamlingen.

§ 6

Foreningen støtter sig til den throndhjemske misjonskreds og virker til den norske misjons fremme.

6. januar 1864 besluttede generalforsamlingen følgende tillegg til grundreglene:

§ 7

Ingen af bestyrerne, som har fungeret et år, kan imot deres vilje velges påny, førend efter så lang tid er henløben, som de har fungert.

I generalforsamlingen 6. jan. 1869 besluttedes foreningen opløst, hvorefter Harøens misjonsforening konstitueredes med grundregler som forutgande.

Medlemmer af Harøens misjonsforening:

1. Jonas Olsen Huse

2. Peder Pedersen Huse

3. Erik Amundsen Huse

4. Sæbjørn Olsen Harnes

5. Elias Arnesen Harnes

6. Ole Elias Hanssen Røsok

(Dei seks første var medlemmar frå då foreininga blei stifta.)

7. Ingebrigt Olsen Huse

8. Lars Askildsen Harneshaug

9. Lars Johnsen Morsund

10. Hans Iversen Harneshaug

11. Lars Larsen Harnes

12. Lars Iversen Brevik

13. Thor Elias Pedersen Huse

14. Peder Paulsen Huse

15. Paul Ingebrigtsen Huse

16. Knut Paulsen Huse

17. Elias Kristoffer Marö

18. Matias Pedersen Selvik

19. Anders Iversen Harnes

20. Andreas Martinsen Harnes

21. Ole Andreas Nilsen Harnes

22. Rasmus A. Eliasen Harnes

23. Elias Paulsen Stenshavn

24. Andreas Arnesen Røsok

25. Ingegrigt K. Harnes

26. Jonas A. Hansen Huse (Rakvåg)

27. Hans O. Røsok

28. Ole Andersen Morsund

29. Bernt E. Brunvold

30. Didrik L. Brunvold

31. Lars Karl Brevik

32. Rasmus J. Røsok

33. Peder Andreassen Brunvold

34. Knut Rasmussen Brunvold

35. Nils Arnesen Røsok

36. Peder Nilsen Brevik

37. Elias Didriksen Brunvold

38. Ole Hågensen Brevik

39. Sivert A. Røsok

40. Peder A. Arnesen Røsok

41. Jonas Arnesen Røsok

42. Nils Arnesen Røsok (jun)

43. P.K. Kristvik (?)

44. Knut Karlsen Morsund

45. Andreas Pedersen Brunvold

46. Jonas Andreassen Brunvold

47. Ole Elias Huse

48. Peder Ingebrigtsen Huse

49. Ole Knudsen Brunvold

50. Peder Gundersen Stenshavn

51. Laurits E. Brevik

52. Matias Olsen Harnes

53. Gunder Gundersen Stenshavn

(Dei neste namna er skrive med ei anna skrift og penn – skrive seinare?)

54. H. Aarseth

55. Ole R. Røsok

56. Johan J. Brunvold

57. Iver P. Røsok

58. Nils Kristian N. Brunvold

59. Knut Andreas Nilsen Brunvold

60. Elias Olsen Brunvold

61. Johan Arnesen Røsok

62. Iver Einarsen Røsok

63. Ole Andreas Olsen Røsok

64. Nils Mathias Olausen Brunvold

65. Ole E. Sæbjørnsen Harnes

66. Bjarte Rekdal (?)

67. Knut H. Sæterø

(Ny skrift og penn igjen)

68. Anton M. Harnes

69. Ole A. E. Huse (?)

70. Peder J. Husø

71. Elias J. Harnes

72. Lars L. Gangstad

73. Peder Selvik

74. Sofus Harneshaug

Første utdanningsbølgja

Sønene og døtrene til dei som flytta ut frå klyngetunet skulle verte dei første som vart med på ein ny revolusjon. Dei vart elevar ved den omreisande Romsdal Amtskule, som helt til på Røsok frå 1883 til 1885.

Her er dei frå Harnes som var elevar:

  • Anne Malene Harnes, 16 år.
  • Karen Harnes, 17 år.
  • Pauline Harnes, 21 år.
  • Martinus Harnes, 21 år.
  • Nils Harnes, 18 år.
  • Ole N. Harnes, 24 år.
  • Ole H. Harnes, 17 år.
  • Rasmus Harnes, 23 år.
  • Peder E. Harnes, 24 år.

Dei fekk undervisning i bibellesing, kyrkjehistorie, lesing, grammatikk, stil, historie og geografi.

Den tradisjonelle omgangsskulen dei hadde gått på, hadde nok ikkje all verdas gode tilhøve, skal vi tru bygdebokforfattar Edvard Os i Sandøysoga.

«I Sandøy var det i 1867 ikkje eit einaste skulehus, ingen fastskule i leigde rom heller. Det var omgangsskule etter det gamle mønsteret, like primitivt som i tida før 1827. For i hopehavet med Aukra var Sandøy ei utkantgrend med smågrender på øyar og holmar, eller einslege heimar så langt frå kvarandre at det var uråd å få til ein krinsskipnad med fastskular som borna på rimeleg vis kunne koma til og frå på dagen. Heimane på kvar øy for seg var ikkje sambundne med skikkelege vegar heller, berre gangstiar over berg og myr.», skriv han.

Steinshamna tok over

Dei to siste tiåra på 1800-talet vart på mange måtar også slutten på garden Harnes si sentrale rolle på nordenden av Harøya. Sjølve “sentrum”, klyngetunet, forsvann allereie tidleg på 1860-talet. Det vart som vi har sett splitta opp i fem gardsbruk, i tillegg til Skeidsvolla og Myra. Med det vart busetnaden meir spreidd, sjølv om avstanden var liten.

I folketeljinga for 1875 ser vi at “Stenshavn Harnæs” dukkar oftare  opp enn ti år tidlegare, altså som eit sjølvstendig område på Harnes. I alt 13 personar vart definert innanfor dette geografiske området. Det vr først og fremst husmannsplassen til Gunder Ingebrigtsen som dro opp innbyggjartalet.

Gunder Andreas Ingebrigtsen (f. 1826), plassmann og fiskar.

Karen Olsdatter (f. 1824) kone.

Born:

Peder Karolus Gundersen (f. 1861), son.

Ole Ivar Gundersen (f. 1865), son.

Niels Mathias Gundersen (f. 1867), son.

Gunder Gundersen (f. 1869), son.

Malena Gundersdatter (f. 1863), datter.

Elise Gurine Gundersdatter (f. 1872), dotter.

Ane Gundersdatter (f. 1843, Vestnes), tenar.

Ingebrigt Olsen (f. 1794), far til Gunder, kårmann

Karoline Ingebrigtsdatter (f. 1824), dotter til Ingebrigt og hushalderske for han.

Knud Johansen (f. 1846, Rødven), handelsmann.

Marie Johansen (f. 1838, Bergen Korskirkens P), kone.

I 1874 hadde Knut Johansen, på vegne av Johan Olsens enke, etablert seg med eit bygg nede på Steinshamna – i området der kvalstasjonen seinare skulle kome. To år seinare var eit bygg med 11 rom på plass, viser forsikringsdokument.

“Forsikringa galdt ei «tegltækt Vaanebygning» med ein trygdesum på 350 Spdlr, dvs. ei loftsstue med normal storleik på denne tida. I 1876 vart det oppført ei «Hovedbygning med 11 Værelser» som var forsikra for 1300 Spdlr og ei «Søbod» på 1000 Spdlr. Etter summane å døme, var dette store bygningar, og det viser at det vart satsa på Steinshamna.”, skriv Bjørn Austigard i artikkelen om Steinshamna på slutten av 1800-talet.

Johan Olsen (fødd 1827 i Bergen) skal ha vore butikksjef hjå Rønneberg i Ålesund, før han flytta til Dryna for å overta handelshuset der i 1862, ifølgje Vatne bygdebok. Han var gift med Berte Iversen, fødd i 1824 i Fana. Frå 1872 hadde Olsen Knut Johannesen som handelsbetjent. Johan Olsen døydde i 1873, og slik vart det Knut Johannesen som starta handelen på Steinshamna, på vegne av enka Berte. Ho dreiv handelen på Dryna fram til 1883.

Vi ser i eit forsikringsdokument frå 1877 at det vart skrive Harnes og ikkje Steinshamn då Johan Olsens enke, Berte, skulle forsikre bygget.

Knutbua vart huset kalla. Her var det første landhandleriet på øya, og vi ser med det starten på overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Folk kunne i større grad kjøpe og selje varer, i staden for kun å produsere til eige forbruk.

Knut Johansen vart fødd på Rødven i Romsdal i 1846. Han var gift med Marie Johansen, fødd i 1838 i Bergen – Korskirkens prestegjeld, ser vi i folketeljinga frå 1875.

I 1876 tok handelshuset R. Rønneberg i Ålesund over etter Berte på Steinshamna, og då vart det underskrive ein festeseddel mellom ni grunneigarar og R. Rønneberg representert ved handelsfullmektig Daniel R. Wang og Knut Johansen.

Bygget frå 1876 skal ha blitt kalla Nybua, og var ei sjøbu med krambu som låg 50 meter nord for Gamlebua, ifølgje Sandøysoga.

Knut Johansson (Bua-Knut) styrde handelen, først i Gamlebua og så i kanskje ein kort periode i Nybua. Han dreiv også ei eiga fiskeforretning ved sidan av i Knut-bua.

Sørensen kom inn som handelsmann

Allereie rundt 1877 tok Johan Sørensen truleg over som drivar av Nybua på Steinshamna. Det var nok Johan Sørensen sine kontaktar i handelsmiljøet i Ålesund som gjorde at han tok over då R. Rønneberg kom inn som eigar.

Grosserar og konsul Rasmus Gerhard Rønneberg (1822–1884) dreiv på den tida handelshuset Rønneberg i Ålesund. Handelshuset Rønneberg (etablert i 1812) er nært knytta til framveksten av Ålesud som by. Handelshuset var den leiande bedrifta i Ålesund på 1800-talet, og rykte altså inn på Harnes og Steinshamna i siste halvdel av 1870-åra.

Johan Sørensen vart fødd i Bolsø i 28. september 1839.

Dåpen til Johan Sørensen i Molde kirke. Det står også at han døde i 1912.

I 1865 finn vi han som handelsbetjent hjå kjøpmann N. (Niels?) Sødring i Aalesund. Sødring var opprinneleg dansk – fødd i Aalborg. Johan Sørensen var då 27 år gamal.

Kjøpmann Sødring heldt til i bygget til venstre, som vi berre ser endeveggen til. Huset vart bygd i 18??. Bildet er frå Apotekergata i Aalesund i 1896. (Foto: Stiftinga Sunnmøre museum).

Eit par år seinare gifta Sørensen seg – 20. oktober 1867 i Molde kyrkje. Han budde framleis i Aalesund, og er omtala som “Ungkarl Handelsborger” i ministerialboka for Molde. Den utkåra var Ingeborg Olava Jakobsdatter Rostvold, fødd i 1835 i Edø prestegjeld (Smøla).

I 1873 budde dei truleg framleis i Ålesund, for då fekk dei sonen Sofus, som er regstrert med Ålesund som fødeby under folketellinga i 1891.

Her ser vi at dei gifta seg.Frå ministralboka for Molde 1843-1872.

28.12 1877 handsama herredsstyret i Sandøy kommune ein søknad frå Sørensen om å selje brennevin i “større mål”. Først etter ny søknad i 1878 fekk han løyve til å selje brennevin, ikkje i mindre mål enn 10 potter, og ei avgift på 160 kroner i året til fattigkassa.

I 1903 døydde kona Ingeborg, av “nervesykdom”.

Johan dreiv handel heilt fram til 1908, då han måtte trekkje seg på grunn av elde. Han døydde 31.1. 1912 av “lungetæring” på pleieheimen på Vestnes, men vart gravlagd på kyrkjegarden på Harøya.

Edit

Kjøpmann Johan Sørensen er gravlagd på kyrkjegarden på Harøya. Foto: Thor Muri.

Ingebrigt Huse tok over handelen i 1908, og krambuhandelen vart nedlagt i 1925.

Antonie Sørensen var dotter til Johan sin bror, fødd i Kristiania i 1867, og budde på Steinshamna i 1900. Ho er ikkje registrert på Steinshamna under folketellinga i 1891, så ho har truleg kome etter det.

Vi finn ei Antonie Sørensen som var tenestejente hjå I. S. Øwre i Oslo i 1885. Han var kjøpmann og fødd i Molde, så det kan i tilfelle ha vore kjentfolk av far til Antonie, som romsdaling.

Om dette er den same Antonie, så budde ho i 1885 i Dronningens gate 11 i Oslo. Dette er den såkalla Magistratgården i Oslo, som stod ferdig heilt tilbake i 1647.

Edit

Magistratgården i Oslo, der Antonie Sørensen kan ha budd på 1880-talet, før ho flytta til Steinshamna der onkelen Johan dreiv handel. Bygget er i dag kontorlokale for Fortidsminneforeningen.

I Dronningens gate 11 budde det fleire frå Romsdal i 1885. Mellom dei var Sine Kraft frå Grytten, som er titulert som frøken og fotograf.

Ho arbeidde som fotograf i Ålesund til april 1882, så ho var relativt nyinnflytta til Oslo på denne tida.  Ho arbeidde i fleire år hjå fotograf Abel i Oslo og kjøpte i 1890 deira fotoatelier.

Antonie og syskjenbarnet Sofus Sørensen (son til Johan Sørensen, sjå over)fann tonen og gifta seg. I 1910 budde dei i Haraldsgate 17 i Haugesund, og hadde fått tre born. Sofus arbeidde då som maskinarbeidar.

Det eldste barnet er fødd i Bergen, medan dei to andre er fødd på Aukra.Yngstejenta Tonny døydde i Haugesund i 1995.

Etter denne avstikkaren med handelsfamilien Sørensen, er vi tilbake på Steinshamna. 

Steinshamna vert til

13. september 1882 vart Stenshavn skild ut frå Harnes som eit eige bruk, eigd av Paul I. Huse. Det var starten på det som som seinare vart til industriverksemd på Steinshamna.

I folketeljinga i 1900 ser vi at det er etablert fleire bustader på Steinshamna.

Det var landhandlar Johan Sørensen med familie og leigetakarar, dampskipsekspeditør Elias Olsen Steinshamn med familie, fiskar Nils Andreas Larssen Steinshamn med familie, gardbrukar og fiskar Paul I. Huse med familie, Ole Halvorsen Harnes med familie, fiskar Gunder Steinsham med familie og Peder Gundersen med familie.

Totalt budde det i 1900 nesten 50 personar på Steinshamna, medan det budde 100 tilknytta gardane på Harnes og Haugen.I 1865 var det kun fem personar på Steinshamna. Og i dei første tiåra spratt husa opp i det nye setrumsområdet på øya, og sjølve Harnes-gardane vart litt etter litt mindre sentrale med framveksten av nye næringar på Steinshamna.

«Folk er i live, har sine øyeblikk, sine kyss, latter, sine omfavnelser, kjæleord, sine gleder og sorger, hvert liv er en hel verden som så faller sammen, og ikke etterlater seg noen verdens ting, bortsett fra et par få gjenstander som på grunn av eierens død blir tiltrekkende, verdifulle, iblant hellige, som om en bit av dette livet som er blitt borte for oss, har forflytter seg over i kaffekoppen, sagen, hårbørsten, skjerfet. Men alt svinner hen til slutt, minnene viskes omsider ut og alt dør. Der det var liv og lys er det nå mørke og glemsel»»

Jon Kalman Stefansson, frå romanen «Gutten».

Kart over nordenden av øya frå 1882. © Kartverket

Edit

Edit