Dei eldgamle røykstovene vart fasa ut

1750-1800

Denne øe har ingen Skov, bræner Torv, slætte Udmarker fuld af Biærg-Knatte og Moradser. Var næsten ikke beboelig, dersom Bønderne ikke havde sin Næring af Havet.

Frå “Beskrivelse over Romsdals Fogderie 1768 og 1789” av Hans Peter Schitler.

Den siste halvdelen av 1700-talet ga revolusjon i Frankrike. På Harnes førte utfasinga av røykstovene på slutten av hundreåret til ein revolusjon i kvardagslivet.

I mange hundre år var røykstova den vanlege bustaden, truleg heilt tilbake til vikingtida.

«Søndagsgvæl i en Røgstue», litografisk reproduksjon av eit måleri av Adolph Tidemand til Norske Folkelivsbilleder utgjeve i 1854. Motivet viser ei tradisjonell, norsk bondestove utan skorstein tidleg på 1800-talet. Røyken siv ut gjennom ljoren i taket, der lyset slepp inn. Kjelde: Nasjonalbiblioteket

Røykstovene hadde ingen skorstein – røyken frå eldstaden gjekk rett ut i rommet og ut via ei opning i taket. Dette førte sjølvsagt til mykje røyk i huset. Eldstaden var mura opp av vanleg stein.

Første gong skorsteinsinnretning er nemnd her i landet, er for Erkebispegården kring 1428. Men på Vestlandet var røykstovene i bruk til heilt opp til 1800-talet.

“Røyken fylte snart heile huset, og det ville ha vori umogleg å vera der om dei ikkje jamt hadde frisk ventilasjon: Dei opna skylet på taket med skylestonga, og ikkje nok med det; døra vart sett opp, og ein kald luftstraum drog gjennom stova og opp gjennom skylet. Røyken lyfte seg opp og låg om lag jamt med rafta i stova, eller ei 15 tomar lågare. Ein kunne såleis utan vanskar halda til inne. Sjølvsagt kjende ein til røyken, men ein vart snart van med han.” frå Veøyboka av O. Olavsen.

Olavsen fortel at når dei var ferdig med kokinga, så raka dei alle glørne saman i gruva framfor omnen og stengde luka i taket. Så varma varmen frå steinomnen huset.

Røykstovene forsvann

Røyken gjorde tak og veggar kolsvarte. Røykstovene kan ha vorte bytta ut på Harnes på slutten av 1700-talet og i første halvdel av 1800-talet. Den gamle Ingebrigtstua skal for eksempel ikkje ha vore røykstove ut frå informasjon Beate Berg henta inn på 1950-talet. Denne stova vart truleg bygd etter at Ingebrigt tok over i 1793.

Hans Peter Schnitler skildrar òg bruken av omnane i røykstovene.

«Man giør ilden op som udi en Bager-Ovn, og naar Vedden er udbrunden, karrer og rager man Glørne i en tæt derved tilmurede Grube, og naar der er vel udbrendt, samt Røgen vel udgaaet af Stuen, legger man Liøren til med Siaaen (altså lukker holet i taket red. anm.) saa Stue bliver varm for at folket der spinder og arbeider ved den antændte Kiolja  (lampe). Derefter hænger Madmoderen sin Kiød-, Fiske- eller Grød-Gryde over Glørne og koger med Commodité maden samt laver alt andet hvad hun der kan have at bestille.»

Ein annan interessant konsekvens av at røykstovene forsvann, var at det vart meir vanleg å vaske golvet. Før den tida, var det vanleg å berre bruke ein sopelim eller spade.

Mindre hus langs kysten

Mangelen på skog og trevirke gjorde at husa langs Romsdalskysten var mindre og lavare enn i indre strøk av Romsdal, ifølge Christ Allan Sylthe i artikkelen «Tendenser i romsdalsk byggeskikk».

Øyfolket brukte gjerne opp att materialer frå andre bygningar, båtar og vrakved. Det var óg vanleg å kjøpe heile hus frå fastlandet og flytte dei ut. Det kan til dømes vere difor det eine bruket på Harnes fekk namnet Skeisvolla – huset skal ha vorte flytta frå Skeidsvoll i Tresfjorden, ifølge Beate Berg.

Husa var også meir utsette ute på den nakne, trelause kysten.

«Husene ble ofte bevisst plassert i ly for vær og vind. Eller man brukte løsningen med skeivtekte tak der taket mot værsiden ble trukket lenger ned mot baken. Inder det utvidede taket ble det rom for en sval som ga ekstra ly for beboelsesrommene samtidig som det ga kjærommen lagringsplass. Av klimatiske hensyn var det også nødvendig å kle romsdalskystens bygninger med utvendig panel, og man malte også for å unngå forvitring og råte.», skriv Christ Allan Sylthe.

Kongen innførte ekstraskatt

I 1762 vart det innført ein ekstraskatt, der alle personar over 12 år skulle betale åtte skilling per månad. For å få til dette, måtte staten lage eit manntal over skattepliktige. Det gir oss ei viss oversikt over kven som budde på dei to gardane det året, men personar under 12 år er ikkje med.

Ingebrigtstova:

  • Knud Pedersen, leiglending.
  • Ane Olsdtr., kone.
  • Peder Knudsen, son over 12 år.
  • Rasmus Knudsen, son over 12 år
  • Mari Arnesdtr., dotter over 12 år.
  • Guri Buresdtr., tenestejente over 12 år.
  • Lars Knudsen, budde på bruket.
  • Ingelev Knudsdtr., budde på bruket.
  • Guri Bjørnsd.,“Mandens Moder gamel og Svag”, truleg mor til Knud.
  • Marit Arnesdtr. “meget uduelig og fatig”.

Bergan:

  • Lars Pedersen, leiglending og ungkar.
  • Ole Peders., tenestegut over 12 år.
  • Synneve Pedersd., tenestejente over 12 år.
  • Ingebor Pedersd., tenestejente over 12 år.
  • Mari Olsd., budde på bruket.

Gjerdet:

  • Hans Stephensen, leiglending.
  • Ragnhild Amundsdtr., kone.
  • Ane Eliasdtr., tenestejente over 12 år.
  • Giæse Larsd., budde på bruket.

Masstaua:

  • Størker Toress., leiglending.
  • Marit Rasmusd., kone.
  • Rasmus Ols., son frå Marit sitt første ekteskap?
  • Ane Larsd., tenestejente over 12 år.

Nystaua:

  • Lars Lassesen., leiglending.
  • Berit Pedersdtr. kone.

Myra:

  • Rasmus Halverss., leiglending.
  • Iver Siversdtr., kone.
  • Ane Rasmusd., datter over 12 år.
  • Peder Pedersen, tenestegut over 12 år.
  • Ane Rasmusd., mor til Rasmus, “gamal og svak”.
  • Marit Halversdtr., tenestejente (søster til Rasmus?).

Samanliknar vi denne lista med manntalet frå 1701, er ein klar skilnad talet på tenestefolk. I 1701-manntalet er det registrert tre tenestfolk på Harnes.

60 år seinare er talet er talet 10 – altså ei kraftig auke. Det kan tyde på betre økonomi blant leiglendingane, og også at det var lettare å få tak i drengar enn det var i krigsåra tidleg på 1700-talet.

Tidleg på 1760-talet herja sjokdom i distriktet. Presten på Bud, Anders Borck Munthe, skildra situasjonen i 1763 slik:

«I dette Aar indkom en god Deel Vaartorsk under Land, men det urolige haarde Veir og PestSotten som graserede i hver Mands Hus og indfaldt begge i Vaarfiskens Tid, gjorde, at her faldt et lidet ringe Vaarfiskeri, same hindrede og alt Somerfiskeri. Pest-Sotten vedvarede her i Gjeldet indtil Noget efter St. Hanstid. Imidlertid hørtes intet andet en Nød og Død, og i hvert hus havde man nok at gjøre med at rygte Syge og begrave Døde. I mit Hus lå syge 22 mennesker. Af 9 barn undgik kun 1 datter Sygdomen. Af 13 tjenere undgik ingen og 3 døde. Fred gav Gud os sikkert dette Aar, saa alle vore krigsfolk som vare udi Holstein, kom hjem igjen Midtsomerstid, skjøndt en stor Hob døde i Hjemveien.», frå Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i Romsdal.

Mannskapsrulle
Romsdal fogderi: Sjølegdene
1769

Dei siste tiåra

I martiklane frå 1777 og 1778 finn vi følgande brukarar på Harnes

  • Størcher (Masstaua) – 1 våg
  • Joen (Nystaua) – 1 våg
  • Halvor (Myra) – 1,5 våg
  • Hans (Gjerdet) – 1 våg.
  • Lars (Bergan) – 1,5 våg.

Vi veit at for Gjerdet sin del, vart det eit skifte i brukarar kort tid etter dette. Då tok Niels Pedersen Harnes over bruket, truleg rundt 1780.

Her ser vi oversikta over brukarar på Harnes i martikkelen frå 1778.

Torskefisket 1782

Frå 1782 har vi ei unik oversikt over dei som tok del i torskefisket på Onahavet og Mørefeltet det året. Lista stod på trykk i Romsdal Sogelag sitt årsskrift frå 1976.

“Alle de Baade og Otteringer og Fjørmandsfar som indeværende Aar 1782 haver drevet Vaarfiskeri ved Havkanten i Romsdals Fogderi og hvoraf Eierne skal svare 64 skilling pr. Ottering og 2 Ort pr. Fjørmandsfar.”, står det i dokumentet.

Her er lista over eigarane av Harøy-båtane som lensmann Nils Larsen Eiskrem i Sund registrerte i 1782. Alle var åttringar, som var den største fiskebåten på den tida.

  • Knud Røsok
  • Ole Røsok
  • Niels Morsund
  • Rasmus Brunvold
  • Johannes Brunvold
  • Lars Pedersen Harnes
  • Størker Harnes
  • Rasmus Harnes
  • Thore Huuse

Viktig for øyfolket

Hans Peter Schinitlers “Beskrivelse over Romsdals Fogderie 1768 og 1789” gir unik informasjon om korleis det var å bu på Romsdalskysten i siste halvdel av 1700-talet. I skildringane hevda han at øybuarane hadde mindre jord, men større velstand enn andre.

«saa meget nærmere Havet end de andre, og med bædre Baade, Garn og alle Fornødenheder rigeligere forsyndet, er og deres Fordeel størst. – Deres Færdighed og Vindskibelighed baade til Lands og Vands er sær til sidste, er ugemeen; og da fortiænes anseeligt med deres Loos-Tieneste».

Han legg ikkje skjul på at fiskeriet òg førte med seg ein stor risiko.  Øyfolket risikerte både helsa og livet i kampen for maten.

«De har altsaa, saa at sige en Rigere Guld-Mine at ophente deres Formue af; ere og deres Lykke ikke aldeles uværdige, thi de vover som oftes Hilsen ja Livet».

Plasseringa av kapellet og Morsund stemmer ikkje heilt på Schnitlers kart, men gardsnamna Harnes, Hougen, Huuse, Brunvold og Røsoch er på plass.

Storegga-fisket

Schnitler skildrar også fisket på Storegga.

«Det Fiskerie kaldet Stor-Æggens, som er Lange-Fiskerie, er ligesaa fordelagtigt som farligt, naar lykkes; skiønt de vove sig 16 à 18 Miile du i Havet, tage sin hvile om Natten paa Seyl i Farmen e.t.c.»

Han skriv at dette fiskeriet krevde «overmaade gode Vejr, Himmelen maa være klar som et Speil og ingen anden vind maa da regiære end nordlig eller østlig, de andre er alt for ustadige».

Ifølgje Schnitler starta flyndrefisket når vårfisket var over og ofte før, og kunne vare i inntil seks veker.  Han understrekar at dette fisket ikkje var ein omfattande del av fiskeriet til øybuarane på denne tida.

«saa er det deg visre god Haandskilling ved Harøen og Sandøe, siden tørrede Fløndre ere i almindelighed meget begiærlige og dyre».

Han fortel også at dei dreiv seifiske, men at dette skal ha vore dårleg i mange år.

Kledene på 1700-talet

Schnitler har òg ein gjennomgang av klesstilen i siste halvdelen av 1700-talet. Både kvinner og menn brukte til dagleg vadmel-og strieklede.

«Mandspersonerne bruger lyse graae Kioler, lidt hvidere Væster og Boxer med Messing eller Tin Knapper. Quinde-Kiønnet med sorte Skiørter, stakker, tæt sammensyet og tilrynket en halv alen ned igjen fra Livet, soret Trøyer og affarvede Snøreliv, Blaae, rød eller andre Coleurede Hage-Huer, og strie-Forklæde. Om Sommeren bruger endeel strie-Skiørter som er koget i Older- eller Birke-Bark for størke skyld», skildrer Schnitler.

Det gir oss eit inntrykk av korleis folk såg ut då dei gjekk mellom husa på Harnes ein kvardag på slutten av 1700-talet.

Til helger og høgtider var plagga nokså like. For mennene var skilnaden mest at plagga var nyare, vestane og buksene blå eller raude. Enkelte brukte også bukser av bukkeskinn i høgtidelege samanhengar. Det vart òg brukt hatt eller raude huer, kvite strømper med stømpeband samanknytt i ei slags rose av duskane nedom knea, ifølgje Schnitler.

Interessant er det også at folk gjekk annaleis kledd ute på kysten enn inne i fjordane.

«Kiolerne ere Knæe-sie langs Fiorde-Folkene, men iblandt Øe-Beboerne bruges korte Vadmels Kufter: Trøyer, lande Strie-Boxer, med runde Hatte og røde Huer. Fræningene og andre ved Hav-Kanten bruger desuden ulden Peruquer, runde Skindhatte, og framfor Brysted en liten aflang Bring-Klud, som hænger fast med et Baand om Halsen».

Dei vaksne kvinnene hadde gjerne svarte fløyels-huer med svarte kniplingar, og ein kvit lerretstrimmel under, eller silkefarga huer med silketørkel rundt.

«Ligesaa Pigerne, Hvide Lærrets-Tørkeklæder med Sølv Søllie udi, eller Coleurede Silke-Tørklæder om Halsen, Røde eller sorte Klædes eller Vadmels Trøyer; Under- eller Snør-Liv af rød-grøn, ell: blaae Klæde eller Stoff med Sølv Snorer foran ved Brysted», skriv han mellom anna om klea dei brukte.

Formue frå 1789

Frå 1789 har vi ei oversikt over formueskatten som brukarane på Harnes måtte ut med i 1789.

Av lista ser vi at 8 personar på Harnes betalte formueskatt. Formua vart rekna ut av “alt rørlig og urørlig gods, penger eller finansielle eiendeler”, med visse unntak. Utrekninga av kva som høyrde til kva einskild si formue og kva som var verdien av formua, skulle den einskilde gjere sjølv. Dette måtte dei gjere under eid.

Når all gjeld var truke frå, måtte dei betale 0,5 prosent, det vil seie 48 skilling, av kvar 100 riksdaler dei hadde i formue. Altså: Dei to som betalte mest skatt, 1 riksdaler, hadde meldt inn ei formue på 200 riksdaler.

1 riksdaler = 96 skilling.

Av lista over, så ser vi at brukarane på Harnes hadde relativt lav formue, etter at garden hadde vorte delt opp i 6 bruk. Snittet blant brukarane på øya var 0,4, og Harnes-bruka dreg snittet ned. Ingen av dei er oppe på snittformua på slutten av 1700-talet.

Edit

Lars var brukar på Haugen. På Harnes finn vi Halvor (Myra), Sæbiørn (Bergan), Knud (Ingebrigtstova), John (Nystaua), Niels (Gjerdet)og Størcher(Masstaua) som gardbrukarar. Niels var husmann og Rasmus var inderste (leigetakar).

Kyrkjebøkene kom inn

Først frå 1785 har vi kyrkjebøker for området. Det gir sikrare kjelder på utviklinga i busetnaden, og også eit betre bilde av korleis utviklinga var i levetid. Vi har sett på korleis situasjonen utvikla seg frå 1785, og fram til 1808. Etter det har vi ein periode der kyrkjebøkene manglar.

Salg av Harnes

28. januar 1792 skjedde ein stor eigedomshandel i Trondheim. Då selde Carsten Gerhard Bang (1756-1826) ei heil rekkje eigedomar i Romsdal og på Nordmøre, mellom dei eigardelar i Røsok, Harnes, Haugen og Orten. Kjøpesummen for heile pakken med eiegedomar var på 9.990 riksdaler.

Bang var offiser, og i den såkalla Tyttebærkrigen mot Sverige i 1788 deltok han med eit korps av frivillige frå Røros, som gjorde ein god innsats i felttoget med Bang som leiar. Han vart seinare øverstkommanderande for militæret i Trondheim.

Ei teikning av Carsten Gerhard Bang. Foto: Wikimedia

Kjøparen av dei mange eigedomane var Johan Lausen Bull, som vi kjem nærare inn på i neste kapittel.

LES NESTE KAPITTEL: HARNES-BRUKARANE VART SJØLVEIGARAR