Skattane sleit på leiglendingane

1700-1749

1700-talet ga nye protestar mot skattebyrda kongen la på gardbrukarane.

Berre menn vart registrerte i manntalet for 1701, som hundreåret starta med.  Det gjeldt både for vaksne, barn, tenarar og husfolk.

Husmenn vart ramsa opp i ein eigen kategori bakerst i oversikta.

Manntalet i 1701 vart gjennomført for å få oversikt over krigsdyktige menn, og dei registrerte menn som var 1 år og eldre. To av dei talde på Harnes er knytta til militæret i manntalet.

Manntalet i 1701.

Ukjent bruk:

Joen, fødd ca 1663 (38 år). Er kalla Joen Jacobsen i justisprotokoll frå 1698. Står ikkje som brukar i martikkelen verken før eller etter (sjå under). Han kom frå Rynningen i Volda, og budde ifølgje eit skifte etter faren i 1709 framleis på Harnes.

Morten Larsen ca 1680 (21 år) Dreng. Reserve. Reserve refererar til det militære. Son til Lars på Myra.

Gjerdet/Nystova:

Jensz, fødd ca. 1664 (37 år). Leiglending.

Knud Jensen, fødd ca. 1697 (4 år) Son.

Iver Jensen, fødd ca. 1799 (2 år) Son.

Kona var Anne Knudsdatter, som ikkje er med i manntalet. Dei hadde også døtrene Marite, Guri, Anne og Kari, men uvisst om dei var fødde i 1701.

Lasze Pedersen, fødd ca 1668 (33 år). Dreng. Marin. Marin refererar til militæret.

Myra:

Larsz, fødd ca 1645 (56 år). Leiglending. Andre ekteskap på Myra.

Thore Larsen, fødd ca. 1698 (3 år) Son.

Kona var Marj Knudsdatter, som ikkje er ført opp i manntalet for 1701.Familien hadde også sønene Halvor (fødd ca 1687), Knud (fødd ca 1688), Rasmus (fødd ca 1690) og Ole (fødd ca 1691).

Husmenn på Harnes:

Aren Knudsen, fødd ca 1651 (50 år). Husmann.

Knud Erichsen, fødd ca 1668 (33 år). Husmann. Erik Knuds., fødd ca 1697 (4 år). Son.

Knud Pedersen, fødd ca 1651 (50 år). Husmann.

Manglar i manntalet

1701-manntalet ser ikkje ut til å vere kompett for Harnes sin del. Ser vi på martikkelen for 1701, finn vi nemleg to brukarar til: Peder og Peder Anders.

Joen, som står først i manntalet for 1701, er ikkje ført opp som brukar i martikkelen, verken før eller etter 1701. I martikkelen for 1701 står Peder oppført i staden, og det kan ha vore brukaren på Masstauå som har falt ut av 1701-manntalet av ein eller annan grunn.

I manntalet for Harnes er kun to generasjonar representerte på mannssida – fedre og barn – og ingen av “besteforeldre-generasjonen”.

Manntalet viser at under tre prosent av mennene i det som seinare vart Sandøy kommune var over 70 år. Ni prosent var over 60 år, og 23 prosent var over 50 år. Til samanlikning var 43 prosent av befolkninga i Sandøy kommune over 50 år i 2017.

Dette reflekterar ei kortare levetid, der meir enn to generasjonar var sjeldnare enn i dag.

Det var altså ikkje nødvendigvis slik at barn vaks opp med foreldre og besteforeldre på garden – det handla meir om dei var så heldige at begge foreldra overlevde oppveksten.

Joen i arvestrid

I 1703 var Joen Harnes innblanda i ein arvestrid. Stedottera til Joen, Malin Pedersdatter, hadde ikkje fått arva på 22 riksdaler som ho tydlegvis hadde rett på. Det var Anne Brunvold som stemna han, fordi mannen hennar (død?) var verge for jenta. Og det verkar som om Joen hadde liten grunn til å protestere på kravet. Om Joen står det nemleg nøkternt i rettsprotokollen: “Han møtte, kunne ingen motsigelse gjøre”.

Dommen: “Joen Harnæs bør innen 15 dager til Anne Brunvold levere den påstevnede Arv efter loven med pågående omkostninger 1 rd under execution.”

I 1703 var desse brukarar på Harnes:

Peder 1 våg (Masstaua)

Jens 2 vågar (Gjerdet/Nystaua)

Lars 1 våg (Myra)

Peder (Andersen, ut frå tidlegare og seinare oppføring) 1 våg (Bergan)

Desse brukarane ser ut til å ha ha vore der dei neste seks åra, slik vi ser at det var i 1706, og 1708.

I tillegg var Siur brukar på Haugen. Vi ser altså at det i denne perioden var ein brukar mindre enn vi såg til dømes i 1661.

Halvparten døydde

Vi ser i skiftet etter Jensz frå 1709, at dei hadde seks born. (les om skiftet i kapittelet om Gjerdet) Ei gjennomsnittleg familie fekk seks barn på på 1700-talet. Men kun halvparten av dei vaks opp – det var framleis veldig vanleg at barn døydde av sjukdom medan dei var små.

Med seks levande barn hadde Jenz og Anne Knudsdatter altså ei stor familie, om alle vart vaksne.

Ein viktig grunn til at kvinnene fekk få barn, var at dei gifta seg seint. Snittalderen på brudene var 26 år, medan brudgomane var 28 år.

“Men snittet skjuler sosiale forskjeller: Døtre av gårdbrukere giftet seg tidligere enn husmannsdøtre. En forklaring på den høye giftermålsalderen er at de unge måtte ha et levebrød før det var akseptert at de kunne gifte seg.

I Norge som ellers i Vest-Europa var det begrenset tilgang på gårdsbruk. Det var derfor vanlig at de unge tok tjeneste fra konfirmasjonen fram til de ble gift”, frå Norgeshistorie.no, Hilde Sandvik, «Mor, far og alle barna».

Ein annan ting som verka inn, var sjølvsagt mangelen på utdanna helsepersonell. Det var ingen utdanna lege i Romsdal amt før i 1784. Dei næraste var før det i Trondheim og Bergen. Det betyr at det i praksis var lite å gjere når sjukdomar slo til – for mange venta døden.

Peder ga seg

I martikkelen for 1710 ser vi at Peder Andersen er ute som brukar, og truleg er den nye brukaren svigersonen, Peder Larsen. Den andre Peder er erstatta med Rasmus.

Brukarane 1710:

Rasmus

Enka etter Jensz

Lars

Peder Larsen

Stor utskifting av brukarar

11. mars 1711 var det ting på Røsok. På dette tinget bøgsla eigar von Schltz bort fleire gardar og bruk, ikkje minst på Harnes. Nesten heile garden fekk nye brukarar.

  • 1,5 våg fiskeleige til Halvor Larsen i garden Harnes.
  • 1 våg fiskeleige til Rasmus Larsen i garden Harnes.
  • 2 våg fiskeleige til Amund Rasmussen i garden Harnes.

Halvor Larsen og Rasmus Larsen kan ha vore dei to sønene til Mari og den aldrande Lars Halvorsen. Sjå kapittelet om Myraslekta gjennom 200 år.

I tillegg til desse tre, så heldt Peder fram som brukar. Desse brukarane finn vi igjen i mange år framover, både i 1718 og som vi seinare skal sjå i 1723.

Normalt var programmet på desse tinga om lag slik:

Først erklærte sorenskrivaren tinget lovleg sett.

Etter det lyste futen, som på denne tida var Børge Jacobsen Eeg i Romsdal, tingfred. Det er mange døme på samanstøyt og opprør under tinga som var møter mellom staten og folket. Difor ga brot på tingfreden bøter og straff.

Så leste sorenskrivaren opp påboda og anordningane som hadde gått ut sidan forrige ting, og dokumenta som var innleverte til tinglysing.

Deretter kom rettargangen med framlegging av innlegg, protokolltilføring og avhøyr av vitner med meir.

Samstundes var fogden med sin fullmektig, ofte i det same rommet, opptekne med å ta mot dei mange skattane.

Parallelt var sorenskrivare sin fullmektig oppteken med skiftesamlingar.

LES ALEXANDER KIELLANDS SKILDRING AV EIT TING HER

Ein nobel danske tok over

Den nye eigaren av Harnes, Hans Nobel, var fødd i 1657 i eit område som den gongen var ein del av Danmark, nemleg Christianopel. Det er i dag Karlskrona kommune i Sverige.

“Hans Nobel er en typisk representant for den nye embetsstanden som vokste frem under eneveldet. Han utfoldet stor aktivitet i sine ulike høye embeter og verv og klarte samtidig å bli en rik mann. I ettertid er han mest kjent for arbeidet i Slottsloven på Akershus, matrikkelforarbeidene av 1723 og salget av de norske kirkene.”, står det i Norsk biografisk leksikon

Nobel vart utnemnd til amtmann i Romsdal (tilsvarar Møre og Romsdal i dag) i 1704. Han var sterkt engasjert i kampen mot lepra, sjukdomen som gjorde folk spedalske. Lepra var mykje utbreidd på Møre i denne perioden, og vi skal seinare sjå at Harnes vart ramma. Nobel oppretta Reknes hospital for spedalske i 1713.

Nobel var nok ikkje alltid like godt likt i samtida, men i kor stor grad det påverka brukarane på Harnes og Haugen er vanskeleg å seie. Ifølge Norsk biografisk leksikon vart han sett på som noko midt mellom ein adelsmann og ein slyngel.

“Nobel ble av samtiden sett som egennyttig og nærig, preget av driftig foretaksomhet som ikke syntes å være hemmet av sterke moralske skrupler. Han var personlig vanskelig å ha med å gjøre, kritisk mot andre og flink til å fremheve egne fortjenester. Han ble omtalt som noe midt mellom en adelsmann og en slyngel, noe som nok mer kan skyldes irritasjonen over den vellykkede oppkomlingen enn forhold ved Nobel selv. Både under prosesser og ellers viste han seg som en sindig, måteholdende og veloverveid mann. Han hadde også intellektuelle interesser og brevvekslet bl.a. med den lærde Frederik Rostgaard.”, frå Norsk biografisk leksikon

Gardbrukarane fekk luksuskatt

21. februar 1711 kom ei “forordning” som påla nordmenn å betal ein slags luksusskatt, eller skatt for ting “hvor af de fleeste sig meere til Overdaadighed end av Fornødenher betiene”.

Skatten er i ettertid kjend som skoskatten, fordi nye sko var mellom det som vart skattelagt. For ikkje å snakke om parykkar (menn) og hovudplagget fontanger (kvinner). Skatten vart relativt raskt krevd inn i 1711.

Skoskatten vart ei utfordring å kreve inn i Noreg, fordi folk flest ikkje kjøpte sko frå skomakar, men lagde dei sjølv. Difor vart det krevd inn skatt for to par sko per person i husstanden blant bønder. Hjå husmenn var det tatt utgangspunkt i eitt par sko, som ga 3 skilling i skatt.

Krig, krig

Og kva trengte kongen pengar til? Krig, sjølvsagt. På denne tida herja Den Store nordiske krig, som eigentleg var ein serie krigar mellom 1700 og 1721. På den eine sida sto stormakta Sverige, som kjempa mot ein skiftande koalisjon mellom Sachsen-Polen, Danmark-Noreg og Tsar-Russland. Frå 1715 var også Preussen og Hannover med.

Særleg frå 1709 vart Noreg meir involvert, og skattetrykket auka, mellom anna med skoskatten som folket på Harnes måtte betale.Mange menn vart utskrivne til militærteneste, og det gjorde det også vanskelegare å skaffe arbeidsfolk til gardane.

I den samanheng er det interessant å sjå at samtlege tenarar på Harnes var kvinner i 1711 (sjå liste under). Ingen drengar er registrerte.

Skoskatten frå 1711

Rasmus qvinden (kona til Rasmus) Ranj (form av Randi)

Aamund qvinden (kona til Åmund) Marit Anne

Lars

Halfuer Ane Ols datter,Ane

Peder qvinden Ingebor

Kjelde: Skoskatten 1711

Måtte finansiere soldatar

I ein legdsrull frå 1711 ser vi grupperingar av brukarar på Harøya som var ansvarlege for å utruste og skaffe éin soldat. Heile det sørlege Noreg var delt inn i såkalla soldatlegder.

Systemet vart innført allereie i 1628, då vart kravet sett til ein soldat per fire fullgardar. Krava vart raskt skjerpa, og i 1647 var kravet ein soldat per to fullgardar, slik det også var i 1711. I 1717 var kravet ein soldat per fullgard, slik det var fram til ordninga vart fjerna i 1799.

Gruppe 10:

Erick og Jens Røsock

Knud Ellings. Røsock

Olluf Halvorsøn Røsock

Gruppe 11:

Tore Morsund

Knud Røsock

Jon Brunvold

Sifuer Hoven (Haugen)

Gruppe 12:

Niels Brunvold

Encken Harnes (truleg enka etter Jens)

Rasmus Harnes

Gruppe 13:

Lars Harnes

Peder Larsøn Harnes

Lars Huuse

Povel Huuse

Olluf Huuse

Grupperingane gjekk altså på tvers av gardane, men samla har brukarane i gruppene om lag lik mengde (våg) jord.

Her ser vi ei faksimile av legdsrullen frå 1711.

Diskusjonar om skattar

På tinget 9. april 1714 var det tydeleg at folk sleit med alle skattane. Tingdeltakarane, mellom dei var det sikkert folk frå Harnes også, ramsa opp skattane dei betalte/hadde betalt – det var ei lang liste:

Dei ordinære, kongelege skattane: Leilendingsskatt, odelsskatt, rostjenesteskatt, ledingsskatt, munderingsskatt og proviantskattar.

Skoskatten, 6 skilling av kvar person, store og små, fattige og velhaldne.

Høskatt, 2 riksdaler og 2 ort av legdet for åra 1710 og 1711.

Kjøtskatt, 4 bismerd. av legdet.

I tillegg måtte dei vere med og finansiere då brigaden Budde marsjerte til Holsten med sitt regiment

Dagskatt. Dei hevda at folket i fogderiet hadde betalt meir enn dei skulle.

Pihls (?) bonde, hartkorn skatt av vogen på 1 ort.

Kvernskatt.

Laugmanns told.

Weymester told.

Degnetold.

Skovrøktertold.

Skydsskaffertold.

Skrivertold.

Offerskjeppe.

Tilsynsmandstold.

Servicetold til offiserane. “når de ere acsignerende gårde givet til offiserne foruden de ordinære påbud udi service årlig 5 riksdaler. Hver mann 6 sk. årlig og nu sist sereanten var hjemme af samme 8 sk. 12 sk. af samme udi Vestnes Otting, hvilke de med hug og slag tvang dem af.”

Drengeskatt og pigeskatt.

Gardbrukarane hadde likevel truleg lagt bak seg det verste: Dei mange krigane skal ha gjort at 1600-talet var verre skattemessig.

Brukarar i 1718

Her ser vi at det er dei same brukarane på Harnes i 1718 som etter den store utskiftinga av personar i 1711.

Amund 2 våg

Rasmus 1 våg

Halvor 1,5 våg

Peder 1,5 våg

Martikkelen frå 1718. Haugen og Harnes står nederst

Forsøk på ny oversikt

I 1723 vart det starta eit forarbeid til ein ny martikkel, som var tenkt å avløyse martikkelen fra 1660-åra.

Det enda med at arbeidet vart stoppa, men i mellomtida var det henta inn mykje informasjon om gardane rundt om i landet. Under har vi samanlikna og sett saman informasjonen for gardane på Harøya, og mellom dei Harnes og Haugen.

Informasjonen er óg interessant fordi driftsforma i jordbruket i stor grad var den same frå vikingtida og fram til slutten av 1700- og 1800-talet. Først på slutten av 1700-talet kom det betre kornsortar og til dømes poteta. Storfeet dominerte, og det var lite grise- og hønsehald før denne tida. Difor gir martikkelutkastet frå 1723 også indikasjonar på korleis situasjonen var på gardane i hundreåra før.

.

Fiskeriet heilt sentralt

Om fiskeri står det i martikkelen om Harnes: “intet fisherie uden af haved, hvor af de sig mest Nærer.”

Altså ingen tvil om at fisket var viktig. Grunnen til at det står “intet fisherie” først, er nok at spørsmålet i spørjeskjemaet var tiltenkt fiskerettar i elver.

I omtalen av Harnes vert det vist til at driftsforhalda var lik dei på Haugen,bortsett frå at Harnes var “vissere til Korn og bæedre Eeng”. Det er altså tydeleg at Harnes vart vurdert til å vere betre egna til korndyrking enn Haugen.

Om Haugen-garden står det følgande: “Gaarden Ligger 2 miil udi hafskierene fra det faste land, middelmaadig Jord art, vis til korn, skrind til eng, letvunden, ingen Lejlighed til rødning, ringe fægang.”

Ein hest per brukar

Vi ser at det var 21 kyr kyr og 13 ungdyr på garden, og fire hestar. Det siste rimar bra med at det var fire brukarar – altså kvar brukar hadde sin hest. Høyavlinga var på 61 lass, og det var bygg og havre dei dyrka.

“Kystbøndene må ha brukt det aller meste av det hjemmeavlede smøret og kjøttet selv, de utnyttet i liten grad de gode naturgitte betingelsene for februk ute ved kysten til å drive salgsrettet februksproduksjon. Årsaken til dette er åpenbar. De skaffet seg lettere pengeinntekter gjennom fisket.”, frå “Mens bønderne seilte og Jægterne for”, av Arnved Nedkvitne.

I 1723 var desse brukarar på Harnes, ifølgje martikkelen:

Rasmus

Amund

Halvor

Peder

Desse fire hadde alle vore brukarar i over ti år, Peder nokre fleire år enn dei tre andre.

General Schultzis arvingar står som eigarar. Dei andre eigarane er Hustad kyrkje og Ludviig Iversen med kvar sin 1/6.

Det er tre husmenn utan plassar på garden, truleg levde dei av fiske.

1724: Martikkelen, med gardane på Harøya lista opp. Haugen og Harnes nederst.

Meir skattestrid – denne gongen husmenn

9. juli 1725 møtte romsdalingar til ting på Harnes. Det store dramaet på dette tinget var manglande betaling av skatt til kyrkja. Det var amtmann Erich Must som stevna ei heil rekkje husmenn, mellom dei Hover(?) Harnes, Ole Harnes og Ole Knudsen Harnes.

Dette er nok dei tre husmennene vi såg var registrerte på Harnes i martikkelutkastet frå 1723.

Dei tilsto at dei ikkje hadde betalt nok til kyrkja, bortsett frå fisketienden som styrmannen på båten dei hadde fiska på hadde motteke. Men betale – det måtte dei.

Domen over husmennen vart slik:

“Disse innstevnede husmenn kun har ydet en ganske liten, og undertiden så lite i tiende at det ikke nær kan æqvivalere imot det som loven av slike folk kirken har tillagt, og hr. amtmann Must som eier til Akerø prestegjeld, hvorunder disse husmenn sorterer, etter kirkernes anpart tiende imot den i loven tillagde deputatz erlegges. Altså kjendes for rett at innstevnede husmenn efter lovens § 420 art 12, betaler til kirken årligen i 4 kvartaler 1/2 mark danske, tillige med denne prosess omkostninger, hver med 4 sk. alt å utrede innen 15 dager.” (Avskrift av Statsarkivet)

På tinget sommaren 1735 kom det nok eit døme på at vrakrestar var noko dei prøvde å skaffe seg verdiar ut av. Det vart fortalt at folk frå Harnes og Brunvoll “med stor livsfare” hadde berga eit anker frå eit skipsvrak.Skipet låg tre mil utanfor Røsok.

“Det lå helt under sjøen, og ved bølgernes reising hevet speilet i veiret, hvor det bergede anker hengte”, vert det skildra i referatet frå tinget.

Innførte skule for alle

Prosjektet “Norsk skolestatistikk 1660 – 1853” av professor Knut Tveit ved Universitetet i Oslo, viser at den første systematiske skuleopplæringa av borna på Harøya truleg starta i åra 1732-1735.

“Presten i Aukra kom med framlegg til lærarløn på ein bispevisits i 1732, og 3 år seinare var skolen i gang: “Een Skolemester holdes for Agerøens og Øernes Sognefolk, hvilked er Sogne Præstens omhyggelighed at tilskrive, skønt hans løn er end meged liden”. Plan for skolen kom i 1739.”, skriv Tveit i oversikt over når skuleopplæringa starta i dei ulike kommunene.

Det var omgangsskule som vart løysinga.

“Frå nokre få norske prestegjeld på 1700-talet finst det såkalla sjeleregister med individopplysningar som tyder på at over 90 prosent av dei unge lærte å lese godt eller brukande i bok” skriv Ståle Dyrvik i Norsk historie 1625-1814.

Opplæringa var nok ikkje så omfattande: Truleg 100-150 dagar, altså færre dagar enn i eitt skuleår i dag, før dei starta førebuingane til konfirmasjon.

I avsnitt 37 i forordning om skulane på landet i 1739 stod det mellom anna:
«Alle Børn i Skolens District, som ere over 7 Aar gamle, og kand søge Skole,
bør flittig og saa længe muelighet er, komme i Skole, i det mindste indtil de ere
I0 à I2 Aar gamle. De Forældre, som forsømme at sende deres Børn i Skole,
skal af Præsten derom paamindes og om de sig derefter ey forbedrer, da ey alleene efter forestaaende I7 Articul straffes, men desuden, om de ey ere yderlig
fattige, betale til Skolemesteren for hvert Barn, som de holder fra Skolen,
ugentlig 4 sk., og, om det er formuende Folk, som boe i Sognets District, da 8
sk., med mindre de selv holde en Informator til deres Børn. Hvorpaa SognePræsten og Skolemesteren bør have nøye agt, og aarlig ved Visitatzen anmelde
det for Provsten, som, om Betalingen ey skeer i Mindelighed, lader Skolemesteren strax anmælde det for Amtmanden, som da strax besørger Pengene inddreven.
«

Vi veit at frå 1769 var Halvor Larsen lærar i Sandøy sokn, han skal ha vore frå Orta.

Åra 1740-1742 vart ein ny kriseperiode. Pontoppidan skildra åra slik: «Det var ligesom Solens Glands, Varme og vederkvægende Kraft havde tabt noget mærkeligt».

Årsaka kan igjen ha vore eit vulkanutbrot – denne gongen i Japan sommaren 1739.

I kallsboka for Bud i 1742 vert uåra skildra slik:

«I dette år hjemsøkte Gud atter landet med uår, så jordens grøde ble kun lite bedre enn forleden år, da frosten innfalt, så det så ut til at mang en fattigman med sine barn skulle forgå av hunger. Men den nådige Gud hadde ikke lukket en dør før han åpnet en annen. Ti 14 dager før jul innsendte Gud så stort et sildeberg i alle fjorder, bukter og viker at hver mann fikk nok til vinterføde, ja til overflod. Lover Herren alle som lever.»

Livet på 1740-talet

Våren 1743 sendte det Danske Kanselli i København 43 spørsmål til embetsverket i Norge.

I Romsdal amt var det amtmann Christian Ulrik Tønder som sendte inn det som vart ei skildring av livet på 1700-talet, og samstundes ei skildringa av nokre av dei verste kriseåra i det hundreåret.

Tønder skreiv at det mesteparten av året kom inn tjukk og skoddefylt luft mot kysten. Nord- og nordvestlege vindar dominerte og førte til at det var lite fruktbart i området. Han hevda at desse vindane førte til sjukdom både mellom menneske og dyr.

I rapporten til kanselliet står det vidare at dei tre siste åra hadde blodgang (dysenteri – ein tarmsjukdom), flekkfeber (første symptoma på tyfus) og skjørbuk “lugt manges øyne”.

Det vart trukke fram fleire årsaker til dette, mellom anna salte dunstar frå havet og kulde. Han peika også på buforhalda bøndene har i det som vert skildra som hytter. Røykstovene som folk ofte budde i hadde ikkje open skorstein, noko som førte til ein “slem og vederstygelig stanck”.

Han trakk også fram kosthaldet, der folk flest ikkje åt anna enn sild og fisk, ifølgje amtmannen. Brødmaten var frosen havre blanda med “sildens ælck og torskerafn”.

Eit meir kuriøst poeng, som må ha vore meir ei slags myte, er at rotter ikkje kunne leve på Harøya:

“Paa Hard-Øe, er noget, som giver opmærksomhed, at Rotter døer strax, om de paa Skib kommer der paa Land.”

Erobra Jomfruen av Trondheim

Ole, Knud og Peder Harnes vart stemna for retten av tollar Paul Berentz i 1745, saman med ein rekkje andre fiskarar frå Sandøya, Husøya og Ona.

Det var den 7. august 1744 at dei såg skipet kom drivande. Båten hadde “støtt på” Langesund på Nordmøre, og hadde altså drive langt sørover.

“I meget hårdt vær drivende ind fra havet da de samtlige begav seg ut med sine brødre til skibet som de kom ut til med stor livsfare og fant at skibet hadde mistet roret.”

Dei fortalde i si forklaring at kahytten med lugarane var open og at det ikkje var folk på båten. Dei stoppa straks båten med to anker. Men veret var så hardt at det eine ankeret gjekk i stykkjer. Det gjekk ikkje stort betre med det andre ankeret, slik at båten tok til å drive igjen. Dei turde ikkje å vere ombord lenger, men i “all hast” fekk dei berga mykje frå båten:

  • Åtte skjorter
  • Tre stripa underbukser
  • Ein gamal vest
  • Ei gamal bukse
  • Ei grå bukse
  • Ei strikka undertrøye
  • Eitt par nye støvlar
  • To nye dunputer
  • Ei blå pute
  • Ei fjørdyne
  • Ei kvit rye
  • Eitt par gamle hoser
  • To raude huer
  • Ei finare hue
  • Ei talje med to blokker
  • Ein gamal tysk bibel
  • Ei flaske
  • Ei brun trekkande
  • Ei brun trekkande
  • Fem par koppar
  • Ei latins bok
  • To kvartar smør
  • Ei steintavle
  • Fire kvartar smør
  • Tre vestar
  • Ei grå vadmeldstrøye
  • Ei gamal kvit halmseng
  • Ei halmseng
  • Ei lita dyne med halm
  • Eit kompass
  • Ei sukkerbørse
  • Seks ? smør
  • Eit tomt flaskefor
  • Ein gamal blå kjole
  • Ei gamal brun flossa bukse
  • Ei gamal halmseng
  • Ei halmseng til
  • Eit kompass
  • Ei tinnfat
  • Ei pipe
  • Tre knivar, kvit beinskaftskniv
  • Fire timeglas
  • Eit par (?) hanskar
  • Ein ropert
  • Ei gamal hue
  • Eitt par gamle hosar

“og med stor livsfare forføyet sig mot land og tillike med det mere blev ført til Molde. Noe mer fikk de ikke med seg.”

Den største brukaren døydde

I 1743 døydde Amund Rasmussen Harnes, etter å ha vore brukar i heile 32 år. Han sat på den delen som inneheldt Gjerdet og Nystauå. Ut frå legdsliste frå 1747 og martikkel frå 1748 var det Lars Larsen Harnes som tok over den delen Amund hadde.

Lars har ei interessant historie, og han kan du lese meir om i kapittelet om Nystauå.

I martikkelen for 1748 finn vi følgande brukarar på Harnes:

Ole Rasmussen 1 våg (Masstauå)

Lars Larsen 2 våg (Gjerdet/Nystauå)

Rasmus 1,5 våg (Myra)

Peder og Knud 1,5 våg (Bergan/Ingebrigtstauå)

Lista viser også at Rasmus Larsen var ute som brukar på Masstaua – han var brukar der i over 30 år.Den nye brukaren Ole Rasmussen kan ha vore sonen til Rasmus, eller at kona Marit Rasmusdatter var datter til Rasmus Larsen.

Martikkelen frå 1748.

LES NESTE KAPITTEL: DEI GAMLE RØYKSTOVENE VART FASA UT