Jære-folket gjennom nærare 400 år

Dom i Høgsterett. Tragiske barnedødsfall og lykkeleg dans på stovegolvet. Her er oppturar og nedturar for Jære-folket.

Kanskje finn vi allereie i 1521 dei første spora etter denne delen av Harnes, som i alle fall frå utskiftinga i 1861 vart kalla Harnesgjerdet (uttale: /’ha:rnes,jæ:re/) eller berre Gjerdet (Jære på dialekt).

Då budde Baard på Harnes, og sat på halve garden. I 1597 kan det ut frå skattelister sjå ut som om Hogne var brukar på den same halvdelen som Baard. Og at deretter dreiv Hogne bruket heilt fram til Lasse Alfsen kom inn som brukar i 1628. Dette byggjer på rekkefølga i skattelistene og det som kan vere brukarrekka på den andre halvdelen av Harnes, nemleg Myra.

Og når vi veit at kyrkja kjøpte halve Harnes ein gong mellom 1432 og 1450, altså kanskje 80 år før Baard, så kan altså Gjerde-delen av Harnes ha vore den eine halvdelen.

Gjerde-delen, som då også innheldt det som seinare vart skild ut som Masstauå og Ingebrigtstauå, var halve garden fram til 1660-talet. Då vart Masstauå skild ut som eige bruk (1 våg), medan Jære-delen heldt fram som 2 vågar. Namna på bruka var truleg andre då – i alle fall er Ingebrigtstauå eit namn frå slutten av 1700-talet, og truleg er både Masstauå og Jære nyare namn.

Lasse inn på 1620-talet

Lasse Alfsen dukka altså opp som brukar på Harnes allereie i 1628. Det var truleg ingen Alf på Harnes (Alfsen refererar som kjent til ein far som heitte Alf) i åra før, så det kan ha vore ei ny familie som kom inn.

Edit

Lasse Harnes står øverst i lista over dei som betalte garnisonskatt i Sundt Otting i 1627-29.

Vi såg tidlegare at i jordeboka for 1626-1627 sto Joen Bruneuold och Clemend Haerneß som eigarar på Harnes. Lasse var altså neppe sjølveigar. Clemend finn vi att på Harnes også etter at Lasse Alfsen kom inn.

Dei to åra før Lasse Alfsen kom inn på Harnes, er det ei enke som står som brukar. Ho dukka opp etter at Hogne for siste gong var registrert i 1626. Kanskje tok Lasse Alfsen over den delen av Harnes som Hogne hadde, og han dukka opp som brukar seinast i 1597.

Fødd på 1500-talet?

Lasse vart truleg fødd i åra rett før hundreårsskiftet, i 1598/1599. Dette var, som vi tidlegare har sett, midt i ein periode med hungersnaud og år med feilslåtte avlingar.

Truleg døydde det fleire born i denne perioden enn elles. Lasse var slik sett ein av dei heldige som fekk leve opp og han levde eit langt liv.

Edit

Øverst ser vi Lasse Harnes registrert under koppskatten i 1645: “Lasse Harniss hans hustru och j pige __  j ort”. Truleg var han gardbrukar på det som seinare vart Jære.

Leiglending under kongen

Vi finn truleg den same Lasse igjen som brukar på Harnes i 1645 (koppskatten) og i 1647 (skattemartikkelen). Då leigde han 3 våg – altså halvparten av garden. Lasse var med det den største brukaren på Harnes. Han var leiglending under kong Fredrik 3 av Danmark/Noreg, som bygsla heile Harnes-garden.

Lasse var då nærare 50 år gamal, og truleg på høgda av sin periode som brukar.

Lasse var i 1661 framleis brukar, men står i Jordebok for Romsdal som brukar saman med ein Hans. Dei to hadde då saman halve Harnes-garden.

Om Hans var ein son som han dreiv i lag med eller ein anna brukar er vanskeleg å vite

Tre år seinare, i 1664, var nemleg Hans borte som brukar. Og då kan det sjå ut som Lasse var i ferd med å trappe ned, han var då i midten av 60-åra. Lasse hadde då nemleg berre 1 våg, medan den rundt 30 år gamle Knud Olsen hadde teke over 2 våg av Harnes.

I 1669 er Lasse ute som brukar. Om det betyr at han var død, veit vi ikkje. Han var i alle fall ein aldrande mann på rundt 72 år. Dette var nok ein levealder godt over snittet, sjølv om folk vart eldre også. Så seint som i 1820 var forventa levealder for nyfødde gutar 45 år. På 1600-talet var snittet truleg ein del lavare.

Uansett hadde han i 1669 vore brukar på Harnes i heile 40 år – den med lengst brukartid av dei vi kjenner til før år 1900.

Ut frå brukarane som kom seinare, kan det sjå ut som om den eine vågen Lasse hadde på slutten, seinare vart til bruket Masstauå. Delen han ga frå seg på midten av 1660-talet, ser ut til å ha gått vidare som Jære.

Edit

Knut førte Jære-delen vidare

Neste brukar av det vi trur var Jære-delen, som på denne tida var 2 våg, vart altså Knut Olsen. Knut overtok to våger frå Lasse, medan Lasse dreiv den tredje vågen nokre år til sjølv.

Knut Olsen er i soknepresten sitt manntal i 1664 ført opp som 30 år, men alderen var nok runda av til næraste tiår. Så han kan ha vore både yngre og eldre.

Knut var den største brukaren på Harnes, sjølv om parten av garden var redusert til 2 våg. Han var også registrert med ein dreng, Hans Paulsen (ca 20 år). Om dette er den same Hans som dreiv saman med forrige brukar Lasse i ein periode, veit vi ikkje.

Av dei fem brukarane som var registrerte i 1664, så var berre to oppført med dreng/tenar – nemleg Knut Olsen og Knut Knutsen (Myra).

I stiftamtstueregnskapet for Trondheim stiftamt for 1676 ser vi at Knut framleis sat med 2 våg i Harnes. Og vi finn ein Knut også som ein av brukarane i 1687, slik vi såg i kapittelet om 1600-talet på Harnes.

Knut fekk bot for manglande skyss

I 1687 fekk Knut Harnes bot, truleg fordi han ikkje hadde gitt soldatar skyss slik kongen påla bøndene. Han fekk bota saman med tre menn frå Rakvågen.

“Knud Harnæs, Knud Steens. Rakevog, Knud Peders. Huusmand ibnd: sambt Knud Anders. Rakeuog, formedelst dee ey giorde Soldaterne Foerenschab forleden aar der udj hans Mats tienniste Var af ferdiget til Danmarck, er tilkiendt huer at bøde 2 mk Sølf, Er …. 4-.-.”

Edit

Her står det om bota som Knut fekk,

Knut trappa ned – sonen tok over

I martikkelen for 1690 ser vi at det har skjedd endringar. Knut sit att med berre 0,5 våg, medan Jens Knudsen har kome inn med 1,5 våg. Når vi så ser at Jens sit med 2 våg i 1695, så er det mykje som tydar på eit generasjonsskifte, der han først tok over ein del av bruket til faren og seinare alt.

Jens vart ifølge manntalet i 1701 fødd rundt 1664 – altså same året som Knut Olsen dukka opp på Harnes. Ut frå skiftet etter Jens i 1709, så veit vi at Jens hadde ein bror, Lars Knutsen Huse. (ca 1669-).

Om vi går ut frå at Knut Olsen døydde ein gong på midten av 1690-talet, så vart han rundt 60 år gamal. Han er i alle fall ikkje nemnd i manntalet for 1701.

Skiftet etter Jens

Jens var brukar i 19 år, fram til han døydde i 1709.

Jens må ha vore rundt 45 år gamal då han døydde, om vi tek utgangspunkt i manntalet frå 1701.

Han etterlet seg ei kone: Anne Knutsdatter, og dei hadde ikkje mindre enn seks born saman. Gutane, Iver Jensen og Knut Jensen, ser ut til å ha vore berre 10 og 12 år gamle.

Døtrene kjenner vi ikkje alderen til, men dei heitte Marite, Gurj, Anne og Kari. Altså ei stor familie.

Edit

Her ser vi delar av skiftet etter Jens Knutsen Harnes, frå 1709, over 300 år gamalt.

Båtar og kyr

På Harnes dreiv Jens og familien Jære-bruket med ein hest, sju kyr og ein okse. Og som fiskarbønder så hadde dei også båtar.

  • Ein seksring med segl.
  • Ein ottring utan segl.
  • Ein ottring med segl og mast.

Signy Haraldsen har granska 119 skifter i Sandøy kommune i perioden 1678-1843, og fann 65 ottringar. Berre to av desse ottringane var eigd av berre éin person. Den eine var Jens Knudsen Harnes. Resten av eigarskapa var frå halv- til åttandepartar.

“Endhver Øeboer fisker uden for sine Øer, saaledes haver Indbyggerne på Sandø Harø et vaarfiske 2 Miile omtrænt udi Havet.”, skriv Hans Peter Schitler i “Beskrivelse over Romsdals Fogderie 1768 og 1789”.

I boet var det også to sølvskeier, og ein koparkjele.

Kona Anne ser ut til å ha kome frå Huse. I skiftet etter Marite (?) Svendsdatter på Huse er ho oppført som datter – med namnet Anne Iversdatter Harnes. Ho er Marites barn frå første ekteskap, ho var gift med Lars Knudsøn Huse då ho døydde, som ho ikkje er oppført med barn med.

Jens ser altså ut til å ha vore bror til Anne sin stefar.

Anne hadde ein bror som heitte Iver Torsøn Misundet. Han er også oppført frå første ekteskap, sjølv om dei ser ut til å ha hatt ulike fedre. Iver Torsøn står også som hennar bror i skiftet etter mannen Jens.

Edit

Tegner: Ukjent

Amund kom inn som brukar

Barna til Jens var nok for unge til å ta over då Jens døydde, og dermed kom det inn ein ny brukar i 1711.

Det var Amund Rasmussen, som skulle prege den første halvdelen av 1700-talet på Harnes og Gjerdet-bruket.

Amund var gift med Berte Pedersdtr. Myklebust, fødd 1794. Ho var dotter til Peder Olsen og Eli Larddtr. Myklebust.

Ho skulle bli buande på Harnes i over 50 år, og gift to gongar.

Amund og Beret skal ha fått (minst) sju born:

  • 1. Beret
  • 2. Ingelef (ca. 1716-1791). Gift med Lars Knutsen Harnes (-1783), som var strandsitjar.
  • 3. Rasmus
  • 4. Ragnhild (ca. 1723-1793). Gift med Hans Steffensen. Dei to dreiv bruket vidare i siste halvdel av 1700-talet.
  • 5. Anna (ca. 1728-1802). Gift med Nils Jonsen Fjørtoft og seinare Elling Iversen.
  • 6. Eli
  • 7. Hans (ca. 1732- 1799) Gift med Inger Iversdt. ( 1720-1795), Brunvoll. Foreldre til seinare brukar Synnøv Hansdatter.

I 1743 døydde Amund. Han dreiv altså bruket i over 30 år.

Her er skiftet etter han:

“Ao 1743 Den 2 May tilligemed Lensmanden Knud Madsen Erkrem og Knud Gundersen Hægdahlvig, vare vi forsamlede paa gaarden Harnes i Sunds otting, for at holde Skifte og Deeling efter afgagne Amund Harnes, og det imellem hands efterladte Encke Bereth Pedersdatter paa eene og Derres sammen avlede børn neml: Rasmus og Hans. Amundssønner, samt Bereth, Ingelef, Ane, Ely og Ragnild Amundsdatter. Til Formynder for børnene blev følgende andsadt: for Rasmus Amundsen, Peder Harnes, for Hans Amundsen Ole Knudsen Harnes, for Bereth og Ingelef, Elias Sandøen, for Ane og Ely, Lars Lassesøn Harnes, og for Ragnild, Tosten Ingebrethsen Røsaak – boens formue blev derpaa andviist, Registreret, Vurderet og deelt som Følger. –

  • 1/3 part i en Sexring 1-3-8
  • 1/2 parten i en (??) -3-
  • 1 Dybsaug(?) -1-
  • 3 grev – – 8
  • 1 PlogJern – – 16
  • 1 Naver – – 8
  • 1 øx – – 8
  • 1 gryde – – 16
  • 1 Saa(?) – 1 –
  • 1 Kiedel 9-2
  • 1 Kiste – 1 –
  • 1 Do. – – 5
  • 4 Tønder a 4s – – 16
  • 1 Ege Tønde -1-16
  • 1 Sort sidet Koe 3 – –
  • 1 graa Spraglet hornet
  • Koe 3- –
  • 1 rød hornet Koe 2-3-
  • Ely i Fædrene
  • Sort Kollet Koe 2- –
  • 1 graa hornet Koe 2-1-
  • 1 Sort og hvid om hovedet 1-3
  • 1 Gris(?) 1-2-
  • 1 oxe – 3-
  • 1 Kalv – 3-
  • 5 Tønder Saa Korn a (??) 6-1-
  • 1 Skindstack – 1 –
  • 1 Skindt 3 – –
  • 1 Sou(?) – 1-12
  • 1 Slibesteen – 1 –

Summa  44-2-20

boens besværing og bortskyldig Gield . –

  • Landskyld til Huustad Kircke 1 – –
  • Ole Os paa Sundmøer – 2 –
  • Skifte Forvalteren for beskrivelse og procento(?) 1-3-
  • Stempl: Papiir – 2 –
  • Fogden for mændsopnevnelse – – 16
  • Tieneren – 2 –

Summa   4-1-16

Naar boens besværing 4-1-16s fradrages boets Formue, bliver igien til Deeling 40 Rdlr 1 ort 4s: Derav tilkommer manden den halve deel 20 Rdlr – 14s, paa en Søn 4 – 1 – 18 2/3s, og paa en datter 2 rd – 21 1/3s (…).

Edit

Amund Rasmussen Harnes budde på det gamle Harnes-tunet, i eit hus som kanskje likna på dette.

I 1745 tok Lars Larsen over etter Amund. Han dreiv det same bruket i 10 år. Då vart det ei deling, der han dreiv halvparten vidare og det er den delen som seinare vart kjent som Nystauå. Les meir om Lars Larsen under Nystauå.

Den andre delen gjekk vidare som Gjerdet, og då kom ein av etterkomarane til Amund Rasmussen Harnes inn som brukar.

16. oktober 1755 tok nemleg Hans Stephensen (fødd 1722) over som brukar. Kona var Ragnhild Amundsdatter (fødd 1723). Ragnhild var dotter til Amund Rasmussen Harnes og Beret Pedersdtr. Myklebust.

På det same tinget vart også bror til Ragnhild, Hans Amundssen, brukar på Brunvoll.

Ekstraskatten i 1762 viser kven som budde på Gjerde-bruket:

  • Hans Stephens:
  • Rangnil Amundsd
  • Ane Eliasdatt.
  • Giæse(??) Larsd.

Edit

Frå ekstraskatten 1762

Dei ser altså ikkje ut til å ha hatt born som budde heime det året. Eit barn er knytta til paret i Busetnadssoga for Sandøy:

Elen Hansdtr., fødd 1774, gift med Nils Hansen på Ona i 1799

I 1790 vart Eli Hansdtr. Harnes konfirmert, det er mogeleg at dette er same personen.

I 1793 vart også ei Søneve Hansdtr. Harnes konfirmert.

Hans døydde i 1785, og Ragnhild i 1793. I kyrkjeboka står det at Ragnhild døydde 70 år gamal, og om det stemmer var ho vel i eldste laget til å ha vore mor til desse borna – altså 51 og 54 år gamal då ho fødde dei. Det kan også vere slik at alderen i kyrkjeboka er ført feil, og at ho var yngre.

Edit

Her står det at Ragnhild Amundsdotter Harnes døydde 70 år gamal i 1793.

Den første Nils på garden

Allereie i 1780 tok Niels Pedersen over ein bøkselsetel for 1 våg i Harnes, altså ein sjettedel av garden. Den då rundt 22 år gamle mannen (alder ifølgje kyrkjebøkene då han døydde) var son til Peder Nilsen som var brukar på eitt av bruka om låg i klyngetunet nede ved sjøen på Huse.

Niels vart gift med Synnove Hansdtr., som var dotter til broren til tidlegare brukar Ragnhild Amundsdatter, nemleg Hans Amundssen Brunvoll.

Først fekk dei truleg dottera Elen i rundt 1881. Vi har ikkje kyrkjebøker frå denne tida, men i skiftet etter Niels Andersen Harnes frå 27. april 1824 er ho nemnd som “halvsyskjendatter”. I det same skiftet står sonen dei fekk seinare, Peder, nemnd som halvsykjenson, Difor er det truleg at Elen var eldste dotter deira. Dei to Niels-ane må ha hatt ulike fedre, men same mor.

Kor ætta Niels frå?

Far til den første Nils-en i denne greina på Harnes var Peder Nielsen Huuse, som var brukar på Huse. Det ser vi av skiftet etter Peder Nielsen frå 2.desember 1788. Der står det mellom anna:

“Anno 1788 den 2den December blev paa Gaarden Huuse i Sunds Otring,

i overværelse af Lensmanden Niels Eechrem og Anders Gauset, holdet Skifte efter afgl.

Peder Nielsen, imellem Enken Eli Jonsdater og den afdødes af 2de Egteskabes efterladte 2de

Børn, nl: 1) Sønnen Niels Pedersen Harnes, umyndig. og 2., dat. Helge Pedersdater, gift med Halvor Huuse. Enkens Laugværge er Størker Harnes.” (Med atterhald for feil)

Vi tek også med oversikta over verdiane som var igjen etter Peder.

  • 1 Kaabber Kieldel 13–12
  • 1 Do 3-2 – (do= ditto, red. anm.)
  • 1 gl Do uden Vigt 4-2 –
  • 1 Gryde 1–20
  • 1 Skiering –1-8
  • 1 Hiulrok. 1Do. 1Do 1– 8
  • 1 Bue Sav – – 16
  • 1 messing Stage – – 20
  • 1 tin Pake(?) – 1-16
  • 1 tin Fad. 1Do 1Do 1–1-18
  • 1 Mackegreb(?). 1 Do – 2 –
  • 1 stort Troug, 1 Bagstefiel– 1-16
  • 1 naver, 3 Kalvskind– 2-2
  • 1 Bryggekar 1 Do 1Do 1-1-4
  • 1 tin Pake(?) – 1-16
  • 1 tin Fad. 1Do 1Do 1–1-18
  • 1 Mackegreb(?). 1 Do – 2 –
  • 1 stort Troug, 1 Bagstefiel– 1-16
  • 1 naver, 3 Kalvskind– 2-2
  • 1 Bryggekar 1 Do 1Do 1-1-4
  • 1 tin Pake(?) – 1-16
  • 1 tin Fad. 1Do 1Do 1–1-18
  • 1 Mackegreb(?). 1 Do – 2 –
  • 1 stort Troug, 1 Bagstefiel– 1-16
  • 1 naver, 3 Kalvskind– 2-2
  • 1 Bryggekar 1 Do 1Do 1-1-4
  • 1 tin Pake(?) – 1-16
  • 1 tin Fad. 1Do 1Do 1–1-18
  • 1 Mackegreb(?). 1 Do – 2 –
  • 1 stort Troug, 1 Bagstefiel– 1-16
  • 1 naver, 3 Kalvskind– 2-2
  • 1 Bryggekar 1 Do 1Do 1-1-4
  • 1 voge(?) Stamp, 1 voge(?) Tønde 1-3 –
  • 1 voge Kagge – – 16
  • 1 Hest 9 – –
  • 1 Koe Stierne, 1Do Gulbrand 10 – –
  • 1 Do Lindros(?),1Do Ranfiør 9 – –
  • 1 Do Humle(?) 1 Swin(?) 6-2 –
  • 1 voge(?) Tønde,3 fores Tdr – 2 –
  • 3 (??), 1 Ploviern– 2-16
  • 1 voge (??)– – 16
  • 1 stor Førings Baad med Seyl og videre tilbehør 8 – –
  • 1 mindre Do med Do 6-2 –
  • 1/2 p.i en Do uden Seyl 3-3 –
  • 1 gl: Do – 1 –
  • 1 Torskegarn N1, 1 Do N2  2-1 –
  • 1Do N3, 1Do N4 1-3 –
  • 1 Torskegarn N5, 1Do N6 1-3-12
  • 1 Do N7, 1Do N8, 1Do N9 1-3-8

Niels hadde altså ei mor som heitte Eli Jonsdatter og ei søster som heitte Helge, gift med Halvor Huuse.  Og det står følgjande: “Myndtlingen Niels Colbensen Rachevog(?) fordrer indestaaende Faderes arv  10 – 16”.

Det tyder altså på ein link til Rakvågen på Otrøya.

På bruket Vollen i Rakvåg på Otrøya finn vi svaret. Ifølgje boka “Midsund Gard og slekt 3” vart Peder fødd der i 1720. Han gifta seg første gong med Ragnhild Knudsdtr. Huse, som var enkje etter Nils Olsen Huse. Dette må ha vore på 1740-talet. Men det vart ikkje eit langt ekteskap, for allereie rundt 1749 skal han ha gifta seg opp att med Eli Jonsdtr.

Far til Peder var ifølgje denne bygdeboka Nils Kolbeinsen, som var brukar på Vollen og døydde i desember 1762. Han hadde då drive bruket der sidan 1717.

Far til Nils Kolbeinsen var Kolbein Hansen, som var brukar på Vollen i perioden 1684 til 1705. Han var og lagrettsmann. Sidan han fekk ein son allereie i 1684, så har han truleg blitt fødd seinast tidleg på 1660-talet.Han er den første vi kjenner til av denne ætta, men han var sonen til ein Hans sidan han heitte Hansen.

Johanne vart døypt

26. april 1785 vart Synnove og Niels si dotter Johanne døypt, i «Hardøe Capel».

Her er dei som var fadderar til jenta – det seier litt om relasjonar og slektskap:

  • Rasmus Halvorson Myren (gardbrukaren på Myra)
  • Hans Amundson Brunvoll (morfar til barnet)
  • Ole Olson Vestre (Vestre/Midsund, slekt med faren til barnet?)
  • Ragnhild Amundsdotter Harnes (grand-tante)
  • Marit Nilsdotter Harnes
  • Helge Pedersdotter Huse (søster til faren til dåpsbarnet).

Edit

Barnedåpen til Johanne i 1785, slik han er registrert i kyrkjeboka.

Mista tre born på fem år

Etter berre 17 veke måtte Johanne gje tapt og døydde. Ho vart ført til grava torsdag 1. september. Kva ho døydde av er ikkje kjent, men epidemiar herja med jamne mellomrom på 1700-talet.

I 1787 fekk dei sonen Hans, som berre rakk å bli eit halvt år gamal før han døydde.

Og tragediane stoppa ikkje der: I 1790 fekk dei dottera Helena. Ho døydde etter 10 veke, og vart gravlagd 25. mai 1790.

Året etter kom sonen som fekk vekse opp, og han fekk namnet Peder etter bestefaren.

Ein gut til som døydde?

Ut frå oppkallingstradisjonane er det grunn til å tru at dei kan ha hatt ein son til, som døydde før Johanne. Det finst ikkje kyrkjebøker frå den tida som kan stadfeste det.

Det vanlege var at eldstesonen vart oppkalla etter farfaren og  nummer to etter morfaren. Dersom eldsteguten døydde, fekk gut nummer tre same namnet. Her er Hans det første guten vi har dokumentasjon på, og han er oppkalla etter morfaren, og neste gut etter farfaren.

Presten på Bud, Anders Borck Munthe, skildra situasjonen nokre tiår tidlegare, i 1763, slik:

«I dette Aar indkom en god Deel Vaartorsk under Land, men det urolige haarde Veir og PestSotten som graserede i hver Mands Hus og indfaldt begge i Vaarfiskens Tid, gjorde, at her faldt et lidet ringe Vaarfiskeri, same hindrede og alt Somerfiskeri. Pest-Sotten vedvarede her i Gjeldet indtil Noget efter St. Hanstid. Imidlertid hørtes intet andet en Nød og Død, og i hvert hus havde man nok at gjøre med at rygte Syge og begrave Døde. I mit Hus lå syge 22 mennesker. Af 9 barn undgik kun 1 datter Sygdomen. Af 13 tjenere undgik ingen og 3 døde. Fred gav Gud os sikkert dette Aar, saa alle vore krigsfolk som vare udi Holstein, kom hjem igjen Midtsomerstid, skjøndt en stor Hob døde i Hjemveien.», frå Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i Romsdal.

Niels vart sjølveigar

På slutten av 1700-talet var ordninga med leiglendingar på hell her i landet. Slik var det og på Harnes.

I 1798 kjøpte Niels bruket av eigar Johan Lausen Bull for 230 riksdaler.

Mest truleg fekk Niels kniven på strupa: Anten måtte han kjøpe eller så gjekk bruket til ein annan. Dette var ofte situasjonen for leiglendingar når jordeigarane tok til å selje jorda. Og det gjekk ikkje like bra for alle – ein del klarte ikkje å takle gjelda.

Kjøpet på Harnes skjedde samstundes med at eigar Bull flytta til Kristiansand, og Bull selde også unna dei andre bruka han eigde på Harnes.

Edit

Skjøte tinglyst 21. juni 1799, Sunds Otting.

Johan Lausen Bull, president og borgermester i Kristiansand selger og skjøter til Niels Pedersen Harnes 1 vog fiskeleie med bøgsel gårde Harnes, og landskyld til 1 pd 2 vog, som han som leilænding hidtil har brugt og beboet. Kjøpesum 230 riksdalet.

Spjelkavig den 21. januar 1798.

J. Bull

(Etter avskrift av Beate Berg)

Bull var fersk magistratspresident i Kristiansand (leiar i byrådet) frå 1798. Seinare hadde han same posisjonen i Christiania. Eigendomen på Harnes hadde han skaffa seg i tida han var sorensskrivar på Sunnmøre frå 1779.

Pengane skaffa Niels ved å låne 100 riksdaler til fire prosent rente av  Fridrich Sivertsen Marøen. I tillegg sette Harnes-bonden alt han eigde i pant.

I 1801 var det folketelling, og då budde følgande personar på bruket:

Niels Pederson, 46 år (beregna fødselsår 1755).Husbonde. Bonde og gardbeboar i første ekteskap.

Synnav Arentsdotter (skal vere Hansdotter, red.anm.), 40 år (beregna fødselsår 1761). Hans kone. For dei begge var dette første ekteskapet.

Born:

Peder Nilsson, 9 år. Ugift.

Tenarar:

Lars Larsson, 30 år.

Anne Amundsdotter, 20 år.

Overtok bruket som tenåring

Sonen Peder overtok allereie i 1808. Då var han berre 16-17 år gamal. Han betalte 230 riksdalar til faren, etter å ha teke opp lån på 100 riksdalar av tre stykkjer frå Marøya. Altså same verdi på garden som eit tiår tidlegare.

Det er ulike versjonar av kva Peder skal  ha vorte kalla til dagleg. Beate Berg skriv i si upubliserte gardssoge at han vart kalla Storstau-Pe. Dette ut frå informasjon ho henta inn på 1950-talet. Ho meinte også at det kunne tyde på at bruket på denne tida heitte Storstauå. Årsaka til eit slikt namnet kan vi berre spekulere i – kan dei ha hatt det største bolighuset på Harnes?

P.A. Huse meinte, ifølge Berg, at Peder heile livet vart kalla Huse-Nils-Pe, og då er namnet ein kombinasjon av namnet til faren og hans eige.

Sjølv om Peder tok over i 1808, vart ikkje foreldra Niels og Synnøve kårfolk før sommaren 1811. Det tyder på at dei har delt på drifta av garden fram til då.

I kårbrevet frå 20. juni 1811 skriv Peder at han bind seg til å svare kår for “mine kjære foreldre” – ei litt personleg formulering frå den einaste guten deira som vaks opp.

Edit

Her er familia registrert i folketeljinga i 1815.

Familia i 1815

På dette tidspunktet var Peder Nilsson (26 år) og Mette Cathrine (27 år) gifte. Det betyr at dei i alle fall må ha gifta seg før folketeljinga 30.4.1815.

Mette var dotter til Peder Jonasson og Anne Thoresdotter på Huse.

Ut frå folketeljinga i 1815, så ser det ut til at Peder og Mette i hadde ei sju veke gamal dotter. Dette er truleg Inger Anne Pedersdatter som døydde 17,5 år gamal i 1832.

Andre i husstanden:

Kårfolk:

Nils Pederson (Far til Peder)

Synnøve Arentsdotter (Mor til Peder)

Tenarer:

Elie Halvorsdotter (16 år)

Knud Pederson (?) (46 år)

I kyrkjebøkene ser vi at dei fekk sonen Hans Petter i 1817. Men barnesjukdommane slo hardt til også i denne generasjonen. Hans Petter døydde berre seks månader gamal, onsdag 18. mars 1818.

Hans Petter Pedersen Harnes vart døypt i oktober 1817.

Allereie i 1819 fekk dei eit barn til, Johane Maria Pedersdotter Harnes. Maria blei døypt 12. august 1819. Ho fekk heller ikkje noko langt liv, ho døydde i 1820-

Det er truleg at dette ikkje var dei første borna dei mista. I fleire slektsledd, både før og etter, veksla dei mellom Nils og Peder som namnet på den eldste guten. Men her er Hans Petter namnet på den eldste sonen vi kjenner til. Truleg har dei tidlegare fått ein son som dei kalla opp att etter bestefaren, Nils.

Det vil i tilfelle seie at Mette og Peder mista fem born og to levde opp, medan foreldra til Peder altså mista minst tre.

Lokalhistorikar Beate Berg fekk opplysningar på 1950-talet om at dei hadde seks born, og berre to levde opp,

Gjerde-Nils vart fødd

I 1821 fekk dei ein son til, som dei kalla Nils og han vart odelsguten. Dette stemmer også godt med at det har vore ein Nils aller først i barneflokken, sidan det var vanleg at om odelsguten døydde så vart gut nummer tre kalla det same. Det skal vi også sjå skjer i neste generasjon, når Nils får born sjølv.

Edit

Her ser vi dåpen til Jære-Nils 5. oktober 1821, slik den er nedskriven i kyrkjeboka, med liste over fadderar til høgre.

Fire år seinare fekk Mette og Peder dottera Synnøve. Ho døydde allereie året etter, i 1826.

I 1828 fekk dei Mette Cathrina, som altså heitte om lag det same som mora. Ho gifta seg med Ingebrigt Olson Huse, og levde til 1887.

Skandale på 1830-talet

I boka “Harham – Et exempel fra fiskeri-distrikterne” skriv den kjende sosiologen Eilert Sundt:

“Omvendt blev der sagt om Akerø og Bod præstegjælde i Romsdalen, yderst ude mod havkanten, at vel forekom uægte fødsler sjeldnere der end i de indre bygder, men at folket derude også mere slægtede søndmøringerne på, et udtryk, som skulde betegne et lavere trin af udvikling og dannelse.”

Peder var sjølv sentral i noko som må ha vore ei viss skandale i lokalsamfunnet i 1834. I faksimila frå kyrkjeboka under, kjem det fram at den gifte bonden fekk ei dotter med tenestejenta Olava Sivertsdotter frå Vatne sogn, som hadde tre born frå før. Og fedrene var ikkje mindre enn tre gifte menn.

Edit

Her ser vi frå dåpen til dottera Oline som Peder fekk med ei anna kvinne.

Dessverre finn vi vesle Oline igjen i kyrkjeboka året etter: Ho døydde berre eitt år gamal.

På denne tida kunne kvinner bli sendt på tukthus for å ha fått born med fleire menn.

Dramatiske tiår

1830- og 1840-åra skulle føre med seg meir drama for Peder og kona Mette Cathrine. Han var, som vi såg tidlegare, ein av dei tiltalte i den store Stry-saka som reid Harøya som ei mare i 10 år før den endelege domen kom i Høgsterett i 1842.

I tillegg kan det verke som om den Peder hadde økonomiske utfordringar.

Her er nemleg dei tinglyste låna han tok opp:

  • Frå Michael B. Rønneberg i Ålesund 100 spesidaler 1. desember 1835 med sikkerhet i sin del av Harnes-garden.
  • Frå tollbetjent Hatlemark 50 spesidaler 28. april 1836.
  • Frå Christopher Olsen Orten og Rasmus Haldorsen Orten 50 spesidaler kvar, 29. juni 1844.

Denne kan ha hatt samanheng med at han og mange andre vart dømt til å betale saksomkostningar i samband med den såkalla Stry-saka.

Edit

Her frå skiftet etter Mette Cathrine på Harnes.

Midt oppi dette døydde kona Mette Cathrine 11. august 1838. Frå skiftet ser vi kva dei eigde:

  • 1/2 part i færingsbåt, stor, med segl.
  • 1 3-roingsbåt, med segl.
  • 1/7 part i ottringsbåt med segl.
  • 1/3 dels part i kastnot.
  • 1/8 part i sekkenot.
  • 1/4 part i ottringssegl.
  • 8 torskegarn.
  • 2 kyr.
  • 1 rødblak hest.
  • 2 kjørevogner.

Skiftet viser også at dei eigde ein del i Sandøy kyrkje som vart bygd i 1812. Familia hadde ein reservert benk som dei sat på når dei var i Sandøy kyrkje. Den vart omtala som Harnes-benken. Dette skal ha vore den fjerde benken på venstre side i kyrkja, ifølgje Henny, Peder sitt oldebarn.

Peder satsa på nytt: Allereie i 1839 gifta han seg opp att med Eli Aagesdotter frå Bjørnerem på Midøya – berre eit sund frå der bestefaren Peder kom frå.

Svogeren, Lars Størkersen Harnes i Masstaua, var trulovar for Peder.

Edit

Dette er ei kiste Peder truleg ga til sonen Nils. Det står i alle fall Peder Nielsen inne i kista. Kanskje var det ei gåve til 25-årsdagen i 1846? Er i dag eigd av underteikna, som er kalla opp etter Nils Pederson Harnes.

I 1848 overlet Peder bruket til sonen Nils Pederson Harnes, som også skulle føre bruket inn i den nye tida som sjølvstendig gard oppe i Jære.

Ein ny generasjon tok over

Nils Pederson Harnes vaks opp på Harnes, før utskiftinga splitta opp husklynga som låg der. Ragnhild vaks opp på Sandøya, ho var frå Vollen. Ho var ei av fire systre som gifta seg på Harøya. Kanskje såg Ragnhild Nils for fyrste gong på kyrkjebakken på Sandøya, der bygdefolket samla seg for å frette nytt på den tida.

I alle fall gifta dei seg 14. juli 1850.Ragnhild var 27 år gamal, medan Nils var 29 år.

Edit

Slik er bryllaupet mellom Nils og Ragnhild registrert i kyrkjeboka.

Nils og Ragnhild dreiv først jordbruk på gamlemåten med teigar, slik det hadde vore drive i hundrevis av år. Så flytta ekteparet til Jære og inn i den nye tida etter utskiftinga tidleg på 1860-talet (les meir om utskiftinga i kapittelet om 1800-talet). Der rydda dei ny jord og bygde opp ein ny gard.

Under ser vi kostnadane for riving, flytting og oppbygging av husa, slik det vart taksert i samband med utskiftingsprosessen i 1861.

Edit

Oversikta er transkribert at Statsarkivet i Trondheim.

Edit

Frå venstre: Nils Pederson Harnes (fødd 1821 – død 1899) og Ragnhild Harnes (fødd 25/9 1822 – død 4/4 1912). Nils vart til dagleg kalla Jære-Nils. Bildet er truleg tatt i 1892/1893.

Jære-folket i 1865

I 1865 var det ny folketeljing, og husa oppe i Gjerdet var då nybygde frå 1863, etter utskiftinga.

  • Nils Pederson Harnes, 45 år. «Husfader og Gaardbruger»
  • Ragnild Olsdotter Harnes, 43 år. «Husmoder».

Born:

  • Katarina Nilsdatter,15 år. Gifta seg seinare med Hans Iversen Harneshaug, vigde 14.07.1878.
  • Ole Andreas Nilsen, 6 år. Overtok seinare Gjerde-garden (sjå under).
  • Pauline Nilsdatter, 3 år. Gifta seg seinare med Peder Husø, og busette seg på Harneshaugen.
  • Nils Nilsen, 1 år.

Peder Nilsson, 73 år.Far til Nils Pederson Harnes.

Eli Aagesdotter, 74 år. Peder gifta seg opp igjen med Eli etter den første kona, Mette Cathrine, døydde i 1837.

Tenarar:

  • Carl Petersen, 14 år, frå Skodje. Tenar
  • Hans Larsen, 21 år frå Skodje. Tenar.
  • Christian Sivertsen, 30 år og fødd i Eid i Nordfjord. Ugift Trearbeider.
  • Andrine Knudsdatter, 44 år frå Skodje. Tenestejente.

Kjelde: Folketellinga 1865

Sjukdomane herja

I perioden 1851–1855 døydde meir enn kvart tiande levandefødde born her i landet før dei fylte eitt år. (Kjelde: Dødelighetsmønstret i endring: Fra infeksjoner til livsstil, SSB).

I 1870- og 1880-åra sto dødsfall av dei vanlegaste sjukdomane, som difteri, skarlagensfeber, kikhoste og meslinger, for nær 15 prosent av alle dødsfall mellom barn i første leveår, mens andelen ved overgangen til 1900-tallet var redusert til 7 prosent.

Edit

Frå 1810 vart det påbode ved lov at alle skulle vaksinerast mot koppar. Utan attest på at ein var vaksinert, fikk ein verken konfirmere seg eller gifte seg. Barnebarnet til Gjerde-Nils, Harald Harnes, fekk vaksina av jordmor Johanne Harnes før han var eitt år, i 1894.

Mista odelsguten

Nils Pederson og kona Ragnhild fekk oppleve barnedødsfall mellom born på brutalt vis, og deira historie illustrerar godt korleis sjukdomane framleis herja mellom borna på den tida.

Medan dei framleis budde nede i det gamle Harnes-tunet, så kom han som skulle ha vorte odelsguten. Dei kalla han Peder, etter bestefaren. Og han vart ikkje mindre viktig då utskiftinga kom, og han vart den som skulle overta Gjerde-garden.

I 1863 bygde dei nyhuset oppe i Gjerdet, som stod ferdig det året. Men somaren vart ikkje slik dei hadde planlagt.

Søndag 7. juni døydde Peder, berre ni år gamal. Det står ikkje noko om dødsårsaka, men det vart sagt at det var skarlagensfeber.

Knappe tre veke seinare døydde også 2,5 år gamle Hans Halvorsen på nabogarden på Myra. Mødrene deira var søstre, så det var to syskjenborn. Det var nok eit sorgtungt gravfølgje frå Myra og Gjerdet då dei to odelsgutane vart gravlagde same dagen på Sandøya, 9. august 1863.

Edit

Sommaren 1863 døydde dei to syskjenborna.

Året etter fekk Nils og Ragnhild sonen Nils, men snart vart dei rysta av sjukdom igjen. På sjølvaste nyttårsaften 1877, måtte 12-åringen gje opp kampen mot skarlagensfeber. Og igjen var det det ein gut til som fekk same skjebna på Harnes, ein knapt året gamal gut døydde nokre dagar etter.

12-åringen Nils, og truleg broren Peder, døydde altså av skarlagensfeber.

Spesielt på 1700- og 1800-tallet var skarlegensfeber ein nokså hyppig dødsårsak mellom born. Dei som var så heldige at dei overlevde endte ofte vere fleire månader på ein rekonvalesensheim, og kunne i ein del tilfelle miste syn og hørsel.Opptil 30 prosent av dei som blei smitta mista livet.  

For heile Ytre Romsdal såg det slik ut dei verste åra med skarlagensfeber:

  • 1872: 48 tilfelle, 7 døydde.
  • 1877: 170 tilfelle, 38 døydde (Nils var truleg ein av desse).
  • 1882 235 tilfelle, 31 døydde.
  • 1894 197 tilfelle, 11 døydde.
  • 1895 72 tilfelle, 12 døydde.

(Kjelde: Sjukdommar og helsestell i Romsdal, av Ottar Ødegård)

Sevika var hamn

Jære-garden hadde naust i Sevika, der det var ei naturleg hamn. Før 1900 var faktisk Sevika sentral for fiskarane i den nordlege delen av øya.

Det fortel Paul K.Huse, fødd i 1877 på Huse i eit sogehefte frå Sandøy sogelag. Dette skal ha vore rundt århundreskiftet:

“Den tida var det ikkje hamn på Steinshamn, så båtane låg ute på Sevika, og der brukte “Sjøguten”som eg var med, også å ligge.”

Slik det såg Gjerde-naustet i Sevika ut på 2000-talet, før det vart rive.

“Skrivebog til mig Nils Pedersen Harnes”

Jære-Nils var skrivekunnig. I ei notisbok kalla “Skrivebog til mig Nils Pedersen Harnes” førte han oversikt over kva retning han pløygde åkrane i perioden 1867-1872. Notatane det siste året ber preg av ein mann som tek til å bli skjelven på handa. Her er det som sto i boka for 1867, etter avskrift av Beate Berg:

1. Stabursakeren går ned i år.

2. Den nordmed Haubyte går nord i år.

3. Guldringen og den ved siden går op i år.

4. Stølen går indefter.

5. Remageren går indefter.

6. Nybrøte går nordefter i år.

7. Store Bakkeager går sørefter.

8. Den lille Bakke går i en nordvest.

9. Den tredje går op.

10. Stølsbakkeageren går sør i år,

11. Storreiten går nord-øst i år.

12. Storageren går indover i år.

13. og 14. Kielleragrene går op i år.

Ole Andreas Harnes. Bildet er frå 1883/1884, då han gjekk på Romsdal Amtskule på Røsok. Fotograf er E. Birkeland i Molde.

Tredjemann tok over

Etter at dei to brørne døydde, vart Ole Andreas odelsguten til Jære-garden. Ole Andreas var ein av elevane på det første gutekurset på Romsdal Amtskule, i 1883-1884. Amtskulane vart oppretta etter vedtak i Stortinget i 1875, og var eit tilbod om videregåande skulegang for bondeungdom, etter avslutta folkeskule. Skulane var i utgangspunktet ambulerende og flytta frå bygd til bygd. Skulen var stasjonert på Harøya i åra 1883-1885.

Bøting av garn.

Søskenbarn gifta seg

Ole Andreas gifta seg i 4. juli 1886 med Malene, som var dotter til Halvor Harnesmyr og Thorine Olsdotter som budde på Myra på Harnes. Thorine og Ragnhild, mor til Ole Andreas, var søstre. Dermed var ekteparet Ole Andreas og Malene søskenbarn.

Så nære slektsforhald mellom ektefeller var ikkje uvanleg på den tida. I folketellinga i 1891 vart gifte kvinner spurde om dei var i nær slekt med ektefellen. Det var då tre par på Harøya som var tremenningar eller syskjenborn.

Ole Andreas og Malene fekk sitt første barn i 1886, men allereie tre år seinare ble vesle Henny Thorine sjuk. Ho døydde 3. november 1889. Som dødsårsak står det hjernebetennelse i kyrkjeboka.

Over 70 år etter, 8. februar 1962, skreiv onkelen Hans ((bror til Malene) om vesle Henny i eit Amerikabrev:
«Jeg husker got når de giftede sei deres første datter namn var Henny hun døde i en ung alder av jernefeber hun var så klog og forstandig. Doktoren eller legen sa jernen var for stor i 3 eller 4 årsalderen når hun døde hendes forstand var mere end en 10 årsgammel og Henny som nu lever fik det samme namn».

Borna til Ole Andreas og Malene:

  • Henny Thorine, fødd 1886. Død 1889.
  • Nils Mathias, fødd 1887. Død 1888.
  • Henny Thorine, fødd 1889. Vart buande på Harøya og gifta seg med Halldor Sæterøy. Fekk borna Halvdan og Oddmund.
  • Nils, fødd 1891. Flytta til Fræna og gifta seg med Betsy. Fekk sonen Jostein (1930).
  • Harald, fødd 1893. Vart buande på Harøya, og gift med Kristi Os frå Vatne. Fekk borna Ola (1923), Reidar (1927) og Magnhild (1930).
  • Peder, fødd 1895. Flytta til Stavanger og gifta seg med Klara.Peder fekk ein son før han gifta seg.
  • Ragna, fødd 1896. Flytta til Molde og gift med Olaf Næss.Fekk borna Alma og Mary.

Edit

Her ser vi familien på 1890-talet. Frå venstre på bildet: Henny, Ole Andreas (døydde 1897), Malene og Nils.Malene og Ole Andreas var då i slutten av 20-åra. Sonen Nils (til høgre på bildet) blei fødd i 1891, så bildet er truleg tatt i 1892/1893. Dei fekk sonen Harald 26. september 1893, som altså ikkje er med på bildet.

Sjukdom ramma hardt

Ole Andreas vart sjuk i 1897, og frakta med båt til lege i Kristiansund, men vart sendt heim igjen.

9.august 1897 døydde han, og etterlet seg ei 32 år gamal kone og fem små born. Dødsårsaka står oppført som kreft.

Svogeren Hans (Harnesmyr) skreiv om han i eit Amerikabrev frå 8. februar 1962 til Ola Harnes:
«Ole Andreas din bestefar var en svert snill mand ligeledes en meget fornuftig kar i alle henseende en sterk kråp en storbryter ikke stor, han stolte formeget på sin styrke brak sin Ryg med at løfte op en av de store vinter fiskebåtene, måtte dø i en ung alder».

Den eine dotra til Ole Andreas, Ragna, fortalde at det vart sagt at han «forsleit seg» på ein stein som han prøvde å flytte. Den låg framfor den gamle låven. Han skal ha for ein kreativ kar, som arbeidde med ulike «oppfinningar», fortalde Ragna til Gerd Harnes.

Den dagen sonen døydde, bar Jære-Nils barnebarnet Harald (4) ned til tanta Katrine, som var gift på Hau’n. Ho skulle passe den vesle guten desse dagane. Harald hugsa heile livet korleis skjegget til bestefaren stakk han i andletet då han vart boren over jordene – kanskje det tidlegaste minnet han hadde. Kva Nils tenkte på veg ned til dottera kan vi berre spekulere i – han hadde mista den tredje og siste sonen sin.

Edit

Harald Harnes, rundt 1920, som vart boren ned til tanta då faren døydde.

Jære-Nils døydde sjølv to år etter sonen, i 1899. Han vart gravlagd på kyrkjegarden på Sandøya, men gravsteinen er no borte.

Kona Ragnhild levde heilt til 1912. Ragnhild var blind dei siste åra. Det vart sagt at svigerdottera, Malene, let døra inn på kammerset stå på gløtt når ho hadde besøk og foreining. Slik skulle Ragnhild få høyre nytt.

«Ragnhild vaknar av at loftstrappa knirkar. Svigerdottera skal bort i fjøset. 89-åringen stavrar seg bort til vindauget på det vesle kammerset og løftar av hempene. Den kjølege, skarpe aprillufta strøymer inn i rommet, og ho kjenner lyset mot andletet. Ho høyrer stemma til barnebarnet Ragna, men ho kan ikkje lenger sjå ho.

– Men eg kjenner ho att når ho listar seg inn på kammerset til meg, og eg må la fingrane gli over andletet hennar for å gjette kven ho er, tenkjer Ragnhild og smiler for seg sjølv.

– Og latteren hennar når eg tergar ho og seier at det må vere Harald. Eg har ikkje skjegg, hylar ho. Ragna, som er så vakker, tenkjer ho litt sårt.

Ragnhild kikar bort på hylla. Der ligg ho. Fløyta. Som ho spelte med, framfor dei alle, då ho var ung. Så lenge sidan no.

Ho kjenner seg så uendeleg sliten og legg seg ned for å kvile att. Så, brått og umerkeleg, sig mørket på for godt.

Ragnhild rakk å bli gravlagd på den nye kyrkjegarden på Korsbakken, der kyrkja på Harøya seinare vart bygd. Der står den kvite steinen enno, rett utanfor kyrkjeveggen.

Ein kuriositet er at nesten hundre år etter at Nils døydde, i 1998, skulle tipp-tipp oldebarnet til Nils og Ragnhild ha merksemda frå store delar av verda retta mot seg. I ein junikveld i Marseille i form av eit legendarisk spark på ein ball frå Kjetil Rekdal. Uendeleg fjernt frå livet til tipp-tippoldeforeldra oppi Gjerdet.

Edit

Klikk på biletet for å sjå video. Faksimile: YouTube

Eit nytt hundreår

Malene dreiv garden i fire år etter at Ole Andreas døydde.

I denne perioden selde ho Støholmen, som den gongen var ein del av Jære-jorda. Kanskje trengde ho pengane for å få det heile til å gå rundt med garden og små born.

I 1901 selde ho garden til Knut Sæterøy. Eit halvår seinare gifta dei seg. Også dei to var syskjenborn, fedrene var brør frå Myra.

Dei fekk borna Astrid, Håkon og Kåre ilag. Håkon dreiv Jære-jorda vidare frå 1930-talet.

Men vi kan la Astrid, Malene si yngste dotter, oppsummere alle desse liva på Harnes, med litt av hennar skildring av sin barndom. Ho vart fødd inn i eit nytt hundreår, i sjølvstendeåret 1905, men generasjonane før ho hadde sikkert kjent seg igjen i denne setninga ho skreiv i ein prolog mot slutten av livet:

“Fritidssyslar var det ikkje mange av, for store og små var det mest arbeid og kav.”