Lasse gjorde opprør mot kongemakta

Nystauå ligg fremst til venstre på bilete.

Nystova ligg att som ein rest av det gamle Harnes-tunet. Den første brukaren vart dømt til fire år i fengsel for opprør mot kongemakta.

Lars Larsen kom inn som brukar på Harnes etter at Amund Rasmussen Harnes døydde i 1743. Lars Larsen tok over to våg i Harnes i form av det som seinare vart kalla Gjerdet og Nystova.

Lars Larsen gifta seg med enka etter Amund, Berte Pedersdatter. Ho må ha vore rundt 17 år eldre enn han, og rundt 50 år gamal då dei gifta seg.

Lars kom frå Bjørnerem i Midsund, og var sonen til Eli Hognesdatter og Lasse Larsen Bjørnerem, viser eit skifte etter mora Eli.

Skifte etter Eli Hognesdotter.

Han var med det truleg tipp-oldebarnet til bondeopprøraren Stor-Rasmus på Myklebust. Kanskje var det noko han var var medviten om, og difor sjølv viste eit tilsvarande engasjement seinare.

Edit

Her ser vi martikkelen for 1748, med Lars Larsen som nummer to under Harnes til venstre på faksimila.

Lars Larsen dreiv først den same delen som Amund, før den vart splitta i to bruk i 1755. Etter det sat han att med éin våg i Harnes, og slik vart Nystova-delen eit eige bruk. Det neste tiåret skulle bli dramatisk for Nystova-brukaren.

Tøffe tider

Andre halvdel av 1700-talet var tøffe tiår folk flest på Romsdalskysten. Fisket slo stadig feil – det same gjorde kornavlingane. Attpå alt herja stadig nye rundar med sjukdomar.

For Lars Larsen skulle storpolitiske hendingar gripe direkte inn i kvardagen.

Krig mot Russland truga det dansk-norske riket i Holstein (eit område heilt nord i Tyskland i dag), og kongen trengte pengar til mellom anna nøytralitetsvakter.

Kongen innførte difor ein ekstraskatt på éin riksdaler for alle personar over 12 år i 1762. Til samanlikning kunne ein dreng på garden tene 10 riksdaler i året. Det var ei stor skatteauke for Lars og dei andre, for med mange i hushaldninga vart dette mykje pengar.

Edit

Hausten 1762 kom ekstraskatten

Som mange andre reagerte han sterkt på den nye skatten frå kongen, og Lasse skulle vise seg å vere villeg til å gå meir drastisk til verks enn dei fleste romsdalingar i kampen.

Svenske sentral

På denne tida var Henrich Werling skulemeister i Kristiansund. Han var skrivefør, og hevda at ei ny forordring frå 7. februar 1764 fritok alle frå ekstraskatten. Det gjekk også rykter om at embetsmennene hadde heldt dette skjult, og at fogden, sorenskrivaren, presten og lensmannen hadde tatt skattepengane sjølve.

Altså ei samansverjing mellom maktelitane – mot bøndene.

Dette skapte sjølvsagt bråk. Gardbrukarane vart ikkje mindre overtydde av at Werling hadde ei avskrift av forordninga som han hadde skaffa frå byfogden i Kristiansund.

Først var han med på hausttinget på Nordmøre, og så fekk ei gruppe med åtte menn frå Vågøy og sju menn frå Sund åtting han også med på tinget på Vågøy eit par veke seinare. Der nekta gardbrukarane å betale, med støtte frå Werling.

Futen erklærte då at Werling var ein rebell, og ville arrestere han.

Dette skal ha fått folket til å reagere, og ifølgje referatet frå rettssaka seinare ropte dei: “Vi vil alle med i arresten!”.

Ein av dei var Lars Larsen Harnes. Då futen arresterte Werling og tok han med seg til Eidskrem, prøvde to harøyingar å gripe inn.

“En bonde Elling Røsok og Lasse Lassesen Harnes løp inn på fogden i tanke om å befri deres gode venn Werling – at skulle han takes, skulle de også med, og Werlings kone viste seg meget myndig i munnen, forsikret at den gjerning de (styresmaktene red. anm.) nu gjorde, skulle bli dem dyrt å stå.», står det i referatet frå rettssaka.

Rettssaka

16. april 1765 vart det heldt såkalla ekstrarett på Moldegård. Elling Røsok og Lasse Lassesen Harnes var mellom dei som var sikta. Dei vart dømt til fire års straffearbeid i Trondhjems festning. Kongen reduserte seinare straffene for å roe ned lokalbefolkninga, og ekstraskatten vart fjerna i 1772.

Werling fekk livsvarig straffearbeid på festninga i Trondheim, medan kona fekk seks år på tukthus. Werling vart sett fri sju år seinare på grunn av sjukdom.

Lars gifta seg opp att med Marit Nilsdatter Huse, ein gong mellom 1762 og 1773. Første kona, Berit Pedersdatter, er registrert i ekstraskatten for 1762, medan Marit Nilsdatter står i skiftet etter Lars Larssen i 1773.

Edit

Frå skiftet etter Lars Larsen på Harnes.

Lesekunnig mann

Skiftet frå då han døydde i 1773 avslørar at Lars Larsen hadde ei lita boksamling i stova.

Edit

Barnebarnet til Amund tok over

Lars Larsen hadde truleg ingen barn, og med det kom det nye brukarar inn. Det var Joen frå Nordre Fjørtoft, fødd i 1745. Jon var son til Nils Jonsson Fjørtoft og Anne Amundsdatter Harnes – altså barnebarnet til tidlegare brukar Amund Rasmussen Harnes og Lars Larsen si tidlegare kone Berte Pedersdatter.

Her kom altså den same familien inn igjen – 30 år etter at Amund døydde. Joen kan ha kome inn allereie før Lars Larsen døydde i 1773.

I skiftet etter Jon sin far in 1757, Nils Jonson, står Lars Larsson Harnes som verge for Jon.

Den nye brukaren Jon gifta seg med, eller var allereie gift med, Ane Olsdatter frå Fjørtofta.

Jon og Ane dreiv bruket dei neste tiåra. Vi ser at han står som John i listene for formueskatten i 1789.

Nokon barn finn vi heller ikkje etter dette paret på Nystauå.

Kjøpte jorda

I 1797 var Jon 53 år og Ane 44 år, og dei tok det same, store steget som fleire av dei andre brukarane på Harnes: Dei vart sjølveigarar.

Sjølve kjøpet av bruket skjedde 13. april 1797, og så vart kjøpet på 230 riksdaler frå Johan Lausen Bull tinglyst 23. juni same året.

Det vart ikkje lenge dei dreiv garden som sjølveigarar. Allereie året etter vart denne avtalen tinglyst:

Bygselseddel og Kår

Imod af den velagte mand Jon Nielsen Harnes har tilbygslet mig sin eiendomsgard Harnes i Sund Otting, skylder 1 pd 12 mrk landskyld og Bygsel 1 vog er jeg leleven forbinden at svare Jon Nielsen Harnes og hustru Ane Olsdat. Følgende kår:

* 3 tær havre

* ½ td bygg

* Ligeså et stykke jord som Jon Nielsen selv oprydder til et kvarter korns utsæd

* Foster for 1 koe

* Fri hus og fritt brænd torvEfter den enes død, nydes halvparten undtat jordstykket som nydes all de har  opp tatt.

Tingsleder Eschrem 22 juni 1898

Bærren Halvorsen Harnes

(Avskrift etter Beate Berg)

Bærren Halvorsen sin periode som brukar på Harnes vart kort – allereie i 1801 kom ein ny brukar inn. Bærren (som kanskje eigentleg heitte Bernt)finst ikkje i folketelljinga for 1801, sjølv om den nye brukaren ser ut til å ha kome inn etter folketeljinga. Det kan bety at han allereie 1. februar 1801 (då folketellinga fann stad) var ute som leiglending på Harnes.

John selde Nystauå

Hausten 1801 vart salget av Nystau-jorda tinglyst.

“Skjøte

Underskrevne Jon Nilsen Harnes vitterliggjør at have solgt som jeg også med min hustrus samtykke skjøder og overdrager til Hans Hansen Huusøen min hidtil ejende og beboende parti gården Harnes, skylder med bøgsel 1 vog og Landskyld 1 pd 12 mrk fiskesleie.

Kjøbesum 230 Rikdr. med påstående Huuse og inderlig herligheder med alt som følger skjødet som jeg dertil rett haver iflg skjøte 13. april 1797.

Dette indstæde skjøde inden min hånd og seje bekreftes.

Molde, 5. september 1801

Jon Nielsen Harnes”

Med det kom Hans Hansen inn som sjølveigar på Nystauå, og bruket vart etter dette kalla Hans-garden, truleg fram til utskiftinga på 1860-talet då namnet Nystauå kom inn. Dei fekk born over eit tidsrom på 20 år.

1. Synnøv (1803-1890). Gift med Iver Knutsen Harneshaug.

2. Rasmus Andreas (1806-1884). Gift med Mali Olsdatter Huse.

3. Nils (1810-1860). Gift med Ragnhild Pålsdatter. Flytta til Fjørtoft.

4. Inger Marie (1815-1836).

5. Størkine Marie (1823-1866). Gift med Iver Larsen Fjørtoft (1816-1901). Flytta til Fjørtofta.

Hans Hansen var los i tillegg til fiskarbonde, og hadde på det viset ei ekstrainntekt. Men som for fleire av dei andre gardbrukarane på Harnes så var trangt økonomisk.

I 1808 tok han opp 80 riksdaler i lån frå sokneprest Høyem i Aukra, og sette bruket i pant.

Edit

Frå folketeljinga i 1815.

I 1815 ser vi at barna Rasmus, Inger Marie og Nils bur heime. 12-åringen Synnøv kan allereie ha flytta ut. Seinare fekk dei altså dottera Størkine Marie i 1823.

Tungt økonomisk

Hans og Beret hadde det nok framleis ikkje enkelt økonomisk. Like før jul i 1820 måtte dei ut og låne pengar igjen.

Panteobligasjon

Underskrevne Hans Hansen Harnes tilstår at ha fått til låns av Den Romsdalske Undsætningskasse ved dens kasserer kjøbmann Alexander Frantzen har fått til låns 40 specidaler.

Svarer 4 pct årlig rente. 3 mndr oppsigelse på kapitalen som da tilbakebetales med renter.

Pantsetter min grd. iflg. skjøte 5. sept. 1801 eiende 1 vog fiskeleie med bøksel men landskyld alene av 1 spd 12 i gården Harnes matr no 520 i Sund O.

Molde 11. des 1820

Tinglyst 6. febr. 1821

Hans Hansen Harnes

m.p.p (med påholden penn, red. anm.)

Gifta seg med 19 år eldre kone

I desember 1834 var det klart for generasjonsskifte i Nystauå, eller Hans-garden som det heitte den gongen. Hans hadde vorte 63 år og sonen Rasmus Andreas var 28 år.

Rasmus, los som faren, kjøpte garden for 200 spesidaler. Foreldra fekk kårbrev, verd 150 specidaler over fem år. Rasmus gifta seg med Mali Olsdatter Huse i 1834. Ho var då 47 år gamal, medan han var 19 år yngre.

Edit

Gifta seg på nytt

Rasmus og Mali fekk ingen born, og Mali levde til 1873 – 87 år gamal. Rasmus gifta seg då opp att med Ragnhild Iversdatter frå Fjørtofta. Bryllaupet var 4. april 1875, truleg i Fjørtoft kyrkje. Rasmus var då 70 år – ho var 37 år.

Rasmus levde i ni år etter bryllaupet, til oktober 1884.

Men allereie fleire tiår før dette selde garden vidare. Han vart kårmann allerie i 1858.

Det var broren, Nils, som kjøpte bruket. Han var gift på Fjørtofta og vart aldri drivar av Nystuå. I staden leigde han, og seinare borna, bruket ut til Elias Arnesen frå Sandøya. Han gifta seg i 1859 med ei nabojente på Harnes, 19 år gamle Karen Johanne Olsdotter frå Bergan. Ho var barnebarn til forrige brukar Mali – frå første ekteskap.

Medan det hadde vore dårleg med born i Nystauå med dei forrige brukarane, så pynta Elias og Karen definitivt på statistikken.

1. Rasmus Andreas (1860-1933). Han vart neste brukar.

2. Anna (1863-1931). Gifta seg med Ole Matias Olsen (1849-1910), dei skal ha budd i ei stove i Nystova.

3. Peder (1865-1954). Gifta seg med Elisabet Ellingsdt. Kristvik. Dei flytta til USA.

4. Ole Magnus (1868-1952). Gifta seg med Karoline Volstad. Dei flytta til USA

5. Beret Anna (1871-1948). Gifta seg med Knut Andreas Nilsen Brunvoll.

6. Elen (1873-1932). Gifta seg med Nils Kristian Nilsen Brunvoll.

7. Elias (1876-1877).

8. Elias (1877-1951). Gifta seg med Sirianna Hagset, og hadde skreddarverkstad på Steinshamna.

9. Rebekka (1880-1938). Gifta seg med Karl Kristensen Røsok, og budde i Molde.

10. Andreas (1882-1968). Gifta seg med Lina Tomesine Eidsvik. Budde i Molde.

11. Karen Olene (1885-1933). Gifta seg med Peder Jonsen Røsok. Budde i Molde.

Bygde nytt etter utskiftinga

Elias rakk å drive bruket nokre år i det gamle Harnes-tunet, før utskiftinga kom i 1861. Det nye huset vart bygd litt lenger sør-vest. Det var i eit hovudhus og ei stove som høyrde til på bruket.

Edit

Nedskrive av Beate Berg på 1950-talet, om det gamle huset på bruket.

Etter utskiftinga skal det gamle huset ha vorte brukt som loft på det nye huset, og den mindre stova vart stabbur. Etter dette vart bruket kalla Nystauå – namnet Hansgarden gjekk over i historia. Seinare vart det bygd eit nytt hus på same stad, som er huset som står der i dag.

I 1880 vart Elias og Karen sjølveigarar på bruket. Dei kjøpte det for 2.000 kroner frå Ole Iversen Raknestangen og Beret Nilsdotter Fjørtoft. Beret var ein av arvingane som tok over bruket då faren Nils døydde i 1861.

Etter 11 born og 34 år sa Elias og Karen takk for seg som brukarar i Nystova.

Rasmus tok bruket inn i nytt hundreår

Rasmus Andreas var ein av bondesønene som gjekk på Romsdal Amtskule på Røsok i første del av 1880-åra

Edit

Rasmus Andreas Harnes, ca. 1883.

Han hadde då heilskjegg og håret greidd bakover, på same måte som fleire andre på kullet (sjå bilete). I 1891 gifta han seg med Karen Marie Harnes, som var frå Skeissvolla. Hun hadde óg vore elev på Romsdal Amtskule. Dei rakk å få tre born, men berre eitt av dei levde opp

1. Edvin Thoralv (1892-1892)

2. Ragna Martine (1893-1971). Gifta seg med Ole Halås.

3. Konstantse (1895-1896).

Allereie i 1898 døydde Karen Marie,31 år gamal. Året etter gifta Rasmus Andreas seg på nytt, denne gongen med Ragnhild Elisabet Rasmusdatter Myklebust. Dei fekk 11 born, men heile fem av dei døydde som små.

1. Karen Marie (1901-1970). Vart gift med Alfred Schønning (1894-1954).

2. Elias (1902-1994). Ugift.

3. Rasmus (1904-1904). Han vart heimedøypt av gardbrukar og nabo Sæbjørn Olsen Harnes. Rasmus døydde nokre veke etter.

4. Ellen (1905-1987). Ugift.

5. Rasmus (1906-1961). Ugift.

6. Klara Margrete (1908-1908).

7. Klara Margrete (1910-1910).

8. Olga Amalie (1911-1913).

9. Olga Amalie (1913-1976). Gifta seg med Bjarne Sekkesæter. Budde i Molde.

10. Ragnar (1915-1999). Gifta seg med Magda Kjerstad frå Lepsøya. Ragnar vart neste brukar.

11. Arne Torleif (1917-1918).