
Fire unge menn frå Harøya vart plutseleg plukka ut til å krige mot Polen og Litauen.
I slutten av august 1658 marsjerte Anders, Per, Hans og Ivar frå Harøya ut av Trondheim og opp Verdalen, som ein del av den svenske hæren. Gjennom landbruksbygder og fjellområder – langt frå det nakne kystlandskapet heime.
Første planlagde etappe var ein månads marsj på 50 mil mot Hudiksvall ved Østersjøen, saman med andre unge menn frå Romsdal, Nordmøre og Trøndelag.

Svenskane tok over
Nokre månader tidlegare, 26. februar 1658, hadde fredsavtalen i Roskilde i Danmark ført til at Sverige tok over Trøndelag, Nordmøre og Romsdal (Trondhjems len) frå Danmark-Noreg.
Over natta vart landet delt i to. Kongen over øybuarane heitte brått Karl X Gustav og var svensk.
LES OM BAKGRUNNEN: Krigane 1645-1660
- 1644-45: Hannibalfeiden. Endte med at Sverige fekk Jämtland, Härjedalen, Gotland og Ösel frå Danmark/Noreg.
- 1657-58: Krabbekrigen. Stormakta Sverige var i trøbbel i krigen dei kjempa mot Russland i Polen. Danmark/Noreg brukte situasjonen til å gå til krig mot Sverige. Norske tropper tok tilbake Jämtland og Härjedalen. Men i fredsforhandlingane i februar 1658 mista Noreg Jämtland/Härjedalen og måtte i tillegg gi frå seg Trøndelag og Romsdal.
- 1658: Bjelkestriden: Danmark/Noreg gjekk til krig mot Sverige igjen på hausten og vann tilbake Romsdal/Trøndelag frå Sverige. Krigen heldt deretter fram i Østfold og var ikkje over før fredsforhandlingane i 1660.

Harøya vart som kjent også delt mellom dei to rika. Garden Myklebust vart verande under dansk-norsk styre som ein del av Sunnmøre. Resten av øya hamna under svensk kontroll som ein del av Romsdal og Trondhjems len.
Strategien frå svensk side var å raskt integrere Romsdal, Nordmøre og Trøndelag inn i riket. Eit av desse tiltaka greip inn i kvar ei bygd: 2.000 menn mellom 12 og 25 år vart plukka ut til den svenske hæren frå Romsdal, Nordmøre og Trøndelag.
Rekrutteringa førte til mykje protestar. Utskrivinga av soldatane skal ha skjedd med hjelp av ein kombinasjon av “løfter, trusler og makt” frå svenskane. I Trøndelag er det framleis historier om unge som gjøymde seg i holer for å sleppe å reise ut i krigen.
Og det var ikkje for å forsvare Trøndelag og Romsdal dei vart rekrutterte. Anders, Per, Hans og Ivar frå Harøya skulle i staden brukast i svensk krigføring ved Riga i Latvia. Tre år tidlegare hadde krigshissige Sverige nemleg gått til åtak på Det polsk-litauiske samveldet (tilsvarte det som i dag er Polen, Litauen, Belarus, Latvia og Ukraina).
Dette gav også ein annan fordel for dei nye styresmaktene. Det ville vere få unge, potensielle soldatar igjen som kunne skape problem for svenskane i dei nyerobra områda i Romsdal og Trøndelag.
Og innkallinga førte til at gardane mista viktig arbeidskraft. For kor viktige var eigentleg fire menn på øya den gongen?
Manntalet frå desember 1664, altså berre seks år etter, gir ein viktig peikepinn. Då vart alle av hannkjønn over 12 år ført opp. Dette er både gardbrukarar, søner, tenestegutar og husmenn.
- Røsok: 6 menn
- Morsund: 4 menn
- Brunvoll: 6 menn
- Huse: 5 menn
- Harnes: 9 menn
- Haugen: 2 menn
Totalt var 32 menn over 12 år. Det vil seie at fire menn tilsvarte 12,5 prosent av dei mannlege innbyggjarane – eller 11 prosent om vi tenkjer at talet var 36 då dei vart henta inn som soldatar.
Krigsveteranar?
1658 var truleg heller ikkje første gongen akkurat desse fire harøyingane var i uniform.
Året før, i 1657, hadde soldatar frå Romsdal og Trøndelag erobra Jämtland og Härjedalen frå Sverige i eit angrep for Danmark/Noreg.
Svenskane brukte den norske mannskapslista frå den krigen då dei plukka ut soldatar til svenskehæren, så alle dei fire kan godt også ha vore med i det angrepet. Då altså på dansk/norsk side.

Først til Vestnes?
Før dei fire kom til Trondheim i 1658, var dei nok på sesjon på Vestnes. I alle fall veit vi at det var svensk sesjon der seinare på året, 16. september. Vegen vidare til Trondheim må ha gått frå Romsdal via Nordmøre og til Trondheim. Vegen opp Romsdalen til Lesja var ikkje aktuell – Lesja var dansk-norsk.
I den svenske militære rullen frå 1658 ser vi dei fulle namna på dei frå Harøya som var i det svenske kompaniet i Trondheim 17. august:
- Anders Jetmundson Huse
- Pehr Pederson Huse
- Hans Hansson Håfwen (Harneshaugen)
- Ifwar Olufsson Mörsund
* “Etternamna” her må vi kun sjå på som ein dokumentasjon på kva gard dei budde/arbeidde på då dei vart rekruttere. Folk flest hadde ikkje etternamn på denne tida, men patronym (som Jetmundson). Det var til dømes ingen Jetmund på Huse som Anders Jetmundson Huse kan ha vore sonen til, så han var som vi skal sjå under truleg frå ein annan gard. Etternamn vart først offisielt innført for alle i 1920.

Dei fire kom inn i kompaniet til kaptein Thomas Hamilton saman med mange andre romsdalingar. Hamilton var frå Skottland og gjorde militær karriere i Sverige.
23. og 24. august 1658 tok det romsdalske kompaniet til å marsjere frå Trondheim i retning Sverige. Ferda gjekk først nordover, før dei gjekk over fjella etter Sul. Då skal dei allereie ha fått klede til marsjen ifølgje eit brev frå den svenske guvenøren i Trondheim, Lorentz Creutz, til svenskekongen.
Under utmarsjen frå Trondheim var dei fire harøyingane altså truleg kledde i svenske uniformer.
Samstundes oppfordra øverstkommanderande for dei norsk/danske styrkane, Jørgen Bjelke, bøndene i Trøndelag til å hjelpe dei rekrutterte soldatane med å rømme.
Mange deserterte
Då kompaniet kom fram til Hudiksvall i Sverige 23. september, viste det seg at av dei 21 som var rekruttert frå ytre Romsdal, var berre 9 att.
Og harøyingane? Bak namnet deira i listene står det ein “R”. Ei forkorting for det svenske ordet “rymd” – altså rømt.
Truleg skjedde flukta i fjellområda på veg til Sverige. Risikoen var stor, eit lite feilgrep kunne i verste fall ha kosta dei fire livet.
I staben var nemleg Mårten Keijser, med tittelen regiementsgevaldiger. Han hadde som oppgåve å oppretthalde disiplinen blant soldatane, og dermed var han ansvarleg for fysisk avstraffing. Keijser var truleg også regimentet sin skarprettar – han kunne avrette desertørar. Dei som vart tekne etter å ha rømt, ser ut til å ha endt i tvangsarbeid for svenskekongen. Berre 3 av dei 89 romsdalingane som rømte vart tekne, viser dei militære rullane.
Og trass i risikoen var det nok eit klokt val å rømme: Av dei 1.000 soldatane som kom fram til Riga, skal under 100 ha kome heim.
Flukta frå den svenske hæren treng ikkje å ha handla om at dei ikkje ville tene svenskane. Også i den dansk-norske hæren hadde det vore flukt og opprør mellom soldatane frå Romsdal åra før.
Slo tilbake mot svenskane
På same tid som dei rømte frå svenskehæren, var situasjonen i ferd med å endre seg i Trondhjems len. Allereie 3. oktober omringa norske styrker Trondheim. Mellom desse var soldatar som hadde rømt frå dei svenske styrkane.
Vi ser at Anders Jetmundson står i listene for dei norske styrkane også etter krigen. I ei militær rulle frå 28. mars 1660 og seinare finn vi han att. Så det er ikkje urimeleg å tenkje seg at han og dei tre andre var mellom dei som melde seg til teneste for å få ut svenskane.

Etter to månader hadde dei 700-800 svenske soldatane i Trondheim fått nok. De overgav seg til nordmennene.
“Med 24 kanner spansk vin til støtte foregikk forhandlingene. Det endte med at svenskene fritt marsjerte ut av byen”, ifølge boka Krigsmakt og kongemakt 900-1814.
Sju svenske månader
Med det var også Harøya sin korte periode som svensk på 1600-talet i praksis over: Frå svenskane overtok Romsdal/Trøndelag 10. mai 1658 til dei kapitulerte i Trondheim 11. desember same året – altså i sju månader.
Og allereie tidlegare på hausten, 16. september, hadde kaptein Eilert Visborg dukka opp på Vestnes med eit kompani soldatar frå det Bergenhusiske kompani på veg for å frigje Trondheim. Så den reelle perioden svenskane hadde kontroll i Romsdal var kort.
Krigen heldt rett nok fram ved Halden, og fredsavtalen mellom Sverige og Danmark/Noreg kom først på plass i 1660. Men det var i praksis dansk/norsk styre over Harøya igjen frå desember 1658.
Ein av dei som sto i spissen for dei norske styrkane som vann tilbake Trøndelag/Romsdal, var oberstløyntnant Reinhold von Hoven. Han vart seinare eigar av ei heil rekkje gardar i Romsdal, mellom dei Harnes, Harneshaugen og Røsok. Eigedomane kjøpte han rundt 1660 av den nederlandske familien Marselis.

Men kva skjedde vidare med dei fire soldatane frå Harøya?
Anders Jetmundson finn vi også i ein militær rulle frå 1661 – då som ein del av den norske hæren. Der hadde han selskap med to andre frå øya: Mogens Rasmusenn Harnes og Anders Laursenn Harnes (transkribert av Robert Haugen).
I ei rulle frå 1665 er Anders borte og han står heller ikkje i ei rulle frå 1670.
Vi finn ikkje att Anders Jetmundson som gardbrukar på øya seinare, så det er uklart kor han tok vegen vidare. Kanskje var han sonen til gardbrukar Jetmund Jetmundson på Røsok, sidan han i den militære rullen frå 1661 er ført opp som Anders Jetmundson Røsok. Men det var òg ein Jetmund på Harnes på den tida.
Hans Hansson kan vere den same Hans som vi finn som brukar på Harnes i Jordebok for Romsdal frå 1661, men det er langt frå sikkert. Vi ser ikkje Hans att på øya seinare. Kva skjebne han fekk i krigen er altså ukjent.
Iver Olsen og Per Pederson har eg ikkje funne att etter krigen – heller ikkje i militære rullar.
Det kan godt tenkast at ein eller fleire av desse døydde i samband med at Trondheim vart erobra tilbake – anten av sjukdomar som florerte mellom soldatane eller i krigshandlingar.
Petter Vikestad har skrive ei masteroppgåve ved NTNU som kjem inn på dei norske soldatane i svensk teneste. Han fann heller ikkje mange av dei att i dei bygdene han har granska.
“Man kan spekulere i at de bosatte seg andre steder, døde av sykdom i Trondheim, eller til og med skiftet navn, da det kunne ha vært frykt om represalier fra et nytt svensk overfall. I selvstendighet og union nevner Øystein Rian at da de 3000-4000 norske soldatene marsjerte inn i Trondheim for å gjenerobre området, var det en rekke trøndere sammen med dem. Det er godt mulig at noen av de som rømte endte opp i Jørgen Bjelkes hær, per flygebladets instruks. Man finner uansett ikke mange av de “rÿmde” fra Snåsa, Grong eller Overhalla igjen i manntallene, man kan trygt konkludere med at dette påvirket de lokale bygdene betraktelig”, skriv han.
Slik ser det også ut til å ha påverka Harøya, med ein kraftig reduksjon av unge menn.
Og hærførar Thomas Hamilton? Han vart seinare mellom anna kommandant på Malmø slott og utnemnd til oberst. Han gifta seg med Barbara Borthwick, som sjølv var dotter til ein skotte som var major i det svenske forsvaret. Thomas Hamilton døydde i 1678.

Hundre år tidlegare
1658 var ikkje første gongen Harøya vart kapra av Sverige. Dei fire soldatane frå Harøya hadde heilt sikkert høyrt historier om den svenske okkupasjonen rundt oldeforeldra si tid.
I februar 1564 rykte nemleg 4.000 svenske soldatar inn i Trøndelag, Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre. Mange av innbyggjarane i Romsdal støtta då svenskekongen som som ny konge. Noko av bakgrunnen var nok misnøye med dansk skattelegging.
Tida Harøya var svensk i 1564, og den gongen inkludert garden Myklebust, vart kort. I Bergenshus len tvang danskane, til dels med bruk av avrettingar som trugsmål, lite villige ungdomar til å stille til krig mot svenskane. Allereie i mai 1564 vart Trondhjems len erobra tilbake.
Same året ville danskekongen straffe bønder i Trondhjems len som hadde støtta svenskekongen. Straffetiltaka vart aldri gjennomførte.
Folk flest fekk som vanleg svi for kongane si krigslyst. Danskekongen skreiv ut ekstraskattar for å dekkje inn krigsutgiftene, noko som ikkje gjorde kampen for mat på bordet enklare for fiskarbøndene på Romsdalskysten.
Til krigsskulestudent Åmund Harnes.