Skilde Sjeissvollj’n ut frå Myra

I 1790 vart Myra-bruket delt mellom to syskjen. Med det vart Sjeissvollj’n eit eige bruk.

Guri Rasmusdatter tok over denne delen av Myra då faren Rasmus ga seg som brukar på Myra og vart kårmann. Vi nyttar her dialektnamnet Sjeissvollj’n (uttale /’$æis,våL*N/).

Broren Halvor Rasmusen fekk som vi såg i forrige kapittel den andre delen, som er bruket som vart kalla Myra vidare. Husa for dei to Myra-bruka stod samla på Myra fram til utskiftinga i 1862.

Guri gifta seg med Ole Willumsen (fødd 1752 ifølgje Bygdebok for Fræna) frå Nedre Tornes i Fræna. Ole hadde då tent nokre år på Myra.

Dei fekk to born:

Her ser vi dåpen til Enge i kyrkjeboka for Aukra.

Men allereie i 1798 vart Guri enke. I kyrkjeboka står det at Ole Willumsen var 50 år gamal då han døydde.

I skiftet får vi innsyn i kva dei eigde:

  • 3 kyr
  • 1 kvige
  • 1 hest
  • 12 torskegarn
  • 1/3 i ein ottringsbåt
  • 1/6 i ein færingsbåt

23 år yngre mann

År 1800 gifta Guri seg opp att med Lars Halvarson Løvik frå Aukra (son til Halvar Knutson på Løvikremmen, ifølgje Bygdebok for Aukra). Han var 23 år, medan Guri hadde vorte 46 år gamal. Stor aldersskildnad var ikkje uvanleg når folk gifta seg opp igjen på nytt.

Her ser vi familia under folketeljinga i 1801:

  • Lars Halvorson, 23 år
  • Guri Rasmusdotter, 46 år
  • Willum Olsson, 7 år
  • Inger Olsdotter, 4 år
  • Guri Rasmusdotter, 21 år, tenestejente
  • Inger Sivertsdotter, 84 år. Dette var mor til Guri.

I juni 1801 vart skjøtet tinglyst:

“Til velagtbare (høgt akta red.anm.) Lars Halvorsen Løevig selger og skjøter jeg (…) bøgsel i gaarden Harnes, som Ole Willumsens encke den han agter at ægte, for nærværende tid Leilændingsvis påbor, og da Lars Halvorsen Løevig har betalt mig sum 190 riksdaler for nemte gårdepart. Skal bemeldte gårdpart herefter tilhøre Ole Løevigen, hans hustru og arvinger, som all underliggende fra Arilds tid tilligget (???) hvorfra alleene nu drages dette brugs andel i den under gaardens liggende oprydningsplads på Nesset.

Kristiansand, den 2. juni 1800

J. Bull”

Rydningsplassen på «Nesset», som det vert referert til, kan ha vore området vi i dag omtalar som Sjeissvollj’n.

I 1802 fekk Guri og Lars ei jente:

  • Oline Torrina

Guri skal då ha vore rundt 47 år gamal, etter først å ha fått eit dødfødd barn i 1801.

Dåpen til Olina Torrina, med faddrar frå Harnes: Ingebrigt Ingebrigtsen Harnes, Knud Larsen Harnes, Rasmus Halvorsen Harnes, Elie Tostensdatter Harnes og Karen Knudsen Harnes.

Sleit økonomisk

Allereie i 1804 måtte Lars ut på lånemarkedet for å klare seg: Han lånte 99 riksdaler av Jørgen Eriksen Løvig på Aukra.

Summen tilsvarte altså nærare halve kjøpesummen av bruket. Bruket måtte han sette i pant. Dette lånet ser det ut til at han har klart å ha kontroll på, men 15 år seinare vaks problema truleg igjen.

Under ser vi familia under folketelinga våren 1815. I motsetnad til dei andre bruka på Harnes, så er dei ikkje oppført med tenestefolk. Barna Willum, Inger og Oline Georgina budde heime.

Meir trøbbel

I 1820 måtte Lars låne igjen – denne gongen 50 specidaler frå Aukra kyrkje. Det var nok tøffe tak for sjølveigaren. Seks år seinare overlet han drifta av bruket til stesonen Willum, og Lars og Guri vart kårfolk.

Føderåd

Wiliam Olsen svarer Lars Halvorsen og kone Guri Rasmusdatter årlig kår av gård Harnes Mart. No 520.

Eidskrem, 25. oktober 1826

Wiliam Olsen Harnes

(Etter avskrift av Beate Berg)

Willum var gift med den 12 år eldre Guri Ingebrictsdtr (fødd 1782). Vi finn ho som konfirmant på Fjørtofta i 1801. Lokalhistorikar Beate Berg refererar til at Ole Halvorsen Harnes fortalte at Guri skal ha vore vakt på varden på Hildrestranda i ufredstider. Ho døydde først i 1876, 94 år gamal.

Lars var framleis eigaren av bruket, sjølv om Willum hadde teke over som drivar. Frå sommartinger 30. juni 1835 finst det ein panteobligasjon der Lars vert skuldig Aagerø skolekasse 50 spesidaler, med pant i bruket.

Den aldrande Guri Rasmusdatter, mor til Willum, døydde i 1839, 84 år gamal.

Edit

Guri Rasmusdtr. døydde i 1839.

I november året etter døydde stesonen Willum, 47 år gamal.

Då kona døydde, og kort tid etter altså Willum, ga Lars opp eigarskapet på Harnes og selde bruket for 135 specidaler. Han flytta til heimstaden Løvika på Aukra, der han gifta seg med ei enkje igjen. Han døydde i 1848.

Med det gjekk «halve» Myra ut av slekta som hadde drive bruket sidan 1670-talet.

Fjørtoftingar kom inn

Det var Christopher Olsson Orten som kjøpte Sjeissvollj’n i 1840. Han leigde bruket ut til Iver Andersson frå Fjørtofta i 1841, ifølgje avskrift av skjøtet.

Guri Ingebrictsdtr. var altså frå Fjørtoft, og i 1814 fekk ho ein son utanfor ekteskapet som vart kalla Iver. Faren var Christian Knudsen Huse frå Huse.Dette var før ho gifta seg med Willum på Sjeissvollj’n. Men denne guten døydde etter berre 12 veke, i 1815.

To år etter fekk søstra Kari Ingebrictsdtr. ein son, som også vart kalla Iver. Det var denne Iver, altså ein Guri var tante til, som tok over bruket. Iver hadde vore dreng hjå Willum og Guri på 1830-talet.

Iver Anderssen gifta seg med Siri Erichsdtr. frå Fjørtofta 13. juli 1842. Dei fekk sju born:

Ane Gurine, fødd 1842. Ho var i 1865 truleg tenestejente på Myra.

Hanna Jertine, fødd 1844. Døydde i 1861.

Valborg Gurina, fødd 1846.

Karen, fødd 1849. Tenestejente på Røsok i 1865.

Lars Elias, fødd 1849. Tenestegut på Fjørtofta i 1865.

Anne, fødd 1852.

Anders, fødd 1854. Gift med Synnøve frå Raknestangen i 1884, og hadde i 1900 fem born. Rydda seg gard i Nygjerdet (ved den gamle fotballbana på Harnes).

Det ser ut til å ha endt med at Iver måtte gje frå seg garden i 1862, rett etter at utskiftinga på Harnes var eit faktum. Lokalhistorikar Beate Berg omtalar det slik:

“Han var ein gløgg kar og interessert i mange ting. Kan hende interesserte han seg meste mykje for det så gardstell ikkje alltid gjekk som det skulle. Han greide ikkje alltid å betale skattar og avgifter til rett tid, så eigaren tok til å sjå seg om etter ny brukar. Det vart ny brukar og ny eigar, og Iver fekk kår.”

I 1862 selde Christoffer O. Orten garden til Johannes Iversen frå Søndre Fjørtoft for 230 riksdaler. Johannes leiger bruket ut til broren, Martinus Iversen, som fekk denne avtalen:

“Han må dyrke og forbedre gårdens jordvei, opføre på eiendommen der nylig er udskiftet, de fornødne huse, nemlig stuebygning, lade med fjøs, samt stabbur. Hvilke huse dog følger gården, samt betaler årlig og til ret tid samtlige av eiendommen gående skatter og afgifter, heriblandt skole og lægdshold m.m. Ved opførsel af de nævnte huse har han ret til at benytte af de gamle og fortiden på gården stående huse, alt der kan være ham til nytte. Endelig har bygselmanden at betale til mig eller efterkommere der eier gården, i landskyld 3 spd.-tre specidaler – der æriegges hver 31. desember.

Det på eiendommen stående nøst tilhører Iver Andersen. Har leilendingen til at udrede kår til den fratrædende leilending Iver Andersen og kone ifølge kontrakt af dags dato.

Da den mellom os omforenede bygselsum 70 – sytti specidaler er betalt, får forannevnte Martinus Iversen og kone ret til at bruge og bebo gården med alle dens tilliggelser så længe de opfylder anførte forpligtelser og forøvrig i det hele bruger eiendommen således som loven om leilendinger foreskriver.

Molde, 20. januar 1863

Johannes Iversen Søndre Fjærtoft”

Avskrift gjort av Beate Berg.

Kontrakta har veldig konkrete krav, kanskje med bakgrunn i forhistoria med den forrige brukaren.

Vi ser også at husa i samband med utskiftinga i 1861 vart flytta frå Myra, og ned til det vi i dag kjenner som Sjeissvollj’n.

Her er flyttekostnadane frå Myra til Sjeissvollj’n slik dei vart taksert under utskiftinga i 1861.

Edit

Transkribert av Statsarkivet i Trondheim.

Kor kom namnet frå?

“Namnet Skeidsvoll skal ha kome av eit stovehus som vart kjøpt på Skeidsvoll i Tresfjord og sett oppatt her.”, skriv Beate Berg i sin omtale av Sjeissvollj’n.

Namnet Sjeissvollj’n er heller ikkje brukt i protokollen for utskiftinga i 1861 og har heller ikkje vore brukt i andre dokument tidlegare. Difor kan forklaringa Beate Berg viser til stemme.

Martinius Iversen og Ragnhild Trulsdatter, som kom inn i 1862, er dei første forfedrene på garden til slekta som framleis er eigarar.

Dei fekk desse borna:

1. Marie, (1850-1910). Skreddar.

2. Christoffer (1853-1939).

3. Andreas (1856-1940). Vart neste brukar.

4. Marte Severine Petrine (1859-1862).

5. Martinus (1862-1935).

6. Martinus Severin Peter (1862-1935).

7. Karen Marie (1866-1897). Gift med Rasmus Andreas Harnes.

Her er oversikta over beboarar på Sjeissvollj’n i 1865, frå folketeljinga. Her er ein transkribert versjon som er lettare å lese.

Eldste sonen var altså Christoffer, og var med det odelsgut. Men han tok ikkje over garden som leiglending etter faren. I staden kjøpte han ein del av Sæterøya av onkelen Johannes Iversen, og stifta familie der slik vi ser i folketeljinga frå 1891.

Med det vart det Andreas som tok over Sjeissvollj’n. I 1882 kjøpte han garden av onkelen for 2.000 kroner.

3. august 1884 gifta Andreas seg med Pauline Eriksdatter frå Brunvoll.

Sommaren 1887 ga han kårbrev til foreldra, Martinus og Ragnhild, og tok med det over garden for fullt.

Edit

Tinglysing av kårbrevet.

Andreas og Pauline fekk tre born:

  • Martin, fødd 1885. Tok i 1907 over garden.Gifta seg med Anna Olivia Tennfjord. Fekk barna Andreas, Bernt, Berte, Pauline og Åsta. Martin døydde i 1980.
  • Eilert, fødd 1887. Reiste til USA og busette seg i Los Angeles. Gifta seg med Jennie Ericson. Fire barn: Joyce, Arthur, Earl, Leroy og James. Døydde i 1980.
  • Ragnvald, fødd 1890. Vart lærar i Vestfold. Gifta seg med Berte Maria Tennfjord i 1915. Fekk tre døtre, Pauline, Borgny og Ella. Berte døydde allereie i 1926, og Ragnvald gifta seg opp att med Lilly Hansen frå Sandar i Vestfold. Ragnvald døydde i 1972.
Her ser vi registreringskortet til Pauline Eriksdatter Harnes frå folketeljinga i 1891.