Rydda gard på Hau’n i krisetider

1597-1900

Den siste halvdelen av 1500-talet var prega av uår og svolt. I dei aller verste åra dukka garden Hau’n opp i skriftlege kjelder for første gong.

Året var 1597. Berre få år tidlegare fortalde Romsdals-bønder om naud og uår – dei åt barkebrød for å temje svolten.

Rundt desse tidene har truleg den første Hau-karen etablert ein ny gard på Harnes. Den første brukaren vi finn i skriftlege kjelder er “Joen paa Hage”, slik han er nemnd i skattelista for 1597.

Det offisielle namnet er Haugen/Harneshaugen, men vi nyttar dialektnamnet Hau’n (uttale: /’hæu:*n/).

Utskiljinga av Hau’n frå Harnes har truleg skjedd ein gong mellom 1550 og 1597.

I midten ser vi «Joen paa Hage», med ein brukar på Sandøya under.

I lensreknskapen frå 1548/49 står det i alle fall ikkje noko om Hau’n og heller ikkje i Jordebog over Reins Klosters Gods, frå ca 1550.

Og ser vi på landet generelt, så er det ikkje overraskande om det dukka opp ein ny gard i denne perioden. Talet på gardsbruk auka truleg med 50 prosent på i kystbygdene på Vestlandet mellom 1520 og 1600. På Harøya kan auken sjå ut til å ha vore frå 4 til 6 – altså også på 50 prosent. Då tek vi utgangspunkt i Røsok, Brunvoll, Huse og Harnes som opprinnelege gardar og Morsund og Haugen som nye.

Oppfordra til nyrydding

Frå 1540-talet og utover hadde kongen eit nyryddingsprogram i Midt- og Nord-Noreg, der fogden sto fritt til å bygsle bort underbruk når dei gamle leilendingane fall frå. Det er ikkje utenkeleg at dei pålegg og tilbod kongen kom med i desse tiåra har vore bakteppet for at Hau’n vart skild ut som ein eigen gard.

Eit morsomt poeng er at brukarane og eigarane på Hau’n kan ha hatt same kallenamnet heilt sidan 1500-talet – til dømes “Askjell på Haua” i nyare tid og altså Joen paa Hage” mange hundre år tidlegare.

Den nye garden låg omkransa av Harnes-jord både i nord og sør. I kor stor grad området var nytta som jordbruksområde før garden vart skild ut, veit vi heller ikkje. Tidlegare har vi sett at området i alle fall har hatt ein funksjon som gravstad i tidlegare tider og kanskje difor namnet Hau(n). Men namnet kan sjølvsagt også rett og slett ha kome fordi nyryddinga på 1500-talet skjedde på ei høgde i terrenget.

Vart truleg krongods

Etter reformasjonen i 1537 gjekk nyrydda gardar inn under kongen, dersom ingen privatperson kunne dokumentere eigedomsretten. I alle fall halve garden Harnes vart tillegg truleg krongods då kongen tok kyrkja sine eigedomar reformasjonen i 1537. Slik at nyrydda Hau’n truleg glei rett inn som ein del av kongen sitt nett av gardar. Vi ser i alle fall at garden er eigd av kongen 100 år seinare, i 1645.

I jordebok for Romsdal len 1610-1611 står følgande:

“Haugen __ iij pund”, altså 2,5 pund.

Det går tre pund i ein våg, så Hau’n var altså ikkje ein heil våg, medan Harnes var fire våger.

Vi ser at ein ny brukar hadde kome inn, Trundt, i 1610.

Nederst på bildet ser vi Trundt Hoffue, registrert i 1610.

Thrund var brukar på Hau’n i tre tiår, 1610-talet, 1620-talet og 1630-talet, slik vi ser at Thrond var i 1623. Same året skal Clement, i 1623/1624, ha tatt over bøksel for ein del av Hau’n frå Thrond Halvardsen.

I 1630 var dei begge framleis brukarar på Hau’n, og betalte 1/2 ort kvar i skatt.

Truleg er det Thrond Hofue vi også finn i skattelistene i 1635.

Edit

I dette dokumentet frå 1635 finn vi Thrond Hofue.

Koppskatten 1645

I 1645 krevde konge inn koppskatt (frå tysk kopf, altså hovud), som tradisjonelt var ein skatt som var lik per person.

På Hau’n betalte denne mannen og kona koppskatt i 1645:

Elling Hougen hanns Hustru xvj ss

Som vi tidlegare har sett, så skulle koppskatten betalast av alle over 15 år. Det tyder på at Elling og kona ikkje hadde heimebuande born som var over 15 år i 1645.

Hau’n er nemnd under audegardar i skattemartikkelen frå 1647, truleg skattemessig som ein relativt ny gard då:

  • Elinng 2 daler

Kongen selde Hau’n

Største eigaren i Hau’n var på midten av 1640-talet kongen, slik det også var på Harnes. Men kongetida på Hau’n var snart over. Det er tydeleg at hovudeigarane på Harnes og Hau’n i stor grad har vore dei same – truleg fordi Hau’n vart skild ut av Harnes.

For i 1651 ser vi at dei nederlandske forretnings-brørne Selius og Gabriel Marselis har teke over som eigarar på Hau’n, som på same måte som på Harnes.

Selius og Gabriel Marselis tok over som eigarar på Hau’n rundt 1651. FOTO: Infogram

Elling finn vi som brukar på Hau’n i alle fall i ti år etter 1645. I Jordebok frå Romsdal futedøme, 1661 ser vi at det då var Peder som dreiv Hau’n. Iacob Øffstedal var inne som eigar, i lag med Alluff Bruuold og Knut Hornessis (Harnes?). Hovudeigar var Oberst von Hoven, som vi skriv i kapittelet om andre halvdelen av 1600-talet under Harnes.

Knut Harnes som eigde i Harnes var truleg brukaren på Myra. Peder, som var brukar på Hau’n, heitte Peder Knutsen, og kan altså ha vore son til eigar Knud Harnes.

Hans rømte frå krigsdrama

Det dansk-norske riket hadde i 1657 gått til angrep på Sverige, og dei vann tilbake dei gamle norske områda Jamtland og Herjedal. Men i fredsavtalen i Roskilde i februar 1658 endte desse to områda likevel tilbake til Sverige – og i tillegg vart Trondheim len ein del av Sverige. Romsdal låg då under dette lenet, og Harøya, minus Myklebust, vart med det svensk territorium.

Norske fotsoldatar, rekruttert frå gardar, hadde kjempa mot svenskane og vunne, men i den storpolitiske bytehandelen endte dei altså opp som svenskar.

Ein av desse var Hans Hansen Håfwen – eller på norsk Haugen – som er nemnd i Busetnadssoga for Sandøy. Kanskje hadde han allereie kjempa på norsk/dansk side mot svenskane åra før, i alle fall vart han sommaren 1658 innrullert i den svenske hæren. Han kom i kompaniet til skotten Thomas Hamilton, saman med fleire andre frå Sund otting. Totalt vart rundt 250 romsdalingar innrullerte.

Hans var ikkje brukar på Hau’n, og heller ikkje son på garden. Brukaren på Hau’n på denne tida heitte Elling, så han ville i tilfelle ha heitt Hans Ellingsen. Meir truleg var han ein relativt ung dreng, som saman med dei andre menige vart frakt med båt til Trondheim.

Etter mønstringa marsjerte regimentet til Hans 23. og 24. august over Sul i Verdalen og inn i Jamtland.

Kor langt Hans eventuelt var på marsjen veit vi ikkje. I den militære rullen står det “rømt” bak namnet til Hans – han var ein av mange som stakk av under denne marsjen.

Kva Hans Hansen tenkte om at han vart innrullert i den svenske hæren er ukjent. Veldig fristande var det nok uansett ikkje, for av dei som ikkje rømde var det mange som døydde av sjukdom eller i kamp.

Det mest opplagte for han kan ha vore å kome seg tilbake til Harøya etter å ha stukke av frå svenskane. Og i Jordebok for Romsdal frå 1861, altså tre år etter at Hans Hansen rømde, dukkar det opp ein Hans som brukar på Harnes. I nokre år ser denne Hans ut til å ha drive det eine bruket på Harnes saman med Lasse Alfsen, før han er borte frå brukaroversikta igjen i 1664.

Og hærføraren Thomas Hamilton? Han flytta etterkvart tilbake til Skottland og vart mellom anna kjøpmann og eigar av eigedomen Bankton House.

– Ettermiddelaldersk namn

I eit dokument frå 1663-66 er Hau’n og Morsund oppførte som øydegardar. Men professor Ole Jørgen Benedictow ved Universitetet i Oslo peikar på at det ikkje treng å tyde på at dei vart lagt øyde under svartedauden.

– Hougen er ei ettermiddelaldersk namnetype, og er difor ikkje lagt øyde i svartedauen. Det er truleg  eit småbruk rydda i tilknytnad til dei nye fiskeria og fiskehandelen på 1500-/1600-talet og med eit lite innslag av februk, meiner han.

“Øydegard” er og eit skatteteknisk omgrep brukt om nyrydninger i oppstartsfasen, som vart friteken skatt nokre år og nokre år lågt skattlagt. At dei vart kalla øydegardar er difor ikke eit prov på at dei er av middelaldersk opphav eller gamle.

Hau’n står i lista over øydegardar på 1660-talet.

I jordeboka frå 1669 var Peder Knutsen framleis registrert som brukar på Hau’n.

Peder må ha døydd på midten av 1670-talet (var brukar i 1773), for i 1776 er det ei enke som står som brukar på Hau’n.

FOTO: Infogram

Etter Peder kom brukaren Siur inn, vi ser at han står som brukar i 1687. På tinget på Nord-Heggdal i 1691 er han lagrettsmann, og vi ser at han ikkje kan ha vore sonen til Peder, for han er skriven ned som Sjur Toresen. Kanskje har enka etter Peder gifta seg opp att med han.

Manntalet i 1701

I manntalet frå 1701 ser vi at Siur hadde fått sonen Anders fire år tidlegare.

  • Siur (56).
  • Son: Anders Siursen (4).
  • Dreng/tenar: Peder Joensen (56)
  • Husfolk: Ørin Joensen (56)
Frå manntalet i 1701.

Ved inngangen til 1711 var Siur framleis brukar på Hau’n, med 1 vog. Men det gjekk mot slutten på Siur sin periode som brukar, som må ha vart i rundt 30 år. Han var då truleg rundt 66 år gamal.

Same året kom det og inn ein ny hovudeigar på Hau’n, på same måte som på Harnes. Det var Hans Nobel som tok over den delen som Georg Christian von Schultz hadde eigd. Nobel kan du lese meir om i kapittelet om Harnes på 1700-talet.

Måtte betale skatt for sko

I 1711 måtte dei vaksne på Haugen truleg betale 3 skilling per par sko dei hadde. Eller 6 skilling om dei hadde tatt seg den luksusen det var å kjøpe sko i byen.  I skattelista står følgande namn på Hau’n:

  • Siur
  • Quinden
  • Anders
  • Margrete

Anders såg vi i manntalet for 1701 at var sonen til Siur. Margrete kan ha vore ei tenestejente eller ei heimebuande, vaksen dotter til Siur og kona.

Her ser vi dei som var registrert i skoskatten i 1711.

På tinget 10. juli 1716 kom ein ny brukar inn på Hau’n: Christopher Stephensen fekk bøkselsetel på 4 pd. fiskeleie. Johan Magnus på Vestnes var største eigar av garden.

Siur har altså gitt seg – om han var død veit vi ikkje. Han var då truleg over 70 år gamal, så det er ikkje utenkeleg at brukarskiftet kom i smaband med at han døydde.

Christopher står óg som formyndar for eldste guten til Mallj Knutsdatter Huse. Mallj døydde i 1719.

Hau’n i martikkelen

I 1723 vart det laga eit nytt utkast til martikkel, altså eit oversyn over grunneigedom. Denne skulle styresmaktene bruke til å skaffe seg oversikt over kva folk skulle betale i skatt.

Ligger 2 miil udi hafskierene fra det faste land, middelmaadig Jord art, vis til korn, skrind til eng, letvunden, ingen Lejlighed til rødning, ringe fægang Sæd.

(Skildring av garden Haugen, frå martikkelen i 1723)

I martikkelen finn vi ein god del informasjon om garden:

  • Brukar: Christopher
  • Bøkselrådig (største eigar): General Schultzs arving
  • Andre eigarar: Jacob Øverstedal og Karj Løviigen
  • Ingen husmenn

Fiskeri: “Intet fisherie uden af haved, hvor af de sig mest Nærer.” Her ser vi at det altså var fiskeriet som var den viktigaste inntektskjelda på garden.

1 skjeppe bygg, 3 tønner og 4 skjepper havre. (Skjeppe var eit tønneformet målekar som vart brukt for korn, senere også for fisk og andre varer.)

Produserte 22 lass med høy på ein sommar.

  • 5 kyr
  • 5 ungdyr
  • 1 hest

Som hovudeigar på Haugen i 1723 står General Schultzis arvingar, og dei ser då ut til å ha kome tilbake som eigarar. Vi skreiv tidlegare at Nobel overtok Haugen og Harnes i 1711.

Utover 1720-talet og 1730-talet held Christopher fram som brukar.

Edit

Her ser vi martikkelen for 1733, der Christopher står som brukar på Hau’n, eller Houen som det er skrive her.

Brann på Hau’n

I første delen av mars 1740 slo katastrofa til på Hau’n. Garden til Inger Olsdtr. stod i brann. På tinget 23. januar 1741 la ho, omtala som enke i justisprotokollen, fram problema ho hadde etter brannen, og at dyra på garden neppe var til å redde. Det verka altså som om mannen var død.

Det var vanleg at dei som vart ramma av brann slapp skatt i tre år.

Søndag 14. mai 1741 vart det offisielt at Christopher Steffensen Houen og Inge Olsdtr. Myklebust trulova seg.  Bak trulovinga står også ein kommentar: “Døde før copul”, altså før dei rakk å gifte seg.

Dette stemmer dårleg med at ei Inger Olsdatter ser ut til å ha vore enke på Haugen året før, og at den tidlegare brukaren også heitte Christopher Steffensen.

Utrusta med våpen

Frå august 1741 har vi skiftet etter Christopher. Mellom tinga han etterlet seg var ein hellebard.

Hellebard var ein kombinasjon av eit spyd og ei øks. Der spydbladet slutta, gjekk det ut eit økseblad, og på motsett side av dette ein hake eller pigg (sjå illustrasjon under).

Denne hellebarden på Hau’n kan allereie i 1741 ha vore gamal. Dette var nemleg eit våpen som bøndene på 1500- og 1600-talet var pålagde å ha på garden. Det viser mellom anna ei innskjerping i lovgivinga Kristian den 4s Norske lov av 1604 ga. Hellebard gjekk ut av bruk i militær samanheng rundt 1650, då ildhandvåpen kom for fullt. Etter det vart hellebard kun brukt i sermoniell samanheng, som til dømes bryllaup. Denne helebarden kan altså ha vorte brukt i bryllaupet til Christopher Steffensen.

«Bryllupsdragt fra Hardanger» på 1800-tallet. Brudgommen har seremoniell hellebard. Illustrasjon: Etter maleri av Johan Fredrik Eckersberg i Udvalgte norske Nationaldragter (utgitt 1861)/Nasjonalbiblioteket

I skiftet etter Christoper kjem det fram at Knud Olsön Uhlvigen vil bu på garden, ha full bøksel og setje den i stand. Dette vart det ikkje noko av.

Størker Jensen tok over som brukar på Hau’n i oktober 1741, etter at Christopher var død. Han er også referert til som mannen til Inger i skiftet etter ho nokre år seinare (sjå under).

Bygde garden opp att

Året etter, sommaren 1742, kom det fram at Hau’n hadde sluppe skatt dei siste to åra på grunn av brannen.

Dette var før det var vanleg å forsikre hus, og mange som vart ramma av brann måtte prøve å samle inn pengar sjølv. Då måtte dei først få grønt lys frå amtmannen. Det dei då fekk var eit brannbrev, som til dømes kunne gjelde for eitt eller to prestegjeld.

“Med brevet gikk han så ut for å «be brandskade» eller «be i eldska». Tillatelsen blev gitt i en begrenset tid og legitimasjonen skulde derefter leveres tilbake.”, skriv K. Lorange i Forsikringsvesenets historie i Norge.

Eit brannbrev kunne sjå slik ut:

“I henseende til innbemeldte rekvirentens hus og eiendom overgåtte ulykkelige ildebrand, blir det ham herved tillatt at han i 3 måneder fra undertegnede dato må besøke og anmode innbyggere i Aukra prestegield, om de av kristen medlidenhet godvillig vilde rekke ham hånden, med nogen hjelp og undsetning for sådan hans erlidte skade.”

I skiftet etter Christopher frå 1741 er det tydeleg at han har lånt pengar av mange personar.

Her ser vi martikkelen for 1748 på Hau’n, med Størcher som brukar.

I første del av 1749 døydde Inger.

“Anno 1749. Den 22de April tilligemed Lensmanden Rasmus Larsen Harness paa Lensmanden Knud (??) veigne og Lars Lassesen Harness,var vi forsamlet paa Gaarden Harness i Sunds Otting for at holde Skifte og Deeling efter avgangne Inge Olsdatter og af(?) (??) (??) hende efterlevende Mand Størker Jensen paa den eene og hendes Syskende Navn l. Anna Olsdatter og Synnev Olsdatter og hendes broder Børn Navn l Anders Siversen og Inge og Marith Siversdatter.

Til Formynder for Inge, Ole Hansen Røyne(?) paa Sundmoen(?) og for Marith, Lars(?) Cristens(?) i Rørviigen(?)

Boens formue blev derpaa andviist, Registreret,Vurderet og deelt som følger” (deretter liste over eigendelar).

Ny brann

I 1757 skjedde det igjen. Rundt pinsetider brann det på Haun.

«Størker Jensen Haugen framstod og fikk tingsvidne på at hans iboende  våningshus på Harnes (…) brente ned ved pinsetider», står det i justisprotokollen for 17. juni 1757.

Her kan det verke som om Hau’n har vore ekstra uheldig, med to brannar på under 20 år. Det er ikke skrive om andre brannar på Harnes/Hau’n i justisprotokollane. Det må ha ført til nye, krevande år på garden, og kanskje måtte dei ut med brannbrev på nytt og nye lån.

Størker levde fram til 1761, og han gifta seg opp at etter at Inger døydde 12 år tidlegare, med Anne Halvorsdatter. Ho var truleg dotter til Halvor Larsen og Mari Knudsdotter på Myra. Det ser vi i skiftedokumentet etter han frå 6/6 1761.

I skiftedokumentet etter han ser vi at verjene for barna truleg var brør til Anna.  Dei er tre brør frå Myra. Anne døydde allereie året etter Størker, og med det vart dei tre barna foreldrelause i ung alder.

  • Inger Størkersdtr, 10 år (ca 1751). Formyndar: Lars Halvorsen Sporsem.
  • Anne Størkersdtr. 8 år. (ca. 1753). Formyndar: Thore Halvorsen Sporsem.
  • Jens Størkersen. 6 år. (ca 1755). Formyndar: Rasmus Halvorsen Harnes. Gifta seg seinare med Marit Nilsdtr. Ramsvik (død 1798) og så Gjertrud Jensdtr. Harnes.

Dei to Sporsem-mennene var altså frå Myra, men gifta seg begge til Sporsem.

Skiftet viser òg at dei hadde fire kyr, tre kviger og ein kalv på garden. Dei hadde også 1/3 part i ein ottring og fire fiskegarn. Fiskarbønder, sjølvsagt.

Stammora til Harneshaug-familiene

I 1762 gifta 24-åringen Beret Knudsdatter seg med Lars Olsen, som hadde kome inn som brukar på Hau’n sommaren 1761. Lars hadde vorte enkemann året før, etter at han sjølv hadde gifta seg med enka Anne Halvorsdatter. Så med dette skjedde det òg ei full utskifting av slektene på garden.

Beret vart på den måten “stammor” til alle i Harneshaug-slektene i dag.

I ekstraskatten i 1762 ser vi at det budde fem personar over 12 år på garden.

  • Lars Olsen, Berit Knudsd.
  • Knud Larss. (“drenge over 12 aar”)
  • Berit Andersd. (“Piger over 12 Aar”)
  • Marit Andersd. (“Andre hos sig havende Folck”)

Ekteskapet med Lars Olsen vart kort, for han døydde allereie tre år etter. Dei rakk å få ei dotter:

Kari. Ho gifta seg seinare med Ole Rasmusson Huse og så Jakob Larsson Huse.  

Skiftet etter Lars er frå 23. mai 1765, på “garden Harneshougen” som det står i skiftet. Dattera Kari fekk Lars Pederson Harnes som formyndar. Enka Beret fekk ein verje, nemleg Rasmus Halvorson Harnes.

I skiftet finn vi ei oversikt over noko av sjøreiskapen dei hadde:

  • 1/6 av åttring med segl.
  • 1/3 av færing med segl.
  • Seks torskegarn.
  • Ein færing.
  • Ein åttring.
  • Fem kyr, fire kviger, eit par kalvar og to hestar var det òg på garden. I lista over eigendeler står elles mellom anna to sølvskeier.

Ny Lars tok over garden

I 1769 var ein ny Lars komen inn på Hau’n, Lars Iversen (fødd 1735). Han gifta seg altså med Beret Knudsdtr.

Barn:

  • Lars, fødd 1765. Los. Gift med Mari Rasmusdtr. fødd 1779.
  • Mari, fødd 1768. Gift med Johannes Olsen Orten i 1793.
  • Beret, fødd 1771. Konfirmert i 1793. Gift med Askild Johansen Sandøy og seinare Ole Jørgensen Nerland (begge på Nestegarden på Sandøya).
  • Knut, fødd 1776. Gift med Ingeborg Pedersdtr. Harnes.

Då har vi kome fram til dei to brørne som etterkvart delte Hau’n i to, Lars og Knut. Men det var den yngste, Knut, som først tok over, i 1793.

Her ser vi martikkelen frå 1777. Hau’n øverst og Harnes under.

Vart sjølveigar

Knut kjøpte i 1793 Haugen av eigar Johan Lausen Bull og vart sjølveigar-

Knut var ifølgje folketeljinga i 1801 fødd i om lag 1776, og var ut frå det berre rundt 17 år då han tok over garden.

Nokre år seinare var også den nye drivaren av Harnes-bruket som seinare vart Jære, Peder, også om lag på same alder då han tok over etter faren. Det kan nok ha vore feil i folketeljinga, men Peder står under 1791 i kyrkjeboka, så det er neppe feil. Slik sett er det heller ikkje utenkjeleg at Knut óg tok over i like ung alder.

Skøyte

Jeg underskrevne Johan Lausen Bull, sorenskriver over Sundmør har solgt til ungkar Knud Larsen gården Harneshauen av skyld 1 vog med bøksel og landskyld og overbøksle til 1 pd, og det efter mundtlig avtale og foerning med hans fader Lars uden at nogen skriftlig kontrakt eller andet dokument derom er ????? (sjekk).

Kjøbesum: 246 riksdaler

så skal bemeldte gård Hauen eller Harneshouen tilhøre Knud Larsen med samme ret som jeg har eiet den – alt tilliggende – som fra Arilds tid tilligget har.

Spielkevig 28. oktober 1793  J. Bull sign

Da jeg som panthaver er av førbemeldte summa betalt 200 riksdaler, så har jeg intet imod dette Salg eller kjøb.

Drønnen, 14. januar 1794

Les meir om Bull under Jære.

Formuleringa “fra Arilds tid” i skjøytet refererar ikkje til ein person, men tyder urgamal tid. Det kjem frå det norrøne ordet urold.

Med det var Hau’n i den same utviklinga som Harnes-bruka på denne tida, der dei gjekk frå å vere leiglendingar til å bli sjølveigarar.

Folketeljinga i 1801

  • Knut Larsen, fødd 1776. Gardbrukar, ugift.
  • Marit Pedersdotter, fødd 1776. Tenestepike.
  • Lars Iverson, fødd 1735. Kårmann, far til Knut.
  • Berit Knutsdotter, fødd 1738. Gift med Lars (andre ekteskap for ho)
  • Lars Larson, fødd 1765. Bror til Knud, ugift los.
  • Berit Larsdotter, fødd 1775. Søster til Knut og Lars.

I 1806 giftar 30-åringen Knut seg med Ingeborg Pedersdtr.Harnes.

Frå kyrkjeboka for Aukra prestegjeld som viser bryllaupet mellom Knut og Ingeborg. 

Ingeborg vert altså knytt til Harnes i kykjeboka, men det var ingen Ingeborg Pedersdtr. registrert på Harnes under folketeljinga fem år tidlegare.

I 1806 selde Knut halve garden til broren Lars, og Hau’n vart splitta opp til to sjølvstendige bruk. Vi tek historia til dei to bruka saman her.

I jordbukstellinga frå 1808 ser vi at Hau’n hadde relativt mange kyr samanlikna med bruka på Harnes.

I 1810 fekk Knut og Ingeborg sonen Askild. Han skal ha vore den siste som vart døypt i det gamle kapellet på Huse.

Resten av familien ser vi i folketeljinga for 1815.

  • Knut Larsson, 37 år
  • Ingeborg Pedersdtr., 40 år
  • Iver, 9 år. Seinare gift med Synneve Hansdtr. Harnes, fødd 1804,
  • Askild, 5 år. Seinare gift med Inger Marie Larsdtr. Harnes.
  • Beret, 1/2 år. Seinare gift med Iver Kristensen, Misund
  • Lars Iversen, 75 år. Far til Knud.
  • Beret Knutsdtr., 86 år. Mor til Knut.
  • Lars Larsson, 49 år. los. Bror til Knut, og eigar av den eine halvparten av garden.
Her ser vi Harneshaug-familien i folketeljinga i 1815.

10. september 1829 døydde Ingeborg. Mannen Knut Larsson levde ni år til, fram til 24.november 1838. Han var då oppført som kårmann. Her ser vi skiftet etter Knut Larsson Harneshaug.

Vart drivarar etter onkelen og faren

Før Knut døydde, var sønene Iver og Askild sikra kvar sin del av Hau’n. Iver hadde kjøpt onkelen Lars Larsson sin del allereie i 1833, etter at han døydde i 1831. Lars Larsson hadde ikkje barn sjølv, og då var brorsonen nok den næraste til å ta over.

Lars Larsson Harneshaug døydde 5. januar 1831, 65 år gamal, viser kyrkjeboka.

I skøytet vart det skrive følgande, som vart teke opp på sommartinget i Sund i 1833:

“Enke efter Lars Larsen Harneshaug, enken Marie Rasmusdtr. og Knut Larsen Harneshaug og Ole Jørgensen Sandøen og Johannes Olsen Orten og Jacob Larsen Huuse selger til Iver Knudsen Harneshaug avdøde Lars Larsens ifølge skjøte 20. juni 1806 tingl samme dato – eiende gårdpart Haugen eller Harneshaug matr. nr. 519, skyld 2 pd med bøksel og landskyld. Kjøpesum 120 spdr.”

Iver gifta seg med Synneve Hansdtr. Harnes, fødd 1803. Dei fekk sju born:

Edit

Martikkelen frå 1838.

Askild tok over i 1837

I 1837 tok Askild over faren sin del av garden, og med det vart det Iver og Askild som vart drivarane av kvart sitt bruk på Hau’n i tiåra framover. Askild tok over for 140 specidaler, altså litt meir enn for den andre delen som Iver tok over.

Askild og Inger Marie Larsdatter gifta seg i 1837. Forlovarar var Lars Halvorson frå Myra og Ole Elias Sæbiørnson frå Bergan.

Askild og Inger Marie fekk seks barn.

Losbeviset til Askild Knutson Harneshaug. Foto: Romsdalsmuseet

Hau’n i 1865

Den eine halvparten av garden:

Den andre halvparten av garden:

Her ser vi at Iver har overlete garden til sonen Lars, og han og kona har vorte kårfolk. Lars var ugift, og hadde altså tre, ugifte søsken buande på garden.

Gifta seg med Elen

Fem år seinare var det bryllaup på Hau’n. Lars gifta seg med den fire år eldre Elen Maria Harnes. Ho var dotter til Ole Elias Sæbjørnson Harnes – altså gardbrukaren på Bergan.

Her ser vi at Lars gifta seg med Elen Maria i 1870.

Lars og Elen fekk ikkje born, og allerie i 1877 overlet han drifta av bruket til broren Hans Iversen.

Romanse over jordene

I 1875 ser vi at Hans Iversen var tenar oppe i Jære – for Nils Pederson og Ragnhild Harnes. Han var då 28 år gamal og ugift. Nils og Ragnhild hadde ei dotter som budde heime, nemleg Kathrine Malene som då var 19 år gamal. Dei to fekk nok eit godt auge til kvarandre, for søndag 14. juli 1878 kunne mødrene Synneve Hansdatter Harneshaug og Ragnhild Harnes sjå dei to borna på nabogardane gifte seg.

Åtte månadar seinare fekk dei sitt første barn. Dei kalla han Ingvald då han vart døypt heime av jordmor Karen Johanne Ingebrigtsdatter Huse, tre dagar etter fødselen. “Dåbsvitner” var besteforeldra, Iver Knudsen og Synnøve Hansdattor Harneshaug. Dei visste sikkert allereie då kva veg det gjekk, for den femte dagen ebba livet ut.

Barn:

  • Ingvald, fødd 1879, døydde etter fem dagar.
  • Ingvald, fødd 1880, død 1963. Gift med Ingeborg Jakobine Ytrelid.
  • Nils Elias, fødd 1882, død 1914. Gift med Lina Tomesine Eidsvik.
  • Sofus, fødd 1884, død 1951. Gift med Lisa Bertine Gangstad.
  • Hans Peder, fødd 1888, død 1958. Gift med Kristofa Inga Osvik.
  • Rikard Marius, fødd 1892, død 1971. Gift med Klara Gjelsten.

Edit

Hans og Katrine Harneshaug. Kathrine var dotter til Nils Pederson Harnes, gardbrukaren oppi Jære.

På den andre delen av garden ga Askild Knudsen Harneshaug seg i 1870. Son nummer to, Lars Askildsen, tok over for 200 spesidaler. Han gifta seg same året med Elen Marie Ole-Eliasdatter Harnes frå Bergan på Harnes.

Barn:

Første butikken på øya?

Ole Halvorson Harnesmyr (fødd 1867) fortalde ifølgje Sandøysoga at den første butikken på Harøya var på Hau’n, nærare bestemt i huset til Lars Iversen Harneshaug. J. Olsen frå Dryna skal ha starta med handel der. Dette skal ha skjedd i dei første åra på 1870-talet.

Seinare vart handelen flytta ned til Steinshamna, til ei sjøbu som seinare vart kalla Gamlebua. Ho vart forsikra første gong i 1874, då Knut Johansen representerte enka etter J. Olsen. Les meir om det i kapittelet om Harnes på 1800-talet.

Då det nye hundreåret kom, hadde alderen på garden Haun a’llereie passert minst 300 år. Og i 1897 viste funnet av ei triangelgrav at dette området har vore sentralt i historia om Harnes heilt frå starten av – truleg som ein gravplass for Harnes-garden. Og kanskje er det der namnet kjem frå – det norrøne ordet Haugr som ofte vart brukt om gravplassar.