Ingebrigt vart den første sjølveigaren

Ingebrigtstauå var det første bruket som fekk sjølveigarar på Harnes i nyare tid, og opna med det døra for store endringar i eigarskapet på 1790-talet.

Ein gong mellom 1733 og 1736 gjekk brukaren Peder Harnes vekk frå å drive sin del av garden åleine. Inn kom Ole, ser vi i brukarlista for 1736.

I 1741 vart han erstatta av Knud Pedersen, og med det kan vi seie at historia om Ingebrigtstova for alvor tok til.

Denne delen av Harnes er det som seinare vart kalla Ingebrigtstauå, medan delen Peder sat på vart Bergan.

Martikkelen frå 1748. Peder og Knud står nederst.

Knud var på denne tida gift med Ane Marie Olsdatter.  I skiftet etter Ane frå 1762 ser vi at dei hadde tre born som levde då:

Peder

Rasmus

Helena

Skiftet viser at dei mellom anna eigde ein færingsbåt, ein færing med segl, fem torskegarn, ein part i ein ottring og eit sildegarn.

Gifta seg med enka

Etter at Ane Marie var død, så gifta Knud Pedersen seg opp at med Mari Olsdatter. Ho hadde tidlegare vore gift med ein annan brukar på Harnes, nemleg Peder Pedersen, fram til 1755. I martikkelen for 1757 sat ho framleis på Bergan – som enke. I 1762 hadde sonen Lars Pedersen tatt over.

Ho hadde fem barn frå før då ho gifta seg opp att med Knud:

Lars

Peder

Ole

Ingeborg

Synnøve

Men dei var ikkje gift lenge. Allereie i 1767 døyr Mari. Men Knud gir ikkje opp, og giftar seg på nytt med ei ny Mari, Mari Knudsdatter.

Truleg har Knud vore ein sprek kar, for vi finn han att som 98-åring under folketeljinga i 1801, og han er då den eldste personen på Harøya. Han døyr same året. Om den uvanleg høge alderen stemmer, er usikkert.

Då var Mari 70 år, men ho døydde seinare på året slik at Knud nok ein gong vart enkjemann. Men denne gongen vart det ikkje noko nytt giftarmål, og Knud døydde altså ei stund etter kona i 1801.

Takka nei i 1792

I 1801-teljinga står Knud som kårmann. I 1792 fekk han tilbod om å bli sjølveigar ved å kjøpe bruket av eigar Johan Lausen Bull, men den Knud takka nei på grunn av høg alder. Han hadde tydlegvis ingen barn som var aktuelle for å ta over heller.

“Da Knud Pedersen er tilspurt om han vil kjøbe svarer han nei, på grund av tiltagende alderdom og svaghed ej længer kan drive gården.”, står det i skjøtet frå 8. januar 1793

Knud og Mari fekk kår på garden: To tønner havre, foster til ei ku, fritt hus og tilsyn i deira alderdom.

Ingebrigt kom til tunet

Då var det duka for mannen som skulle gje bruket eit nytt namn, eit namn som framleis er i bruk om huset som står der i dag:

Ingebrigt Ingebrigtsen frå Bjørnerem på Aukra kjøpte bruket for 180 riksdaler av Bull og vart sjølveigar. Han var ungkar då han kjøpte, men var allereie året etter gift med Eli Pålsdatter frå Røsok.

“Dei gamle stovehusa i Ingebrigtstauå stod litt sør for dei som er no. Dei var låge og heller lange. Dei hadde inngang på midten med gang tvert over. I søre enden var storstova med eit kammers synnafor. Kjøkenet var ved sida av stova, og det var sval på utsida. Nordre enden var smalare enn den synste. Der var kjøken og stove med kove, men det var ikkje dører mellom dei to siste. Smal sval på utsida. Denne stova, litlestova, var panelt. Truleg var nordre enden det opphavelege huset, det Ingebrigt og Eli flytte inn i, og som dei skulle dele med kårfolket?

Då det (nye) vart bygd i 1908, nytta dei oppatt noko av tømmeret i søre enden, men det i nordre enden var heilt ubrukande. Kven som har bygt søre enden, er ikkje godt å veta, men ikkje utruleg at det var Ingebrigt. Kan hende at han har bygt eldste parten her, så det vart Ingebrigtstauå som så garden fekk namn etter. Noko slikt er tilfelle andre stader på Harnes og, at garden fekk namn etter huset, ja, andre stader og.

I det gamle huset var det så lågt under taket på loftet i den nordre enden at dei ikkje kunne ha senger der, men måtte ligga på golvet. I den øre “enden var det vanleg høgd og senger.” skriv Beate Berg, kjelde ukjent, kan ha vore Andreas Ingebrigtsen, fødd i 1873.

Huset dei flytta inn i var nok ikkje stort på 1790-talet. Ein slektning av Eli, Anna Vollen på Sandøya, fortalde ifølgje Beate Berg at “dei ikkje visste å få inn paragaset (reisegodset) hennar då Eli kom flyttande”.

Ingebrigt er av Beate Berg sine kjelder skildra som ein høg og staseleg kar med lyst hår og skjegg. Han skal ha vore utkommandert til Kjøbenhavn, som skysskar eller kusk til ein general, men det er ikkje opplyst kjelder til denne informasjonen.

Ingebrigt og Eli fekk desse barna:

Else, 1794. Døydde berre eit halvt år gamal. Her ser vi dåpen hennar.

Malene, 1796. Gifta seg med Thore Pedersen Huse.

Ingeborg, 1797. Gifta seg med Knut Nilsen Morsund.

Paulina, 1800. Gifta seg med Peder Husøy. Fekk sju born på Husøya, ifølgje Busetnadssoga for Sandøy. Paulina døydde i 1846.

Her er dei som budde på bruket i 1815.

Vi ser familia igjen under folketeljinga i 1815. Då har eldstejenta Malene flytta ut. Under tenestefolket ser vi 20-åringen Knud Nilsen. Tenesteguten gifta seg seinare med dottera på bruket, Ingeborg, og som vi skal sjå under vart det dei to som tok over bruket.

Tente på Huse

Eldstedottera Malene finn vi igjen på Huse som tenestejente. Gardbruker der var den 28 år gamle ungkaren Thore Pedersen. Odelsguten gifta seg med tenestejente og odelsjente Malene. Dermed hadde dei odelsrett på to ulike bruk.

I 1822 sa Malene og Tore frå seg odelsretten til Harnes i eit skjøte frå 27. november 1822, og tilbodet gjekk dermed til Ingeborg og Knut, som tok over.

Etter avskrift av Beate Berg.

Ingebrigt levde til 1837 og vart 74 1/2 år gamal. Eli døydde 18.mars 1850, 80 år gamal.

Ny Ingebrigt tok over

Ingeborg og Knut tok altså over bruket i 1822. Dei fekk fire born:

Jakobina, fødd 1823. Gift med Lars Petter Larsen Harnes.

Ane, fødd 1826. Gift med Johan Paulsen Sandøy.

Ingebrigt, fødd 1829. Død 10.februar 1830.

Ingebrigt, fødd 1829. Gift med Ingeborg Elisabeth Askildsdtr. Harneshaug.

Elen, fødd 1834. Gift med Ole Eliasson Hansson Røsok.

Edit

Eldste barn, Jakobina, døypt i 1823.

Dei to Ingebrigt-ane må ha vore tvillingar. Dei var berre 13 veke gamle då den eine døydde, så då har nok guten som overlevde fått Ingebrigt-namnet.

Den eine tvillingen døydde 10. februar 1830.

Då Knut ville ha pensjon

Det finst ei historie om Knut, Rasmus i Nystova og Ole Elias på Bergan, nedskriven av Beate Berg på 1950-talet.

«Rasmus var los som faren. Ei tid før han hadde rett til pensjon, ville han prøve om det ikkje var råd å få den noko før. Han fekk med seg Ole Elias på Bergå til Molde for å snakke med losoldermannen. Han ville skulda på augo som no hadde vorte så dårlege at han ikkje såg. Det kunne ikkje gå for ein los. Ole Elias leidde han etter gata, og ut i eitt spurde han: «Ser du ikkje nåkkå?» «Nei, farr I ser ikkje det bøss», svara Rasmus kvar gong den andre spurde. Då dei kom til oldermannen, ville han prøva Rasmus i bok. Men han såg ingenting, og då måtte han få pensjon.

Morsund-Knut i Ingebrigtstova var og  los, og ville gjerne få pensjon før aldersgrensa sidan Rasmus hadde fått. Men han var ikkje så utspekulert som Rasmus: Han gjekk til oldermannen med same han kom til byen, og då oldermannen spurde om han ikkje hadde god helse, svara Knut: «Jau, Gud skje lov, I he hatt ei god helse all mi tid.» Det vart ingen pensjon før tida kom.»

Kva som eventuelt er historisk korrekt i denne historia, er vanskeleg å seie. Men historia er i alle fall litt ondskapsfull mot Knut, som er framstilt som ein litt mindre smart kar.

Ingebrigt tok over

Då Knut og Ingeborg ga seg med gardsdrifta i 1854, var det Ingebrigt som tok over. Han var ungkar, og var brukar då den store utskiftinga på Harnes skjedde.

Her ser vi ei oversikt over flyttekostnadane for Ingebrigtstova:

Ingebrigt gifta seg

Men 13 år seinare gifta han seg med den 12 år yngre Ingeborg frå Haugen.

Her er kista til Ingeborg Askildsdatter Harneshaug, frå 1865. Kista er i dag eigd av Borgny Gabrielsen – oldebarnet til Ingeborg og Ingebrigt. Borgny vaks sjølv opp oppi Gjerdet – datter til Gunvor (fødd Harnes) og Hjalmar Aure.

Fem år seinare fekk dei sine første born, og det var like godt eit tvillingpar. Knut står med fødselsdato 21. juni, og Andreas 22.juni. Ulike datoar ser vi også på eit anna tvilingpar som var fødd på same tida – truleg er det gjort for ikkje å skape tvil om arverekkja.

Igjen døydde altså den eine tvillingen.

Knut, fødd 1873. Døydde i 1892. Dødsårsak er kramper.

Andreas, fødd 1873. Gift med Olianna Sandøy.

Emma, fødd 1875. Gift med Kristian Pedersen Sandøy.

Elias, fødd 1877. Gift med Kari Buvik frå Rød.

Ingebrigt, fødd 1880. Gift med Kristine Jonsdtr. Fjørtoft. Gardbrukar på Averøya?

Inga Marie, fødd 1884. Gift med Ole Magnus Olsen Harnes.

Ingebrigt overlet drifta garden til sonen Andreas i 1902. I 1910 døydde Ingebrigt, 81 år gamal.

“Nye” Ingebrigtstova frå 1908, slik ho ser ut i dag. Foto: Nils H. Harnes