Garden yst i havgapet

Garden Harnes omfatta opphaveleg heile den nordlege delen av Harøya, som ligg yst på Romsdalskysten mellom Ålesund og Molde.

På kartet over ser vi området som i dag er definert som grunnkrinsen Harnes (uttale: /’ha:r,nes/). Den stipla stripa følgjer på land grensene til gardsnummer 8, som opphavleg var innmark og utmark på garden.

Grensene på garden har endra seg gjennom historia. Historikaren Ottar Rønneseth meiner at gardsgrensene vi kjenner i dag kan ha vorte fastsette gjennom offentleg regulering rundt år 1200.

Garden Harnes ligg sentralt til på norskekysten, mellom Bergen og Trondheim.

Allereie for 9.000 år sidan levde folk på Harnes av jakt og fiske, då klimaet den gongen var langt varmare.

Dei skriftlege kjeldene dekkjer berre ein brøkdel av alle desse åra. Tenkjer vi oss heile perioden med kjent busetnad som ein klokketime, har vi skriftlege kjelder frå berre litt under fire minutt. Og sjølv i den historisk sett korte perioden med skriftlege fotefar, er kjeldene usikre og mangelfulle.

Frå dei andre 8.500 åra har vi berre ein og annan bit av det enorme puslespelet som utgjer histora om Harnes.

Då garden vart rydda

Kva tid dei første delane av Harnes vart rydda til jordbruk og historia som gard starta, har vi ingen sikker dokumentasjon på. Men vi skal sjå at det finst peikepinnar som er med på å gi eit grovt omriss.

Vi veit også at husa på Harnes lenge låg samla i eit klyngetun, som i ein landsby. Dette vart i ettertid kalla det gamle Harnes-tunet. Der kan husa på garden ha lege i hundrevis av år – ja kanskje så lenge desse jordene ute ved havet har vore ein gard.

Illustrasjonen viser det gamle Harnes-tunet slik bygga låg plasserte i 1861. Husa låg i området som vert kalla Nystauå i dag. Vi veit ikkje sikkert kva hus som var bustader og kva som var gardsbygg, men plasseringane av bygga og talet på bygg er identisk med slik det er teikna ned på utskiftingskartet frå 1861. Illustrasjonen er laga i samarbeid med Arkikon.

I tillegg til det gamle Harnes-tunet, var det ein mindre husklynge på Myra, som ligg 150 meter lenger nord. Der har det i alle fall vore eit eige tun sidan 1500-talet og kanskje tidlegare.

Seinast på slutten av 1500-talet vart Haugen (seinare kjend som Harneshaugen) skild ut frå Harnes som ein eigen gard.

Eg har valt å følgje historia om Harnes-garden fram til år 1900, som på fleire måtar var starten på ei ny tid, der sjølve garden Harnes vart mindre sentral.

Her er dei sentrale stadane på Harnes fram til 1860-talet: Harnes-tunet, Myra og Haugen. Flyfoto frå 1968.

NESTE KAPITTEL: OVERSIKT: HARNES GJENNOM 9.000 ÅR