Ei familie styrte Myra i 200 år

Om lag slik såg ho ut, den gamle Myra-stauå som vart riven på 1960-talet. “Det var ei stor stove, kjøken med grue, opp eit matkammers og eit mindre soverom, og på loftet, som var svært lågt, truleg ca 1,60 eller så under mønet, var der også eit par soverom med veggfaste senger.”, skreiv Gunnar Steinshamn. TEIKNING: EMMY HARNES

Seinast frå første halvdel av 1600-talet kan vi følgje familiene som dreiv bruket Myra. Dottera til ein rebell prega bruket i fleire tiår.

Myra (uttale /’my:ra/) har på eit eller anna tidspunkt vorte etablert som eit eige bruk under Harnes. Kanskje var det, som namnet kan tyde på, eit myrområde på garden som vart dyrka opp.  

Bruket har heile tida vore rekna som ein del av den opprinnelege Harnes-garden, men husa låg altså ikkje som ein del av Harnes-tunet slik som dei andre bruka.

Kanskje kan dei to tuna vise restar av ei eldre todeling av garden, utan at vi veit det sikkert.

Vi såg tidlegare at  at kyrkja kjøpte halve Harnes ein gong mellom 1432 og 1450 og det var to brukarar som delte Harnes i 1520. Vi kan ikkje sjå bort frå at Myra var oppdyrka allereie på 1400- eller 1500-talet og var ein av desse to delane. I tilfelle kan bruket truleg førast heilt tilbake til før svartedauden, då sterk vekst i befolkninga ga rydding av nye bruk og gardar.

I 1521 såg vi at Byrgitta og gutane hennar sat på det eine bruket på Harnes, medan Baard sat på det andre. I skattelista sto Baard først og Byrgitta etter han.

Rundt 80 år seinare, i 1603, dukka ei ny Birgitte opp i skattelista på Harnes. Også ho sto nemnd som nummer to i lista over brukarar på garden – etter Haagen (i 1597 og etter 1603 nemnd som Hogne).

Ho var då truleg blitt enke etter Oluff som sto som brukar i 1597. Birgitte kan til dømes ha vore barnebarn etter Byrgitta som var brukar i 1521.

Så kan vi følgje skattelista utover 1610-1620-talet, og ser Hogne øverst og så brukarane Robert og etter han Oluff. Oluff kan sjå ut til å delt bruket, som kan ha vore Myra, med Clemend.

I 1627 ser vi at Knut kjem inn som brukar på Harnes, og han skal vi sjå sat på Myra seinare. I Jordebok for Romsdal i 1661 dukkar det også opp ei Birgite Harnes som eigar i Røsok – dette kan då i teorien vere ein etterkomar etter Birgitte i 1603. Her er vel og merke ingenting sikkert.

“Myragarden må ha vore oppdurka lenge før 1500-talet og var truleg frå sitt opphav myrlandet som låg frå grensa til Harnesgjerdet, og rakk heilt derfrå til fjorden på austsida. Den var svakt skrånande mot fjorden, men elles flatt lende.”

Gunnar Steinshamn, barnebarnet til den siste brukaren i den gamle Myra-slekta. Han viser ikkje til nokon kjelde til dette.

Image by Hands off my tags! Michael Gaida from Pixabay

Den første, sikre brukaren

Knut, som er registrert i lag med kona i koppskatten frå 1645 og i skattemartikkelen frå 1647, er truleg den første brukaren vi sikkert kan plassere til Myra. Men allereie frå 1626 og utover er det registrert ein Knud på Harnes i skattelistene, så det kan godt ha vore same mannen.

Frå 1626 og framover budde Knut på Myra.

Vi veit at Mareth Olsdattor, som døydde på Myra i 1680 (sjå under), var gift med Knud Knutsen i det første ekteskap sitt. Truleg var dette sonen til Knut som er registrert i 1645, og altså neste brukar på Myra.

Mareth var neppe fødd tidlegare enn 1630, sidan ho fekk barn rundt 1680 (sjå skifte etter ho under).

Knut Knutsen kan ha vorte fødd om lag på same tida, og det kan stemme godt med at forrige Knut er registrert som brukar frå 1626. Knut Knutson er som dei andre brukarane registrert både i soknepresten sitt manntal frå desember 1664 og i futen sitt manntal i 1665.

Men i motsetnad til dei andre, er han ført opp med ulik alder i dei to manntala. I det første er han registrert som 30 år, og i manntalet året etter som 40 år. Vi veit at alder vart avrunda når brukarane vart registrerte i desse manntala.

Om dette er gjort konsekvent, så kan Knut Knutsen eigentleg ha vore 34 år i 1664 og 35 år i 1665, og med det vorte runda ned i første manntalet og opp i det andre. I tilfelle kan 1630 vere eit sannsynleg fødselsår på han.

Familien på 1630-talet

Då kan vi sette opp ei første, kjende familie på Myra, rett nok litt usikkert:

Her kan det sjølvsagt ha vore fleire barn som vi ikkje kjenner til.

Mareth og Knut Knutson kan ha gifta seg ein gong på 1650-talet, utan at vi veit det sikkert. Ut frå forsøka på å sannsynleggjere fødselsåret deira, ville dei då ha vore i 20-åra.

Først i soknepresten sitt manntal i 1664 finn vi rett nok Knut Knutson, før det berre Knut. Men Knutson kan ha vorte ført inn for å skilje brukarane, sidan det dukka opp ein Knut til på Harnes i dette manntalet, Knut Olsson.

I 1664 stod Knut Knutson som 40 år gamal i prestemanntalet.

Ut frå dette kan vi sette opp ein neste brukarfamilie:

  • Knut Knutson. Fødd rundt 1630 og død ca 1668.
  • Mareth Olsdattor (eller mest truleg Rasmusdotter). Fødd etter 1630 og død 1680.
  • Knut Knutson (son).

Dei kan sjølvsagt hatt fleire born, men Knut var i tilfelle den einaste av dei som levde då Mareth døydde i 1680.

Husdyra vart kartlagde

I 1657 vart det gjennomført ei skattelegging av husdyr, og det gir oss eit lite innblikk i gardsdrifta. Knut Harnes hadde då 8 kyr og éin hest. Relativt sparsommelege opplysningar, men truleg hadde han fleire kyr enn nærare 70 år seinare, i 1724. I alle fall var det totalt sett færre kyr på Harnes då.

I siste halvdel av 1660-talet døydde Knut Knutson, og Mareth sat att som enke på Myra. Det ser ikkje ut til å ha vore lenge. I 1668 er Knut Knutson framleis registrert som brukar, medan i Jordebok for Romsdal 1669 er den nye mannen, Rasmus på plass. Kor denne Rasmus kom frå, veit vi ikkje.

Så i første halvdel av 1670-talet var dette familien på Myra:

Vart enke igjen

Ekteskapet med Rasmus vart ikkje veldig langvarig for Mareth, men dei rakk i alle fall å få minst to barn. Begge heitte Rasmus Rasmusson.

I stiftamtstueregnskapet for Trondheim stiftamt for 1676 er Lars Haldorson, den neste mannen til Mareth, på plass. Rasmus står som brukar i leiglendingsskatten i 1675.

Lars er den første i ei rekkje brukarar som dreiv Myra fram til 1870-åra, der son fulgte far utan brot. Lars ga seg som brukar rundt 1711. Om han då døydde veit vi ikkje.
Vi veit ikkje sikkert kor han kom frå, men ein mogeleg far er Halvor Knutson Røsok, som dreiv ein del av Røsok i alle fall fram til 1635. Vi finn Halvor allereie i landskatten i 1611. Lars står som 56 år i 1701.
Det var mange relasjonar mellom Harnes og Røsok på denne tida, i form av mellom anna eigarskap i gardane.

Mareth (Marte) var gift tre gongar på Myra. Illustrasjon

Lars vart også stamfaren til slekta som dreiv Myra samanhengande i 200 år. Saman med Mareth fekk han to born som vi veit om.

  • Mareth
  • Lauritz Haldorson, fødd rundt 1645.
  • Helde (Helga?) Larsdatter
  • Morten Larsen. fødd rundt 1680.

Morten er i manntalet for 1701 ført opp som 21 år, altså fødd same året som mora døydde. Det kan difor ha vore slik at Mareth døydde i samband med fødselen, utan at vi veit det. Det var ikkje uvanleg på 1600-talet. Og namnet Morten kan vere oppkalling etter mora, slik det var vanleg å gjere på den tida når mora døydde i barsel.

Då kan vi gå over til det unike dokumentet som er kjelda til mykje av informasjonen vi har om Myra på 1600-talet.

Det er skiftet etter Mareth frå tysdag 22. juni 1680.

Slik ser skiftedokumentet frå Myra i 1680 ut.

Vi ser i dokumentet at skiftet vart gjennomført 22. juni 1680, på “Myren paa Harøen i Sundz Otting”. Det står vidare at skiftet er etter avdøde Mareth Olsdattor og mellom hennar etterletne mann Lauridz Haldvorson og barna til Mareth.

I skiftet ser vi óg ei oversikt over barna til Mareth:

I første ekteskapet, med Knut Knutson:

  • Knut Knutson

I andre ekteskapet, med Rasmus Olsen:

  • Eldste Rasmus Rasmusson
  • Yngste Rasmus Rasmusson
Dei to Rasmus-sonane var under 10 år då mora døydde. Illustrasjon laget med Dall-e.

I tredje ektesakpet, med gjenlevande Lauridz Haldorson:

  • Morten Larsson
  • Helde Larsdotter

Formyndar for dei umyndige barna vart “morbror Rasmus Rasmussen Møchelbostad”.

Retten: Sorenskriver Hans Ørbech, Petter Hollingsetter, Hans Echremb og Iffur Gouset.

Tilsammen 12-2-16. Nett: 30-3-0.

“Først ble av boet uttatt etter første skiftebrev Knud Knudsens fedrene arv 50 rd (riksdaler) derav 21 rd i rede penger. Noch ble uttatt eldste Rasmus og yngste Rasmus deres resterende fedrene arvelod 9-1-0.”

Det vart og sett av pengar til betaling av gjeld til ein Hendrich Kampen i Bergen i Drams-garden.

Edit

Tyda av John H. Aarønæs.

Dotter til Stor-Rasmus?

I skiftedokumentet står det at Rasmus Rasmussen Møckelbostad, son til Stor-Rasmus på Myklebust, vart verge for barna ho etterlet seg. I skiftet vert han omtala som bror til Mareth.

Helge Bjerkevoll har forska mykje rundt Stor-Rasmus og slekta. Han kjende ikkje til Myra-skiftet frå før, men etter ei vurdering konkluderer han slik i ein epost:

– Eg blir vel meir og meir sikker på at Marit Olsdotter i skiftet er feilskriving for Marit Rasmusdotter. Som søster til Rasmus Rasmusson og med barn på 1670-talet kan eg ikkje forstå anna. Fleire Rasmus Rasmusson på Myklebust i rett alder finn vi vel ikkje? Men endeleg bevis har vi kanskje ikkje, konstaterar han.

Skiftet etter Mareth i 1680 syner også litt av kor stor garden var på denne tida. Dei hadde 11 kyr, tre kviger, ein okse, ti sauar, tre lam og ein hest.

Morten ser ut til å ha vore dreng på Harnes i 1701, men elles så ser vi ikkje noko att av borna til Mareth på Harnes. Morten står i manntallet for 1701 som «reserve», altså militært tilknytta.

I tida etter at Mareth døydde, var det strid om eigedomar Stor-Rasmus hadde hatt i Ørsta. Stor-Rasmus hadde vore død i 15 år, og det var sonen Unge-Rasmus som kjempa kampen om eigedomsretten i Sætre, Mork og Hagen i Ørsta. Det interessant med dette er at familien på Myra selde eigardelane dei sat på i desse gardane i 1755 (sjå under).

Dreiv bruket vidare

Det vart den siste ektemannen, Lars Halvorson, som førte Myra-bruket vidare.

17. oktober 1691 var han og familien i det gamle kapellet på Fjørtofta. Det var sonen Ole som skulle døypast. Kvifor han vart døypt på Fjørtofta og ikkje Harøya, er ikkje godt å seie. Det kan ha hatt samanheng med kor foreldra kom frå opprinneleg, eller at det var praktiske årsaker.

Sidan dei eldste kyrkjebøkene frå Harøya manglar, så er dette den eldste dåpen vi kjenner til på Harnes.

Her er dei som var sentrale i seremonien:

  • Ole (dåpsbarn).
  • Lauritz, Myren (far).
  • Tore, Huse (fadder).
  • Thore, Huse (fadder).
  • Siur, Haugen (fadder).
  • Guri, Harnes (fadder).
  • Helge, Huse (fadder).

Slik er dåpen til Ole nedskriven i kyrkjeboka.

Vi ser også at medan Lauritz er ført opp med Myra som bustad, står det at fadder Guri bur på Harnes. Og Siur på Haugen. Dette viser at det også på 1600-talet vart skildt mellom Haugen, Myra og det gamle Harnes-tunet.

På slutten av 1690-talet ser familien på Myra ut til å ha sett slik ut:

  • Lauritz Haldorson, fødd rundt 1645. Brukar på Myra
  • Marj Knudsdotter, kone på Myra.
  • Halvor Larsson, fødd rundt 1687, vart neste brukar.
  • Knud Larsson, fødd rundt 1688.
  • Rasmus Larsson, fødd rundt 1690. Kan óg ha fått bøksel på Harnes i 1711.
  • Ole Larsson, fødd 1691, gift med Guri Kristoffersdtr.
  • Thore Larsson, fødd rundt 1698.

I manntalet i 1701 står Lauritz (Larsz i manntalet) som 56 år gamal, med sonen Tore Larsen (3) som einaste gut.

I 1710 døydde Marj Knutsdotter, som hadde vore gift med Lars på Myra. Enkemannen var då rundt 65 år gamal, om alderen i 1701-teljinga stemmer.

På bruket hadde dei sju kyr, og to halvpartar i to ulike ottringar. Altså langt færre kyr på garden enn då Mareth døydde 30 år tidlegare.

Ut i krigen

11. mars 1711 var det ting på Røsok, der Halvor kom inn som ny brukar på Myra. Eller som det står: 1,5 våg fiskeleige til Halvor Larsson i garden Harnes.

Medan Halvor var heime på Harnes, så var broren Knut ute i verda. Våren 1710 vart han sendt ut i kongeleg teneste som sjømann.

 “Knud Larssen Myren. Ao 1710 om vaaren nedsendt udj Kongl. tiennste , hvor hand siden har været, til”. Funne og transkribert av Robert Haugen.

Det meste av den militære aktiviteten fram til 1716 foregikk til sjøs, i form av omfattende konvoitrafikk for å sikre forsyningslinjene over Skagerak og Nordsjøen.

Det er altså ikkje usannsynleg at Knut på eit eller anna vis var involvert i dette i den tida han var ute.

Fredrik 4. var dansk-norsk konge mellom 1699 og 1730. Alle menn langs kysten, mellom 16 og 50 år, vart rulleført i sjøetaten. I 1709 gjekk han saman med Polen og Russland mot Sverige, i Den store nordiske krigen. Dei danske troppane gjekk i land i Skåne i Sverige, men fekk eit knusande nederlag i mars 1710 i slaget ved Helsingborg. Seinare prøvde svenskekongen Karl 12. seg med angrep på Norge i 1716 og 1718, men den dansk-norske flåten stoppa svenskane.

I kapittelet om 1700-talet på Harnes, såg vi også at det var ein husmann på Harnes i 1723 som heitte Ole Harnes, og det var også ein Ole der i 1745. Dette kan godt ha vore bror til Halvor, Rasmus og Knut, han som vart døypt i kapellet på Fjørtofta i 1691.

Ane og Halvor

Halvor Larsson tok altså over Myra i 1711, saman med kona Ane Rasmusdatter.

Ane Rasmusdotter kan ha vore dotter til Rasmus Rasmusson Myklebust, soneson til Stor-Rasmus. Vi ser at ho var fadder i ein dåp på Myklebust i 1732. Halvor Larsen selde, som vi ser under, 2 mellag i garden Hagen i Ørsta. Dette var ein eigedom kona Ane Rasmusdotter hadde med seg inn i ekteskapet. Og Hagen var ein av gardane Stor-Rasmus på Myklebust eigde i Ørsta.

Eit anna teikn på det kan også vere at Halvor Larsen Myren og Lars Halvorsen Myren var formynderar for døtrene til Eli Hognesdotter Bjørnerem. MEIR KJEM.

I tilfelle var det nok ein etterkomar etter Stor-Rasmus som kom inn på Myra med Ane Rasmusdotter, nokre tiår etter at grand-tanta Mareth døydde i 1680.

Born:

Rasmus (f. 1717). Gift med Guro Olsdtr. og Inger Sivertsdtr.

Lars (f.1717) gift med Kari Halsteinsdtr. Løvik.

Tore (f. 1728), gift med Siri Halsteinsdtr. Løvik.

Anne, gift med Størker Jensson Harneshaug, deretter med Lars Olson Harneshaug.

Gullaug, gift på Ona(?)

Tvillingane til Aukra

Tvillingane til Halvor og Mari, Rasmus og Lars, gifta seg med kvar si søster frå Løvik på Aukra. Dei var døtrene til Halstein  Erikson (fødd 1690), som figurerte eit par gongar i retten i første halvdel av 1700-talet. Først vart han i 1725 innstemna for å ha hatt samleie med Marit Olsdtr. Rød, og i 1742 dømt for slagsmål. To år etter omkom han på sjøen.

Tore Halvorson og Siri Halvorsdtr. vart første brukar på bruket Kyrkjebakken på Sporsem, Aukra. Bruket vart leigd ut frå 1751. Dei fekk barna Anne (fødd 1751, og gift med neste brukar) og tvillingane Jakob og Halvor (fødd 1757), ifølgje Bygdebok for Aukra.

Halvor ga seg som brukar

Rasmus Halvorsen tok over Myra etter faren Halvor. Dette skjedde truleg ein gong på 1740-talet. Han gifta seg med Guro Olsdtr. rundt 1745, men allereie i 1748 døydde Guro.

Dei hadde dottera Anna Halvorsdotter saman, som Halvor Larsson Harnes vart formydar for, viser skiftet etter Guro.

Skiftet etter Guro viser noko av det dei eigde. Vi ser at talet på kyr er lågt samanlikna med tidlegare.

  • 1 hest
  • 2 kyr
  • 2 kviger
  • 1/3 i ein båt med segl
  • 4 torskegarn
  • 4 voger med rundfisk

Rasmus gifta seg opp att med Inger Sivertsdotter. Sonen Halvor skal ha vorte fødd rundt 1751, ifølgje folketeljinga for 1801.

Truleg hadde dei ei dotter som heitte Gudrød. Det er i alle fall ei Gudrød Rasmusdotter Myren som var fadder til Rasmus, son til Hallvar Olson Huse og Helge Pedersdotter, i 1786.

Gudrød Rasmusdotter Myren står på dei to nedste linjene.

Rasmus levde heilt til 1797 og vart 80 år gamal. Vi ser under Harnesgjerdet over at han var fadder til Johanne, dotter til Niels Pederson Harnes i 1785.

Først i 1805 døydde Inger, 86 år gamal (ca 1719-1805).

Frå kyrkjeboka for Aukra, 1797.

Selde arv frå Stor-Rasmus

I 1755 skjedde ein eigedomshandel, der arv etter Stor-Rasmus skifta eigarar.

Den delen Anne Rasmusdotter arva, Hagen i Ørsta, har «Stor-Rasmus» ført opp som eigar i jordeboka frå 1661.

Myra vart delt

I 1774 tok sonen Halvor Rasmusson (1748-1836) over Myra då han bygsla 1 vog av eigaren, futen Eeg i Romsdal. Søstra til Halvor, Guri, tok over halvparten av garden i 1790, som vart kalla Sjeissvollj’n (sjå eige kapittel om det bruket).

Halvor og kona Marit Hansdotter fekk mange barn.

  • Rasmus, (rundt 1781-1804).                 
  • Elias (1783-1835). Vart gift med Torine Torsdotter 1770-1849. Budde på på Flem   
  • Marit (1787-1848). Var først gift med Arne Knutson (1778-1835), som var strandsittar på Harnes. Deretter med Knut Ibeson (1797-1886).
  • Hans (1790-1860). Vart neste brukar på Myra.
  • Lars (1793-1872). Vart gift med Andrine Kristoffersdotter (1793-1884). Budde på Bjørnsund.
  • Elin (1797-1853). Vart gift med Rasmus Andreas Jacobson (1806-1872). Budde på Bjørnsund.

Edit

Her ser vi frå dåpen til Lars i 1793. Faddrane var Harnes-folk, Sæbjørn, Jens, Lars, Marit og Søneve.

I 1805 vart dei ramma av ei tragedie. Eldsteguten, Rasmus døydde, berre 21 år gamal. Dødsårsaka kjenner vi ikkje til.

I 1800 vart han innskriven i sjøforsvaret, på same måte som vi skal sjå at broren Elias vart. Det ser ikkje ut til at han kom på nokon båt det året. I folketeljinga i 1801 er han ført opp som tenestegut på Masstauå.

Her ser vi at Rasmus døydde berre 21 år gamal.

Elias på “kanonbåt”

Sonen Elias var ein av dei som var involvert i den såkalla Stry-saka i 1830. Han var då husmann under garden Flem på Flemsøya. Elias hadde tatt stry frå båten.

Avhøyret gir glimt  av livet til ein bondeson på Harnes i dei første tiåra av 1800-talet.

I avhøyret fortel Elias at han budde heime på Myra til år 1800. Då vart han utkommandert til København i militær teneste, der han var i eitt år. Samstundes vart også Tosten Knutson frå Røsok utkommandert,i lag med John Olson og Johan Trondson frå Sandøya og Arne Iverson frå Ona.

Her ser vi frå sjøinnrulleringa til Elias Halvorsen Harnes frå 1801.

Det var definitivt ikkje tilfeldig at Elias og dei andre vart innrullert i midten av april 1801. Mindre enn 14 dagar tidlegare hadde eit angrep rysta København. Dette var under Napoleonskrigane, og 2. april 1801 angreip britiske styrker med 20 linjeskip og 33 fregattar den dansk-norske flåten på Københavns red. Nest-kommanderande for dei britiske styrkene var ikkje ukjende Lord Nelson. Slaget tvang Danmark-Noreg ut av nøytralitetsforbundet med Sverige og Russland.

Slaget på Københavns red 1801. Av John Thomas Serres/Royal Museums Greenwich.

Deretter reiste han tilbake til Harøya, og tente på garden Huse, så Ona og deretter på Harnes.

I 1811 vart han utkommandert på teneste på “kanonbåtar”. I denne tenesta var han i heile fire år.

Så tente han eit år på garden Myklebust og vart gift og husmann på Flemsøya.

“Ernærer sig ved Fiskerie og Dagarbeide, han er confirmeret i Agerøe Kirke af Presten Høiem omtrent 16 Aargl., gik sidste Gang til Gudsbord i Harams Kirke forrige Aars Høst.”, står det i protokollen frå avhøyret i 1830.

Det kan ha vore ein slik kanonsjalupp Elias var på i fire år, men det fantes fleire ulike typar båtar med kanonar. Kanonsjalupp er normalt eit ope fartøy, som primært skal drives frem med årer, og som har en kraftig kanon i hver stevn. De hadde også 4 svingbare haubitsere på rekken. Sjaluppene var ca 65 fot lange med 30-34 årar, rodd av to mann som satt 4 og 4 på 14 tofter. Kjelde: Marinemuseet

Stortingsmann var eigar

Jordavgifta frå 1802 viser at Halvor var den einaste av brukarane på Harnes som ikkje var blitt sjølveigar, men framleis leiglending. Det kan nok tyde på at eigaren ikkje har vore veldig interessert i å selge.

Eigaren var Torger Halvorsen Næss frå Luster. Han hadde kjøpt garden av arvingane etter futen Eg, truleg rundt 1790.

Næss var ingen kven som helst. I oktober 1814 var han representant på det første ordinære Stortinget.

Edit

Torger Halvorsen Næss var representant på det første, ordinære Storinget. Her er stortingssalen slik han såg ut i 1814. FOTO: WIKIPEDIA

Luster var også ei av dei sterkaste bygdene for Haugianar-rørsla på Vestlandet, etter at Hans Nielsen Hauge vitja Sogn både i 1801 og i 1802.  I avhøyra av haugianarane i Luster i 1806-07, peikar mange av kring 30 vitnemål på Torger Næss som den mest sentrale.

Næss kjøpte altså også opp gardar i Romsdalen, og han oppfordra Haugianarar å flytte dit. Og mot slutten av hundreåret kom det faktisk ein brukar frå Stryn til Myra, men det ser vi meir på seinare.

Vart brukar som 24-åring

11. juni 1814 signerar Torger Halvorsen Ness i Molde at han bygslar ut Myra til ungkar Hans Halvorsen Harnes. Hans var då 24 år gamal.

“Torger Halvorsen Ness ha bøgslet og festet til ungkarl Hans H. Harnes min eiende gård Harnes i Sund otting, skyld 2 pd, 6 mrk. fl. L og B. som hans far Halvor Rasmussen hittil har bebodd men nu for sin søn avstøtt mot føderåd. Og da Hans Halvorsen har ulagt til mig den forenede bøgsel – må han for sin og kones levetid bruge 2 pd og 6 mrk i grd Harnes.Hans betaler gårdens Skatter. Betaler til mig som jorddrott gardens rettigheter av landskyld, skyldsfond og videre med 8 rbd N. V. som erlegges til mig fra 1. januar 1815. Efter mulig evne istandsetter og vedlikeholder gårdens huuse i lovfør stand, dyrker og forbedrer jorden. Ikke ansette husmand eller innta inderster.

Molde, 11. juni 1814T. H. Ness»

Overtakinga av garden må ha gjort susen på fleire måtar, for under folketellinga året etter er han gift med Eli Pedersdatter på 21 år. Truleg ar dei gifta seg ein gong i 1814.

Edit

Folketellinga i 1815. Hans og Eli er nygifte, og Halvor og Marit er blitt kårfolk.

Borna til Hans og Eli:

Marit, fødd 1815. Seinare gift med Jens Samundsen, Lyngvær.

Paulina, fødd 17. juli(?) 1818

Halvor Martinius, fødd 1.(?) mars 1821. Gift med Torina Olsdtr. Sandøy.

Rasmus Elias, fødd 17. desember 1823. Gift med Siri Andersdtr. Hatle.Siri Andersdtr.Berg Forholm, f. 13 okt 1823 i Eide, Eid. Hun giftet seg med Rasmus Hansen Harnes Løvik, gift 2 sep 1849 i Sandøy kyrkje. Rasmus døydde 25. januar 1903 i Aukra. Siri døde 31 mai 1914 i Nedste Løvik, Næset. (SJEKK!)

Andreas, fødd 23. mars 1826. Gift med Torina Ole-Eliasdtr. Harnes.

Hans, fødd 6. august 1829. Gift med Beret Knudsdtr. Sandøy. Budde først i Kjørsvik i Fræna, flytte seinare til Sæterøya. Sonen Knut gifta seg seinare med syskjenbarnet Malene Harnesmyr (datter til Halvor over her), og vart gardbrukar i Harnesgjerdet.

Elen, fødd 24. juni 1832. Gift med Johan Andersen, Bjørnsund. Hadde fem barn i 1865.

Elias, fødd 22. april (?), 1836. Gift med Synnøv Kristine Petterdtr. Vold, Vatne og seinare Martha Breivik, Aukra. Budde på Valltun på Myra, det raude huset som framleis står der ved vegen på Myra.

Her ser vi dåpen til Paulina, som står under 1818 i kyrkjeboka.

Barna kom altså rimeleg tett over ein 20-års periode, så mor Eli Pedersdatter må ha hatt hektiske år. Men i motsetnad til ein del andre familier på den tida, så ser det ut til at barna fekk vekse opp.

Medan barnebarna strøymde på, så levde framleis besteforeldra. Både Halvor og Marit vart gamle. Halvor vart eldst. 8. august 1836 døydde han, og han var då 88 år gamal. Då hadde han vore enkemann i seks år, etter at Marit døydde i 1830, 75 år gamal.

Halvor Rasmussen Harnes døydde 88 år gamal i 1836.

Kjøpte Myra

Kristian Kristensen Småge (fødd Huse på Hardbakken i 1807) kjøpte i 1833 bruket Myra av Torger Halvorsen Næss for 170 specidaler.Kristian var altså fødd på Huse, men flytta til Småge der han dreiv ein gard. Vi finn kona Ragnhild og barna igjen i folketellinga for 1865, men då er Kristian død og kona har gifta seg opp att på nytt. Christia Christoffersen døydde 8. februar 1853.

Sidan Kristian Kristensen kjøpte bruket, så tyder det på at Hans Halvorsen på Myra ikkje hadde pengar til å bli sjølveigar, eller at han vurderte det som like gunstig å halde fram som leiglending. Det var vanleg at leiglendingane fekk tilbodet om å kjøpe først.

Økonomisk krise

19. septemer 1835 måtte Hans låne 50 specidaler av kjøpmann Michal Rønneberg i Ålesund, ifølgje avskrifter av pantebøkene.Hans har signert med påhalden penn, så det kan tyde på at han ikkje var skrivekunnig. For å få låne desse pengane, måtte han sette alt han hadde av verdiar i pant:

* 4 vaksne naut

* 1 kvige

* 1 kalv

* 1 hest

* 1/4 i ein båt med segl og alt som høyrde båten til

* 1/4 av naustet som høyrde båten til og låg på Harnes-grunn.

* 80 famnar hampetau

* 1/6 i ei brugdeline med jarn og alt som høyrde til

* 1/8 i ei ny søkkenot og alt som høyrde til

* 1/4 i ei kastenot med tau

* 9 havgarn

* Og som ein siste tryggleik: “såvel som alt hvad låntageren eier”

Kva som er årsaka til dette lånet seier dokumentet ikkje noko om. Men vi ser at det er fleire av bøndene på Harnes som må ta opp lån på same tid, og felles for dei er at dei var involverte i den såkalla Stry-saka, som påførte bøndene store kostnadar. Så det kan ha vore ein del av årsaka.

Myrastauå. Bildet er tatt på 1960-talet, i åra før huset vart rive.

Los frå Uksnøya vart eigar

Tida som eigar av Myra var over i 1848 for Cristian Christoffersen Småge (Huse). Han selde bruket til los og gardbrukar Ole Nielsen Uksnøy, for 210 spesidaler. Han hadde med det fått ei pen verdiauke på desse åra. Uksnøy-famiien skulle kome til å eige bruket dei neste fire tiåra, og drivarane på bruket var framleis leiglendingar – som dei siste på Harnes-garden.

Ti år seinare kom generasjonsskiftet for drivarane. Det var den då 37 år gamle Halvor som skulle ta over etter far sin, Hans.

Året etter, 26. juni 1859, var det bryllaup på Myra. Då gifta Halvor seg med Thorina Olsdatter Sandø frå Sandøya. Ho var dotter til Ole Einarsen (opprinneleg frå Myklebust) og Malina Nilsdtr. frå Vollen på Sandøya. Thorina hadde også tre systre som gifta seg på Harnes, så det var tette slektskap mellom bruka.

I 1860 fekk dei barn for første gong, ein gut som dei kalla Hans etter bestefaren. Men gleda vart kortvarig. Allereie i 1863 døydde han, omtrent på same tid som syskjenbarnet Peder (9 år) oppi Gjerdet. Dei vart gravlagde same dag, 9. august 1863, dei to odelsgutane.

Edit

Slik såg Myratunet ut i 1861, viser utskiftingskartet. Løa øverst til venstre. Sjølve Myrastaua truleg den lange, til høgre for løa.

Flytting av bygningar

I 1861 var det utskifting på Harnes, og Myra var ein del av prosessen. Her ser vi Myra sin del av flytteutgiftene.I motsetnad til brukarane som måtte flytte alt av bygningar ut av det gamle Harnes-tunet, så ser vi at prosessen var langt mindre for brukaren på Myra. Det dreier seg truleg om eit sommarfjør og ein kjellar (potetkjellar?) som låg utanfor dei nye grensene bruket no fekk.

Edit

Desse budde på Myra og tilknytta hus under folketeljinga i 1865:

Halvor Hansen, 45 år, gardbrukar.

Thorine Olsdtr., 34 år, kone.

Elen Halvorsdtr., 3 år, datter. Seinare gift med Anton Orset, Aukra.

Malene Halvorsdtr., 1 år, datter. Seinare gift med Ole Andreas Harnes og etter det Knut Sæterøy, begge gardbrukarar i Harnesgjerdet. Og begge var syskjenborn til Malene.

Ane Iversdtr., 24 år, tenestejente

Marta Ellingsdtr, 55 år, fattiglem

På Valletun (det raude huset som framleis ligg der):

Elias Hansen, 29 år, strandsittar. Bror til Halvor.

Synnev Pettersdtr, 25 år, kone. Frå Skodje.

Elen Eliasdtr., 1 år, datter. Gifta 31.juli 1887 med Sivert Mathias (fødd 1865) frå Rakvåg. Dei busette seg på Myra.

Stine Rasmusdtr., 51 år, fattiglem

Seinare fekk Halvor og Thorine sonen Ole i 1866 (seinare gift med ei jordmor og vart kalla jordmor-Ole), så Hans som vart fødd i 1869. Han levde berre eitt år og døydde i 1870.

Ole Halvorsen Harnes (1866) på sine eldre dagar. Bildet er lånt ut av oldebarnet, Anne Marit Steinahamn.

Desse budde på Myra i 1875:

Halvor Hanssen (f. 1821) leiglending og fiskar.

Thorine Olsdatter (f. 1832) kone.

Born:

Ole Halvorsen (f. 1867), son.

Hans Elias Halvorsen (f. 1872), son.

Elen Anna Halvorsdatter (f. 1863), datter.

Malena Halvorsdatter (f. 1865), datter.

Lars Martinussen (f. 1858, Vestnes), tenestedreng.

Rasmus Olsen (f. 1844), leigetakar og fiskar.

Elias Hanssen (f. 1836), strandsittar, fiskar og dreiar.

Synnøv Petersdatter (f. 1841, Vatne), kone.

Born:

Elen Marie Eliasdatter (f. 1865), dotter.

Anna Eliasdatter (f. 1868), dotter.

Petrine Emilie Eliasdatter (f. 1871), dotter.

Elise Gurine Eliasdatter (f. 1874), dotter.

Hans vart skreddar i USA

I 1872 fekk dei altså ein ny Hans, den tredje i rekkja. Han levde opp, og flytta etterkvart til USA der han slo seg opp som skreddar. Han hadde verkstader både i Chicago og Milwaukee,

Halvor sjølv skal ha hatt skral helse, og måtte difor gje opp å drive garden. Dette skjedde etter 1875, sidan Halvor framleis var bruker under folketeljinga det året. På dette tidspunktet kan det ha vore slik at ingen av borna var klare til å ta over.

Dette må ha vore tungt for Halvor, som dermed vart den siste brukaren frå slekta som hadde sete på bruket sidan 1670-talet. Med det var ein æra over i historia om Myra-garden.

Halvor levde til juni 1887, medan Torine døydde 5. oktober 1894.

Ein stryning vart brukar

Matias Lien frå Stryn var den nye brukaren som tok over. Han var gift med Inger Arnesdtr. frå Røsok, dotter til Arne og Johanne Røsok. Han var brukar på Myra fram til 1891, altså kanskje i rundt 15 år.

“Mattis var dårleg i ein fot og det vart vanskeleg på mange måtar for dei, så han måtte ha frå seg Myra. Den vart då kjøpt av Paul I. Huse.”, skreiv Beate Berg på 1950-talet.

Matias og Inger Harnes.

Inger og Matias fekk desse barna, og vart forfedre til mange Harøyingar:

Anna Elisabeth, fødd 1877. Gift med Knut Andreas Harneshaug.

Johanne, fødd 1879. Gift med Andreas Olson Husøy.

Anton, fødd 1883. Gift med Emma Knutsdtr. frå Bjørnsund.

Olaf, fødd 1886. Reiste til USA, der han var trearbeidar.

Peder Matias, fødd 1889. Gift med Jenny Jensdatter Skodjevog.

Budde saman?

Gunnar Steinshamn skriv altså i si slektshistorie at ingen budde i Myrastaua etter at Halvor døydde, altså i 1887. Ut frå folketeljinga i 1891 ser vi i alle fall at Inger og Matias budde i det same huset som enka etter Halvor, Torine. Mest truleg har dei to familiene budd saman i Myrastova etter at Matias og Inger tok over bruket. Og at Matias og Inger budde der som kårfolk frå 1891 og etter at Torine døydde i 1894.

Her ser vi at det totalt budde 12 personar i dette huset på Myra i 1891, som nok var Myrastaua. Ni personar knytta til Matias og Inger sin huslyd og tre til Torine.

I 1891 selde arvingane etter Ole Olsen Uksnøy Myra-jorda til Paul I Huse og Peder M. Sandøy for 2.000 kroner. Matias og Inger fekk kår.

Tinglysing av salg og kår i 1892.

I 1906 kjøpte Paul I Huse ut Peder M. Sandøy og vart eineeigar av garden.

Myrastauå vart riven på 1960-talet, medan løa stod til frampå 1970-talet. Det vart sagt at delar av Myrastova skal ha vore bygd av tømmer frå skog på Harøya, men dette er umogeleg å verifisere. I dag er det berre Valle-huset som står igjen som minne om Myragarden.