HISTORIA OM HARNES

Den lange reisa mot nord

Sound experiment Hohle Fels

Ei ung jente løftar fløyta opp mot munnen. Framfor Ragn sit heile flokken samla. Så plasserer ho fingrane, lett skjelvande, og trekkjer pusten. Og ein klangfull lyd fyller den store grotta.

I grotta Hohle Fels, som ligg i fjellområdet Schwaben i Tyskland, har arkeologar funne restar av ein eldgamal busetnad – av dei første menneska som kom til den nordlege halvdelen av Europa. Fløytene som arkeologane fann der, er daterte til minst 35.000 år tilbake.

Dei tilhøyrde den såkalla aurignackulturen, som rådde i Europa for mellom 42.000 og 28.000 år sidan. DNA-funn i desse grottene viser at dei tilhøyrte Y-haplogruppe I, sjølv om funna er frå eit seinare tidspunkt enn fløytene.

Den eldste gruppa

Ein DNA-test avslører at nokre av gardbrukarane på Harnes fleire titusen år seinare hadde sine røter i Y-haplogruppe I.

“Haplogroup I is the oldest major haplogroup in Europe and in all probability the only one that originated there (apart from very minor haplogroups like C6 and deep subclades of other haplogroups). It is thought to have arrived from the Middle East as haplogroup IJ sometime between 40,000 and 30,000 years ago, and developed into haplogroup I approximately 25,000 years ago.”

Kjelde: Specific European Y-Chromosome Haplotype I and its subclasses: migrations and modern prevalence

Vi får nok aldri vite sikkert om nokon av forfedrene til Harnes-brukarane høyrde fløytetonar i nettopp denne grotta. Men fløytene var nok med dei, som ein del av kulturen og samfunnet deira. Forskarar ser bruken av avanserte musikkinstrument som ein sterk indikasjon på at dei tidlege menneska allereie hadde utvikla eit intellekt nær det vi har i dag.

Dei raude punkta viser eldre funn av Haplogruppe I i Europa. FAKSIMILE FRÅ ANCIENT DNA IN EUROPE

I ytterkanten av isen

Grottene låg i utkanten av isen som dekte den nordlege delen av Europa fram til rundt 12.000 år sidan.

Då isen trekte seg tilbake, følgde menneska etter reinen som trekte nordover. I fleire omgangar flytta grupper inn og ut av det som seinare vart kalla Noreg. Nye kalde periodar gjorde at dei til tider flytta sørover igjen. Så snart klima vart mildare, var det nye pionerar som søkte mot nord.

Gruppa som budde på Måsvikremma på Harnes for 9.000 år sidan kan ha vore ei av desse. Du kan lese meir om dei i neste kapittel.

Haplogruppe I fekk etterkvart undergruppa I1.

“Haplogroup I1 is the most common I subclade in northern Europe. It is found mostly in Scandinavia and Finland, where it typically represent over 35% of the male Y-chromosomes. Associated with the Norse ethnicity, I1 is found in all places invaded by ancient Germanic tribes and the Vikings. (…) Men belonging to this haplogroup all descend from a single ancestor who lived between 10,000 and 8,000 years ago.”

Kjelde: Specific European Y-Chromosome Haplotype I and its subclasses: migrations and modern prevalence

DNA-RUTE: Dette viser ei grov skisse av vegen frå dei første menneska i Afrika, via Midt-Austen, Frankrike/Tysland og til Norden. Kartet er resultatet av ei analyse av dna-et til nokre av dei som var bønder på Harnes på 1800-talet. 

DNA viser veg

DNA-testen viser at mennene vi seinare møter i Gjerde-slekta på Harnes tilhøyrer undergruppa Y-haplogruppe I-M253.

Biologen Matteo Fabbri ved Universitetet i Ferrara i Italia skriv om opphavet til denne gruppa:

“A new study in 2015 estimated the origin as between 3,470 to 5,070 years ago or between 3,180 to 3,760 years ago, using two different techniques. It is suggested that it initially dispersed from the area that is now Denmark.”

Kjelde: Specific European Y-Chromosome Haplotype I and its subclasses: migrations and modern prevalence

Studiet det blir vist til: Large-scale recent expansion of European patrilineages shown by population resequencing

Det er rett nok fleire teoriar om opphavet til denne gruppa. Om teorien over stemmer, har I-M253 vore knytt til framveksten av jordbruket i Skandinavia.

Den såkalla klokkebegerkulturen skal ha vore den første metallkulturen i Vest-Europa.

Klokkebegerkulturen fekk fotfeste i Vest-Skandinavia  for rundt 4.500 år sidan og stod truleg bak jordbruksrevolusjonen som erstatta jeger-sankarkulturen i Noreg.

“Nord-Jylland var et kjerneområde for klokkebegerkulturen, og i Norge var det Sørvest- og Vest-Norge som var de viktige områdene. Fordelingen av funnene viser at menneskene som levde på denne tiden, for første gang regelmessig krysset åpne havstrekninger som Skagerrak. Det var i denne fasen jordbruket og gårdsbebyggelsen spredde seg raskt gjennom Norge, i hvert fall til Midt-Norge, men antakelig så langt nord som Vesterålen. Havgående fartøy, metallteknologi og lagdelte samfunn er ellers viktige trekk. Det er gode grunner til å anta at de indoeuropeiske språkene ble etablert over store deler av Norge i denne perioden.”

Kjelde: Norgeshistorie.no

Første bøndene

Forfedrene til mellom andre Peder Nilsen Harnes (fødd 1791 på Harnes), som vi møter nokre tusen år seinare, kan altså ha vore mellom dei som innførte jordbruket her i landet. Truleg var dette nye grupper innvandrarar som pressa ut jegerane som dominerte landet i steinalderen.

Sjølv om det ikkje er funne spor etter denne kulturen på Harnes, skal vi ikkje lenger enn til Giske på Sunnmøre for å finne mogelege restar. I masteroppgåva “Mjeltehaughellene – et klokkebegeruttrykk? Stil som uttrykk for sosial identitet”, påpeiker Anette-Sofie Sand Eriksen at gravhaugen Mjeltehaugen på Giske kan vere ein indikasjon på spreiinga av klokkebegerkulturen til Nordvestlandet.

Men lenge før desse forfedrene kom til Vestlandet, budde jegerar og sankarar på Harnes.

NESTE KAPITTEL: FOLKET VED DEN STORE STEINEN

Exit mobile version