
Eventyrleg fiske lokka folk frå utlandet til norskekysten tidleg på 1500-talet. Ein av dei slo seg ned på Sandøya.
Christian 2., konge av Danmark, Noreg og Sverige, krevde i 1520 inn tiendpengeskatten for å dekkje utgifter til krigføring. Folk flest måtte betale 10 prosent av alt dei eigde til kongen.
På Sandøya budde ein av dei som måtte betale mest i Romsdal, nemleg Erik. Han måtte sjå store summar forsvinne til København:
- 4,5 lodd sølv
- 1,5 kvintin sølv
- 2 skilling pengar
- 15 lodd sølv i barnepengar
- 2 våg råskjer (37 kilo tørrfisk)

Kanskje var det på vårtinget i 1520 at Erik og andre på Romsdalskysten fekk vite om den nye skatten. Det normale var i alle fall at det var på tinget skattane vart kunngjorde og krevd inn. Oluf Skrivar frå Hustad var nok sentral i innkrevinga som fut i Romsdal.
Erik på Sandøya betalte, omrekna til dåtidas pengar, rundt 23 mark i skatt. Sidan dette var 10 prosent av det han eigde, rådde han altså over ein formue på rundt 230 mark. Det svarte i 1520 til verdien av heile 115 kyr.
Dette var nesten ti gongar meir enn formuen til ein vanleg (median) skatteytar i Romsdal.
Dei største skatteytarane i Romsdal i 1520:
| Namn og bustad | Skatt omrekna til mark |
| 1. Oluf Hjelset, Bolsøy | 37,00 |
| 2. Søren Småge, Aukra | 32,50 |
| 3. Olav Torfinsen, Bud | 24,50 |
| 4. Trond Gjendem, Fræna | 23,75 |
| 5. Erik Helsing, Sandøya | 23,00 |
Ei rik mor?
Den største delen av formuen Erik skatta for, var 150 mark i det som vart kalla barnepengar. Dette var formue Erik passa på for eitt eller fleire umyndige barn som han var verje for.
Berre to andre i heile Romsdal forvalta ein større sum barnepengar enn han.
Verdiane kan barna ha arva frå mora, altså kona til Erik, som vi ikkje kjenner namnet på. Magnus Lagabøtes landslov slo fast at mannen ikkje skulle arve noko når kona døde. Alt skulle gå til barna.
Slike pengar skulle ein verje, ofte ein gjenlevande forelder, forvalte.
Om det var mora barnepengane kom frå, må ho ha tilhøyrt ein velståande familie. Det tyder igjen på at Erik var rik og mektig nok til å gifte seg inn i eit slikt miljø. Men vi veit ikkje sikkert at pengane tilhøyrde eigne barn, han kan også ha vore utnemnd til verje for barna til andre nære slektningar.

Seinare skal vi sjå at Erik var innvandrar og difor kanskje ikkje hadde mykje familie på si side i nærleiken som han kunne vere verje for. Det gjer det meir sannsynleg at det var eigne barn han forvalta pengane for.
Barnepengane måtte betalast ut til barna når dei fylte 20 år, inkludert avkasting, står det i Magnus Lagabøtes landslov. Punktet om avkasting, altså at barnepengane ikkje berre skulle liggje på kistebotn, kan gjort at Erik investerte verdiane i til dømes eigedom fram til barna skulle ha verdiane.
«Det er et nokså gjennomgående trekk at de som skatter for barnepenger satt godt i det», slår historikar Audun Dybdahl fast.
Rikfolk
Dybdahl har laga ei liste over dei aller største skatteytarane frå Sunnfjord til Finnmark i tiendpengeskatten. Dei som betalte over 30 mark i skatt, karakteriserte han som «meget rike».
Formuen Erik styrte var altså litt lågare, men likevel i kategorien rik.
«Gjennom tiendepengeskatten kan vi lokalisere mange rikfolk til øyer som lå strategisk til for fiske og fangst. Mange rikfolk hadde dessuten eiendommer og økonomiske interesser i både byen (Bergen eller Trondheim) og fiskeværene nordpå», skriv Dybdahl i boka «Tiendpengeskatten som kilde til folk og samfunn».
Vi skal sjå at det finst spor som kan tyde på at Erik var ein av desse.

Kom frå utlandet
Erik skil seg frå mange andre i skattelista. Dei fleste gardbrukarane vart nemleg berre registrerte med fornamn. Erik vart derimot ført inn i skattelista med tilnamnet Helsing, altså som Erik Helsing.
Det peikar mot eit spesielt opphav, langt frå Romsdalskysten. Svaret finn vi 50-60 mil austover i luftlinje: Hälsingland i Sverige.
Innvandrarar frå dette området fekk gjerne tilnamnet Helsing i skattelistene, ifølge boka «Seinmiddelalder i norske bygder». I sjølve 1520-skattelista er det to andre som har tilnamnet Helsing, begge skatta i Nord-Noreg. Dessutan er det fleire Helsing-ar i andre skattelister frå denne tida.

Betalte dronningskatten
I det kjølege rommet på Bergenhus festning set skrivaren seg ned. Vårsola lyser opp bordet gjennom gluggen i veggen. Han opnar det stive bokomslaget av kalveskinn, og dyppar fjørpennen i det mørke blekket.
Så fører han fjøra ned mot det grove papiret:
«Desse etterfølgjande menn av Finnmarken betalte fisk for seg sjølve, som kom på Olav Alvssons skip og var av dronningskatten», skriv han sirleg i rekneskapboka.
Det er måndag 13. april 1523, rett etter påske.
Skrivaren stavar bokstavane høgt for seg sjølv medan han skriv inn det tiande namnet i lista:
E-R-I-C-K H-E-L-S-I-N-G
– Svensken, tenkjer han, idet blekket bit seg fast i papiret.

Skatten vi ser at Erik Helsing betalte inn, skulle dekkje utgiftene kong Christian 2. hadde hatt til bryllaupet sitt med 14 år gamle Isabella av Burgund sommaren 1515. Altså rundt 8 år tidlegare.

Vi kan ikkje dokumentere at dette var same Erik som budde på Sandøya, men det var i alle fall berre ein Erik Helsing i skattelista tre år tidlegare. Den lista er vel å merke ikkje komplett, sidan Bergen ikkje er med.
Dei 37 kiloane med fisk i dronningskatt leverte Erik Helsing med båten til Olav Alfsson. Alfsson skal ha budd i Kvalsund i Finnmark og hatt båt ved Masterelva.
Betalte lenge etter
Erik Helsing vert i dokumentet lista opp som ein av mange «menn fra Finnmarken», truleg fordi han var involvert i fisket der oppe.
Kvifor Erik betalte skatten så lenge etterpå, veit vi ikkje. Vi veit at setesveinane til erkebiskopen betalte på etterskot, fordi dei tidlegare hadde hatt skattefritak og meinte dei framleis skulle ha det. Til slutt måtte dei likevel betale.
Vi har ingen dokumentasjon på at Erik var ein av dei, og han var ikkje på setesveinlista til erkebiskopen ti år etter. Det året var det ein Esbjørn Erichson som var setesvein i Romsdal.
Også handelsfolk betalte forseinka dronningskatt i 1522/1523.

Erik Helsing på Sandøya var vel mest truleg ein av handelsfolka som i eldre tider vart kalla ein nordfar – ein person som dreiv fiske/handel i Nord-Noreg utan å bu der.
Bygarden i Bergen
Eit 500 år gamalt dokument avslører at Erik på Sandøya kan ha hatt klare band til Bergen.
Sjå berre på kva som står her:

Denne skattelista over fattige kvinner frå 1521 viser at ein bygard i Bergen bar namnet «Eric Helsings gard».
Bygardane kan ha fått namna sine ut frå kven som var eigarar då lista vart ført, skriv Åshild Fedøy Salomonsen i ei masteroppgåve i historie.
Bygarden til Erik Helsing låg på Strandsiden i Vågen i Bergen, i gata som den gongen heitte «Offwer Strandt». I dag heiter gata Strandveien.

Dette står på det eldgamle papiret:
Eric Helsings gard
- Item 1 mark: Magdalena Ingebritzs dotter szt (szt er forkorting for det latinske ordet satisfecit – her betyr det truleg at Magdalena har betalt skatten)
Magdalena Ingebrigtsdotter budde altså i bygarden og betalte 1 mark i skatt.
Ser vi på nabobygga, forstår vi kva samfunnssjikt som eigde eigedom i dette strøket: «Rike Tostens gard» (merk deg namnet for seinare), «Stavangerbispens gard» (biskop Hoskold Hoskoldsson) og «Herr Niels Henrikssons gard» (norsk riksråd og gift med den markante adelskvinna Inger til Austrått).

Den økonomiske og politiske eliten sikra seg tidleg på 1500-talet eigedommar på Strandsiden for å kontrollere meir av fiskehandelen frå Nord-Noreg til Europa. Denne gruppa tok på denne tida meir og meir over for hanseatane.
Erik på Sandøya kan altså ha vore ein del av eit mektig miljø, med ein bygard som truleg vart brukt til handel i ei eller anna form.
«Strandsiden begynte nå etter hvert å bli mer og mer utbygd. Her holdt også den norske handelsstanden til utover i perioden. Mens bryggesiden var forbeholdt de hanseatiske kjøpmenn», skriv Salomonsen i masteroppgåva om situasjonen på 1520-talet.
Salomonsen argumenterer for at kvinner som Magdalena, altså ho som budde i Erik Helsings bygard, truleg dreiv med handel, var “friller” eller bestyrar av eigedommen dei budde i.
Magdalena betalte 1 mark i skatt, som tyder på at ho hadde eigen, sjølvstendig økonomi. Ho kan ha styrt aktiviteten i bygarden i Bergen for Erik Helsing.
Skattelista stadfestar ikkje at mannen som eigedomen er kalla opp etter – Erik Helsing – er den same som budde på Sandøya.
Vi ser heller ikkje sikre spor etter bygarden i den skatten Erik er ført opp med under Sandøya. Men vi ser i skattelista for 1520 at til dømes enkelte borgarar i Bergen også er ført opp med innbetaling av skatt i Finnmark.
Erik kan altså ha skatta både i Romsdal og i Bergen.
Rike-Tosten
Kan vi finne noko om etterkomarane til Erik? Eit spor dukkar opp i Bergen i 1561. I ei dagbok skreiv presten Absalon Pederssøn Beyer ei liste over bygardar på Strandsiden. To nabo-bygardar gjer lista interessant: Anders Erikssons gaard og Iver Torstenssons gaard er lista opp ved sidan av kvarandre.
I 1521, altså 40 år tidlegare, låg nemleg «Erik Helsings gard» rett ved sida av garden til «Rike-Tosten». Og her har vi altså i 1561 to nye eigarar som hadde fedre med namna Erik og Torstein (Tosten), altså identiske med eigarane i 1521.
Kan Anders vere sonen til Erik Helsing? Men kven var i tilfelle Iver?
Den mest kjende Rike-Tosten frå denne tida var Torstein Askjellsson frå Voss. Men han hadde ingen son. Kanskje vi i staden må til Nordmøre for å finne løysinga på kven faren til Iver var.
Torstein Eriksson på Veiholmen utanfor Smøla var ein av dei rikaste mennene på heile kysten og skatta 76,5 mark i 1520. Han høyrde til den mektige Aspa-ætta. Og den eine sonen? Han heitte Iver Torsteinson, altså det same som eigaren av bygarden i Bergen.

Medan Iver kan ha tatt over bygarden etter faren Torstein, kan Anders Eriksson ha tatt over nabogarden etter sin far – Erik Helsing. Erik på Sandøya kan altså ha hatt ein son som førte handelsverksemda vidare i Bergen. Om Anders var sonen, så var nok Erik død i 1561 sidan Anders hadde tatt over bygarden.
Kanskje er det også han som dukkar opp ein annan stad i kjeldene same år, då styrmann Anders Eriksson betalte skipsskatt i Finnmark i 1561.
Sikre kan vi ikkje vere.
Markant sandøying
Vi kan i alle fall slå sikkert fast at Erik Helsing er ført inn i skattelista frå 1520 under Sandøya og var ein stor skatteytar. Høgst sannsynleg var han svensk sidan han hadde tilnamnet Helsing.
Erik leigde og dreiv ein del av garden Sandøy. Han er ikkje registrert med jordegods i skattelista, noko som tyder på at han ikkje eigde jord i Romsdal.
Det er også godt mogeleg at det var han som betalte dronningskatt i Bergen i 1523, utan at vi kan slå det sikkert fast. Dronningskatten vart skriven ut i 1515, så det tyder i tilfelle på at han både var i landet og var i skattepliktig alder allereie det året.
Om vi tenkjer at han må ha vore minst 20 år i 1515 (altså myndig), så var han fødd på midten av 1490-talet eller tidlegare. Mest sannsynleg ein del før, sidan han var godt etablert i 1520.
Den vanlege reiseruta frå Hälsingland til Noreg gjekk via Jemtland og vidare ned Verdalen i Trøndelag. Difor er det rimeleg å tenkje seg at Trondheim kan ha vore den første norske byen Erik kom til. Vi veit ikkje om han først budde der.
Om Erik både eigde bygarden i Bergen, dreiv gard på Sandøya og var involvert i fiskeverksemd i Finnmark, må han ha farta mykje langs kysten og hatt store ressursar.

Bygarden i Bergen peikar mot at Erik kan ha spelt ei rolle på Strandsiden i Bergen, i ei tid då norske handelsmenn gradvis tok over kontrollen frå hanseatane. Strandsiden var i ferd med å bli sentrum for den norske og internasjonale (ikkje-hanseatiske) handelsstanden.
Dette styrkjer i tilfelle biletet av Erik som ein uavhengig «nordfar», ein som opererte utanfor systemet til hanseatane på Bryggen.
Det siste, klare sporet vi finn etter Erik Helsing, er betalinga av dronningskatt i 1523.
Elles er det sparsamt med kjelder om bøndene på Sandøya på 1500-talet. I 1563 betalte ein Jon Jonson frå Sandøya skipsskatt i Bergen. Først i 1586 dukkar nye namn på gardbrukar på øya opp – Morten, Nils og Knut var leiglendingar under Giskegodset.
Dette er altså ikkje alle gardbrukarane på Sandøya, sidan Giskegodset ikkje eigde heile garden. Det er uråd å setje desse namna i samanheng med Erik, men ein av dei kan ha vore ein etterkomar.
I skattelista for 1603 står ein Anders som gardbrukar på Sandøya. Om det er ein av Erik sine etterkomarar, er ikkje mogeleg å seie sikkert. Kanskje eit barnebarn?
Eller om Anders var ein liten gut i 1520, så ville han ha vore i 80-åra i 1603. Ikkje heilt umogeleg, men likt fornamn er eit for tynt grunnlag til å kunne seie noko sikkert.

Erik Helsing frå Sandøya peikar seg ut som ein representant for den internasjonale smeltedigelen kysten var på denne tida, slik det vert vist i ei finnmarkskildring frå slutten av 1500-talet:
…her er mange atskillige slags folk av atskillige landskap kommen, som er norske, tyske, danske, hollendere, skotter og mange andre slags folk, som her bor og haver ingen annen næring enn fiskeri… Endog en part her selger til Bergen, og kjøper gods, her igjen å utvende, dog likevel er alle fiskere, ti her kan verken såes eller høsted korn eller noen frukt, uten aleneste noget lidet hø kan man få om høyeste sommeren.
Ei finnmarkskildring frå kring 1580 (sitert i boka “I balansepunktET”)
Då skrivaren på Bergenhus dyppa fjørpennen i blekket og førte namnet “Erick Helsing” tre gongar inn i rekneskapene på 1520-talet, gjorde han noko meir enn å føre skatteliste. Han gav oss glimt inn i ei fjern fortid, brytingstida mellom mellomalderen og nytida, som vi elles berre kan sjå svake spor etter lokalt.
Kjelder og litteratur:
- Dybdahl, Audun (2005): Tiendpengeskatten som kilde til folk og samfunn ca. 1520.
- Hansen, Lars Ivar (red) (1981). Seinmiddelalder i norske bygder : utvalgte emner fra Det nordiske ødegårdsprosjekts norske punktundersøkelser
- Holmsen, A. (1976). Nye studier i gammel historie.
- Jacobsen, Ragnvald (1989). Kvalsund i Finnmark: bygdebok om Kvalsunds folk og forhold
- Jørgensen, J. G. (Red.). (1997). Aslak Bolts jordebok. Riksarkivet. (Opphavleg nedteikna ca. 1432/33).
- Kiil, Alf (1993). Da bøndene seilte: bygdefarsbrukets historie i Nordlandene
- Lysaker, T. (1958). Trondenes bygdebok (Bd. 1). Trondenes bygdeboknemnd.
- Pederssøn, Absalon (1860). Absalon Pederssøns Dagbog : over begivenheder, især i Bergen 1552-1572
- Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne.
- Sandnes, Jørn (1971): Ødetid og gjenreisning. Trøndsk busetningshistorie ca. 1200–1660.
- Salomonsen, Åshild Fedøy (2008). Prostitusjon i bylandskapet. En analyse av tiendepengeskattelisten i Norske Regnskaber og Jordebøger fra 1521
- Norske Regnskaber og Jordebøger (NRJ) Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede.
- Olav Engelbrektssons jordebok (OE) Olav Engelbrektssons jordebok. (ca. 1533). Utgitt av Riksarkivet (1926).
- Lokalhistoriewiki.no
- Magnus Lagabøtes landslov. Arvebolken.
- Norske lensrekneskapsbøker 1548-1567. 3: Skatten av Bergenhus len 1563, Riksarkivet
- Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag. 2 : 1572-1588
- Pengeskatt (landskatt) 1603
- Store norske leksikon
- Wikipedia
Kjelder og litteratur:
- Dybdahl, Audun (2005): Tiendpengeskatten som kilde til folk og samfunn ca. 1520.
- Hansen, Lars Ivar (red) (1981). Seinmiddelalder i norske bygder : utvalgte emner fra Det nordiske ødegårdsprosjekts norske punktundersøkelser
- Holmsen, A. (1976). Nye studier i gammel historie.
- Jacobsen, Ragnvald (1989). Kvalsund i Finnmark: bygdebok om Kvalsunds folk og forhold
- Jørgensen, J. G. (Red.). (1997). Aslak Bolts jordebok. Riksarkivet. (Opphavleg nedteikna ca. 1432/33).
- Kiil, Alf (1993). Da bøndene seilte: bygdefarsbrukets historie i Nordlandene
- Lysaker, T. (1958). Trondenes bygdebok (Bd. 1). Trondenes bygdeboknemnd.
- Pederssøn, Absalon (1860). Absalon Pederssøns Dagbog : over begivenheder, især i Bergen 1552-1572
- Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne.
- Sandnes, Jørn (1971): Ødetid og gjenreisning. Trøndsk busetningshistorie ca. 1200–1660.
- Salomonsen, Åshild Fedøy (2008). Prostitusjon i bylandskapet. En analyse av tiendepengeskattelisten i Norske Regnskaber og Jordebøger fra 1521
- Norske Regnskaber og Jordebøger (NRJ) Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede.
- Olav Engelbrektssons jordebok (OE) Olav Engelbrektssons jordebok. (ca. 1533). Utgitt av Riksarkivet (1926).
- Lokalhistoriewiki.no
- Magnus Lagabøtes landslov, om arvetal.
- Norske lensrekneskapsbøker 1548-1567. 3: Skatten av Bergenhus len 1563, Riksarkivet
- Norske Rigs-Registranter : tildeels i Uddrag. 2 : 1572-1588
- Pengeskatt (landskatt) 1603
- Store norske leksikon
- Wikipedia