«Jeg kom saavidt iland, mere død end levende»

Ein uversdag for over 100 år sidan steig forfattar og folkeopplysar Hulda Garborg i land på Ona – sjøsjuk og sliten.

Hulda Garborg ved skrivebordet. Foto: Nasjonalmuseet

Då ein del av dagbøkene hennar vart gitt ut i bokform i 1962, stoppa boka nokre månader før turen på Romsdalskysten. Skildringane frå turen til Ona og Sandøya i 1914 vart liggjande att som ei skjult perle i den handskrivne dagboka.

  • Hulda Garborg (1862-1934) var forfattar, kulturentreprenør og folkeopplysar. Og ein pioner i mellom anna målsak, teaterarbeid, kvinnesak, bunadsbruk og folkedans. Ho ga ut romanar, skodespel og dikt. Ho var med på å grunnleggje Det Norske Teateret i 1912.

På foredragsturneen i Romsdal var Hulda mellom anna i Tresfjorden, Molde og Elnesvågen. For fulle hus – hundrevis av tilhøyrarar fylte salane.

Så gjekk ferda vidare ut i havgapet.

Molde Annonceblad, 24. mars 1914. Faksimile

«Kvindfolk er Kvindfolk»

Fredag 26. mars 1914: I halv eitt-tida kleiv Hulda ned frå hesteskyssen ho kom med frå Elnesvågen. 52-åringen var framme på Tornes i Fræna, der båten Verma skulle føre ho over fjorden til Aukra om ein halvtime.

«Elnesvågen og Tornes var de tristeste Steder jeg har vært her, enda Lyngheiene der er vakre nok», er den lite rosande omtalen i dagboka.

Ytst til venstre ser vi dampskipbryggja på Tornes, der Hulda venta på båten. Foto: Steinkopf Wold/Romsdalsmuseet

Forfattaren var heller ikkje nøgd med at ho ikkje fekk vist lysbilda frå Amerika skikkeleg i Elnesvågen kvelden før, sidan ingen klarte å stille inn framvisaren.

Verten hennar, truleg Iver Andreas Ingebrigtsen Rødal på garden Dalset (ho kallar verten berre Dalset i dagboka), reagerte slik:

«Aa, der var no mest Kvindfolk».

Med andre ord: ikkje så nøye.

Men Hulda slo kontant tilbake:

«Ja, men de er da mennesker de òg, og forstaar sig liksaa godt paa at kritisere og bedømme».

Då smilte han, skreiv ho i dagboka.

«Aa ja, men det ha naa vøri saa, at Kvindfolk er Kvindfolk. Dôm ha naa vôr underkua, jaa», innrømte han.

Og strakk seg til å seie at kvinner kunne bli «mest likso gode dôm som me, naar dôm fekk vera med i alslag arbeid, ja».

Hulda stoppar siteringa av kommentarane frå Dalset med eit (irritert?) «o.s.v.» i dagboka – slike haldningar hadde ho høyrt før.

O.s.v. skreiv Hulda i dagboka.

Måtte vente i timesvis

Båten Verma var i tillegg kraftig forseinka, noko som truleg ikkje gjorde inntrykket av Fræna betre.

Først klokka 18.30 dukka han opp på Tornes, seks timar etter ruta.

«I alle disse Timer gikk jeg frem og tilbake paa Bryggen og Stranden og de vaarbløte jorder. Husene saa saa utilgjengelige ut», skreiv Hulda i dagboka den dagen.

Hulda måtte vente lenge på Verma. Foto: Norges postmuseum

Møtte presten

På Aukra overnatta ho hjå presten og arkeologen Hans Olaus Saxlund, slik han hadde insistert på etter at dei hadde reist saman frå Molde.

Tydelegvis fann presten samtalane med bohemforfattaren Hulda interessante – ei kvinne som hadde tatt avstand frå statskyrkjas kristendom.

«Præstegaarden var ny og meget komfortabelt innredet med store gode Rum (…) allt helt Moderne. Det har intet af den gamle Præstegaardsromantik, men er til gjengjæld udmerket og lettvint for alle som skal styre husets anliggender», påpeiker ho.

Presteboligen på Aukra stod ferdig i 1906 og var då altså berre åtte år gamal.

Hulda Garborg saman med forfattarmannen Arne Garborg, som nygifte i 1880-åra. Foto: Nasjonalbiblioteket

Ho kom óg inn på noko som ikkje var heilt vanleg på den tida: Presten var skild frå kona Ragna Saxlund, og Hulda skreiv at dei var midt i «det forfærdelige Spørgsmaal um barna».

«Præsten (…) har som alle andre i lignende Omstendigheter lidt af hvert at staa i».

Foredraget Hulda skulle ha på Aukra skriv ho ingenting om (avlyst på grunn av forseinka båt?), men dess meir om dei neste dagane på Ona og Husøya.

Fekk storm som velkomst

Hulda Garborg. Foto: Universitetsbiblioteket i Bergen

Turen utover mot Ona vart definitivt av den friske sorten.

«Jeg kom saavidt iland mere død end levende. Har aldri været mere søsyk end over Buadjupe og til Ona», slår Hulda fast.

Og fortel at båten rulla som eit «nøtteskal i den svære sjøen».

«Det er aapne havet i nesten 2 Timer, og der blæste til ære for meg op en Storm som de ikke har haat maken til i vinter, sa de».

Ifølgje dagboka måtte ho krabbe sjøsjuk iland på alle fire over ei ur av tare og fiskeavfall, med ei ubeskriveleg lukt.

Hulda påpeikar at fiskarane på Ona måtte skunde seg heim frå havet på gunn av stormen, og at ein båt var «meget nær paa at gå rundt».

Foredraget ho skulle halde laurdag kveld vart utsett til søndagen klokka 13 fordi «baade Folket og jeg var saa slitne».

«Da jeg kom i Hus sank jeg sammen i en Seng fuld av Edderdun dyner og sov salig her».

«Edderdun» er altså dun av ærfugl.

Hulda overnatta i Pegarden på Husøya. – Ja, det var noen festlige dager, sa dottera i huset, Anna Bjørnerem, om besøket i eit intervju med Sunnmørsposten 30. juli 1938. Foto: Google Maps

Sympati for fiskarane

Den radikale kvinna fekk stor medkjensle med fiskarane og deira tøffe liv.

«Her har vært et glimrende Fiske, men Utbyttet for Fiskerne er uforholdsmessig lite. De faar bare 38 øre for Torsken, og Utgiftene til motorer og Redskab er store. De sliter i det fra 5 morgen til 2-3 om natten og ligger formelig i Dvale når søndagen kommer», noterer ho.

Verten i Pegarden på Husøya, Laura Husøy (1867-1943), stadfesta at søndagen var kviledag for fiskarane.

«De staar bare opp til middag mange og saa spiser de godt og legger seg igjen», fortalde ho til Hulda.

Folketeljinga for 1910, altså fire år tidlegare, viser at det budde 194 personar på Ona. Av dei vart 44 registrerte som fiskarar, medan 3 dreiv både gardsbruk og fiske.

«Herlig fugleliv»

Hulda var frå Stange på Hedemarken – langt frå havet. Så då ho var på Ona, nytta ho tida godt til å sjå storhavet og fuglelivet.

Allereie før frukost på søndagen var ho ein snartur til fyret og gjekk opp på alle utsiktspunkt ho fann.

«Saa på Havet og det herlige Fugleliv i alle Viker og Kroker. Angrer atter paa att jeg ikke har fotografiapparat», skriv ho.

Hulda gir eit spark til dei velståande i samfunnet i si skildring av måsane på øya:

«Maakene opfører sig akkurat som andre Millionærer, de orker ikke æte mere selv, men slaas på Liv og Død for at nappe maten ut af de andres Mund».

Hulda skildra synet av ærfuglen. Foto: Jonn Leffmann

Hulda merka seg òg korleis ærfuglen forflytta seg i formasjon:

«Det gik som paa Broodway i New York, en Række til høire og en venstre i streng Orden – alltid to møtende Rækker, men uten Politi og forstyrrende Uvedkommende som brøt Rækkerne».

Og når Hulda her viser til Broadway, så er det ikkje utan grunn. Ho var i USA året før – mellom anna i New York.

Kjempa for kvinnene

Koplinga til dei store byane held ho fram med i skildringa av ærfuglen. Her kjem også den radikale forfattaren fram – ho brukar naturen til å vise kjønnsroller og samfunnskritikk.

Tema ho skreiv om i bøker som Kvinden skabt af Manden, Et frit Forhold og Fru Evas Dagbog:

«Hannerne er naa paa sit aller pragtfuldeste, brystene blanke som paa de mest utsøkte Pariser kavalerer, og de er ikke sene om at fyke i Fjærene paa hverandre af Jalousi og Overmod. Men Hunnerne er graa og tækkelige som altid og forbereder sig ydmykt til sine huslige plikter».

Hulda sitt skarpe blikk fangar dessutan fargespelet i kvardagslivet på Ona.

«Her henger Garn i alle brune og graa Chateringer og Fiskeben i rødligt hvidt, blodig rødt, gult, grønt og violet eftersom det er kort eller langt siden de blev flækhet».

Sjølv i restane etter fisket ser ho ein palett av fargar:

«Og alle Hoderne ser forunderlige ut som Stene i tusind graablaa, grågrønn og sortblaa Farver. Det er som smaa Urer af Torskehodet at vasse sig igjennom.»

Om lag slik var utsikta Hulda fekk frå fyret. Bildet er frå Ona i 1932. Foto: Carl Dons/NTNU Universitetsbiblioteket.

Før foredraget nytta ho høvet til å utforske det ho kalla den «rare vesle byen». På turen opp mot fyret festa ho seg ved korleis dei 30-40 husa på Ona låg tilfeldig plassert «mellem Steen og Stup». Utan gater, men med «smaa Trapper og Forkanter og Trekavler».

«Trekavler» var trestykkjer dei la ned for å kunne gå tørrskodd over våte område.

Midt i dette landskapet dominert av berg og hav, oppdaga ho ein mjuk kontrast – ein liten, blømande hage:

«Sneklokkene var forbi alle Steder; men i en liten uskyldig have paa Husöy – Ona – var der Aurikler og gul Symra – Kusomar – i fuld Flor»

Kø utanfor

Etter turen rundt på Ona, var det klart for foredrag i det nye forsamlingshuset Stormly, som var innvigd året før.

«Det var en hel Kirkealmue mødt frem til Foredraget ogsaa i det store gode Ungdomslokale paa Ona. Folk stod helt ut paa Fjeldet utenfor og et ypperligt Publikum var det at tale for om Folkeviserne og Sangdansen», skriv ho i dagboka.

Forsamlingshuset Stormly ligg fremst til høgre. Bildet skal vere frå 1923, ifølgje fylkesarkivet.no. Foto: Kristian Berge

Ein motorbåt, med to flagg i toppen og full av folk, kom frå Finnøya – med mellom andre ei Hulda kallar «frk Semb» og ein del av hennar elevar.

Dette var Klara Semb, som heldt folkedanskurs mellom anna på Finnøya og Ona den same vinteren. Som tidlegare elev av Hulda, tok ho etter kvart over rolla som den sentrale personen innan folkedans her i landet.

Klara Semb. Foto: Nasjonalbiblioteket

Vi ser av referat frå tilsvarande arrangement at Hulda gjerne heldt eit foredrag først, og så var det danseoppvisning med Klara Semb og andre.

Om det var slik på Ona, veit vi ikkje.

Klara Semb var i Romsdal rundt same tid som Hulda. Mellom anna Ona, Finnøya og Sandøya. Annonsa er signert av læraren på Harøya, Nils Engja. Faksimile frå Molde Annonceblad 21. januar 1914.

Historisk reise

Men kva fortalde Hulda eigentleg til tilhøyrarane på Ona? Eit referat frå eit liknande foredrag i avisa Social-Democraten same hausten, gir oss eit inntrykk av kva ho kan ha snakka om.

Hulda tok tilhøyrarane med på ei historisk reise. Ho følgde songdansen sine røter tilbake til Hellas i oldtida, via hoff, adel og bønder i heile Europa, heilt fram til reformasjonen.

Så sendte ho eit spark til presteskapet:

«(…) til presterne ved Luthers tid mot hans vilje fik dansen bannlyst som djævelens paafund og fristelse».

Og viste til at songdansen overlevde på Færøyane, der Hulda henta han tilbake til Noreg.

Etter foredraget på Ona reiste Hulda vidare til Sandøya med motorbåt – sjølv om ho skriv at ho gjerne skulle ha vore i fiskeværet lenger.

På Sandøya traff ho att presten Saxlund og Nils Engja og dei fekk kaffe i eit «hyggeligt Fiskerhjem». Nils Engja var på den tida formann i Romsdal Ungdomssamlag og lærar i Sandøy kommune.

Dagboka til Hulda Garborg. Faksimile frå Nasjonalbiblioteket

Hulda fekk ein tur inn i kyrkja på Sandøya, som hadde feira 100-års jubileum i 1912.

«Saa på kirken som Kinsarvik har malt op indhvendig, sammen med sin Elev Jenny Husøy, datter av mine magløse Værtsfolk paa Ona. Jenny har tegnet fraa hun var liten, men har lært for lite. Anna, Søsteren spilte Orgel og Guitar, uten at ha lært noget. Hun sang ogsaa troskyldig til», skriv Hulda.

Ho meinte nok at dei to ikkje har fått sjansen til meir formell undervisning i teikning og musikk.

«Anna stelte Fjøset og var sterk og stor, Jenny liten og spæd, med et Ophold på Reknes bak sig. Der skal ellers ikke være meget Tuberkolose derute».

Hulda påpeiker at mora Laura Husøy hadde fått heile 15 born.

«Men er endu pen, ung og interessert. Flink Værenke», fastslår Hulda.

Laura var på dette tidspunktet ikkje enkje. Truleg viser «Værenke» til at kvinnene måtte styre alt heime når mennene var på sjøen, ein variant av uttrykket «grasenke».

På veg til Sandøya forsøkte ein av passasjerane å overtale ho til å halde det same foredraget der som på Ona. Han meinte folk på Sandøya ville ha godt av å høyre om «god Leik og Dans og at de vilde bli interesserte i Folkeviserne saa de kanske der likesom på Finnøy kunde faa Kursus i Sangdans»

Men det rakk ho ikkje – forfattaren måtte reise vidare til nye foredrag.

Til Ona kom ho aldri att.

Nokre dagar seinare, etter først å ha tatt båten ho kallar Nordlys (truleg hurtigruta Polarlys) til Bergen og toget til Oslo, kom ho heim til Labråten i Asker.

Hurtigruta Polarlys ved Molde. Foto: Anders Beer Wilse 

«Samlar seg mann av huse»

Vel heime sette ho seg ned med mannen, Arne Garborg og fortalde frå turen. Dagboka til mannen avslørar kva Hulda var oppteken av å fortelje om etter foredragsturneen.

«Hulda heimkomi etter ei gild og i sume måtar forvitneleg ferd: serleg merkelegt er livet på desse fiskarøyarne utanfor Romsdalen: alle er jam-rike (jam-arme), soleis at dei greier seg og kann bu og ha det på folkevis», skriv Arne Garborg ut frå det kona fortalde.

Hulda og Arne Garborg. Måla av Otto Valstad i 1905.

«Men du store Gud, for eit slit!», heldt bondesonen frå Jæren fram.

«Det er ikkje noko uvanlegt at desse fiskarane vakjer natt og dag frå måndag til laurdag: når dei då er på heimveg, er dei so klare at alt tvisynet for deim; men so søv dei i eitt frå laurdags kvelden til måndags morgonen. Og so ut i same sjauen att!», skreiv han.

Her har Hulda altså fortalt om møtet med fiskarlivet på Ona – det same som ho skriv om i si eiga dagbok.

«Slikt helse-slit kan ikkje skapa noko åndeleg liv; men, stakkar, dei samlar seg mann av huse, når nokon kjem og vil fortelja eller forklåra deim eitkvart», skriv den kjende forfattaren.

«Hulda hadde stappfullt hus tvo gongir på ein sundag», refererer han frå kona sin tur til Romsdal – tydeleg imponert over interessa.

Utvilsamt hadde den vakre naturen og folket ute i havgapet gjort eit djupt inntrykk på Hulda.

Eller som ho sjølv skriv i dagboka:

«Her er så mange umaadelig maleriske Motiver nu mens Solen staar over al denne mangfoldighet af Farver nede ved den nærmeste Sjøboden».

———————————————————————————–

Her er eit referat frå foredraget ho heldt i Tresfjorden – nokre dagar før Ona:

Frå Romsdals Budstikke, 24. mars 1914. Faksimile

Meir om Hulda generelt i dette innslaget:

Comments

No comments yet. Why don’t you start the discussion?

Legg att eit svar